Artikkelserie i Klassekampen 1990

SÁPMI - DEL 3

Vi fortsetter reisa gjennom Sameland, denne gang på leiting etter austsamane eller skoltesamane.

FOLKET SOM BLEI KASTEBALL OVER GRENSENE

Nuortalaččat kallar dei seg sjølve. Folket frå aust. Nordmennene har gitt dei namnet skoltesamar. Bakgrunnen for dette namnet skal vere at ein del austsamiske menn blei svært tidlig skalla. Dei russiske styresmaktene trudde det var ein smittsam hårsjukdom, og dei skalla austsamane slapp derfor militærtjeneste. Ettersom få kjente særlig stor entusiasme for å bli sendt som kanonføde i Tsar-Russland sine erobringar, var det mange austsamar som raka av seg håret for å slippe unna militæret. Så mange at dei bare skoltane ga heile folkegruppa namn; skoltesamar eller finsk: koltalappalaiset.

I skotlinja

Frå lenger tilbake enn historia kan fortelle besto austsamane sitt samfunn av fire siidaer eller samebyar; Njávdán (Neiden, Näätämä), Báhčaveadji (Pasvik, Paatsjoki), Beahcán (Petsamo, Petsjenga) og Suenjel (Suonikylä). Siidaen var både eit landområde og dei menneska som levde der. Siidaforsamlinga (norraz) styrte etter sine eigne lovar, fordelte jakt-, fiske- og reinbeiteområde. Mens den gamle siidaordninga i størstedelen av Sápmi gikk i oppløysing på 16-1700-talet, heldt den seg lengst hos austsamane, i Suenjel-siidaen heilt til mellomkrigstida.

Det som blei skjebnen deira var at dei kom midt i skotlinja mellom norske (danske), finske (svenske) og russiske interesser. Den russisk-ortodokse kyrkja sitt misjonsarbeid førte på1500-talet aust-samane inn under russisk påverknad. Samtidig gjorde både svenske og dansk-norske styresmakter krav på området deira. Først i 1826 blei grensa trukke gjennom det som inntil da blei kalla "felleslappedistrikt". Grensa mellom Norge (no under Sverige) og Finland/Russland blei å gå tvert gjennom området til to av dei austsamiske siidaane, Njávdán (Neiden) og Báhčaveadji (Pasvik). Enno ei stund fortsatte dei å flytte mellom sine tradisjonelle sesongbuplassar, men etter nokre år blei grensa stengt, og dei måtte velge kor dei ville slå seg ned. Det blei der dei viktigaste fiskeplassane og beiteområda var. For Njavdam blei det Norge, for Bahceveadji blei det Russland. Pånorsk side blei Pasvikdalen blei liggande folketom og open for nybyggarar frå Østerdalen.

Knapt 100 år etter kom ei ny grense. Finland var blitt sjølvstendig og kjempa til seg ein korridor ut mot havet i nord. Dei tok mesteparten av austsamane sitt land pårussisk side, men den austligaste delen var fortsatt russisk. Både Vinterkrigen 1939-40 og "Fortsettelseskrigen" 1943-44 gikk hardt ut over austsamane sitt land. Da Russland tok tilbake den finske korridoren i 1944 var dei fleste austsamane evakuert lenger inn i Finland, og dei blei igjen på finsk side. Dei gamle områda sine fikk dei aldri sjå igjen.

Dei finske styresmaktene ga dei to område der dei fikk slå seg ned, Čeavetjávri (Sevettijärvi) nord for Anárjávri (Inari, Enare) og Nellim søraust om Anárjávri. Begge områda ligg delvis på austsamane sitt gamle land frå før riksgrensene blei trukke.

I dag bur austsamane splitta på tre land, men det er bare i Finland at det fins ei samla gruppe austsamar der språket enno er i live. Vi hadde ønska å treffe og snakke med austsamar frå alle tre landa og samanlikne vilkåra deira. Men det skulle syne seg å strande mot både politiske og språklige vanskar.

Stengt område

Størstedelen av området mellom Murmansk - Montsjegorsk og grensa mot Norge/Finland er gamalt austsamisk land. Ute påkysten ved Fiskarhalvøya budde og nokre sjøsamar som snakka nordsamisk. Korleis står det så til i dette området i dag? I store områda er vegetasjonen øydelagt av forureininga frå nikkelverka i Nikel, Zapolarnyj og Montsjegorsk. Men i andre delar, langs vegen mellom Ivalo og Murmansk, ser vi gode reinbeite der ingen rein har beita på 45 år. For no er det militæret som har overtatt områda til Suenjel, Beahcan og Bahceveadji siida. Bare frå toget Nikel-Murmansk ser vi basar større en noko som fins på norsk jord, og vi veit at det aller meste fins i område vi ikkje får sjå.

Dei av austsamane som blei igjen på russisk side mista kontakten med samane som blei norske og finske undersåttar. Når ein dei siste åra har byrja å ta opp igjen kontakten mellom sovjetsamane og samane lenger vest, er det heile tida snakk om Lujávri (Lovozero) midt inne på Kola, som om ingen samar lenger budde lenger vest. Kor har samane blitt av i det som no heiter Petsjenga? Vi stiller spørsmålet til Anna Prahova, leiar for samisk avdeling ved museet i Murmansk.

- I Petsjenga-området bur det 13 samar. Det seier statistikken etter folketellinga i 1989. Men eg veit ikkje kem dei er. Vi kan ikkje bare reise dit. For heile dette området er stengt for oss, "grenseområdet" går nesten til Murmansk. Men no har eg endelig fått løyve, og så fort eg får tid vil eg dra dit og sjå om eg finn dei 13 samane.

I 1948 slo mesteparten av austsamane frå Suenjel og Beahččan seg ned her i Čeavetjávri. Sentrum i bygda er nokre ganske få hus, ellers bur dei spreidd over ei strekning på sju mil. Turisme er ein av dei næringane folk livnærer seg av i Čeavetjávri. På plakaten fortellas det på finsk og austsamisk at her er skoltesamiske hytter. . Frå1500-talet har austsamane høyrt til den russisk-ortodokse kristendommen. Det kjem klart fram på kyrkjegarden i Čeavetjávri. Over 90 prosent av dei omlag 100 gravene har ortodokse kors.

Tilfluktsstad: Finland

Så langt kom vi på sovjetisk side. Derifrå dro vi over grensa til Finland, til Čeavetjávri (Sevettijärvi). Enno med håpet om at med norsk, svensk, nordsamisk og engelsk skal det la seg gjøre å berge seg kor som helst i Sápmi. Den som trur det har ikkje vore i Čeavetjávri.

- Nei, det stemmer nok, forstår du verken austsamisk eller finsk, kjem du ikkje langt her, seier Reino Holmberg. - Eg snakkar min eigen nordsamiske dialekt frå Ohcejohka (Utsjoki), og dei snakkar sin dialekt til meg, og vi forstår kvarandre, men så har vi hatt ein del år å venne oss til det.

Reino Holmberg driv i lag med kona ein liten campingplass med hytter og båtutleige. Vant som han er med å svare på spørsmål fråturistar, har han tala i hovudet:

- I Čeavetjávri-området bur det 450 menneske, spreidd over eit område på 7 mil. Omlag 20 prosent lever av reindrift, ellers er det noko skogsarbeid, grensevakter og turisme. Bare ein lever av fiske, og jordbruk fins her ikkje, og det er heller ingen som lever av duodji (samisk husflid).

- Det er store endringar frå eg kom hit for 32 år sidan. Dengang var det austsamiske språket heilt dominerande, vi var omtrent bare 10 prosent nordsamisk- eller finsktalande. No er snart halve befolkninga finsk, dei aller fleste som har gifta seg dei siste åra har gifta seg med finske, og finsk har blitt dagligspråket i heimane. Av 35 ungar på skolen her er det bare 4-5 reine austsameungar, men dei snakkar og finsk heime. Det er snart bare i reingjerdet at det går på samisk.

Utflytting og arbeidsløyse

- Ungdommen reiser bort, for her fins jo ikkje arbeid å få. Den finske staten gir støtte til husbygging til austsamar som bygger seg hus her eller i Nellim-området. Det gjør at ungdommar herifrå heller etablerer seg i Nellim for å få kort veg til Ivalo, der det er lettare å finne arbeid. Ellers kan du finne dei frå Kirkenes til Helsinki. Det er to frå Čeavetjávri som har klart å etablere seg som profesjonelle sangarar / musikarar. Men dei har og flytta ut. Leo Gauriloff til Sør-Finland, mens Jaakko Gauriloff bur i Rovaniemi, der han er tilsett som lenskunstnar i Lapplands len.

På eit område har austsamane holdt på tradisjonen; etter gamal skikk har dei eigne møter for alle austsamane. Der velger dei tillitsmann for fire år av gangen. No har Sergej Fofanoff overtatt etter Matti Sverloff. - På desse møta får ikkje vi andre vere med, seier Reino Holmberg. - Det er austsamane sitt eige organ.

Vi seier takk for serveringa og kjører vidare, mens vi tenker at neste gong, så må vi ha med tolk om vi ikkje skal vente til vi får lært finsk. For noko språkkurs i austsamisk, det fins ikkje. Etter 5 mils veg kryssar vi igjen ei grense. Denne gang til Norge, men vi er fortsatt i austsamane sitt gamle land. Men om austsamane i Norge skal vi fortelle neste gang.

Austsamane er kjent for å drive ein intensiv reindrift og ha svært tamme rein. Dei blir fora, og får saltsteinar å slikke på. Det er og vanlig at austsamane lagar innhegningar der dei tenner bål. Da kjem reinen dit og stiller seg i røyken for å slippe myggplagen. Reinen på biletet traff vi like nord om Sevettijärvi, der han kom bort og snusa på bilen. . Aust-samisk gamme frå samemuseet i Anár.

Tre elevar lærer austsamisk

- Det ser ikkje vidare lyst ut for framtida til det austsamiske språket, seier Matti Morottaja, eller Guovžža Sámmol Máhtte som han kallas på samisk. Han er leiar for det samiske skolekontoret for Lapin lääni, og styrer med utdanning i alle dei tre hovuddialektane av samisk som fins i Finland: Nordsamisk, austsamisk og hans eige morsmål Enare-samisk.

- Dei unge austsamane lærer ikkje lenger samisk heime, og skolen klarer heller ikkje å føre språket vidare på grunn av mangel på lærarar og læremidler. I Nellim er det tre elevar som har samisk som andrespråk i skolen, i Čeavetjávri er det no ingen undervisning, fordi vi ikkje har greidd å skaffe lærar dei siste 4-5 åra. Av lærebøker fins bare ein ABC og nokre ganske få lesebøker.

15 minutt for veka

I Anar ligg hovudkontoret til den finske sameradioen. Dei sender omlag 10 timar for veka, det aller meste på nordsamisk. Austsamisk og Anár-samisk må nøye seg med ein halv stilling kvar, og eit program for veka som varierer frå 15 minutt og opp til ein halvtime, fortel Jouni Aikio ved Sámi Radio.

_________________________________________________________________________________

Dette er ein av tolv artiklar i serien "Streiftog i Sápmi" som gikk i Klassekampen hausten 1990. Her finn du alle artiklane:
1 Samisk språk mot undergangen?
2 Kola-samane teier ikkje lenger Murmansk/Lujávri
3 Folket som blei kasteballar over grensene Sevettijärvi
4 Men austsamane var ikkje daude Neiden
5 Den einaste samiske høgskolen Guovdageaidnu
6 Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Tromsø
7 Senja - ei øy i Sápmi Senja
8 Lulesamisk framtid Tysfjord
9 Samisk språklov - også for sørsamar? Snåsa
10 Wallenberg mot reindriftsamane Jemtland
11 Skogbruk mot samerett Jokkmokk
12 Firespråklig familie i trespråklig bygd Soppero

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no