Fotoalbum - Svein Lund og Basia Głowacka

Vil du lese bilettekstane på eit anna språk:
Sámegillii
Po polsku (Nie jeszcze zrobione)
In English (Not finished yet)

Guovdageaidnu - 1 - Bygda / Márkan

Ein av heimane våre er i Guovdageaidnu, der Svein har budd sidan 1988, frå 1999 på deltid, mens Basia har vore her nesten kvart år sidan 1989 og budd her på deltid frå 2002.
På denne sida er nokre glimt frå sjølve bygda, Kirkestedet eller Márkan. Seinare kjem bilete frå andre stadar i kommunen.

Her ser vi store delar av bygda. Midt i biletet Samisk videregående skole og reindriftsskole. I bakgrunnen det nye helsesenteret. Og her er litt nordligare delar av bygda, med grunnskolen i midten og det delvis nedbrente hotellet i bakgrunnen. Samvirkelaget eller Coop er et sentralt samlingspunkt.
Guovdageainnu gilišillju alias Kautokeino bygdetun Vi har eit fint kulturhus, som bl.a. inneholder teateret Beaivváš, Nordisk Samisk Institutt og Urfolkssenteret. Og naboen til kulturhuset er dette bygget, med Sametingets opplærings- og språkavdelingar. Biletet er tatt i -25C, og derfor har linsa dogga litt.
Slik kan det sjå ut midt på dagen i januar, like før sola kjem tilbake Her er eit såkalla SIVA-bygg, med skiftande innhald, for tida bl.a. Mattilsynet, Duodjeinstituhtta og den samiske avisa Áššu Det ser ikkje ut til at det står heilt bra til med Duodjesiida, i alle fall ikkje med skiltet
I påsketider kan det vere mye rart å sjå, som denne vogna: "Arctic Wild Food - Finnmark" - og villsvin! Enno er det lavvoar å sjå ut for husa i Guovdageaidnu. I bakgrunnen videregående skole Nærbilete av arbeidsplassen til Svein 1988-98, Sámi joatkkaskuvlla ja boazodoalloskuvla. Her lagar duodjielevane snøskulpturar av samiske luer.
Gløtt av kulturlivet i Guovdageaidnu: Koret Dimitrijoavku synger med Isak Samuel Hætta på Alfreds Kro Čuologeađgi - forestilling på Kaffegalleriet påska 2004 Stappfullt på Kaffegalleriet under antirasistisk markering våren 2004
Til venstre ein av bygningane til Sámi allaskuvla eller Samisk høgskole, som sidan starten heldt til i ganske provisoriske lokale. I huset til høgre budde Svein i 1988-89. Også i Guovdageaidnu blei det demonstrert mot USA sin krig mot Irak, sjølv om vi ikkje var så mange. Vi har ikkje vinter heile året, her er bygda slik ein ser ho i september om ein kjem kjørande frå Ávži.


Andre bilete frå albumet:

FINNMARK
Guovdageaidnu - 1 - Sentrum / Márkan
Guovdageaidnu - 2 - Vår kant av bygda
Guovdageaidnu - 3 - Utmarka / Meahcci
Hammerfest
Hasvik
Porsanger

TELEMARK
Skien

POLEN
Gdansk - 1 - Nærområdet vårt
Gdansk - 2 - Natur og miljø
Gdansk - 3 - Sentrum og rundt i byen
Gdansk - 4 - Kasjubia
Gdansk - 5 - Żuławy
Hagar i Gdansk - 1

Til startsida

sveilund@online.no