Denne vevstaden består av ugras - ulydige vekster eller skrifter til forsvar av
biologisk, kulturelt og språklig mangfold.
Værsågod, forsyn deg av ugraset!
|
T.v.: Redaktør og forfattar på denne vevstaden, som vikarlærar på Lakselv videregående skole 2003
T.h. Dette er, eller rettare var hagen vår i Gdansk, som no er i rasert i samarbeid mellom byggefirmaet Invest Komfort og kommunale myndigheter: |
![]() |
Dei siste åra har eg vore lausarbeidar og forsøkt å leve av å skrive, mens eg har pendla mellom Guovdageaidnu (Finnmark), Skien (Telemark) og Gdańsk (Polen), innimellom også Porsanger (Finnmark), og Hasvik (Sørøya, Finnmark)
At eg er mye i Gdańsk skuldast i stor grad vevmeisteren bak desse sidene.
Mange års skrivekløe har ført til ein del skrifter.
Her har eg samla ein stor del av det. Det meste er på (ny)norsk, noko er og på bokmål, nordsamisk eller engelsk. Med god hjelp av den omtalte vevmeisteren er her og litt på polsk. Klikk på emna til venstre her og du vil finne ka eg har skreve.
Under her ser du litt om nokre av dei største prosjekta mine.
![]() |
"Samisk skole eller Norsk Standard?"I 2003 ga eg ut denne boka på forlaget Davvi Girji. Boka stiller spørsmålet om i kva grad skoleverket i Noreg har tatt omsyn til samiske elevar. Boka er ei samanfatting av skolehistoria i Noreg gjennom tidene, og behandlar den nasjonale norske og den samiske skolehistoria parallelt.Her er stoff om den første samiske skoleopplæringa under Thomas von Westen, om fornorsking og "Finnefond", gjeninnføringa av samisk som undervisningsspråk fra 1960-talet og fram til reformene på 90-tallet i grunnskole, videregående skole og høgskole. Forfattaren hevdar at etter at samisk språk og kultur gradvis fikk større plass i skolen gjennom 70- og 80-talet, var reformene på 90-talet eit tilbakeslag for det samiske innhaldet. Dette var ikkje resultat av ei planlagt fornorsking, men av at skoleverket skulle straumlinjeformast, bli einsretta som "Norsk Standard". Saman med den historiske framstillinga tar boka opp til drøfting viktige pedagogiske prinsipp for norsk og samisk skoleutvikling. Boka er ei vidareutvikling av to prosjektarbeid i yrkespedagogikk hovudfag. Du kan bestille henne frå meg, gjennom ein bokhandel eller direkte frå forlaget. Boka kostar kr. 119,-. Ho finst i både norsk og samisk utgåve. |
|
|
|
|
Dette er det største prosjektet eg nokon gong har gitt meg ut på, og det vil trulig vare enno nokre år framover.
Eg er hovudredaktør for eit bokverk som Davvi Girji gir ut, der bl.a. tidligare lærarar, elevar, foreldre, internatarbeidarar og skolepolitikarar fortel sin versjon av historia.
Det kjem eitt og eitt bind. Den første boka kom i desember 2005, den andre i august 2007 og den tredje i juni 2009. Dei kostar kr. 395.- pr. bind, men kjøper du fleire bind i lag, kan du få rabatt. Etter planen skal det komme minst 5 bind. Samisk skolehistorie har eiga internettside, skuvla.info Her kan du sjå internettversjonen av bind 1, bind 2 og bind 3. |
Jernarbeid i samisk tradisjon
Eg har skrive eit bokmanus som både kan brukast som lærebok i vidaregåande skole og for alle som er interessert i jernarbeid og/eller samisk kulturhistorie.
Boka er på omlag 100 sider med omlag 100 bilete.
Ho har enno ikkje kome ut i papirutgåve, men det skal skje i løpet av 2009.
Ho finst enno bare i internettutgåve på norsk og på samisk.
Mi vesle Linuxbok
Dette skulle bli ei datalærebok basert på operativsystemet Linux, med særlig vekt på Skolelinux og Debian.
Dessverre vil ingen finansiere utgivinga som bok, men eit førebels manus, som finst både i samisk og norsk utgåve. kan lastast ned
her
Kritikk blir mottatt med takk. Dessverre har eg ikkje hatt kapasitet til å halde manuset oppdatert med den aller siste utviklinga i datateknologien, så noko kan vere eit par år forelda.
sveilund@online.no
Adr.: Pb. 90, 9521 Guovdageaidnu, telefon 90727698