STREIFTOG I SÁPMI - 10

Frå Valldalen i Engerdal der dei sørligaste reindriftssamane bur er det bare få kilometer til grensa mot Sverige. I dag passerer vi grensa og besøker den nest sørligaste samebyen på svensk side, lengst sør i Härjedalen. Dette er tiande artikkel i serien.

WALLENBERG MOT REINDRIFTSSAMANE

Skogeigarane i Härjedalen vil no gå til sak for å få underkjent reindriftssamane sin rett til vinterbeite på privat grunn. Skulle dei vinne fram med dette betyr det slutten for reindrifta i Härjedalen. Ei drivkraft bak rettsprosessen er Stora Skog, det største skogsselskapet ikkje bare i Sverige, men i heile Europa. Og aksjemajoriteten i Stora Skog, den har Nordens suverent største kapitalist - Wallenberg-familien.

Av SVEIN LUND

Grenser betyr lite i Sør-Sápmi. Da vi reiste gjennom sørlige Sápmi på svensk side var mange av dei vi ville ha tak i bortreist. Dei var på slektsstemne i Snåsa. Men og blant dei vi traff heime var det folk som var oppvokst på norsk side, og kontakten mellom ungdommane synte at flyttingane nok vil fortsette. På ei plate med sørsamisk musikk som nylig er utgitt er det artistar frå begge sider, utan at dei eingong har brydd seg om å nemne det. Det sørsamiske språket er det samme, og når dei snakkar storsamfunnet sitt språk, blir det og ofte eit norskpåvirka svensk eller eit svenskpåvirka norsk.

Men ein forskjell merkar ein med ein gong. Dei er underlagt kvar sin stat med kvar sin måte å tre lovar og reglar ned over hovudet på samane på. Den svenske staten sin politikk har vore: "Lapp ska vara lapp". I langt større grad enn i Norge har det samiske blitt knytta til reindrifta. Heile det svenske Sápmi er inndelt i samebyar. I samebyane må ein drive med rein for å vere medlem, og dei som ikkje har rein blir gjerne omtala som samar som har "lämnat rennäringen", sjølv om det store fleirtalet av svenske samar aldri har hatt rein. Ein sameby er i første rekke eit reinbeitedistrikt, men fiskerettar og jaktrettar er og ofte knytta til samebyen. Slik har det lille som fins av samiske rettar blitt knytta til reindrifta, og alle andre fell utafor, noko som har ført til store motsetningar samane i mellom. I mange samebyar bur samane spreidd blant den svenske befolkninga, andre stader bur dei samla i eigne bygder.

Rett over grensa aust om Røros ligg Tännäs sameby, den sørligaste i Härjedalen, og nest sørligaste i Sverige. Når vi kjører nordover passerer vi Høgvålen, "Sveriges høgst belägna by", 890 m.o.h., og like etter kjem vi til skiltet "Brännåsen". 15-20 hus ligg like veg vegen, nesten alle små og bygd i stil frå 50-åra. Seinare får vi høyre at heile samebyen blei flytta hit på 50-talet frå ein veglaus plass lenger inne. Enno har grenda eit visst preg av brakkeby. Men i dag er her ganske øyde og stille. Ikkje eit menneske å sjå ute, omtrent ikkje ein bil parkert utafor nokre av husa. Det første samiske teiknet vi ser er ein av pinsevennene sine plakatar på ein telefonstolpe. Den forkynner på nordsamisk(!): Jesus boahtá fargga. Jesus kjem snart. På andre huset der vi forsøker å finne folk er det klistra opp eit samisk flagg på døra. Joda, vi har nok kome rett. Men ingen heime. Like ved vegen finn vi eit stort anlegg med mange reingjerde og nokre nedslitte bygningar og ein plakat som fortel om reinkjøtt til salgs. Men på denne tida er her verken rein eller folk.

Til sist syner det seg likevel at nokon er heime. Det er to grunnar til dei mange tomme husa får vi høreødet er kalvemerking inne på fjellet, og mange har reist for å fiske.

Kvinnesløyd ikkje levebrød

Christine Rensberg sit på kjøkkenet og syr i skinn. Det er alltid kjøkkenet som har vore arbeidsplassen for kvinnene sin duodji, seier ho. Her er mange som syr, fortel ho, men ho er den einaste som driv såpass stort. Ho har deltatt i mange utstillingar og arbeida hennar har vore med og representert sámi duodji så langt borte som i Japan. Alt i 1974 fikk ho eit kunstnarstipend. Likevel kan ho ikkje leve av å sy, og ho kallar seg sjølv reineigar med duodji som binøring.

- Nei kvinnesløyd kan ein ikkje leve av. Eg kan ikkje ta meir enn 3000.- for ei veske som eg brukar 2-3 vekers arbeid på. I netto timebetaling blir det ikkje mye. Kanskje eg skulle skrive til..ka er det han heiter denne nordmannen i Paris... jo Per Spook og spørre om han er interessert i veskene mine, så ville eg kanskje fått opp prisen...

Mens vi pratar legg ho siste hand på eit brillehus av reinskinn med tinntrådsbroderi. Det er det som kallas produktutvikling. Á sameine nye behov medd gamle tradisjonar. Ellers likar ho best å lage damevesker. Alle blir sydd med senetråd, noko nymotens kunststoff vil ho ikkje vite av, sjølv om dei fleste etter kvart har gått over til polyester. Veskene dekorerer ho med tinntråd på klede, i stadig nye mønster som ho komponerer sjølv.

Christine Rensberg er opptatt av kvalitet. Reinskinnsposen som eg har telelinsa i får gjennomgå. Ikkje er skinnet ferdig behandla, og ikkje er han sydd med senetråd. Den held no til sitt bruk, meiner eg. Men Christine meiner slikt arbeid er med å undergrave samisk husflid.

På Brännåsen bur dei fleste reindriftsamane i Tännäs sameby. Dei flytta hit samla på 50-talet, og staden ber enno preg av brakkeby.. Til skikkelig samisk skinnarbeid må ein bruke senetråd, seier Christine Rensberg. Ho er reindriftssame med duodji som binæring. Ho syr bl.a. vesker og belter av skinn med tinntrådsbroderi, og har deltatt på fleire utstillingar. Ingvar Labj balanserer ut av huset som han held på å reparere.

Som Hitler og Ceaucescu

I huset ved sida av finn vi mora, Laura Rensberg.

- Eg er glad eg er blitt pensjonist, seier ho. - For slike forhold det har blitt for reindrifta no. Det er tvistar og nesten krig på alle kantar.

Ho hentar fram eit ferskt utklipp frå lokalavisa Härjedalen. Der står det at det no vil bli gjennomført tvangsslakt av rein som har kome utafor lovlig beiteområde.

- Det er den svenske avindsjuken, meiner Laura. Bøndene trugar no med å skyte rein om han kjem inn på privat mark. Problemet er at det er privatmark innafor reinbeitedistrikt, og at bøndene ikkje er pliktige å gjerde inn jorda. Det bøndene er ute etter er pengar, seier ho. - Ofte er det elg som står bak dei skadene som reinen får skulda for. Vi veit jo f.eks. at reinen ikkje et granplanter.

Det neste problemet er skogbruket. Dei høgg ned store felt, og så pløyer dei opp grøfter etterpå. Reinlaven blir reve opp og beita blir øydelagt. Dei har faktisk snauhogd sånn nokre plassar at det blir erosjon. Flaumen tar jorda og i Dalarna tok flaumen eit heilt sagbruk. Nei så ille har det aldri vore. Eg trur mest vi har fått både Hitler og Ceaucescu her.

Mens vi pratar kjem Ingvar Labj.

Wallenberg mot reindriftssamane

- Her i Härjedalen er det heilt bakvendt. Når det blir kollisjon mellom skogbruk og reindrift er det ikkje slik at skogbruket må tilpasse seg og hogge på ein skånsom måte. Nei, da forsøker skogbruksnøringa å ta i frå oss retten til reindrift, fordi reinen skal øydelegge skogbruket. Men var det slik at reinen øydela skogen, så skulle her ikkje vore skog. Problemet er den nye måten å drive skogbruk på. No går det mot ein stor prosess mellom reindrifta og skogbruket om kem som har rett til å drive. Den som står bak er selskapet Stora Skog, eigd av Wallenberg-konsernet.

- Bøndene vil og ha reindrifta bort. Dei hevdar at reindrifta øydelegg for elgjakta og rypejakta!

Tvangsslakting

Da vi kom sto Ingvar Labj mitt i konflikten om reinen som hadde trukke inn på "ulovlig" område, og som no var truga med tvangsslakting. - Reinen har trukke ned dit på grunn av vørforholda og det er vanskelig for oss å hindre det når han går så spreidd som no på sommaren. Ei anna sak er at sjølv om dette området ikkje har vore brukt til beite dei siste åra, meiner vi at vi har rett til å vere der, ettersom vi har lang hevd der. Området blei brukt seinast på 50-talet og på 70-talet. På grunn av mangel på naturlige hinder mot Mittådalen sameby har området ikkje vore brukt ein del år, før vi no har fått bygd eit sperregjerde for å hindre samanblanding av rein.

- Men styresmaktene har tar ikkje omsyn til reindriftssamane sine rettar. Kor mye vi blir rekna med ser vi på ka som skjedde her i dag. Eg for til Funäsdalen for det var meininga eg skulle vere med på ein helikoptertur for å sjå etter rein i det forbode området. Der var representantar for Länsstyrelsen, for reindriftsavdelinga i Landbruksnemnda i Östersund og for jordeigarane. Men eg som representant for reineigarane fikk ikkje vere med, for det var ikkje plass i helikopteret. Länsstyrelsen har vedtatt at rein som er på "ulovlig" grunn skal tvangsslaktas. Kammarretten har avgjort at Länsstyrelsen sitt vedtak er lovlig, og Regjeringsretten har avvist klagen frå reineigarane. No kjem ikkje reineigarane vidare den juridiske vegen. Men når jegarane som styresmaktene har leigd for å skyte rein sett igang, trugar samane med å følge dei og stille seg foran gevøra.

I samebyen Mittådalen vil samane sjølv ha styringa med turistnæringa. Der fann vi eit turistanlegg med gammer, sametelt og rein, og plakatar med informasjon om samane og reindriftsnæringa. Den sørsamiske reindrifta i Sverige er hardt pressa av skogbruket, konfliktar med bøndene og ettervirkningar av Tsjernobyl.

Tsjernobyl virkar enno

- Det var eit veldig gjerdesystem dokker har borte ved slakteriet..

- Det kan du takke Tsjernobyl for... Vi slit enno med verknadane etter den ulukka. For å få radioaktiviteten ned under den svenske grensa på 1500 becquerel må vi fore reinen i 60 dagar før han blir slakta. Sjølv om vi får pengar av staten til for og ekstraarbeid hadde det vore bedre om Sverige hadde hatt ei grense på 6000 becquerel slik som Norge.

- Men Tsjernobyl har og andre verknadar som vi ikkje får erstatning for. Marknaden for reinkjøtt har svikta, og det har gjort at det ikkje har blitt noko av dei investeringane som var planlagt i vidareforedling her. Bror min har eit lite "gårdsslakteri" som driv med produksjon av reinkjøttprodukt. Men det er i svørt liten målestokk, og vi skulle gjerne ha satsa meir på det.

Mot Sveriges største rettssak?

- Om skogsselskapa skulle vinne fram i prosessen mot reindriftssamane ville det ikkje bare vere ein tragedie for samane, men og for Sverige. Det seier Olof Johansson i Glen ved Åsarna. Han er ein av dei som har engasjert seg sterkt i forsvar av naturen og reindrifta, og slik har han ofte kome i konflikt med dei store skogselskapa. Blant anna har han vore aktiv i FURA - Fjällnära Urskogars Räddnings-aktion. Meir enn ein plass opp gjennom Sverige fikk vi høre når vi kom inn på forhold omkring skogbruket: "Nei, det der bør du spørre han Olof Johansson om." Men Olof er ein opptatt mann som ikkje har tid å sitte heime, så det endte med vi måtte snakke med han på telefon.

- Eg er bare ein liten reineigar i Tossåsen sameby. ... Og så er eg aksjonør i dei tre store skogsselskapa her. Eg har ei aksje i kvar. Som deleigar er eg opptatt av at selskapet mitt skal skikke seg bra. Eg brukar å nytte retten min til å møte på generalforsamlinga, men eg har ein mistanke om at eg ikkje er særlig populær der. Vi får raskt stor forståing for mangelen på popularitet i dei kretsane. I Sverige er reinbeiteområdet i hovedsak delt i to. Vi har dei såkalla "åretrundt-markerna" over det som her i sør kallas reinbeitegrensa, lenger nord for "odlingsgränsen". Men namnet "åretrundtmarker" betyr bare at samane har rett til å bruke dei året rundt, ikkje at ein kan klare seg med desse. I tillegg er ein avhengig av vinterbeite nede i skogen, og her er det dei største konfliktane kjem.

- I tre år har skogsselskapa no truga med ein prosess om retten til reindrift i skogsområdet. No har det gått så langt at dei har tilsett tre juristar for å levere inn stemning. Påstanden deira er at det ikkje fins sedvanerett til reindrift her. Sedvaneretten låg til grunn for den første reindriftsloven av 1886, og denne er seinare stadfesta ved seinare lovar, fram til noverande reindriftslov av 1971. Kor lang tid her har vore dreve reindrift er vanskelig å seie, men i alle fall sidan 1600-talet. Og arkeologiske undersøkingar i Vivallen i Härjedalen syner at samar har budd her minst sidan 800-talet. Om ikkje dette blir anerkjent som "alders tids bruk" og grunnlag for sedvanerett, vil det seie at sedvaneretten er underkjent som rettsprinsipp i Sverige. Det vil få enorme konsekvensar både for den samiske befolkninga og på andre område.

Kapitalsterk motstandar

Det er ingen lite motstandar reindrifta i Härjedalen står overfor. Bak stemninga står forutan Wallenbergkonsernet Stora Skog dei to private skogsselskapa MODO og Korsnäs. Bak Korsnäs står igjen finansmannen Jan Hugo Stenbeck, ein av drivkreftene bak TV4. Wallenbergselskapet Patricia har og ein stor aksjepost i Korsnäs. I tillegg står Markägarføreningen, ei samanslutning av mindre grunneigarar, bak søksmålet. - I den offentlige debatten har skogsselskapa lege ganske lågt, fortel Olof Johansson, mens Markägarføreningen er dei som har gått hardast ut mot reindrifta. Denne foreninga er ganske ung, og kanskje ikkje heilt tilfeldig er ein framtredande person her og initiativtakar til foreninga samtidig skogvoktar i Store Skog. Dei små grunneigarane ville aldri gått så langt om ikkje Stora Skog tidlig hadde sagt dei ville bidra økonomisk og juridisk. - Dei har ingen problem å betale tre advokatar for å reise sak, Men vi om det blir rettssak veit vi ikkje korleis vi skal få råd til å forsvare oss. I alle fall kan det bli ei gigantisk rettssak. Olof meiner den kan bli enno større enn Skattefjällsmålet, rettssaka om retten til fjella i Jämtland som gikk frå 1966 til 1980 og der aktuelle sakspapir har blitt publisert i 31 bind.

- Er det så at reindrift og moderne skogbruk er uforenlig, må det bli enten-eller?

- Det er ikkje alle skogsselskapa som er mot reindrifta. SCA (Svenska Cellulose Aktiebolaget) har blitt bede av dei andre selskapa å gå med i prosessen mot reindrifta. Men dei har avslått det, og vi har eit godt forhold til dei. Vi meiner det provar at storskogbruk og reindrift kan gå ihop om bare viljen fins.

_________________________________________________________________________________

Dette er ein av tolv artiklar i serien "Streiftog i Sápmi" som gikk i Klassekampen hausten 1990. Her finn du alle artiklane:
1 Samisk språk mot undergangen?
2 Kola-samane teier ikkje lenger Murmansk/Lujávri
3 Folket som blei kasteballar over grensene Sevettijärvi
4 Men austsamane var ikkje daude Neiden
5 Den einaste samiske høgskolen Guovdageaidnu
6 Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Tromsø
7 Senja - ei øy i Sápmi Senja
8 Lulesamisk framtid Tysfjord
9 Samisk språklov - også for sørsamar? Snåsa
10 Wallenberg mot reindriftsamane Jemtland
11 Skogbruk mot samerett Jokkmokk
12 Firespråklig familie i trespråklig bygd Soppero

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
T
il startsida

sveilund@online.no