Fotoalbum - Svein Lund og Basia Głowacka

Her er nokre bilete frå heimplassane våre og frå stader der vi har vore.
Vil du forstørre eit bilete, kan du klikke på det.

Bilete frå Hasvik - 1

Svein fikk hausten 2005 to månadars jobb som samisklærar i Hasvik. Sist i september dro han ut for å sjå på forholda og dei første 10 bileta er tatt den 28.09.2005. Dei som kjem deretter er tatt i midten av oktober.

Staden Hasvik (samisk: Ákŋoluokta) er største staden i Hasvik kommune. Kommunen utgjør halvparten av Sørøya og delar av Stjernøya, ytterst og lengst vest i Finnmark. Kommunen har hatt store problem med konkursar i fiskeindustrien og stadig synkande folketal, i skrivande stund er her såvidt over 1000 innbyggarar.

Hasvik sett frå aust Fjellformasjonen Hånebba er eit karakteristisk landemerke Ein sjark kjem inn forbi moloen. I bakgrunnen fastlandet med Finnmarks største isbre, Øksfjordjøkelen
Fiskeindustrien har vore mye av grunnlaget for Hasvik, men no er hjørnesteinsbedriften konkurs og stengt Framleis finst det sauer i Hasvik, sjølv om jordbruket har gått kraftig tilbake. Hasvik skole ligg "mellom bakkar og berg ut med havet". Her har elevar og lærarar sjølv bygd ein gamme utafor skolen.
Ein av moloane sett innafrå - og sett utafrå oppover mot fjellet Mange har gjennom tidene mista livet på havet. Ved Hasvik kyrkje har dei fått eit felles minnesmerke.
Hasvik har småflyplass, her sett fra ferga Det er ferga som står for det meste av trafikken til fastlandet Den gamle kyrkjegarden i Hasvik ligg like ved hamna og er eit freda fortidsminne
Første veka eg var her, hadde elevane fiskeriprosjekt. Her fiskar dei sei på kaia Elevane skulle egne line, og da måtte jo lærarane og prøve seg Mens eg venta på at elevane skulle bli ferdig tok eg bilete av fiskebåtane

Fortsettinga følger her: Hasvik-2


Fleire bilete frå albumet:

FINNMARK
Guovdageaidnu - 1 - Sentrum / Márkan
Guovdageaidnu - 2 - Vår kant av bygda
Guovdageaidnu - 3 - Utmarka / Meahcci
Hammerfest
Hasvik
Porsanger

TELEMARK
Skien

POLEN
Gdansk - 1 - Nærområdet vårt
Gdansk - 2 - Natur og miljø
Gdansk - 3 - Sentrum og rundt i byen
Gdansk - 4 - Kasjubia
Gdansk - 5 - Żuławy
Hagar i Gdansk - 1

Til startsida

sveilund@online.no