Fotoalbum - Svein Lund og Basia Głowacka

Hammerfest

Svein budde i Hammerfest 1975-88, men desse bileta er ikkje frå den tida, dei er derimot alle tatt på ein dag; 1. mai 2003.

1. mai er det sjølvsagt feiring i Hammerfest, med samling på Rådhusplassen - og med tog i gatene For Basia var det mest ukjente folk i toget, men ho fikk som vanlig god kontakt med dyra
Ungdommen demonstrerte mot krigen i Irak Og her fann eg igjen nokre av mine gamle arbeidskameratar bak fagforeningsfana til NNN Og leiaren i Hammerfest lossearbeidarforening med familie
Og her er min gamle arbeidsplass Findus, som no står tom etter at det blei bygd ny fabrikk i Rypefjord (Bygget blei reve året etter at dette bildet blei tatt.) Nytt i Hammerfest sidan mi tid er kafeen "Kaikanten" Utrulig men sant: På Hammerfest sjukehus flaga dei med sameflagget i tillegg til det norske flagget på 1. mai!
Etter 1. mai-toget ville eg sjå korleis det ser ut på Melkøya no. Men vegen var stengt så vi måtte klatre langt opp i fjellet for å sjå.På vegen oppover traff vi denne rypa ... og fann vårens første blome, ei raudsildre i blom 1.mai i Hammerfest!! Og da vi kom opp fikk vi sjå korleis Statoil har øydelagt Melkøya
Og fikk ei fantastisk utsikt over byen: Vi såg Fuglenes og sentrum. Vi såg til Storvatnet ..og vi såg flyplassen og utsikt over Fuglenesdalen

Andre bilete frå albumet:

FINNMARK
Guovdageaidnu - 1 - Sentrum / Márkan
Guovdageaidnu - 2 - Vår kant av bygda
Guovdageaidnu - 3 - Utmarka / Meahcci
Hammerfest
Hasvik
Porsanger

TELEMARK
Skien

POLEN
Gdansk - 1 - Nærområdet vårt
Gdansk - 2 - Natur og miljø
Gdansk - 3 - Sentrum og rundt i byen
Gdansk - 4 - Kasjubia
Gdansk - 5 - Żuławy
Hagar i Gdansk - 1

Startsida

sveilund@online.no