Po polsku

Ugras og andre nyttige planter - 5

Forklaring og litteraturliste

PILEFAMILIEN - SALICACEAE

Musøyre
Gironlasta
Salix herbacea

Rynkevier
Fierbmegiron­lasta
Salix reticulata

Vier
Sieđga
Salix sp.

Bark: Smertestillande (salisylsyre).
Det er mange slags vier, og innhaldet av salisylsyre varierer. Størst innhold har vier med svært besk smak, bl.a. sølvvier (Salix glauca).
(Vi er ikkje heilt sikre på kva vierartar som er på desse bilda.)


Selje
Šállja
Salix caprea

Knoppar / unge raklar: Kokast og spisast, aleine eller i supper og gryterettar.
Unge blad / mjuke skot: Spisast friske eller kokt,
Bark: Innerbarken kan tørkast, malast og brukast i lag med mjøl for baking.
Avkok av barken brukt til å vaske sår, og i omslag på sår og betennelsar i huden.
Barken verkar mot bl.a. smerter, feber, betennelsar, forkjølelse, influensa, diaré, leddgikt og revmatime.
Avkok av barken kan brukast som gurglevann ved sår hals, og drikkast mot halsbrann, mageproblem og matforgifting.
Ein kan tygge barken mot smerter og lage urtete eller tinktur.


Raudpil
Salix rubra

Bark: Smertestillande (salisylsyre).
Kvitpil
Salix alba

Bark: Smertestillande (salisylsyre).

Osp
Suhpi
Populus tremulus

Bark: Avkok drikkast mot innvollsorm, magesjukdommar og forkjøling. Virkar febernedsettande og smertestillande.
Til bad og omslag mot gikt. Malast til sårmiddel.
Knoppar og nyutsprunge blad: Løse i varm sprit og olje: Smøring mot allergi og revmatisme.
Som te: feberdempande, urindrivande, mot revmatisme
Osp kan brukast i lag med andre urter mot prostataplager.
Størkna sevje kan tørkast og malast og kokast som "kaffe".
Svartpoppel
Populus nigra

Brukast på samme måte som osp.
Inneheld meir kvae, og har derfor sterkare verknad enn osp og andre poplar.
Balsampoppel
Balsánbohppel
Populus candicans

Brukast på samme måte som osp.
Sølvpoppel
Populus alba

Brukast på samme måte som osp.

VALNØTTFAMILIEN - JUGLANDACEAE

PORSFAMILIEN - MYRICACEAE

Valnøtt
Juglans regia

Mogne nøtter kan spisast rå og brukast i bakverk.
Umogne (grønne) nøtter brukast til tinktur mot fordøyelsesproblem.
Blad brukast i medisinteblanding, er bakteriedrepande og bremsar indre blødningar.


Pors
Rid­dorissi
Myrica gale

Blad: Friske og tørka til te
Blad og frukter: Som krydder i saus, supper og kjøttrettar
Avkok brukt mot lopper, lus, møll, mygg og andre insekter.


BJØRKEFAMILIEN - BETULACEAE

Vanlig bjørk
Soahki
Betula pubescens

Blad: Ferske eller tørka som te. Ein bør bruke knoppar eller blad som ikkje er heilt utvakse.
Utsprunge blad kan kokast og vatnet brukast til hårvask mot flass.
Medisinte av blad er urindrivande og blodreinskande.
Bjørkesevje: sanke om våren, bruke til saft og sirup.
Kvistar, never, knoppar og unge blad kan brukast i matlaging for å sette smak på maten.
Never: Kan brukast til å pakke inn mat som skal halde seg, og i staden for salt ved koking av mat. Ein kan koke sirup av innerbarken.
Hengebjørk
Lodnjesoahki
Betula pendula

Som vanlig bjørk.
Dvergbjørk
Skierri
Betula nana

Blad: Ferske eller tørka som te.
Vanlig bjørk x Dvergbjørk
Betula pubescens x nana

Svartor
Darveleaibi
Alnus glutinosa

Knoppar og nyutsprunge blad: Løse i varm sprit og olje. Smøring mot allergi og revmatisme. Som urtete: blodrenskande, mot svulstar.
Gamle konglar inneheld garvesyre, kan kokast og drikkast mot magesmerter og betennelser.
Gråor
Lullileaibi
Alnus incana

Knoppar og nyutsprunge blad: Løse i varm sprit og olje. Smøring mot allergi og revmatisme. Som urtete: blodrenskande, mot svulstar.
Gamle konglar inneheld garvesyre, kan kokast og drikkast mot magesmerter og betennelser.




HASSELFAMILIEN - CORYLACEAE

BØKEFAMILIEN - FAGACEAE

Hassel
Niehttemiestta
Corylus avellana

Nøtter: Spisas ferske eller tørka, i bakverk.
Raklar: Avkok i vassbad drikkast, virkar smertestillande, antiseptisk, urindrivande, mot hevelsar.
Ferske blad: Som omslag på verkande ledd.
Agnbøk
Carpinus betulus

Blomar og unge blad kan brukast som antibiotika, bl.a. i medisin mot borreliose.
Bøk
Beaika
Fagus sylvestris

Knoppar og nyutsprunge blad: Løse i varm sprit og olje. Smøring mot allergi og revmatisme.
I medisinte mot revmatisme. Mot svulstar.
Bark av greinar: Avkok mot diare og indre blødningar.
Fruktene kan spisast rå.


Eik
Áika
Quercus robur/ petraea

Bark: Avkok innvendig mot diare, indre blødningar og hemoroider.
Gurglevatn ved tannkjøttbetennelse. Utvortes mot forbrenningar, kløe og eksem.
Nøtter: Kan spisast og brukast i mjøl, men først etter grundig utvasking og varmebehandling.
Raudeik
Quercus rubra





ALMEFAMILIEN - ULMACEAE

HAMPEFAMILIEN - CANNABACEAE

Alm
Jálvi
Ulmus glabra

Innerbark malast og brukast i barkebrød og graut.
Frukt: Umogne frukter kan spisast.
Humle
Hombil
Humulus lupulus

Ferske skot kan kokast og spisast.
Konglane kan brukast til te, som er beroligande og kan brukast til sovemiddel.
Mye brukt til ølbrygging.


NESLEFAMILIEN - URTICACEAE

MISTELTEINFAMILIEN - VISCACEAE

Brennesle
Gáskálas
Urtica dioica / U. urens

Blad: Suppe, te, i salatar. Ferske blad mot tannverk.
Røtter: Blodreinskande, mot revmatisme, styrke beinbygginga.
Plukkast helst om våren før planta er heilt utvekse. Tørkast og malast og brukast i medisintear.
Både blad og særlig røtter inneheld mye mineral (Fe, Ca) og vitaminer.
Blidnesle
Parietaria officinalis

Heile planta tørkast og brukast i medisinte mot urinvegssjukdommar og revmatisme.
Misteltein
Viscum album

Planta malast opp og hellast lunka vatn over, står i nokre timar og drikkast for å styrke hjartet.
Bær: Smøring mot svulstar, psoriasis og andre hudsjukdommar. Kan også brukast i medisin for å styrke blodomløpet.


Ugras - 1 - Sopp
Ugras - 2 - Alger, moser, lav
Ugras - 3 - Kråkefot, snelle, bregne
Ugras - 4 - Barlind, furu, sypress
Ugras - 5 - Pil, valnøtt, pors, bjørk, hassel, bøk, alm, hamp, nesle, misteltein
Ugras - 6 - Syre, fjørekoll, melde, nellik, nøkkerose, soleie, berberis
Ugras - 7 - Valmue, korsblomst, reseda, soldogg, bergknapp, sildre, hortensia, rips
Ugras - 8 - Rose
Ugras - 9 - Ert, gaukesyre, storkenebb, blåfjær, vortemjølk, lønn, kastanje, springfrø, spolebusk, trollhegg
Ugras - 10 - Lind, kattost, tysbast, tindved, perikum, fiol, gresskar, kattehale, mjølke, hesterumpe, kornell, bergflette, skjermplante
Ugras - 11 - Vintergrøn, vaniljerot, lyng, krekling, fjellpryd, nøkleblom, søterot, bukkeblad, gravmyrt, maure, vindel, ask, rublad
Ugras - 12 - Lepeblom, søtvier, maskeblom
Ugras - 13 - Blærerot, kjempe, kaprifol, vendelrot, kardeborre, klokke
Ugras - 14 - Korgplante
Ugras - 15 - Saulauk, tjønnaks, dunkjevle, piggknopp, myrkongle, firblad, lauk, sverdlilje, hyasint, narsiss, konvall, marihand
Ugras - 16 - Siv, storr, gras
Ugras - 17 - Mat og drikke frå naturen
Ugras - 18 - Plantemedisin frå naturen

Til startsida

Denne nettsida er laga av Svein Lund og Basia Głowacka. Skriv til oss.