Artikkelserie i Klassekampen 1990

SÁPMI - 4

MEN AUSTSAMANE VAR IKKJE DAUDE

På leiting etter austsamane eller skoltesamane har vi no passert over grensa til Norge, og kome til Njávdan i Sør-Varanger eller Neiden som nordmenn kallar plassen. Finnes det noen igjen av dei gamle skoltesamane?

Av Svein Lund

"Skolterne er en lavtstående race, uden livskraft og uden fremtid." Dette sto å lese i det store verket "Norges land og folk", utgitt i 1906. Sidan er det mange som har hevda at skoltesamane var utdøydd i Norge. I 1966 sluttar nokre av dei av eit avisinnlegg slik: "For at det skal være klart at vi ennå lever, tegner vi oss med Skoltene i Neiden."

34 år etter at dei finn det naudsynt å gjøre merksam på at dei enno lever, treff vi nokre av dei som igjen har reist kampen for sine gamle rettar.

- Jo, austsamane i Neiden fins fortsatt, sjølv om språket er så godt som borte, seier Otto Borissen. - Den siste som snakka perfekt austsamisk var Jogar Ivanovitsj som døydde i 1981. Sjølv lærte eg austsamisk, nordsamisk og finsk som liten. Men norsk lærte eg først da eg kom på skolen. I dag er det nok finsk som er det beste språket mitt. Eg gjør meg no forstått på samisk, men det blir ei blanding av aust- og nordsamisk med noko finsk i.

Otto Borissen er leiar for Østsameforeninga i Neiden. Før jobba han i Vegvesenet, no er han pensjonist og mye av tida hans går med til å kjempe for oppreising for Neiden-samane. Det har ikkje vore noko lett arbeid, motarbeida har dei blitt av både norske og finske, sjølv frå samiske organisasjonar har det vore lite støtte å få. Og i tillegg har det vore mye indre krangel og vondt blod innafor den lille gruppa i Neiden som enno kallar seg austsamar.

Laksefisket i Njávdamjohka eller Neidenelva var tidligare ein viktig del av næringsgrunnlaget for samane i Neiden. I dag er det mest finske turistar som fiskar her, og salg av fiskekort gir inntekter til lokalsamfunnet. Otto Borissen har ikkje gitt opp å kjempe for å gjenvinne austsamane sine gamle rettar i Neiden. Om dei vinn fram i kampen om retten til reindrifta, håper han at barnebarnet Ivan vil vere blant dei som tar den austsamiske reindrifta opp igjen. St. Georgs kapell skal vere bygd så tidlig som rundt 1565 av munken Trifon, den første misjonær i aust-samiske område. Det er med sine 13 m2 den minste kyrkja i Norge, den eldste som står i Finnmark, og den einaste ortodokse kyrkja i Nord-Norge. Etter at kontakten med den russiske ortodokse kyrkja blei brote ved den russiske revolusjonen i 1917 gikk det tilbake med den ortodokse kyrkjelyden i Neiden. Men frå 60-åra har igjen ortodokse prestar frå Finland kome hit og helde gudstjeneste. Lille Emil på biletet var den første som har blitt døpt i St.Georgskapellet på meir enn ein generasjon. Her ilag med foreldra, Frans Halonen og Vivi Jelstrup.

"Engefolket"

- I gamle dagar var jorda midt i bygda her felleseige for austsamane i Neiden, fortel Otto Borissen. Felleseiget omfatta 442 mål, bl.a. grunnen ved Kapalafossen eller Skoltefossen. Det var bl.a. felles potetåker, og det ein fikk på fangst og laksefiske blei delt likt. Fellesjorda var så viktig for oss at den ga folket her namn: "gieddelaččat" eller "engefolket", folket ved fellesenga. Namnet skoltar blei satt på oss utafrå, som eit forsøk på å stemple oss som framande, som folk som eigentlig høyrde til Russland og ikkje hadde nokre rettar her. Felleseiget av jorda heldt seg heilt til 1903. Da tvang staten gjennom ei jorddeling. Men bare ein del av jorda blei fordelt på dei fem austsamefamiliane, resten tok staten. Det var utbygginga av Sydvaranger som var årsaka til at staten tvang fram denne delinga. Dei hadde planar om å bygge eit kraftverk her, og tenkte at det var lettare å ekspropriere privateigedom enn fellesjord. I tillegg var dei redd russarane kunne bruke austsamane si fellesjord som argument for at dette området hørte til dei, ettersom austsamane tidligare var rekna som russiske undersåttar.

Fråtatt reindrifta

Næringsgrunnlaget for Neiden-samane var frå gamalt av ein kombinasjon av reindrift, jordbruk og fiske. Men staten og kvænske innvandrarar har etter kvart tatt frå dei bit for bit av dette. I 1848 mista dei eineretten til laksefisket i Njavdamjohka (Neidenelva). Etter at store delar av fellesjorda var tatt frå dei, mista dei så reindrifta.

- Neiden-samane sine rein blei gjeta ilag, den såkalla Skolteflokken. På 1800-talet kom fleire og fleire finske innvandrarar og slo seg ned her. Dei fikk lov å ha nokre få kjørerein, som blei gjeta i lag med skolteflokken. Men kvænane fikk fleire og fleire rein, og i 1912 var skolteflokken på omlag 1000 dyr, av dei var bare 200 austsamane sine eigne. Neidensamane som var dei opprinnelige eigarane av flokken blei etterkvart sett på som bare gjetarar, og kvenane meinte at det var dei som hadde råderetten over flokken. Dei stifta eit reindriftslag som i 1929 vedtok å seie opp gjetarane, blant dei bestefar min, Boris Ivanovitsj. Så utlyste dei stilling som reingjetar, og tilsette ein sjøsame som tidligare hadde vore dreng under bestefar. Avsettinga blei godtatt av fylkesmannen som trudde på kvenane si løgn om at gjetarane hadde sagt seg opp sjølv.

- Etter at dei hadde mista alle rettar, gikk det nedoverbakke med dei fem austsamiske familiane i Neiden. Dei forsøkte å livnære seg på fiske i fjellvatna og tilfeldige jobbar, dei fleste hamna på fattigkassa og nokre døydde av underernæring. Seinare har vi etterkommarane av dei som opprinnelig eigde skolteflokken forsøkt å gå rettens veg for å få tilbake retten til reindrifta. Vi har vore i herredsretten, lagmannsretten og høgsterett, men tapa heile vegen. No er saka til vurdering ved domsstolen i Strasbourg.

Når Otto Borissen fortel om rettssaka, tenker vi at det var bok vi skulle ha skreve om dette. Om korleis motpartens advokat rett opp i ansiktet på mora og tanta til Borissen seier at det ikkje fins austsamar lenger i Norge. Om korleis staten nektar fri rettshjelp så Neiden-samane må ut med 90000 i saksomkostningar. Om korleis redaktør Erling Arvola i lokalavisa Finnmarken heile tida har brukt avisa mot dei. Om kvifor ingen tør å støtte dei.

- Du seier dokker tapte saka. Men dokker har jo fått tilkjent rett til å drive reindrift.

- I prinsippet har vi rett til å drive reindrift. Men ka hjelp det når dei som opptar beitene no ikkje er pålagt verken å slutte eller redusere reintalet. I Neiden-området er det no omlag 3000 rein, mens det egentlig bare er beitegrunnlag for 12-1400. Alt anna enn ein eksklusiv rett for austsamane vil vere eit papirvedtak som ikkje hjelper oss det minste.

Feige sameorganisasjonar

- Men dei samiske organisasjonane, er der inga hjelp å få?
- Vi har hatt kontakt med dei alle saman. SLF (Samenes Landsforbund) kan ein ikkje stole på. Vi hadde møte med dei. Rett etter går Hans Eriksen (SLF-formann) ut i avisene og seier at vi meiner det stikk motsette av det vi sa på møtet. NRL (Norske Reindriftssamers Landsforbund) representerer jo interessene til dei som har rein i dag, og er leia av den største reineigaren i nabokommunen her. Der er inga støtte å få. NSR (Norske Samers Riksforbund) er trass alt dei beste, men dei har heller ikkje tort å komme ut med ei klar støtte. Alle samiske organisasjonar er redde for å gå ut mot staten, dei er jo avhengige av statsstøtte. Men ein skal eg skryte av, han Ole Henrik Magga. Det var ei veldig oppmuntring for oss at eg som leiar av Østsameforeninga i Neiden blei invitert til opninga av Sametinget, og at Sametinget løyva 30000 kroner til foreninga vår.

Aust-same-tun

Ved sida av reindriftsspørsmålet har Østsameforeninga engasjert seg sterkt i kulturminnevern. Otto Borissen er leiar for prosjektgruppe for austsamisk bygdetun ved St.Georgskapellet. Dei samarbeider med fylkeskonservatoren og Varanger Samiske Museum.

- Sør-Varanger kommune derimot har ikkje akseptert at det fins etterkommarar av austsamane igjen. Dei meiner det er dei som eig kapellet, og dei har jobba bak ryggen på oss og forsøkt å fange oss i nettet sitt. Men det går ikkje, vi har lært av dei feila forfedrene våre har gjort.

Indre strid

Austsamane har ikkje bare vore plaga med konfliktar med folka rundt. Dei har og slitt med indre strider, og ikkje alle støttar opp om Østsameforeninga.

- Det er ikkje alle som er vaksne nok for å seie at vi skal rette opp dei overgrepa som har vore, seier Otto Borissen.

Frans Halonen har ei noko anna forklaring på kløyvinga:

- Eg var med og starta Østsameforeninga. Men etterkvart kom eg til at ei slik forening var å ta opp ein vestlig organisasjonsmåte, det var i strid med vår kultur. Den gamle organiseringa var at alle austsamane i kvar siida samlas til bygdemøte (norraz). Norraz velger ein leiar, på russisk starost, på samisk siida-isit. Denne organiseringsformen er svært gamal og praktiseras enno blant austsamane i Čeavetjávri og Nellim.

Frå Livjelakguelle til Käpälä

Frans Halonen driv campingplass og ein stor del av gjestene er finlendarar som kjem for å fiske i elva like ved. Etterkvart er det fastbuande kvenar og tilreisandde finlendarar som har overtatt mesteparten av det fisket som rundt 1750 blei omtalt slik: "I Neidens Elv fanges Lax, hvilket Fiskeri Russe-Finnerne (dvs. austsamane) sig alleene have forbeholden". Etter at ein domstol i 1848 avgjorde at fisket skulle vere fritt for alle i Neiden, overtok dei finske innflyttarane det meir og meir. Sjølv namnet på austsamane sitt tradisjonelle kastenotfiske i Skoltefossen, Livjelakguelle, gikk ut av bruk. No er dette særeigne fisket kjent under det finske namnet Käpälä.

- I dag er det Neiden Fiskeforening som har styringa med fisket, fortel Frans Halonen. Der er alle som eig jord og er busett i Neiden med, samt dei som leiger jord og driv ho. Dei fleste av austsamane i Neiden er med i fiskeforeninga. Medlemmane deler inntektene av fiskekortsalet, det blr 7-8000 kroner pr. familie. Andre i bygda får fiske gratis, men utan andel i inntektene.

_________________________________________________________________________________

Dette er ein av tolv artiklar i serien "Streiftog i Sápmi" som gikk i Klassekampen hausten 1990. Her finn du alle artiklane:
1 Samisk språk mot undergangen?
2 Kola-samane teier ikkje lenger Murmansk/Lujávri
3 Folket som blei kasteballar over grensene Sevettijärvi
4 Men austsamane var ikkje daude Neiden
5 Den einaste samiske høgskolen Guovdageaidnu
6 Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Tromsø
7 Senja - ei øy i Sápmi Senja
8 Lulesamisk framtid Tysfjord
9 Samisk språklov - også for sørsamar? Snåsa
10 Wallenberg mot reindriftsamane Jemtland
11 Skogbruk mot samerett Jokkmokk
12 Firespråklig familie i trespråklig bygd Soppero

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
T
il startsida

sveilund@online.no