Po polsku

Ugras og andre nyttige planter - 9

Forklaring og litteraturliste

ERTEFAMILIEN - FABACEAE

Gyvel

Cysitus scoparius

Blomar og ferske blad brukast i urtete i lag med andre urter som hjertemedisin. Må brukast forsiktig!
Lækjesteinkløver
Dábálaš miehtaluovvar
Melilotus officinalis

Ferske skot og blad kan spisast rå og brukast i matrettar.
Øvre delar av planta tørkast og brukast til urtete. Virkar mot hovudverk, nervøsitet og søvnløyse og forkjøling.
Gjæra planter brukast blodfortynnande, mot blodpropp
Som omslag utvortes på sår og forstuingar, revmatiske smerter, hovne ledd m.m.
Kvitsteinkløver
Vilges­miehtaluovvar
Melilotus albus

Til samme bruk som lækjesteinkløver, men har mindre medisinsk verknad.
Skogkløver
Meahcceluovvar
Trifolium medium

Kvitkløver
Vilgesluovvar
Trifolium repens

Blomar og blad kan spisast, rå i salat eller kokt som grønnsak.
Urtete av blomane kan brukast mot magesjukdomar, gikt og forkjøling.
Raudkløver
Ruksesluovvar
Trifolium pratense

Blomar og blad kan spisast, rå i salat eller kokt som grønnsak.
Urtete av blomane kan brukast til blodreinsking, urindrivande, avgiftande, beroligande, mot hevingar, forkjøling, astma og kreft, hormonproblem i overgangsalder for kvinner m.m.
Sirup av blomane er bra mot hoste.
Friske blad eller uttrekk i vatn kan brukast som omslag eller i smøringar mot hudproblem.
Harekløver
Njoammel­luovvar
Trifolium arvense

Avkok brukt mot diare.
Alsikekløver
Alsikeluovvar
Trifolium hybridum

Te av blømande planter kan brukast mot betennelse, smertestillande og reinskande
Friske blad eller uttrekk i vatn kan brukast som omslag eller i smøringar mot hudproblem.

Sneglebelg
Gieddeluov­varaš
Medicago lupulina

Lusern (Gullusern/Blålusern)
Fiskesluovvaraš
Medicago sativa

Blad og spirer frå frø kan spisast rå eller kokt
Uttrekk i vatn eller alkohol virkar urindrivande, mot hevingar, svettedrivande, aktiviserer fordøyelsen, reduserer kolestrol, bremsar utvikling av sklerose. Kan brukast mot bl.a. arteriosklerose, artritt, leverplager, gulsott, hemoroider, astma, anemi, blodtrykksproblem, diabetes, eksem, feber og kreft. Tørka og oppmalt kan spisast, gjerne med honning.
Bukkebeinurt
Ononis arvensis

Urindrivande, mot problem med nyrer og urinvegar
Tornbeinurt
Ononis campestris

Urindrivande, mot problem med nyrer og urinvegar
Tiriltunge
Fiskesmiehta­luovvar
Lotus cornicolatus

Har vore brukt mot depresjon, søvnløyse m.m., men på grunn av varierande innhald av giftstoff kan ein ikkje tilrå planta brukt som medisin.






Lakrismjelt
Sohkarnjadde­sáhpal
Astragalus glycyphyllus

Kan brukast i urtete.
Urindrivande, hosteløysande, lettar fødsel, mot nyrestein og andre nyresjukdomar, nervesjukdomar og veneriske sjukdomar, tuberkulose, hudbetennelse, revmatisme, magesjukdomar, dysenteri.
Setermjelt
Duottarsáhpal
Astragalus alpinus

Blomane kan spisast og tørkast og brukast i te.
Gulmjelt
Gottesáhpal
Astragalus frigidus

Blåmjelt
Davvesáhpal
Astragalus norvegicus

Lupin
Lupiidna
Lupinus sp.

Giftig




Sørlandsvikke
Vicia cassubica

Fuglevikke
Sáhpánsáhpal
Vicia cracca

Plante med blomar eller bare blomar kan brukast til tinktur eller uttrekk i varmt vatn. Styrkar blodomløpet, urindrivande, mot arterosklerose, revmatisme, håravfall, øyebetennelse, høgt blodtrykk, nyrestein, urinvegsbetennelse, psoriasis, akner, hemoroider, betennelser i eggstokker og lymfeknutar.
Utvortes bruk (bad, vasking, omslag): mot betennelse i hud, bryst, lymfeknutar, hevelse i ledd, blodansamling i huden, sår som ikkje vil gro.
Gjerdevikke
Áidesáhpal
Vicia sepium

Same bruk som fuglevikke
Skogvikke
Vuovdesáhpal
Vicia sylvatica

Same bruk som fuglevikke
Tofrøvikke
Bealdosáhpal
Vicia hirsuta

Vårerteknapp
Giđđasáhpal
Lathyrus vernus

Strandflatbelg
Riddosáhpal
Lathyrus japonicus

Knollerteknapp
Giegasáhpal
Lathyrus linifolius

Skogflatbelg
Lathyrus silvaticus

Gulflatbelg
Niitosáhpal
Lathyrus pratensis

Rundbelg
Gáiccasáhpal
Anthyllis vulneraria

Kronvikke
Coronilla varia

Er brukt til hjertemedisin.


GAUKESYREFAMILIEN – OXALIDACEAE

Gaukesyre
Gieganjuovčča
Oxalis acetocella

Blad: Spisas rå. Kan brukast til salat og graut.
Stivgaukesyre
Oxalis fontana

Krypgaukesyre
Oxalis corniculata



STORKENEBBFAMILIEN – GERANIACEAE

Skogstorkenebb
Boares­gállárássi
Geranium silvaticum

Blad, blomar, heile plante eller jordstenglar kan som avkok, uttrekk i vatn og/eller alkohol brukast bl.a.:
Utvortes til omslag, skylling, vask og klyster: mot betennelse i auge, endetarm og kjønnsorgan, sår som vanskelig gror, eksem, psoriasis, herpes.
Innvortes mot diabetes, betennelse i hals svelg og spiserør, magesekk og tarmar, kreft, bronkitt, lungebetennelse, revmatisme og kraftig menstruasjonsblødning. Gurglevatn mot sår og sopp i munnen.
Stankstorkenebb
Háisoalit­rássi
Geranium robertianum

Som skogstorkenebb.
Også innvortes mot høgt blodtrykk, sjukdommar i urinvegar og livmor, blødning i lungene. Gurglevatn ved tannpine.
Blodstorkenebb

Geranium sanguineum

Som skogstorkenebb.
Engstorkenebb
Geranium pratense

Brunstorkenebb
Geranium phaeum

Som skogstorkenebb.
Småstorkenebb
Unnaalitrássi
Geranium pusillum

Som skogstorkenebb.
I tillegg mot diare, allergi, bakterier, prostata, sure oppstøt. Reduserer kolestrol og blodsukker.
Tranehals
Bealdolotte­njunni
Erodium cicutarium



BLÅFJØRFAMILIEN – POLYGALACEAE

VORTEMJØLKFAMILIEN - EUPHORBIACEAE

Storblåfjør
Lottebeallemas
Polygala vulgaris

Vortemjølk
Dierral
Euphorbia sp.

Den kvite safta i stengelen har vore brukt mot vorter.




LØNNEFAMILIEN - ACERACEAE

Platanlønn
Acer pseudoplatanoides

Unge kvistar med knoppar i bakteriedrepande blandingar og mot borreliose
Spisslønn
Váđir, lievdnja
Acer platanoides

Asklønn
Acer negundo

Blomar i styrkande medisinteblandingar
Naverlønn
Acer campestre

HESTEKASTANJEFAMILIEN - HIPPOCASTANACEAE

SPRINGFRØFAMILIEN - BALSAMINACEAE

KRISTTORNFAMILIEN - AQUIFOLIACEAE

Hestekastanje
Aesculus hippocastanum

Nøttene av hestekastanja er uspiselige når de er ferske, men tørka nøtter brukast i ekstrakt for å styrke blodomløpet.
Blad, bark og blomar: Avkok/urtete mot diare, hemoroider og bronkitt. Styrkar blodomløpet.
Utvortes i alkoholoppløysing til smøring mot bl.a. revmatisme og åreknutar.
Mongolspringfrø
Impatiens parviflora

I medisinte mot allergi og kreft.
Springfrø
Rohtobálsán
Impatiens noli-tangere

I medisinte mot allergi og kreft.
Kristtorn
Ilex aquifolium

SPOLEBUSKFAMILIEN - CELASTRACEAE

TROLLHEGGFAMILIEN - RHAMNACEAE

Spolebusk
Euonymus europaeus

Medisinte eller tinktur av unge kvistar med blomar og blad virkar galledrivande, hjertestyrkande og mot parasittar.
Av frukta kan ein lage hostesaft.
Trollhegg
Bodnjemiestta
Frangula alnus

Bær er spiselige.
Bark: Tørkast og brukast til avføringsmiddel.





Ugras - 1 - Sopp
Ugras - 2 - Alger, moser, lav
Ugras - 3 - Kråkefot, snelle, bregne
Ugras - 4 - Barlind, furu, sypress
Ugras - 5 - Pil, valnøtt, pors, bjørk, hassel, bøk, alm, hamp, nesle, misteltein
Ugras - 6 - Syre, fjørekoll, melde, nellik, nøkkerose, soleie, berberis
Ugras - 7 - Valmue, korsblomst, reseda, soldogg, bergknapp, sildre, hortensia, rips
Ugras - 8 - Rose
Ugras - 9 - Ert, gaukesyre, storkenebb, blåfjær, vortemjølk, lønn, kastanje, springfrø, spolebusk, trollhegg
Ugras - 10 - Lind, kattost, tysbast, tindved, perikum, fiol, gresskar, kattehale, mjølke, hesterumpe, kornell, bergflette, skjermplante
Ugras - 11 - Vintergrøn, vaniljerot, lyng, krekling, fjellpryd, nøkleblom, søterot, bukkeblad, gravmyrt, maure, vindel, ask, rublad
Ugras - 12 - Lepeblom, søtvier, maskeblom
Ugras - 13 - Blærerot, kjempe, kaprifol, vendelrot, kardeborre, klokke
Ugras - 14 - Korgplante
Ugras - 15 - Saulauk, tjønnaks, dunkjevle, piggknopp, myrkongle, firblad, lauk, sverdlilje, hyasint, narsiss, konvall, marihand
Ugras - 16 - Siv, storr, gras
Ugras - 17 - Mat og drikke frå naturen
Ugras - 18 - Plantemedisin frå naturen

Til startsida

Denne nettsida er laga av Svein Lund og Basia Głowacka. Skriv til oss.