Fotoalbum - Svein Lund og Basia Głowacka

Porsanger

Vinterbileta her er tatt vinteren 2003, da Svein jobba på Lakselv videregående skole frå jul til påske og Basia var med der nokre veker.
Sommarbileta er frå sommaren 2004, da vi var både på aust- og vestsida av fjorden.

Ein mandag morgon i januar, på veg frå Karasjok til Lakselv var det så fint at eg måtte stoppe fleire gongar og ta bilete. Her er eit par av bileta frå denne turen. Skoganvarre skole var i drift frå 1962 til 1989 og rommar no samlingane til Porsanger museum
Lakselv er nokre bensinstasjonar og hus på ei slette inst i Porsangerfjorden Her har Basia fotografert nokre framkomstmiddel som ho ikkje kjente frå Polen. Men fann ho fort fram til bassenget, som ligg i dette bygget
Mekanisk avdeling ved Lakselv vidaregåande skole er i eit eige bygg eit stykke frå resten av skolen Her er elevane på grunnkurs mekaniske fag i sving på verkstaden - mens læraren forsøker å få litt orden i verktøyskuffane.
Ein dag dro skolen på tur til Alta, og frå bussen tok eg dette bildet over Hatter Og ein dag i januar dro Basia og Svein utover langs austsida av Porsanger og over til Veidnes. Her er eit par bilete frå tilbaketuren, da været var så som så På nedsida av vegen i nærleiken av Brenna kunne vi skimte nokre rein i uværet.
På Roddines mellom Lakselv og Børselv kan ein enno sjå gamle strandlinjer frå tida etter istida Det er mange spesielle steinformasjonar langs Porsangerfjorden Enno bur det folk på nokre av småstadane utover fjorden.
Så er vi over på vestsida - her er fiskebruket i Smørfjord I Smørfjord har dei starta ein sjøsamisk bygdetun, der dei sommaren 2004 heldt på å bygge gamme. Til bygdetunet hører denne båten og naustet med gamalt fiskeutstyr.


Andre bilete frå albumet:

FINNMARK
Guovdageaidnu - 1 - Sentrum / Márkan
Guovdageaidnu - 2 - Vår kant av bygda
Guovdageaidnu - 3 - Utmarka / Meahcci
Hammerfest
Hasvik - 1
TELEMARK
Skien

POLEN
Gdansk - 1 - Nærområdet vårt
Gdansk - 2 - Natur og miljø
Gdansk - 3 - Sentrum og rundt i byen
Gdansk - 4 - Kasjubia
Gdansk - 5 - Żuławy
Hagar i Gdansk - 1

Til startsida

sveilund@online.no