Fotoalbum - Svein Lund og Basia Głowacka

Vil du forstørre eit bilete, kan du klikke på det.

Gdansk - 1 - frå nærområdet vårt

Her er nokre bilete frå Gdansk, der Basia har budd mesteparten av livet. Svein kom hit første gong i 1987 og har sidan vore her kvart år, og budd meir eller mindre sidan 1999.
Gdansk er ein hamneby med omlag 500000 innbyggarar og hovudstaden i Wojewodstwo Pomorskie, eller "Fylket ved sjøen". Byen er vel 1000 år gamal og har gjennom tidene veksla fram og tilbake mellom polsk og tysk dominans. Frå seinare tid er byen kjent som senter for danninga av fagrørsla Solidaritet.
I ein serie med albumsider vil vi forsøke å gi eit litt breiare bilde av byen enn det turistar vanligvis får sjå.

Vi bur i bydelen Morena. Her var tidligare landsbyane Piecki og Migowo. På 1970-talet byrja ein å bygge blokker her og i dag er det ein bydel med 20-30000 menneske, dei fleste bur i blokker på 5 eller 11 etasjar. Det er likevel ein av dei bedre bydelane å bu i fordi det er relativt godt med grøntområde mellom blokkene, nokre små skogholt og eit tjern og ganske nært til skogen. Enno kan ein nokre få stader sjå rester etter gamle bygg og hagar. Men meir og meir av friområda og naturen blir spist opp av bolighus og forretningsbygg, noko ein kan sjå eksempel på dette og det neste biletarket.

Bileta på denne sida er alle tatt i Morena og innafor gangavstand rundt.

Del av Morena - med blokka der vi bur til høgre Vakre solnedgangar kan ein av og til sjå i byen og Og her er leiligheita vår med familien
Hausten 2006 blei blokka vår isolert og mala og god som ny. Da oppussinga var over måtte også bestemor ut og sjå på resultatet. Mange lever av å samle skrap og her har dei funne armeringsjern etter ombygging. Bildet er tatt frå kjøkkenvinduet vårt
I store gamle tre veks det ofte misteltein, som ein ser best på vinteren. Mellom blokkene er det leikeplass for ungar, men så fann borettslaget på noko så idiotisk som å sprøyte med gift og forgifte både gras og ungar. Vi har levert inn protest og vonar det ikkje g Mellom blokkene er det planta mange slags tre, blant anna rogn og asal. Den gule boksen er for innsamling av brukte klede, det er nok av dei som treng slik hjelp.
Enno finst det småbutikkar som denne, der vi brukar å handle, men konkurransen blir stadig større frå dei store varehusa. Her ventar hunden vår, Morda, framfor den lille butikken på førre bildet. Over vegen er det ein McDonald DriveIn, men der handlar vi ikkje. Kulturhuset i Morena er ikkje av dei finaste - men det gjør nytta si.
I Morena er det stor trafikk på hovudvegane, men det har vore dårlig med trafikklys. Etter ei dødulukke demonstrerte lokalbefolkninga for sikrare veg, og året etter var trafikklysa på plass. Lysstolpane blir brukt til oppslag av mange slag. Dette bildet er frå 2003 før folkerøystinga om polsk EU-medlemskap. EU-motstandarane i Polen hadde ikkje mye pengar, så dei fleste nei-plakatane var på den storleiken som ein her kan sjå på ein stolpe utafor inngangen vår: UNIA NIE Enno kan ein finne slike gamle epletre, like ved blokka vår.
Her var ein gong ein gamal herregard, med ein park rundt. Huset var forfalt, men parken var open for alle. Så kjøpte ein spekulant opp området, reiv ned huset, satte opp eit figert gjerde rundt heile området og der står det. Han vil bygge luksusblokker på området, men har så langt ikkje fått byggeløyve. Mellom dei nybygde blokkene er det trangt om plassen, og alt er gjerda inn. Dei rike bygger seg fine hus og stenger seg inne bak høge murar. Det blir stadig meir innestengte boligar.


Andre bilete frå albumet:

POLEN
Gdansk - 2 - Natur og miljø
Gdansk - 3 - Byen
Gdansk - 4 - Kasjubia
Gdansk - 5 - Żuławy
Hagar i Gdansk - 1

FINNMARK
Guovdageaidnu - 1 - Sentrum / Márkan
Guovdageaidnu - 2 - Vår kant av bygda
Guovdageaidnu - 3 - Utmarka / Meahcci
Hammerfest
Hasvik
Porsanger

TELEMARK
Skien

Til

sveilund@online.no