Fotoalbum - Svein Lund og Basia Głowacka

10 land på 6 veker

Del 3 - Vegen sørover

Her er tredje og siste del av bildereisebrevet frå turen vår august / september 2007.

Både kartet og dei fleste bilda kan du forstørre ved å klikke på dei.

Albumet er delt i tre delar:
Del 1 - Vegen nordover (Tyskland, Danmark, Telemark, Trøndelag, Nordland, Troms, Sverige)
Del 2 - Rundtur nordpå (Finnmark: Guovdageaidnu, Alta, Hasvik, Tana, Lebesby, Porsanger, Nesseby, Sør-Varanger)
Del 3 - Vegen sørover (Russland, Estland, Latvia, Litauen, Polen)

Forrige del slutta der vi kjørte frå Finnmark inn i

RUSSLAND (Россия)

Murmansk oblast

Frå grensestasjonen Storskog går vegen rett sørover, og eit stykke følger han grensegjerdet, slik som her. Grensegjerdet er ikkje sjølve grensa, men står eit stykke inn på russisk side. Vi skulle ha tatt av ein veg til venstre mot Zapolarnyj, men såg ikkje noko skilt, og plutselig var vi rett utafor Nikel. Her kunne vi sjå skadene på naturen frå nikkelverket, men det verste fikk vi ikkje sjå, fordi vi kjørte feil veg. Rett ved der vi tok førre bildet sto det eit skilt med "Murmansk. Lotta". Vi var no veldig i tvil, for det var ikkje her vi hadde tenkt å kjøre, men vi tenkte dei hadde lagt om vegen, og frå starten av såg han riktig fin ut. Men brått blei det slutt på asfalten, og vi hadde ein brei grusveg. Enno ante vi ikkje kva som skulle komme.

Dessverre klarte Svein å gjøre ei tabbe under kopiering av bildefiler, så sjølve bildene frå vegen herifrå til Murmansk er borte, men vi har klart å bevare nokre minikopiar. Desse lar seg derfor ikkje forstørre meir enn det du ser her

Mens Svein gjorde sitt beste for å halde bilen på vegen og i såpass fart at vi ikkje blei ståande i gjørma, klarte Basia å ta dette bildet. Bilen blei så overspruta av søle at vi var nøydd å stoppe ved eit lite vatn og sette igang vindusvask. Slik såg det ut frå innsida av bilen mens Basia vaska på utsida.

MURMANSK (Мурманск)

Å få hotellplass i Murmansk skulle vise seg ikkje å vere så lett. Men heldigvis hadde vi venner der som hadde undersøkt for oss før vi kom, og vi fikk eit rom her på "69 Parallell". Rett nok var det ikkje varme i radiatorane, men vi hadde da soveposar, og det var ikkje så kaldt. Mellom dei mange murblokkene i Murmansk finst det enno nokre gamle trehus. Utsalg for frukt og grønnsaker. Utvalet av slikt er bedre i Murmansk enn i Finnmark.
På bygningen til regionmuseet i Murmansk finner vi dette monumentet over ein isbrytar. På museet fikk vi god omvisning, her i avdelinga for samisk kultur, der dei hadde ein vegg for fiske, ein for reindrift osv. Denne modellen viser stengselsfiske etter laks.
Spesielt interessant var utstillinga av gamle bøker på kildinsamisk Revolusjonen og Sovjet-tida er sjølsagt en viktig del av museet og ser ikkje ut til å ha blitt endra etter oppløysinga av Sovjetunionen Og Lenin står framleis på sin sokkel ved Prospekt Lenina.

MONTSJEGORSK (Монтцегорск)

"Montsjegorsk (Мончегорск) er en by i Murmansk-oblasten i Russland, på Kolahalvøya ikke langt fra Murmansk. Befolkningen var i 2002 på 52.242. Montsjegorsk er et senter for nikkel- og kopper, og området rundt byen er svært forurenset." (Wikipedia)

Lenge før vi såg sjølve Montsjegorsk kunne vi sjå at naturen blei magrare, det vekste mindre og mindre og flekkevis var jorda heilt svart. Så såg vi røyken frå byen. Dette må vere eit av dei mest forureina områda i verda. Men eigarane av nikkelverket gjør enorme profittar. Vi kjørte inn mot byen for å sjå, og sjølve byen var ikkje så ikke som omegnen. I alle fall hadde bjørka klart seg inne i byen, Lenge etter at vi hadde passert Montsjegorsk såg vi skadene på naturen. Og forureininga held fram for fullt. Det er til og med diskutert å flytte fabrikken i Nikel hit for å konsenterer all nikkelproduksjon på Kolahalvøya.

KANDALAKSJA (Кандалакша)

Kandalaksja er ein by inst i Kvitsjøen, rett i sørenden av Kolahalvøya, med 40000 innbyggarar. Det er ei gamal busetting, men som by er han bare 80 år. Vi kom på ettermiddagen, og det var eigentlig litt tidlig å stoppe, men det regna og utsiktene til overnattingsplass lenger sør var heller usikre.

Så vi kjørte inn til Kandalaksja og støtte rett på dette hotellet. Der vi fikk plass til ein overkommelig penge, med standard som sto til prisen. Og fikk tid til å gå og sjå oss om. Bl.a. fann vi denne møbelforretninga som sto i ganske stor kontrast til bygningane rundt.
Dette ser ut som ei heilt vanlig boligblokk, men i underetasjen på baksida fann vi det lokale museet i Kandalaksja Og jamen var det ope og. Og vi var einaste besøkande så dei hadde god tid å vise oss rundt. Her i avdelinga for krigshistorie som hadde stor plass her. Kandalaksja var jo like ved den tysk-russiske fronten. Og så fann vi forskjellige reinskapar bl.a. av jern, som lyster og skinnskraper.

KOVDA (Ковда)

I ei turistbrosjyre vi kjøpte i Kandalaksja leste vi om bygda Kovda, som låg litt lenger sør etter vegen. Der skulle vere mange gamle hus. Det var bare 7 km frå hovudvegen på ein brei grusveg. Men da vi kom dit var det som å komme til ei anna verd.

Den breie grusvegen endte i ein parkeringsplass og derfrå gikk denne smale vegen over ei bru og vi var i Kovda. Med unnatak av eit par bilar som sto parkert der og TV.antenne på nokre av husa, kjente vi oss satt tilbake omtrent til 1600-talet. Det første vi la merke til var kyrkja som låg på den høgaste haugen, og som tydelig var under restaurering. Det vil seie restaureringa var påbegynt, men om det var nokon framgang for tida var meir usikkert. Husa i bygda såg i beste fall ut omtrent som dette, men alle hadde sin eigen utforming.
Her var og mange ganske falleferdige hus og skur Først var det ganske stille, men etter kvart oppdaga vi at her budde folk. Vi kom i prat med ein hyggelig kar som hadde geiter. Han kunne fortelle at det no budde omlag 30 personar i bygda, men at det var fleire på sommaren. På eine sida av Kovda ligg det eit vatn, som gjennom ei kort elv renn ut i ei bukt av Kvitsjøen. Dei utnytta tydelig fiskeressursane både i vatn og hav, her ser vi ei som kjem inn med fisk på morgonen, trulig har ho sett til garna.

Karelske republikk (Карелия)

Sjølv om det var asfalt heile vegen gjennom Karelen, kunne kvaliteten på dekket vere svært varierande. Svært mange stader på myrer var så godt som alle furier daude, og det såg ikkje ut til å komme nye til. Vi har ikkje funne noko årsak til dette. Det kan sjå ut som området har blitt våtare og at furua ikkje har tålt det. Eit stykke ned i Karelen tok vi oss endelig tid til å vaske litt av bilen etter søledusjen før Murmansk. Men utan anna enn nokre vassflasker og ein kost blei det bare sånn passelig.
Når vi kjører ut på hovudvegen igjen, ser vi at ikkje alle skilt er endra frå Leningrad skifta namn til St.Petersburg. Og fylket heiter framleis Leningrad oblast. Typiske hus etter vegen i Karelen Og ein typisk liten matforretning - dei kallast gjerne for Produkty.
Vi tenkte å unngå Petrozavodsk, men måtte kjøre av her for å fylle bensin og endte med to runder i byen før vi fann vegen ut igjen. Til høyre trulig eit kolkraftverk. Langs vegen var det fullt av folk som solgte tyttebær, tranebær, sopp og lenger sørover eple. Her kjøper vi med oss nokre liter tranebær. Dei var langt større enn i Finnmark, og sikkert mye raskare å plukke. Etter vegane i Russland er det ofte slike kontrollstasjonar der dei spør etter førarkort, vognkort og kan og kontrollere bil og sjåfør om dei ser at det trengst.

Leningrad oblast

Brua over elva Svir. Vi har ingen forklaring på kvifor dei har laga denne enorme konstruksjonen Vi stoppa i landsbyen Sjastroj ved Ladoga. Der var den gamle kyrkja under oppussing Inngangen var enno ikkje pussa opp -
- men inne var det like fint som i dei fleste ortodokse kyrkjer. Det minner ikkje mye om verken katolske eller lutherske kyrkjer. På kyrkjegarden gikk hønsa fritt omkring. Vegen gjennom landsbyen hadde stygge hol, og i mangel av noko betre hadde dei fyllt nokre av dei med gamle klede.
Og midt i ein elles relativt fattigslig landsby sto denne skinnande blanke Mercedesen parkert. Mafiabossen på besøk hos sin gamle mor? Rundt store delar av Ladoga er det bygd kanalar. Dei skal både ta unna i tilfelle flaum og kan brukast som transportåre, særlig når det blåser for mye ute på vatnet. I Sjastroj fikk vi tips om at vi måtte sjå Staraja Ladoga, og vi tok nokre kilometer avstikkar dit. Og det var virkelig verdt å sjå. Mye var under oppussing..
Staraja Ladoga var grunnlagt allereie i 753. Her var både nonne- og munkekloster, dette er munkeklosteret. Som vi ser var noko restaurert, mens andre delar venta. Den eldste kyrkja var også den mest forfalne, og dei hadde såvidt starta restaureringa I porten sto det stort oppslag med bilde frå Putin var her, men vi var ikkje velkomne. Vi blei rett og slett kasta ut av denne karen, sjølv om alt var ope og det ikkje sto noko oppslag om adgang forbudt.

SANKT PETERSBURG (Санкт Петербург)

Så kom den største utfordringa for sjåfør og kartlesar ved sida av gjørmevegen på Kola. Vi skulle kjøre inn i St. Petersburg, som er ein by med vel 5 millionar menneske, og der skulle vi finne fram til hotellet vårt. Det verste var at det blei mørkare og mørkare mens vi leita. Det hadde vi sjølvsagt ikkje overskot til å ta bilde av.

Sjåførane i Sankt Petersburg må høre til dei verste i verda, her er f.eks. heilt normalt å kjøre på raudt lys, og om ein ikkje gjør det, kan ein risikere at dei tutar. Bilkjøring og drosjekjøring i denne byen er IKKJE å anbefale. Bruk buss, metro og beina!
Det er avstandar i St. Petersburg. Og hotellet vårt var ikkje av det mest sentrale. Først måtte vi ta buss 3,5km for å komme til næraste metrostasjon. Den heitte Lenina og i inngangen hang dette veldig mosaikkbildet av Lenin. Metroen i St. Petersburg er heilt spesiell, fordi han går djupt nede under jorda, og kryssar under alle armar av elva Neva Vi tok metroen ned mot hamna, og enno måtte vi gå eit godt stykke for å komme ned til utstillingspaviljongane der det var sjøfartsutstilling. På vegen gikk vi forbi dette gigantiske byggverket som vi trur skal bli hotell. Det skal bli ein god del større enn det vi ser her.
Like ved utstillinga var det ein gamal ubåt som no var museum og eit nylaga seilskip etter gamal modell. Ein av 6 utstillingspaviljongar. Det var meir enn nok å sjå på, og vi brukte halvanna dag på å komme gjennom det. Det var bare ein av utstillarane som vi kjente personlig, Vadim frå Murmansk. Vi blei kjent med han i 1989 på freds- og miljøfestival i Kirkenes. Da var han student, no leiar han eit firma med 100 tilsette, som hadde stor stand på messa

Vi brukte mye tid på Etnografisk museum. Dette museet blei starta i 1895 og har overlevd alle regimeskifte. Det er ein fantastisk dokumentasjon på dei mange kulturane i Russland og tildels naboland. Dessverre fikk vi langt frå sett alt, da mye var stengt på grunn av oppussing.

Forfattaren Pushkin på statue foran Etnografisk museum. Vi lurte først på om duene var del av statua, men dei var levande. Kart over folkeslaga i Russland, slik det var omkring 1900. Men det vi kunne kontrollere virka ikkje heilt pålitelig. Utstillingshallane var imponerande i seg sjølv.
Folk i Sentral-Asia, trur det var basjkirar. Museet har trulig ei av verdas største samlingar av sjamanutstyr. Den samiske samlinga er ganske beskjeden, og innheld forutan ting frå Russland, også frå Finland, Sverige og Noreg. Pulken på biletet var frå Karasjok.
Utafor metrostasjonen på Nevskij Prospekt sto det folk og tilbaud dei reisande mange slags tjenester. Frå omvising for turistar, til opphaldsløyve og statsborgarskap! Etter ein uhyre nifs drosjetur tok vi ikkje sjansen på det igjen, men gikk gjennom byen etter kart. På vegen passerte vi denne porten som var laga av gamle kanonar. Endelig ein fornuftig bruk av utrangert krigsmateriell! I den russiske valkampen var det ingen tvil om kva parti som kan bruke statskassa til partipropaganda. På kjempemessige plakatar tok Putin æra for alt som er gjort og skal bli gjort. Teksten lyder: "Putin sin plan - Siger for Russland!

Pskov oblast (Псков)

Hard kjøring på mye dårlige vegar kan føre til så mangt. Denne traileren i veggrøfta kjørte vi forbi på vegen frå St. Petersburg til Pskov. Gjennom Russland såg vi minst 6-7 bilar etter vegen som skifta dekk, og øydelagte dekk såg vi ein god del av etter vegen. Plakaten seier: Forbode å kaste søppel. Respekten for lova går fram av biletet. I sentrum av Pskov står statua av den hellige Olga (890-969), som kom frå Pskov og blei den første kristne herskar i Russland.
Midt i Pskov kunne vi sjå og høre reklame og valkamp i skjønn forening. Øverst reklame etter siste modell: På TV-skjerm med lyd til! Under valkampanje for Putins parti "Sameinte Russland". Pskov har offisielt allereie feira sitt 1100-års jubileum som ein av dei aller eldste byane i Russland. Og Pskov Kreml er eit av dei største og eldste bevarte fortidsminnene i landet. Innafor tjukke borgmurar og tårn ligg denne ortodokse kyrkja. Da vi var der tidlig ein morgon, var det så mye skodde at vi såvidt skimta toppen.
Vi stoppa i Izborsk for å sjå på ein gamal borg frå 1300-talet. Denne var tydelig ein stor turistattraksjon, for det var mange boder på yttersida som solgte klede, suvenirer og piroger. Vi kjøpte litt nyttige suvenirer og spiste oss mette på pirogar i alle variantar. Den ortodokse kyrkja frå 1600-talet hadde vore i drift heile sovjet-tida, da den var rekna som eit nasjonalt klenodium. Her måtte vi kjøpe eit lys og tenne. Etter ortodoks skikk skal kvinner ha hovudet dekka i kyrkja og gå i skjørt! Basia oppfylte kravet på sitt vis. Ved grensestasjonen mellom Russland og Estland sto det ei nesten uendelig rekke av trailarar og venta. Vi snakka med sjåføren i den siste, han rekna med ei ventetid på 12 timar!

ESTLAND (EESTI)

Estland var det landet vi var absolutt kortast i. Vegen mellom Pskov og Riga går 20 km over estisk land, og her var ingen byar på den strekninga, og heller ikkje så mye å ta bilde av.

Så langt vi kunne sjå, sto det omtrent like dårlig til med jordbruket i Estland som i Russland og Latvia. Ein stor del av jordene lå brakk. Her er ein av gardane der jorda var dyrka og kyr beita. Ein stad ved vegen sto dette doble minnesmerket. Teksten på det gamle kunne vi ikkje tyde, men på det som såg ut å vere ganske nytt sto det: Siin voitles vabadus sojas i ratsapolk, som vi enno ikkje har fått oversatt. Og før vi visste ordet av det var Estlandsturen over, og vi var på grensestasjonen til Latvia. Etter at dei baltiske statane blei sjølvstendige, la dei stor vekt på å vakte grensene, og sjølv om dei alle tre no er redusert til EU-delstatar, er det framleis skikkelig grensekontroll, sjølv om det gikk noko fortare enn inn og ut av Russland.

LATVIA (LATVIJA)

Gjennom Latvia skulle vi kjøre ganske langt, men no byrja heimlengselen å ta oss, og vi bestemte oss for å unngå Riga og andre store byar, og finne ein "snarveg" godt utanom hovudstaden. Snarvegen skulle vise seg å ikkje vere så veldig snarveg, men vi kom da fram. Vi veksla heller ikkje inn pengar verken i Estland eller Latvia, men satsa på å gjøre den nødvendige handelen i Litauen.

Også i Latvia kunne vi sjå storkereir på gardane - men storken sjølv, han var no forlengst flydd til Afrika. I Daugava, den største elva i Latvia, er det bygd ein svær dam med kraftstasjon, og vegen går over dammen. Snarvegen som ikkje blei så snar, fordi han viste seg å vere mange mil grusveg, med stor fare for steinsprut. Heldigvis heldt frontruta vår.
Det såg ut som omlag halvparten av jorda i Latvia ligg brakk etter at statsbruka er oppløyste, men ofte utan at noko har kome i staden. Dette er den einaste skikkelige gamaldagse vindmølla vi såg etter vegen. Men om ho var i drift veit vi ikkje. Også mellom Latvia og Litauen var det grensestasjon, men det gikk forholdsvis raskt å komme gjennom

LITAUEN (LIETUVA)

Da vi kjørte inn i Litauen var det allereie byrja å bli kveld, og vi innsåg snart at det blei for hardt å kjøre fram til Kaunas og leite etter kjentfolk der i mørket. På kvelden kjørte vi av ved den lille byen Kedainiai, der vi følgte skilta og fann eit slags hotell som bare var ei boligblokk der ein del leiligheter var leigd ut til turistar.

På morgonen dro vi avgarde så fort det var lyst. Litauen har stor utvinning av fosfat og enorme forureiningsproblem frå denne produksjonen. Desse avfallshaugane var det einaste som heva seg over slettelandet. (Det er noko liknande i Gdansk, men der har dei i alle fall gjort meir for å plante dei til.) Vi stoppa i Marijampole, der dei nylig har bygd dette store teaterhuset
Foran denne kyrkja i Marijampole sat det to gamle damer og tigde pengar av kyrkjegjengarane Vertikaldelte hus med forskjellig farge er ikkje heilt uvanlig verken i Polen eller Baltikum, men sjeldan har vi sett kontrasten så stor som her. I heile Baltikum undra vi oss over at vi aldri såg selgarar etter vegar og gater, slik vi såg førre gongen vi var her. Styresmaktene har tydelig dirigert selgarane inn på marknadsplassar, som denne i Marijampole.

POLEN (POLSKA)

Endelig var vi tilbake i Polen, men frå stikk motsett kant av der vi kjørte ut, og omtrent like langt frå Gdansk. No hadde vi fått nok av vegar med fullt av trailarar, og bestemte oss for å legge oss på ei fredeligare rute, og det angra vi ikkje på. Vi kjørte den riksvegen som lå lengst nord, gjennom bl.a. Gołdap, Węgorzewo. Korsze og Bartożyce og kom ikkje ut på hovudvegen igjen før like ved Elbląg. Overgangen frå Litauen til Polen var ganske stor. Det merka vi bl.a. på: - smalare og meir svingete vegar, som ikkje var rydda for tre og kratt langs kantane. - så godt som alle husa av mur, også på landet - meir kupert terreng.

Første landsbyen etter at vi tok av frå hovudvegen. No var det godt med fredelige vegar med liten trafikk Denne måten å male hus på er typisk for det nordaustlige hjørnet av Polen. Det trengst ganske lange kraner for å reparere vindmøller
Ein sjeldan gong kan ein framleis møte hest og vogn på den polske landsbygda I byen Węgorzewo hadde dei midt i parken satt opp dette soluret, der ein såg tida ved å stille seg i ruta for den rette månaden. Halmballar kan og brukas til å live opp i bygda.
Vi måtte bare ha med eit bilete av heilt typisk polsk landeveg i skugge mellom rekker av store lauvtre. Kolfrakt i Warmia Og endelig, etter 45 dagar kunne vi igjen kjøre inn i Gdansk, forbi dei karakteristiske silhuettane av Rådhuset og Mariakyrkja.

Og det var slutten på turen. Utrulig nok kom vi heilskinna frå det, bilen måtte bare ha 4 nye dekk og ein grundig vask. Har du ikkje fått med deg starten på turen, finn du han her: Del 1 - turen nordover


Andre bilete frå albumet vårt:

FINNMARK
Guovdageaidnu - 1 - Sentrum / Márkan
Guovdageaidnu - 2 - Vår kant av bygda
Guovdageaidnu - 3 - Utmarka / Meahcci
Hammerfest
Hasvik
Porsanger

POLEN
Gdansk - 1 - Nærområdet vårt
Gdansk - 2 - Natur og miljø
Gdansk - 3 - Sentrum og rundt i byen
Gdansk - 4 - Kasjubia
Gdansk - 5 - Żukowo
Hagar i Gdansk - 1

Til startsida

sveilund@online.no