Fotoalbum - Svein Lund og Basia Głowacka

Gdansk - 4 - Kasjubia

Disse bileta er ikkje frå sjølve Gdansk, men frå Kasjubia vest og nord for byen. Kasjubia er det kuperte området aust og nord for Gdansk. Her snakkar ein del framleis kasjubisk, eit språk forskjellig frå polsk som svensk frå norsk. Kasjubia heiter på polsk Kaszuby og på kasjubisk Kaszëbë. Her finn du kart over Kasjubia.(Dette er informasjon om Kasjubia på kasjubisk på Wikipedia.)

Det er lite skriftlig kasjubisk å sjå, men kommunen Przodkowo ønskar her god reise på kasjubisk. Dei fleste hus i Kasjubia er no vanlige murhus, men ein sjeldan gong kan ein sjå tradisjonelle hus som dette Midt inne i Kasjubia ligg landsbyen Ameryka, som dette bildet er fra. Like ved ligg Palestyna, andre stader finn ein Argentyna, Brasilia og Szwecja (Sverige). Det er helst folk som har vore ute i verda som er opphav til slike gards- og bygdenamn.
Her er vi langt ute på landet i Kasjubia, der ein framleis finn gardar som blir dreve tradisjonelt, med kyr, sauer, geiter og ender. Her fikk Morda prøve seg som det ho eigentlig skal vere - Owczarek kaszubski - kasjubisk gjetarhund, men ho heldt seg helst i bakgrunnen Og straks bonden har pløygd opp ei jordfure, er storken der for å sjå om det skulle ha kome fram ein meitemark
Typisk for polske landsbyar er kors og storkereir I ein liten kasjubisk landsby fann vi dette eksempelet på folkekunst Og på vegen heim fann vi ein trekunstnar med utstilling over heile hagen
Ved Zarnowiec nord i Kasjubia er det bygd ei stor demning oppe på ein ås. Her ser vi demninga i bakgrunnen. Foran ser vi eit kors til minne om nokon som omkom i ei trafikkulukke her. Langs vegane finn ein mange stader slike kors, men utan at det ser ut til å skremme folk til å kjøre forsiktig. Vi gikk opp på dammen og der såg det slik ut. Og da vi kom på andre sida såg vi at det går ei stor rørgate ned til kraftverket. Vatnet renn ned og lagar straum på dagen, og ved hjelp av vindmøller pumpas vatnet opp igjen på natta.
Over dammen flaug det ein stor fugl, som vi fann ut måtte vere ei glente. Like ved demninga er det bygd ein stort utsiktstårn for turistar. Ein plakat ved tårnet fortalte at det var, som så mye anna i Polen, oppkalt etter pave Johannes Paul 2., og delvis finansiert av EU-midler! Ikkje langt frå dammen står desse vindmøllene. I åkeren veks det raps.
Mange utanlandske bedrifter har etablert seg i Kasjubia - eller kjøpt opp eksisterande. Ein fiskehermetikkfabrikk er kjøpt opp av Rieber i Bergen Kamienne kręgi - Steinringane - er eit område med gravrøyser og steinringar frå tidlig jernalder Her er det bl.a. funne slike hellegraver.


Andre bilete frå albumet:

POLEN
Gdansk - 1 - Nærområdet vårt
Gdansk - 2 - Natur og miljø
Gdansk - 3 - Sentrum og rundt i byen
Gdansk - 5 - Żuławy
Hagar i Gdansk - 1

FINNMARK
Guovdageaidnu - 1 - Sentrum / Márkan
Guovdageaidnu - 2 - Vår kant av bygda
Guovdageaidnu - 3 - Utmarka / Meahcci
Hammerfest
Hasvik
Porsanger

TELEMARK
Skien

Til startsida

sveilund@online.no