Fotoalbum - Svein Lund og Basia Głowacka

10 land på 6 veker

Del 2 - Rundturar nordpå

Her er andre del av bildereisebrevet frå turen vår august / september 2007.
Denne deler er frå reiser og opphald i Finnmark.

Både kartet og dei fleste bilda kan du forstørre ved å klikke på dei.

Albumet er delt i tre delar:
Del 1 - Vegen nordover (Tyskland, Danmark, Telemark, Trøndelag, Nordland, Troms, Sverige)
Del 2 - Rundtur nordpå (Finnmark: Guovdageaidnu, Alta, Hasvik, Tana, Lebesby, Porsanger, Nesseby, Sør-Varanger)
Del 3 - Vegen sørover (Russland, Estland, Latvia, Litauen, Polen)

Forrige del slutta der vi kjørte frå Finland inn i

NOREG (Норвегия, Norwegia, Norga, Norge)

Denne gang i

Finnmark (Finnmárku, Sápmi)

Det var godt å vere heime i Guovdageaidnu, men vi fikk vi bare fire dagar med postlesing og bærplukking før vi la i veg igjen. Denne gongen gjennom Karasjok og nedover Tanadalen først på norsk, så på finsk side. Men heller ikkje denne gongen tok vi bilde i Finland, så det blir dei einaste av dei ti landa som vi ikkje har bilde frå. Vi startar her i det vi kjem til Tana bru.

TANA (DEATNU)

Tilbake kjørte vi ikkje kortaste veg, men etter riksvegen over Ifjordfjellet, og enda nokre avstikkarar

Dette skiltet på Tana bru (Deanušaldi) viser norsk språkpolitikk i praksis. Statens vegvesen har latt seg presse å skrive Ráttovuotna, men Idjavuotna får ikkje plass, fordi det ligg utafor samisk språkforvaltningsområde, og der skal fornorskinga halde fram.På Tana bru hadde Svein møte med redaksjonskomiteen for Samisk skolehistorie. Basia valde heller det matnyttige, og gikk og samla tanatimian, som her er fotografert før innsamlinga.På ettermiddagen kjørte vi ein tur nordover forbi Bonakas (Bonjakas) og Langnes, og slik så det ut når vi så rett over elva mot Austertana (Juovlavuotna).
I Tanamunningen hadde det samla seg store mengder med sjøfuglRundt Tana bru fantest det ikke bær på grunn av lauvmark, vi måtte heilt ut til Gávesluokta for å finne nokre liter krøkebær.Og dagen etter kom det som var hovudmålet med Tana-turen; Lansering av Samisk skolehistorie 2.
I Vestertana (Deanudat) stoppa vi for å sjå eit gamalt skoleinternat - som kanskje skal bli samisk skolemuseum ein gongI eit av klasseromma er innreiinga beholdt som i gamle dagarPå loftet fann vi dette kartet - frå 1905 over "Den østlige halvkugle - stater og kolonier

Etter besøket på internatet og god servering i Vestertana dro vi vidare, for vi hadde bestilt oss overnatting i neste kommune:

LEBESBY (DAVVESIIDA)

Her tok vi inn på "Kunes opplevelse og handel", der Svein solgte bøker, prata skolehistorie og avtalte nye intervju, mens Basia gikk tur og tok bilde.

På Kunes (Gussanjárga) bur folk ganske samla på ei slette ved riksvegen. Ute på sjølve nesset er det ubebygd og utsikt over fjorden. I fjæra her fann Basia denne planta, trulig ein østersurt, Mertensia matitima.Klart til avreise frå Kunes

Frå Kunes går vegen over Børselvfjellet til

PORSANGER (PORSÁŊGU, PORSANKI)

Sommaren 2007 var bjørkeskogen i store delar av Midt- og Aust-Finnmark angrepe av lauvmark, mange stadar var skogen svart når han enno skulle vore grønn - som her på BørselvfjelletNed mot Børselv (Bissojohka, Pyssyjoki) er det ein dal med bratte sider, og kvite fjell av dolomittI Børselv tok vi bilde av det nye bygget på Kventunet. Da var det stengt, men da vi kom tilbake to veker seinare, fikk vi komme inn.

I Børselv skulle vi fylle bensin, men det var lettare sagt enn gjort, for alt var stengt for helga. Men til slutt fikk vi tak i dei som hadde butikken og vi kunne legge i veg utover fjorden. Her måtte vi gang på gang stoppe for å ta bilde.

Like utfor Børselv møtte vi denne traktorenGeologien varierer veldig i Porsanger. Eit stykke nordover frå Børselv er det dolomitt som dominerer, og den lagar ein heilt spesiell natur.Leirpollen er ein av dei mange småstadane utover fjorden, som Vegvesenet ikkje har funne det verdt å sette opp skilt om. Ikkje ein stad var skilta på 75 km mellom Børselv og Veidnes!

Kommunegrensene i Finnmark er laga før vegane kom, da det var fjordar og båtar som bant folk saman. Derfor hører Veidnes (Sáltesávju) ved Laksefjorden (Lágesvuotna) til Lebesby kommune, sjølv om dei har 266km til kommunesenteret Kjøllefjord (Gilivuotna), og vegen går gjennom 2 nabokommunar. Og lokalbåten er lagt ned forlengst.

LEBESBY (DAVVESIIDA) (2)

Veidnes er ei bygd som har vore i stadig tilbakegang, no bur det ikkje stort meir enn 30 menneske her, og skolen blei lagt ned i 2005.Her blei vi innlosjert i gamalhuset til Magnar og Kari, med utsikt frå kjøkkenet over det som må vere ein av dei frodigaste kjøkkenhagane så langt nord, og vidare bygda og fjella bak.Farvel med Veidnes og møte med nokre av dei sauane som framleis klorar seg fast her.

Så gikk vegen igjen over til

PORSANGER (PORSÁŊGU) (2)

og her måtte vi igjen stoppe alt i eitt og ta bilde

Eit par mil nord om Børselv går plutselig dolomitten over i grått grunnfjell, og dermed endrast både landskap og plantelivPå myra like nord om Børselv gikk ein flokk gjess og beitaMellom Børselv og Lakselv (Leavdnja) er det fleire stadar bevart gamle strandlinje som viser korleis landet trinnvis har stege etter istida.

Så kom vi da etter fire dagars tur heim igjen til

GUOVDAGEAIDNU (KAUTOKEINO)

Vi tok kajakken på taket og kjørte oppover langs elva og dro på padleturMed oss hadde vi fiskegarn, og her er frå turen dagen etterpå, da vi skulle ta garna opp igjen. Først må ein gå på land og løyse tauet.Fangsten blei slett ikkje verst, masse sik og nokre gjedde og abborar.
Men vi tok og også tid til turar til fots, og ikkje langt heimafrå fann vi eit vatn vi ikkje hadde vore ved før2007 er det største lemenåret som har vore på svært lenge, det var levande og daude lemen å finne både etter vegen og ute i marka.Motorferdsel i utmarka er eit av dei mest omstridte spørsmåla i Finnmark for tida. Dette bildet viser korleis det blir når ein kjører firehjuling over myra og stadig må ta nye vegar for å komme fram.

Men det var ikkje så lenge vi hadde fred og ro i Guovdageaidnu. Når vi hadde sikra fisk, sopp og bær for vinteren bar det av garde på neste tur, denne gongen nordover, gjennom

ALTA (Áltá)

Silisávži eller Kløfta der vegen går ned frå vidda mot Alta er spesielt imponerande i haustfargar.Da vi kom ned mot Eiby, såg vi at snøen alt hadde lagt seg på fjella rundt Alta, - og det var enno heilt tidlig i september.Men så kom regnet og blanda seg med sola og over Kåfjord (Gávvuotna) sto denne fantastiske dobbelte regnbogen.

Vegen gikk utover Altafjorden, inn og ut Langfjorden (Lággovuotna)og utover til Øksfjord (Ákšovuotna), der vi tok ferga til

HASVIK (ÁKŊOLUOKTA)

Her jobba Svein vinteren 2005/06 og no skulle vi sjå til gamle trakter og hilse på tidligare elevar og lærarar.
Vi budde på Hasvik hos ein lærar som var sambuar med ein fiskar, og han hadde nettopp fått denne kveita på 38 kilo!Her er vi i Breivikbotn (Goahteluokta), der vi ser fiskebruket. Der skal det jobbe fleire polakkar, men vi traff ingen av dei.Sørøya er ikkje bare kysten, men også mye fint turterreng i fjellet og på veg tilbake frå Breivikbotn tok vi ein kort fjelltur, til dette vatnet med bukkeblad.
Nærare Hasvik kom vi over eit skilt med vegen til Kvithellhula, der folk gjømte seg for tyskarane vinteren 1944/45. Her er vi på veg ned mot hula. I bakgrunnen fuglefjellet Andotten ut mot SørværHer er inngangen til hula I Hasfjord (Ákŋovuotna) besøkte vi ein tidligare lærar som no lever av turistar, og der helsa vi på store og små hundar.
På kvelden da vi kjørte tilbake frå Hasfjord til Hasvik såg vi denne solnedgangen over Hasvik.Dagen etter var det tid for heimreise, og etter ferga gikk turen gjennom haustfargar og regn inn ØksfjordenTil Hammerfest kom vi ikkje denne gongen, men det var kanskje like bra, for der sto fakkelen på Melkøya (Mielkkut) på den tida og spydde ut sot på det verste. Da vi på vegen stoppa i Masi (Máze), såg vi på kunstutstilling, der Trygve Lund Guttormsen hadde laga dette høgst aktuelle bilete av Snøhvit.

Etter knapt ei veke i Guovdageaidnu starta vi grytidlig ein morgon austover. I Kárášjohka bunkra vi bøker og besøkte avisa Min Áigi, så dro vi til Lakselv og Børselv, der vi besøkte Kventunet, kjørte vidare til Kunes og gjorde to intervju. Neste intervju var i Bonakas i Tana, før vi tok inn på Skipagurra camping. Men på grunn av ei fatal tabbe er det ikkje bevart bilde frå noko av dette. Dei neste bilda kjem først når vi har kome over til

NESSEBY (UNJÁRGA)

Først besøkte vi Varanger samiske museum / Várjját sámi musea. Den gamle båten heitte Mearragumpe eller på norsk Sjøulv.Så kjørte vi vidare på sørsida av Varangerfjorden/Várjjatvuonna, og kom til Byluft (Builuokta), der det sto skilt om sjøsamisk museum. Og det måtte vi stoppe å sjå på.Det var virkelig mye å sjå, men på grunn av dårlig tid blei det bare nokre bilde i all hast.

SØR-VARANGER (MÁTTA-VÁRJJÁT)

Etter nedlegginga av Sydvaranger gruver er Kimek blitt ein av dei største arbeidsplassane i Sør-Varanger og etter at vi var der sist hadde dei bygd denne veldige hallen i Kirkenes (Girkonjárga)Kontakten med Russland er så viktig for Kirkenes at ein har byrja å skrive gatenamn med kyrilliske bokstavar.I Kirkenes ordna vi bilforsikring for Russland, og så var det bare å gi seg ut på vegen mot grensestasjonen Storskog.

Men kva som skjedde da vi hadde passert grensa, det må du lese om i neste del

Del 3 - Vegen sørover (Russland, Estland, Latvia, Litauen, Polen)


Andre bilete frå albumet:

FINNMARK
Guovdageaidnu - 1 - Sentrum / Márkan
Guovdageaidnu - 2 - Vår kant av bygda
Guovdageaidnu - 3 - Utmarka / Meahcci
Hammerfest
Hasvik
Porsanger

POLEN
Gdansk - 1 - Nærområdet vårt
Gdansk - 2 - Natur og miljø
Gdansk - 3 - Sentrum og rundt i byen
Gdansk - 4 - Kasjubia
Gdansk - 5 - Żukowo
Hagar i Gdansk - 1

Til startsida

sveilund@online.no