Artikkelserie i Klassekampen høsten 1990

SÁPMI - 9

På reisa vår gjennom Sápmi har vi nå kome til dei sørsamiske områda. I dag skal vi holde oss på norsk side og sjå på situasjonen for det sørsamiske språket. I neste artikkel skal vi treffe reindriftssamar på svensk side.

SAMISK SPRÅKLOV - OG FOR SØRSAMAR?

Diskusjonen om samisk språklov har hittil dreid seg om det såkalla samiske kjerneområdet i Finnmark og Kåfjord i Troms. Men er det bare her det blir snakka samisk? Sjølv etter lang og hard fornorsking fins det fortsatt folk som snakkar samisk spreidd over heile det gamle Sápmi, på norsk side frå Sør-Varanger til Elgå i Hedmark.

Av Svein Lund

Det sørsamiske språkområdet omfattar tilsaman på norsk og svensk side eit område på omlag 100000 km2, eller 1/3 av størrelsen til fastlands-Norge. Men sørsamane er bare nokre få tusen, og mange av dei har mista mye av språket.

Rektorane ved dei to sørsamiske skolane i Norge: Harald Eliassen, Hattfjelldal og Nora Bransfjell, Snåsa. Begge er samtidig aktive samepolitikarar, her er dei på landsmøtet til Norske Samers Riksforbund i Vadsø i 1988. På det sørsamiske kultursenteret Sijte Jarnge i Arbordi (Hattfjelldal) fann vi denne flotte samlinga av ny samisk duodji. Hattfjelldal, med Hatten i bakgrunnen som har gitt opphav til det norske namnet. Den einaste staden vi fann spor av det samiske namnet på Hattfjelldal, Arbordi, var Arbor sponplatefabrikk til høgre i biletet.

Ei av dei som arbeider for å bevare og utvikle sørsamisk språk og kultur er Nora Bransfjell, for tida rektor på Sameskolen i Snåsa. Fram til i år sat ho som styremedlem i Norske Samers Riksforbund, og på siste landsmøtet gjorde ho seg bemerka med å holde innlegg på sørsamisk. Så lite er språket brukt sjølv i samisk organisasjonssamanhang at ho før ho starta måtte spørre om tolkane greidde å oversette. Etter innlegget hennar tok Ole Henrik Magga replikk på sørsamisk, før han oversatte seg sjølv til nordsamisk. At dette nørast var ein sensasjon fortel mye om den samiske språksituasjonen. Sørsamisk og nordsamisk er så forskjellig at dei ikkje forstår kvarandre utan vidare, og samtaler mellom nordsamar og sørsamar går i dei alle fleste tilfelle på norsk eller svensk. Dei som beherskar både sør- og nordsamisk kan tellas på få hender.

- Får samisk språklov noko å seie for sørsamane, eller blir dokker holdt utafor?

- I det opprinnelige forslaget frå departementet var det ei setning som sa: "med samisk menes her nordsamisk". Denne setninga er no tatt ut, bl.a. etter kritikk frå NSR, fortel Nora Bransfjell.

- Målet vårt er at nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk skal bli sett på som likeverdige språk, og at dette kjem fram i loven. Likevel må vi innrømme at det i dag er urealistisk å kreve sørsamisk som offisielt språk slik som nordsamisk vil bli i dei 5-6 kommunane i Finnmark/Troms. Det er ingen kommunar der sørsamane er så stor del av befolkninga at vi kan kreve f.eks. å få svar frå kommunale institusjonar på samisk. Det vi håper på er at sørsamisk i framtida skal brukas i samiske institusjonar i vårt område, slik som skolar, kultursentra, reindriftskontor og organisasjonar. Det betyr at dei som skal jobbe på sørsamiske institusjonar skal beherske sørsamisk. Dette er delvis gjennomført på sameskolen, dei som behersker samisk har fortrinnsrett til jobbar på skole og internat. Etter kvart vil ein da sjå om sørsamisk vil bli forvaltningsspråk. Det er eit av måla våre.

- Kor er sørsamisk språk i bruk i dag?

Det er enno familiar som brukar sørsamisk som dagligspråk. Dei som ikkje beherskar sørsamisk fullt ut, ser ut til å bruke ord og uttrykk dei kan, og bare det er jo gledelig. Det er i første rekke i tilknytning til reindrifta at språket har overlevd. I dag er det likevel skolen som har fått den største oppgåva med å videreføre språket. Interessen er aukande både for sørsamisk i skolen og som vaksenoppløring.

Fire elevar med førstespråk

- Sameskolen i Snåsa er einaste skolen med elevar som har sørsamisk som førstespråk, og det er ikkje meir enn fire. Ein del har det som andrespråk hos oss og på Sameskolen i Hattfjelldal. Ellers er det undervisning i Røyrvika, Rennebu og på Røros, men bare nokre få timar i veka. I vidaregåande skole er det tilbod om sørsamisk som B- og C-språk i Grong og Mosjøen. På lørarskolane har det tre gonger vore tilbod om halvårseining i sørsamisk, to gonger på Levanger, ein gong på Nesna. Svørt få har studert på universitetsnivå, der finnes ikkje noko fast tilbod, og det er svørt få lørarar som kan undervise på høgt nivå.

Snåsa er ein sentral møteplass for sørsamane, og når noko viktig skjer heisar dei sameflagget på hotellet i bygda. Samien Sijte i Snåsa er hovudmuseet for sørsamane i Norge. Her viser Anna Holm Bull fram eit verktøy som blei brukt for å presse hornskeier. Er dette eit av dei første teikna til sørsamane sine forfedre? "Bøle-reinen" ved Snåsavatnet blir rekna for å vere hogd inn i fjellet for omlag 6000 år sidan.

- Ka må til for at trykket frå norskinga skal minskas og sørsamisk skal bli eit meir levande språk igjen?

- Det er få som beherskar språket skriftlig. Derfor er radiotilbodet veldig viktig. I dag er det heilt utrulig dårlig. Det er ikkje meir enn 5-10 minutt kvar mandag, som sendas ut over Helgeland og Trøndelag. Men Hedmark fell utanom, sjølv om der og bur sørsamar. Det er no teikn til ei viss betring: Frå 1991 har sørsamisk og lulesamisk fått kvar sin stilling i eit samarbeid mellom NRK og Sveriges Radio. Når no språket ser ut å styrke seg i skolen, er det sjølvsagt viktig at det fins noko å lese. Men det er svørt lite som fins av både lørebøker og anna litteratur. Ei avis på sørsamisk hadde vore bra.

- Kan språkloven vere til hjelp for sørsamane?

- Ja, fordi den er med å heve statusen til språket. Så er det opp til oss å arbeide for at vi ytterligare kan få bruk for den. Vi må sjølv sette igang tiltak. Sør- og lulesamisk får få midler fordi vi er få, men behovet for støtte er like stort. Det kunne trengs eit skikkelig satsingsår for sørsamisk. No kjem først nordsamisk, så får vi smulane dersom det er noko igjen.

- Men ein ting som er like viktig for oss er å få endra Grunnskoleloven. I paragraf 47 står det at ein har rett til samiskoppløring hvis minst tre elevar krev det. Det fell uheldig ut for oss. Det er ofte bare 1 eller 2 elevar på eit klassetrinn som krev det, og eg veit om mange tilfelle at elevar har krevd og ikkje fått, f.eks. i Trondheim. Tilbodet om å få opplæring i eller på samisk må gjelde alle elevar og omfatte både førstespråk, andrespråk og nybegynnaropplæring.

***********************

SISTE UTPOST MOT SØ;R

Kor vidstrakt det sørsamiske området er forstår vi først når vi omlag 40 mil sør for Snåsa kjem til plassen der dei sørligaste av sørsamane bur, Elgå i Engerdal kommune i Hedmark.

- Joda, det er ungar herifrå som går på Sameskolen i Snåsa, fortel Bertil Danielsen. - Vi eldre snakkar enno sørsamisk, men det har gått meir og meir over til norsk her, seier han. Men på fjellet med reinen må samisken fram. Det fins bare ikkje ord på norsk for alt som har med reindrifta å gjøre.

Den aller sørligaste samiske reindrift i Norge finn vi her. Drevsjø er sørenden av Elgå reinbeitedistrikt, det einaste i Hedmark. Blokkodden Villmarksmuseum på Drevsjø i Engerdal er det sørligaste museet i Sápmi. Det ligg akkurat der det sørligaste reinbeitedistriktet sluttar. Bertil Danielsen har overlatt reindrifta til sønnen og selger no suvenirar til turistane langs vegen mellom Engerdal og Idre.

Det er sju familiar som lever av reindrift i Engerdal. Sjølv har Bertil Danielsen pensjonert seg frå reindrifta og overlatt den til ein av sønane. No har han ei gamme ved vegen over mot Idre i Sverige. Der selger han reinskinn, horn og forskjellige suvenirar til turistane som fer forbi. Utafor gammen har han heist det samiske flagget, som ein siste utpost i Sapmi mot sør.

Men han såg gjerne at dei kunne strekke seg enno litt lenger sør. For det er knapt om vinterbeite for reinen og like sør om Drevsjø som er yttergrensa for Elgå reinbeitedistrikt, der er det eit fjellområde med svært godt beite. Men det får dei ikkje lov å bruke, det er bøndene som sett seg i mot det. I det heile er det ein del konflikter med bøndene, fortel Danielsen. Nokre gonger har det gått til rettssak, og reineigarane har blitt dømt å betale erstatning for skader reinen har gjort på jordene.

Nasjonalparkane Femundsmarka og Gutulia utgjør ein stor del av Elgå reinbeitedistrikt.

- Det er bare bra med nasjonalpark, seier Bertil Danielsen. - Det har berga oss mot store inngrep i området vårt.

Han har fulgt med i striden i Indre Troms der reindriftssamane har protestert mot at dei ikkje fikk bruke terrengkjøretøy i nasjonalparken.

- Noko slikt problem har ikkje vi, seier han. - Vi har ikkje behov for slike kjøretøy her. Vi har så ulendt terreng at vi ville ikkje ha noko nytte av dei.

_________________________________________________________________________________

Dette er ein av tolv artiklar i serien "Streiftog i Sápmi" som gikk i Klassekampen hausten 1990. Her finn du alle artiklane:
1 Samisk språk mot undergangen?
2 Kola-samane teier ikkje lenger Murmansk/Lujávri
3 Folket som blei kasteballar over grensene Sevettijärvi
4 Men austsamane var ikkje daude Neiden
5 Den einaste samiske høgskolen Guovdageaidnu
6 Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Tromsø
7 Senja - ei øy i Sápmi Senja
8 Lulesamisk framtid Tysfjord
9 Samisk språklov - også for sørsamar? Snåsa
10 Wallenberg mot reindriftsamane Jemtland
11 Skogbruk mot samerett Jokkmokk
12 Firespråklig familie i trespråklig bygd Soppero

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no