Artikkelserie i Klassekampen hausten 1990

SÁPMI - DEL 2

I Klassekampen i går inviterte vi lesarane med på ei reise gjennom Sápmi - Sameland. Vi startar i dag i aust, i den delen av Sápmi som høyrer til Sovjetunionen. Vi skulle ha starta heilt på austenden av Kola-halvøya i Boanni (Ponoj) eller Sosnovka. Men dit er det ikkje bare for utlendingar å komme. I staden startar vi i byen som er senteret for dei sovjetiske samane, Lujávri (Lovozero), og i største byen i Sápmi, Murmansk. Neste gong vil vi fortsette til austsamane eller skoltesamane, ei lita gruppe som har blitt delt i tre av grensene gjennom Sapmi.

Av Svein Lund

KOLA-SAMANE TEIER IKKJE LENGER.

"I eldre tider var Kolahalvøya befolka av eit fåtallig folk - samane. Dei dreiv med reindrift og fiske, levde i naud og kunnskapsløyse. Halvville, halvsultande og utan eigen kultur var samane dømde til å gå under. Sovjetmakta redda dei og leia dei inn på livets lyse veg."

Slik blir historia til samane framstilt i ei offisiell sovjetisk lærebok om Murmanskdistriktets geografi. Det er alltid dei sigrande som skriv historia. Når det no har blitt visse opningar i jernteppet gjennom Sapmi, har vi og fått visse glimt av korleis denne "livets lyse veg" har arta seg, sett frå dei som blei "redda".

Den største byen i Sápmi er Murmansk, men samane utgjør no bare 0.04 prosent av befolkninga her. Denne samiske sang- og dansegruppa frå Lujávri har bidratt mye til å gjøre Kola-samane sin kultur kjent. Her underheld dei ved opninga av Nordkalottkonferansen i Murmansk i sommar.> Regionmuseet i Murmansk har ei bra samling av gamle samiske gjenstandar. T.h. Anna Prahova, leiar for samisk avdeling ved museet, t.v. Nadja Vatonena, samisklærar i Lujávri.

Tvangsflytting

- Eg er fødd i Koarddak (Voronje), fortel Anna Prahova. Men den bygda fins ikkje lenger. Eg var bare tre år da vi måtte flytte inn til Lujávri fordi det skulle byggas kraftverk der. No ligg alt under vatn, i det store Serebrianski-reservoaret.

- Eg er fødd i Arsjohka (Varzino), fortel Nina Afanasejeva. - Men alle blei tvunge til å flytte derifrå, og no er det militært område. Om eg ønsker å besøke plassen der eg er oppvokst, må eg ha særskilt løyve. For å få løyve må eg ha ei innbying, men der fins bare daude personar. Bror min forsøkte å dra dit i år, men han fikk ikkje da han ikkje kunne syne noka innbying.

Ei rekke bygder blei fråflytta på 60-talet, og samane blei for det meste plassert i Lujávri (Lovozero). Der blei det bygd 5-etasjes blokker for reindriftssamar som var vant til eit fritt liv ute på tundraen. Det kunne ikkje gå bra. Store sosiale problem, sjølvmord og alkoholisme var nokre av følgane av tvangsflyttinga. På museet i Lujávri viser ein statistikk at mens det samla folketalet i Lovozero kommune blei dobla frå 1970 til 1988, gikk talet på samar her ned frå 1022 til 850. Ka kunne det komme av, undra vi. - Sjå på disse husa, seier ein. - Dei døyr.

Dei siste åra har ein del av samane som blei tvangsflytta frå Boanni (Ponoj) til Lujávri søkt om å få flytte tilbake. Men styresmaktene har enno ikkje avgjort om dei skal få lov.

Teier ikkje lenger

I mange år måtte samane bare finne seg i utviklinga utan å mukke. Motstand blei slått hardt ned. Bestefar til Anna Prahova var ein av åtte samar som i 30-åra blei henretta for opposisjon. Først siste året har samane på Kola kunna reise hovudet og snakke ut. I fjor danna Kola-samane for første gong sin eigen organisasjon.

- Vi hadde førebudd oss godt, og jobba eit halvt år under jorda, fortel den nyvalde leiaren, Nina Afanasejeva. 31.august i fjor ga vi fylkesadministrasjonen melding om at vi tenkte å danne ein organisasjon. Dei blei bra lange i ansiktet. Skipingsmøtet hadde vi allereie fire dagar seinare. Heile 70 samar deltok, både gamle og unge. Du skulle sett gleda i ansikta deira. Så mange samar hadde ikkje vore samla på minst 70 år. Nokre av dei eldste gråt da dei fortalte om da dei måtte gi den siste reinen til kollektivbruket. Fylkesstyresmaktene var ikkje mye glade for møtet vårt, dei sa vi hadde manipulert folk til å komme dit. Men no har vi allereie 500 medlemmar. Det er da ikkje verst, nesten ein tredel av samane på Kola.

- Når vi er så få, skulle ein kanskje tru at alle kjende alle, men slik er det ikkje. Mange bur spreidd rundt heile Kolahalvøya, dei er gjerne ganske få samar blant russarar og andre folkeslag. Så første oppgåva vår er å samle samane på heile Kolahalvøya. Sjølv om det er vi som er det eldste folket på Kola, har vi ikkje alltid blitt behandla så bra av styresmaktene. I fylkesadministrasjonen er det ingen som snakkar vår sak, vi er nøydd å organisere oss og snakke for oss sjølv.

Og dei har nok av saker å ta fatt på. Forureining, særlig frå nikkelverka, har øydelagt naturen på store delar av Kolahalvøya. No fryktar dei særlig at atomprøvesprengingane på Novaja Semlja skal bli tatt opp igjen.

Ny "Alta-sak"

Utvinninga av dei store mineralreservene på Kola har ført til eit enormt behov for elektrisk kraft. Både atomkraft og vasskraft er bygd ut. Styresmaktenes "Kola-prosjekt" vil føre til gigantiske investeringar framover, bl.a. i kraftutbygging. Av alle dei større vassdraga på Kola er det bare eit igjen som ikkje er utbygd, det er Joavkajohka eller Jokanga. Men no har staten bestemt at også denne elva skal byggas opp, og det skal byggas ein kjempemessig dam. Det er snakk om å demme ned beiteområde for heile 10000 rein.

- Blir dette kraftverket bygd, betyr det tap av enorme beiteområde. Område etter område er tatt frå oss. Vi er redd vi ikkje kan klare meir no, at ei utbygging her betyr slutten for reindrifta og det samiske folket i Sovjetunionen.

Offisielt er utbygginga inntil vidare stilla i bero fordi ein skal vurdere dei miljømessige verknadane. Men rykte seier at ein i sommar skal ha starta med å bringe inn byggematerialer med helikopter.
- Vi har reist krav overfor styresmaktene om at samane må få reise fritt over heile Kola. I dag er svært store deler såkalla grensesonar som vi ikkje har lov å dra inn i. Vi veit at samar i Norge, Sverige og Finland reiser fritt over landegrensene. Da syns vi det er for ille at vi ikkje ein gong kan reise innafor det fylket vi bur i. Seier Nina Afanasejeva, som fikk besøke norsk del av Sápmi i samband med verdskonferansane for urbefolkningar i august i år. I fjor var ho ein av dei sovjetiske kvinnene som norske styresmakter nekta visum til Norge, og som måtte møte samekvinner frå Norge, Sverige og Finland på grensebrua ved Kárášjohka.

- Her er mange ikkje-samar som lagar "samiske" suvenirar. Vi synes samane sjølv skal gjøre det. Her er mange eldre som enno kan mye duodji, bl.a. perlebrodering. Dei kunne tjene seg ein ekstraskilling for å spe på dei små pensjonane om vi får istand ein butikk for samiske produkt.

Dei gamle samiske gjenstandane som er utstilt på museet i Murmansk syner tydelig slektskap med samisk kultur på norsk side. Denne bysta er laga etter eit 4000 år gamalt gravfunn. - Det er ikkje tvil om at det var samar som budde her. Ser dokker ikkje kor ho liknar på meg, seier Anna Prahova. På 1600-talet blei samar satt til tvangsarbeid i byen Kola, der russarane bygde dette fortet til vern mot danskar og svenskar som og ville skattlegge Kolasamane. Modell frå regionmuseet i Murmansk.

Ein einaste samisklærar

Sjølv om nasjonalitetane i Sovjet i prinsippet skal ha rett til utdanning på eige språk, har det vore så som så for "dei små folka i nord". Alt før revolusjonen blei det gjort spede forsøk på å utgi samiske bøker og undervisning på samisk. Etter eit halvhjerta og kortvarig forsøk i 1890 åra skjedde ingenting før i 1930-åra. Da blei det utarbeida eit samisk alfabet, bygd på det latinske alfabetet. Nokre få lærebøker blei trykt, samt nokre brosjyrer av typen "Ka har Oktoberrevolusjonen gjort for arbeidande samar?". Det var og planlagt å gi ut ei avis på samisk og trykkeriet til "Polarnaja Pravda" kjøpte inn eit tonn med typer for dette. Men etter få år fann ein ut at det ville vere bedre å bruke det kyrilliske (russiske) alfabetet, og så satte ein igang arbeidet med å utarbeide ei ny samisk rettskriving bygd på dette alfabetet. Så kom krigen, og i gjenoppbygginga var det ikkje plass for små folk som likevel bare var i vegen for utviklinga. Først i 1982 kom det ut ei bok på samisk igjen, denne gang med kyrillisk skrift, i ei rettskriving basert på Kildin-dialekten, den som blir snakka i Lujávri.

Det er stor interesse for samiskundervisning, men enorm mangel på lærarar. I Lujávri (Lovozero) der halvparten av samane på Kola bur er det no ein einaste samisklærar. I byen er det to skolar der det blir gitt samiskundervisning, så Nadja Vatonena må nå over begge. Frå skolestyresmaktene er det bare lagt opp til samiskundervisning for 1.- 4. klasse, frå 4 til 6 timar for veka. Men elevane vil gjerne ha meir, så Nadja underviser 5.klasse og, men det får ho ikkje betalt for! Tilsaman har ho 35 undervisningstimar i veka. Som hjelpemidler har ho ikkje meir enn to ABC-bøker og to ordbøker. Resten må ho lage sjølv. Det er bare opplæring i samisk som fag, mens all undervisninga ellers går på russisk. I barnehagane går det og på russisk, men frå i haust vil det vere ein lærar som har tre timar samisk i veka i kvar av to barnehagar.

Nina Afanasejeva (i midten) er nyvald leiar for Kola-samane sin organisasjon. Det samiske flagget blei for første gang heist på sovjetisk område da ei gruppe norske, svenske og finske samar besøkte Lujávri i fjor. Hjartelig forbrødning mellom samar frå alle fire statar i Lujávri.

Største byen i Sápmi

Frå gamalt av var heile Sápmi inndelt i siidaer, område der samane hadde sjølvstyre. Siidaforsamlinga (sohpar) delte fiske- og jaktområde mellom familiane og diskuterte alle saker som gjaldt siidamedlemmane. På Kolahalvøya (inkludert noverande Sør-Varanger) var det 21 siidaer. Gielda (Kildin)- siidaen var den som tidligast fikk merke stor innvandring av russarar. Her bygde russarane byen fortet og byen Kola, som var administrasjonssenteret frå 1600-talet til førre århundret. Her holdt russarane ein stor garnison soldatar, og her blei samane pålagt tvangsarbeid. I dag er Kola nærmast slukt av den overlegent største byen som nokon gong er bygd på gamalt samisk område.

Murmansk blei grunnlagt først i 1914, men etter revolusjonen vaks byen med rekordfart, og blei eit sentrum for fiskerinæringa, handelsflåten og marinen i Nordvest-Sovjet. Ved hjelp av høgare lønn, lengre ferie og andre gode blei folk lokka hit frå Russland og Ukraina og andre kantar av Sovjet. I dag er her 480000 innbyggarar og byen har enno ikkje slutta å vekse. Nye boligområde skyt stadig opp og blokkene har vekst i høgda, frå 5 til 7 til 9 etasjer.

Dette er nesten alt som finst av bøker på samisk utgitt i Sovjet. Utstilling frå museet i Lujávri. Lujávri er ei merkelig blanding av små trehus og høge murblokker. I disse blokkene blei samane stua inn da dei gamle buplassane deira blei tvangsfråflytta på 60-talet.

Fins det så samar igjen i denne betongjungelen?

- Joda, det er 192 av oss, seier Anna Prahova. Sjølv jobbar ho på regionmuseet, der ho er leiar for den samiske avdelinga. Museet er ellers noko av eit samlingspunkt for samar i storbyen. Anna er gift med ein russer, og for dottera Aliona på tre år, er det russisk som blir hovudspråket, sjølv om Anna og forsøker å lære ho samisk. - Mun lean saam nijdd (eg er samejente) seier Aliona på samisk, og syng "Suga, suga, su", ein samisk barnesang spela inn på kassett i Sverige. Gjennom jobben sin har Anna ganske ofte kontakt med samar frå Norge, Sverige og Finland, og ho har besøkt alle tre landa.

Den aukande kontakten mellom samane på Kola og lenger vest har gjort at ganske mange samiske barnebøker og andre bøker har funne vegen over grensa. Sjølv om det kan vere vanskelig å bruke dei direkte, det er store dialektskilnadar og i tillegg brukar ein forskjellig alfabet.

- Etter mi meining ville det vore best om vi og skreiv samisk med latinske bokstavar, seier Anna. - Da ville vi mye lettare kunne dra nytte av den litteraturen som fins på nordsamisk.

- Ein gong hadde vi besøk av nokre svenske samar på skolen i Lujávri, fortel Nadja Vatonena. - Det var ein utrulig inspirasjon for elevane da dei oppdaga at dei eit stykke på veg kunne snakke med dei, at samisk ikkje bare var eit språk for nokre få i nærmiljøet, men at det faktisk kunne brukas over grensene.

Vi forsøker å snakke med kvarandre på samisk. Det går så som så, men ei rekke ord er enno praktisk talt like, sjølv om det fort blir problem når ein skal seie lengre setningar. Samisken på Kola er minst like full av russiske låneord som Finnmarkssamisken er av norske.

For yngre samar går det mest på russisk som dagligspråk. Når vi sit i lag med Anna og Nadja på ein kafe i Murmansk pratar dei og russisk seg i mellom og når Anna oversett for Nadja det vi andre seier på engelsk. Men så kjem det ein svært nysjerrig kar på nabobordet, og dei slår over på samisk. Han blir straks døypt "stuorabealji" ("stor-øre" på samisk). - KGB, seier dei. Ingen av oss veit om han virkelig er det, men dei er ikkje blitt arbeidslause under glasnosten.

I dei samiske gjenstandane som er utstilt i museet i Lujávri kan ein tydelig se likskap med den samiske kulturen lenger vest, men og påvirkning frå andre folkeslag som komer og russarar. Nadja Vatonena er den einaste samisklæraren i Lujávri, der halvparten av dei russiske samane bur. I slike blokker blei samane stua inn da dei gamle buplassane deira blei tvangsfråflytta på 60-talet.

Frå fleirtal til promille

Fram til 1100-talet var samane einerådande på Kola-halvøya. Da byrja russiske handelsmenn og skatteoppkrevarar å trenge seg inn, på 1400-talet kom dei første russiske nybyggarane på sørkysten, og på 1500-talet gikk den ortodokse kyrkja i spissen for koloniseringa. For å sikre tsaren si skattlegging av samane mot konkurranse frå Danmark og Sverige blei Kola-halvøya satt under militært styre. Samtidig strøyma russiske handelsmenn, bønder og fiskarar inn, på Murmankysten var det og ein god del norske og finske fiskarar. I 1870-åra kom så ei innflytting av komer og nentser, som trass i samanes protestar fikk slå seg ned i deira område for å drive reindrift.

Ved den første russiske folketellinga i 1897 var samane redusert til ein femdel av folketalet, 1724 av 9183. Etter revolusjonen starta ei planmessig utbygging av Kola-halvøya. Innbyggartalet blei 22-dobla frå 1920 til 1940, og etter krigen fortsatte utbygginga av dei tre hovudpillarane for russarane på Kola: Fiske og fiskeindustri, gruvedrift og militæranlegg. I fjor nådde folketalet 1146757, mens talet på samar er 1678, altså i underkant av 1.5 promille. Mens alle andre folkegrupper har vakse, er det i dag omlag like mange samar i Sovjet som for 250 år sidan.

_________________________________________________________________________________

Dette er ein av tolv artiklar i serien "Streiftog i Sápmi" som gikk i Klassekampen hausten 1990. Her finn du alle artiklane:
1 Samisk språk mot undergangen?
2 Kola-samane teier ikkje lenger Murmansk/Lujávri
3 Folket som blei kasteballar over grensene Sevettijärvi
4 Men austsamane var ikkje daude Neiden
5 Den einaste samiske høgskolen Guovdageaidnu
6 Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Tromsø
7 Senja - ei øy i Sápmi Senja
8 Lulesamisk framtid Tysfjord
9 Samisk språklov - også for sørsamar? Snåsa
10 Wallenberg mot reindriftsamane Jemtland
11 Skogbruk mot samerett Jokkmokk
12 Firespråklig familie i trespråklig bygd Soppero

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no