 |
 |
 |
På ei lita høgde i Morena, ikkje langt frå der vi bur, kan det på klare dagar vere ein fantastisk utsikt over byen. Da ser ein bl.a. Mariakyrkja og det gamle rådhuset. |
Gdansk har mange gamle bygningar - og dei treng oppussing ein gong i blant. I forgrunnen Brama wyzenna (Porten mot åsane), bak Katownia, som i gamle dagar var fengsel og torturkammer og no er museum. Bakerst ser vi tårnet av Mariakyrkja. |
Utsikt frå Mariakyrkja over delar av gamlebyen og skipsverftsområdet. |
 |
 |
 |
Ved Motlawa i sentrum av Gdansk har denne krana stått sidan 1300-talet |
På andre sida av Motlawa ligg Sjøfartsmuseet |
På sjøfartsmuseet finst det mange rester frå den svenske båten "Solen" som blei senka utafor Gdansk i 1628, bl.a. desse samiske veskebøylane av reinhorn |
 |
 |
 |
Det største monumentet i Gdansk er til minne om arbeidarane som blei drept av politiet under streikane i 1970. Det står rett utafor porten til Gdansk Skipsverft og blei reist av skipsverftsarbeidarar i 1981. |
I 2005 var det 25-års jubileum for Solidaritet, og dette blei kraftig markert. Denne gigantplakaten forkynner at "Det begynte i Gdansk" og viser til opprør og makskifte som deretter følgde i alle hovudstadane i Sentral- og Austeuropa. |
Orunia er den fattigaste bydelen i Gdansk, kalt "bydelen som Gud og kommunen glømte". Denne blokka er ganske typisk for bebyggelsen her |
 |
 |
 |
I handelssenteret Wrzeszcz var det tidligare ei mengde småbutikkar, som alle blei reve for å bygge gigantisk kjøpesenter. Men bygginga har stoppa opp pga. pengemangel. |
Medaljas bakside: Fleire og fleire må tigge til livsopphald eller til naudsynt helsestell. Denne kvinna tigg om pengar til sonen som treng hjarteoperasjon |
Noreg har stor eksport av fisk til Polen, her reklame for sild i boks, frå Wrzeszcz. |
 |
 |
 |
Klistremerke på søppeldunk. Forbod mot kongelige ender? Eller mot dei polske president- og statsministertvillingane Kaczynski? (Kaczka = and) |
Teksten frå ein valplakat før lokalvalga i haust seier: "For å leve betre. Utdanning og utvikling. For at våre barn skal ønske å leve i sitt eige land". Kanskje litt seint å tenke på, det samme partiet ville ha Polen inn i EU fordi framtida lå i å reise ut. |
"Oppussingsfirma søker arbeidere straks". Plakat i vinduet på malerbutikk i Gdansk 2006. No er det mangel på bygningsarbeidarar, for "alle" vil til utlandet. |
 |
 |
 |
"Polen for polakkar - Europa for kvite". Framandfientlige haldningar og rasisme er det dessverre meir enn nok av også i Polen. Dagen etter at bilet var tatt var veggen nymala. |
Den polske hæren driv vervekampanje under slagordet "Tradisjon. Plikt" Virkeligheita er okkupasjon i Irak. |
Eit stort fleirtal av folket i Polen var mot at landet skulle delta i USA sin krig mot Irak, og dette kom til uttrykk bl.a. gjennom slagordmaling, som her frå Oliwa |