|
|
|
Like ved oss er ein liten ås, der det har vore "ville" hagar og elles tett blandingsskog. Men først på 2000-talet kom McDonalds og spiste ein stor del. Så i 2007 gikk plutselig ein gjeng med motorsag inn og byrja å rasere. |
Med store mengder bensin brant dei opp praktisk talt alt av trær og busker. Vi har protestert til kommunen og over alt, men til inga nytte. |
Denne svarttrosten er fotografert i eit tre som ikkje lengre finst. Han mista trulig reiret sitt i raseringa. |
|
|
|
Her er eit idyllisk lite tjern der mange går for å fiske |
men bebyggelsen eter seg nærare og nærare frå begge endar |
Her er ender og sothøner, og i vår kom to sothønepar i alvorlig krangel - kanskje om den beste reirplassen? |
|
|
|
I april-mai er tjernet parringsplass for all frosk i vid omkrets. Ein gong telte eg over 200 frosk på ein tur rundt tjernet. |
og her ser vi at aktiviteten har gitt resultat |
Men dessverre er det ikkje alle som brukar området som ryddar opp etter seg |
|
|
|
I skogane rundt Gdansk kan ein finne epletre etter for lengst nedlagte gardar |
Nokre stader veks det bergflette i store mengder - sjølv om her ikkje er berg |
Dei siste vintrane har det vore lite snø, men av og til kan ein likevel ta skitur i skogen - og ungane kan lage snømann. |
|
|
|
I nærleiken der vi bur er det mye natur å gå tur i, og på våren kan ein skue gyvelen i blomst |
Ein populær utfluktstad er dette lille vatnet, med litt abbor og mye frosk. |
Men her er dessverre også samlingspunkt for folk som likar å kjøre villt med terrengkjøretøy - og ingenting blir gjort for å stoppe dei |
|
|
|
I utkanten av bydelen Morena finst det framleis restar av gamle gardar. Denne garden har gjess, kyr, hundar og geiter |
Slik som denne geitebukken, som fikk lyst å stange litt da vi gikk forbi |
Men no varar det trulig ikkje lenge, for jordet er i ferd med å forsvinne under utbygging av boligfelt og vegar. |