 |
 |
 |
No drar vi austover frå byen. Over Wisła like ved utløpet går denne ferga, som vi ser blir dreve av ein slepebåt |
Wisła har fleire utløp, dette kallast Przekop, her blei det gravd ut eit rett utløp sist på 1800-talet. Elva fører med seg mye sand, som legg seg opp utfor munningen og virkar som bølgebrytar. |
Når det er kraftig vind, skylder havet opp rav på stranda, og da kan det vere ganske fullt av folk som vil vere først til å få tak i ravet. |
 |
 |
 |
Like ved utløpet av Wisła ligg eit vatn der det er masse fugl og bever. Her er litt av resultatet av beveren sitt arbeid |
Vi satt oss litt frå vatnet og tok pause og da kom denne rådyrbukken og svømte i land rett foran oss. |
Langs kysten er det sanddyner, som ein har planta til for at dei ikkje skal blåse bort, blant anna med slike låge roser, som ein nokre stadar kan sjå i store mengder.. |
 |
 |
 |
Żuławy er eit flatt land, som tildels ligg under havoverflata. Mye av dette er kanalisert og dyrka opp av innvandrarar frå Nederland på 16-1700-talet. Etterkomarane deira blei først fortyska, seinare forvist som tyske etter 2. verdskrigen. Men nokre få stadar er husa deira bevart, som dette frå 1720 |
Eit anna spesielt hus i Żuławy er dette felleshus, med bolighus og uthus under samme tak |
.Men ikkje alle gamle hus er like vedlikeholdt. Her står skilt om at det er under oppussing, men dei såg ikkje ut til å ha kome skikkelig igang |
 |
 |
 |
I likskap med Nederland eignar Żuławy seg og godt til dyrking av tulipanar |
Her kan ein framleis sjå stork på mange gardar, sjølv om dei er truga av meir og meir bruk av gift i jordbruket. |
Heile kysten frå Gdansk til grensa mot Russland (Kaliningrad) er ei einaste lang sandstrand, med rimelig god plass. |
 |
 |
 |
I austenden av Żuławy, ved landsbyen Sztutowo, hadde nazistane under krigen den kjente konsentrasjonsleiren Stutthof, som er bevart som museum. |
Men dette er frå andre sida av Gdansk - mot nord. Mellom Sopot og Gdynia er det ein høg kyst. Ein dag vi gikk tur der, var det hopping i fallskjerm. |
Når ein bur i lag med ein dykkar, blir det mye venting på stranda, både for hund og mann |