Fotoalbum - Svein Lund og Basia Głowacka

Vil du lese bilettekstane på eit anna språk:
Sámegillii
Po polsku (Nie jeszcze zrobione)
In English (Not finished yet)

Guovdageaidnu - 2 - Vår kant av bygda

Vår kant av bygda er i sør-aust, her ser vi litt av vegen dit, huset der vi bur og naturen omkring.

Slik kan det sjå ut ein stille februardag i -250C. Biletet er tatt frå Samisk høgskole og i bakgrunnen ser ein rekkehusa der vi bur. Her har vi kome lenger ned i bygda og ser i samme retning. Snarvegen opp til oss går bak kyrkja og om ein snur seg på vegen har ein denne utsikta.
Her har vi kome nærare - Biletet er tatt oppover Gartnetluohkká, vi bur i det øvste rekkehuset. Slik kan huset sjå ut ein vinterdag etter snøstormen. Og slik ser det ut først i februar når sola har kome.
Frå stovevindauget har vi fin utsikt over bygda Og slik kan det sjå ut ein haustkveld Vi har ikkje eigen hund i Guovdageaidnu, men av og til får vi besøk av Situ.
Svein les avisa Mens Basia skriv på den eine datamaskinen - eller reparerer den andre
I påska 2003 var her så mildt at det knapt var snø igjen - og utafor huset var det reine flaumen Dette biletet er tatt rett over vegen (Ávželuodda)
Like ved ligg Nuortamanjávri, der dette biletet er tatt da isen heldt på å legge seg hausten 2003 Ein knapp kilometer frå oss er ei myr der ein kan finne masse tranebær Solnedgang over vidda.


Andre bilete frå albumet:

FINNMARK
Guovdageaidnu - 1 - Sentrum / Márkan
Guovdageaidnu - 2 - Vår kant av bygda
Guovdageaidnu - 3 - Utmarka / Meahcci
Hammerfest
Hasvik
Porsanger

TELEMARK
Skien

POLEN
Gdansk - 1 - Nærområdet vårt
Gdansk - 2 - Natur og miljø
Gdansk - 3 - Sentrum og rundt i byen
Gdansk - 4 - Kasjubia
Gdansk - 5 - Żuławy
Hagar i Gdansk - 1

Til startsida

sveilund@online.no