 |
|
|
I dette huset budde foreldra til Svein, som no dessverre ligg på kyrkjegarden i Kilebygda. |
Der hadde eg eit rom på loftet og dette er utsikta frå rommet. |
Basia og Svein på tur til Elstrøm, hausten 2002. (Foto: Anbjørg Lund) |
 |
 |
 |
På Frønes skole var eingong besteforeldra mine og mor mi elevar og seinare var far min lærar der. Skolen blei nedlagt 1978. |
Min barndoms paradis: Øya i Kilebygda |
Her har vi ei hytte, som har den finaste utsikta ein kan tenke seg. (Når eg bare får rydda bort nokre av trærne som gror til.) |
 |
 |
 |
Skotfoss er ein liten industristad, eller rettare var, for papirfabrikken er forlengst lagt ned, etterpå forsøkte ein å lage "næringspark", men utan at det ga særlig resultat. |
Men det er i alle fall fint på Skotfoss. |
Løveid sluser på Skotfoss er ein del av Telemarkskanalen, som blei bygd på 1880-talet. |
 |
 |
 |
Rundt Skien er det mange fine plassar å gå tur til, som Ulvsvatn |
Like ved Ulvsvatn finn ein rester etter jerngruver heilt frå 1600-talet. |
Utsikt frå Holtankollen |
 |
 |
 |
I skogane rundt Skien er det mange fortidsminne, som denne gravrøysa like ved Hvitsteintjenna i Solum. |
På toppen av Lakollen innafor Klyve er det ei gravrøys på toppen og ein fantastisk utsikt over Eidangerfjorden. Her ser vi både historie og ny tid i eit bilete. |
På Rugtvedtkollen, også nær Klyve, er det rester av ein gamal bygdeborg. |