Fotoalbum - Svein Lund og Basia Głowacka
10 land på 6 veker
Del 1 - Vegen nordover
| I august og september 2007 gjennomførte vi den lengste bilturen vi nokon gong har gjort. Turen gikk frå den eine heimen vår, i Gdansk, til den andre i Guovdageaidnu, og tilbake igjen, men med ganske store omvegar. I løpet av 6 1/2 veke kjørte vi 9068 km gjennom 10 land, og her kan du lese og sjå bilete frå litt av det vi opplevde. Både kartet og dei fleste bilda kan du forstørre ved å klikke på dei. |
Albumet er delt i tre delar:
Del 1 - Vegen nordover (Tyskland, Danmark, Telemark, Trøndelag, Nordland, Troms, Sverige)
Del 2 - Rundtur nordpå (Finnmark: Guovdageaidnu, Alta, Hasvik, Tana, Lebesby, Porsanger, Nesseby, Sør-Varanger)
Del 3 - Vegen sørover (Russland, Estland, Latvia, Litauen, Polen)
15.09.2007 ga vi oss i veg frå Gdansk og vestover. Det første stykket var bilen heilt overlessa, da vi hadde to passasjerar, venner frå Koszalin som hadde vore på ferie og skulle heim. Hos familien deira fikk vi middag, men glømte heilt å ta bilde, det kom vi ikkje på før vi var over grensa til
TYSKLAND (DEUTSCHLAND, NIEMCY)
Vi kryssa grensa ved Szczecin (Stettin), og kjørte så i retning Rostock, der vi skulle ta ferge. Vi forsøkte å kjøre kortaste veg, men tok feil nokre gongar og kom oss på det viset til stadar der vi eigentlig ikkje skulle ha vore.
| | |
I Polen er det mye stork, i Tyskland er han langt på veg utrydda av gift i landbruket, men i det tidligare DDR kan ein enno sjå stork i blant. Denne hadde bygd reir på toppen av ei fabrikkpipe, og det måtte vi ta bilde av. | Det første som slo oss på den austtyske landsbygda var kor stille det var, både på kvelden og på morgonen og føremiddagen. Mange hus virka forlatte og folketomme. | Det andre var kor reint og ryddig det var overalt. Kanskje har ein sysselsatt mange arbeidslause med å rydde i gatene? Ikkje veit vi, vi hadde ikkje tid å kontakte folk anna enn for å finne ein overnattingsplass etter metoden "Guten Abend! Do you speak English?" Det gjorde dei ikkje, men vi fikk nå rom i eit herberge likevel. |
| | |
Jordbruket i Aust-Tyskland (tidligare DDR) har som i mange andre land i Sentral og Aust-Europa vore utsatt for to ulukker: Opprettinga og nedlegginga av statsbruk. Dei gigantiske jorda er no prega av korndyrking, vi så knapt verken grønnsaker eller husdyr. Dette er trulig fjøsa i eit tidligare statsbruk. | På føremiddagen kom vi fram til Rostock sin gigantiske hamneterminal, men det var ikkje plass på dei første fergene, så vi måtte bare snu rundt og hive oss på motorvegen over Lübeck og Flesburg til Danmark. Eit godt råd til framtidige Tysklands-turistar: Unngå motorvegen så sant du kan! Meir er det ikkje å seie om den saka. | Rett før grensa brukte vi våre siste Euro på ein bensinstasjon der det bare jobba kinesarar. |
Og snart var vi over i neste EU-delstaten:
DANMARK
Vi kjørte Jylland frå sør til nord, så rett som vi kunne og så fort som vi torde, dvs. omtrent på fartsgrensa på 110, som vi var omtrent aleine om å forsøke å halde.
| | |
Landet er flatt og vindfullt - og ein av dei få avvekslingane er nokre vindmøller mot horisonten | - eller stopp fordi ei vindmøllevinge må transporterast med lastebil. | Danmark har mildt sagt lite vannkraft, og ein av dei få stadane vi tok tid til ein stopp kom vi over dette, som skal vere eit solsellekraftverk - eller noko slikt. |
| | |
Dei vide jordene blei nokre få gongar avbrote av meir opprinnelig natur - som denne lyngheden | Før vi visste ordet av det var heile landet tilbakelagt og vi var i den lille fiskebyen Hirtshals, som no bl.a. lever av fergene som går til fleire stadar i Noreg. | Her hadde vi kjentfolk å besøke, og snart var det midnatt og tid for å kjøre til ferga. Mens vi venta i fergekø tok vi nattlig bilde frå Wärtsiläs skipsverft. |
Og så sov vi oss over Skagerak og neste morgon gikk vi i land i
NOREG (Norwegia, Norge, Норвегия)
nærare bestemt i Langesund, så det første fylket vi kom til var:
Telemark
Her tok vi oss tid til tre døgn i Skiens-distriktet. | | |
Vi dro til hytta vår i Kilebygda, med denne fine utsikta. Her fikk vi to netter og ein heil dag - | - som vi brukte til å dra på lang kajakktur, innover Stavdalkilen | Slik kan det sjå ut i Stavdalkilen ein stille solskinnsdag i august. |
| | |
- og oppover Veiåa så langt det gikk. Ein stad måtte Basia hoppe ut og dra kajakken opp eit stryk, men sidan kom vi enno eit godt stykke innover | På vegen tilbake skulle vi ta ein snarveg mellom siv og elvesnelle, men der blei vi sittande fast og måtte snu. | Men til slutt kom vi fram og kunne skue ut mot Sandenfjorden og det vidare Kilevatnet. |
Etter besøk hos diverse kjentfolk og familie gikk reisa vidare gikk gjennom Vestfold, Buskerud, Akershus, Oslo, Akershus igjen, men ingen bilde har vi før.
Hedmark
| | |
Der stoppa vi langt inn på Finnskogen innafor Elverum, og fikk te og kake - | og så på blomane og humlene før vi kjørte vidare | Så overnatta vi i Engerdal, men der glømte vi heilt å ta bilde |
Sør-Trøndelag
| | |
Ikkje før var vi over fylkesgrensa til Trøndelag, før vi kom over slike gamle typiske trønderlån | På Røros stoppa vi og besøkte museet. | Deretter besøkte vi Brekken oppvekstsenter, der elevane hadde laga dette hjulet med dei 8 årstidene på sørsamisk. |
| | |
Nettopp da hadde Brekken besøk av denne bokbussen. | Så bar det over fjellet mot Tydal. | Og vi kom ned i Selbu, der dei er mektig stolte av å ha oppfunne Selbu-mønsteret. |
No kjørte vi sjølvsagt også gjennom Nord-Trøndelag, men det gjorde vi så fort som råd, og det førte ikkje til nokre bilde verd å vise bort.Bedre blei det da vi kom til
Nordland
| | |
I Hattfjelldal / Aarporte overnatta vi på ein gard med tamme "vill"-svin og sauer | Vidare kjørte vi ein veg vi ikkje har vore før- "Villmarksvegen" til Korgen | Her var mye fin natur å sjå - |
| | |
- og bakover kunne vi skue den karakteristiske Hatten som har gitt namn til Hattfjelldal | På vegen kjørte vi ein liten omveg om det nedlagte gruvesamfunnet Bleikvassli. | I Korgen kom vi over denne noko spesielle reklama. |
| | |
I Fauske er det stor utvinning av marmor, og nokre fargerike marmortroll er satt opp midt i ei rundkjøring | Ved Kobbvatnet overnatta vi på ein campingplass, og der må nokre gongar vere mye vind, for dei hadde bardunert campinghyttene. Men vi sov i telt og blåste ikkje bort. | Basia måtte sjølvsagt ut og bade. |
| | |
På Drag (Ájluokta) i Tysfjord (Divtasvuodna) besøkte vi det samiske kultursenteret Árran, med blant annet barnehage. Ute var det helt tomt for folk, kanskje fordi det regna. | Men inne traff vi nokre av dei som hadde starta samisk barnehage der, og dei gjorde Svein intervju med | mens Basia gikk rundt i museet og tok bilde, f.eks. av denne skjellplogen |
Frå Tysfjord tok vi ferga til Lødingen (Lodegat) og kjørte så over Tjeldsundbrua til Skånland (Skánit). Da var vi for ei kort til inne i
Troms (Romsa)
| | |
I Troms gjorde vi ikkje mye denne gangen, det viktigaste var eit besøk hos familien Skåden | Her traff vi folk heilt frå Kina | |
Deretter gikk ferda innover Ofotfjorden og i retning av Narvik. Men før vi kom dit tok vi av oppover mot Bjørnefjell og snart var vi over grensa til
SVERIGE (Swedcja, Ruoŧŧa, Ruotsi)
| | |
Eit svært så populært fotomotiv er fjellformasjonen som på svensk kallast for "Lapporten" | Litt seinare fikk vi denne utsikten over Torneträsk, ein av Sveriges største innsjøar. | . |
Vi kjørte til Kiruna (Giron) der vi traff kjentfolk, så fortsatte vi til Mertajávri nær Karesuando (Gárasavvon), men der traff vi ingen, og snart var vi over i Finland (Suomi), Men da tenkte ingen på å ta bilde, bare på å komme heim til Guovdageaidnu så fort som råd. Og kva som skjedde da, kan du lese om i neste del:
Del 2 - Rundtur nordpå (Finnmark: Guovdageaidnu, Alta, Hasvik, Tana, Lebesby, Porsanger, Nesseby, Sør-Varanger)
Andre bilete frå albumet:
FINNMARK
Guovdageaidnu - 1 - Sentrum / Márkan
Guovdageaidnu - 2 - Vår kant av bygda
Guovdageaidnu - 3 - Utmarka / Meahcci
Hammerfest
Hasvik
Porsanger
POLEN
Gdansk - 1 - Nærområdet vårt
Gdansk - 2 - Natur og miljø
Gdansk - 3 - Sentrum og rundt i byen
Gdansk - 4 - Kasjubia
Gdansk - 5 - Żukowo
Hagar i Gdansk - 1
Til startsida
sveilund@online.no