Artikkelserie i Klassekampen høsten 1990

STREIFTOG I SÁPMI - 11

Frå sørsamisk område kjører vi nordover gjennom Sverige. Når vi passerer polarsirkelen er vi midt inne i det lulesamiske språkområdet, som strekker seg langs Luleelvvassdraget og over til Tysfjord på norsk side. Det viktigaste sentrumet for Lulesamane er Jokkmokk (lulesamisk: Jåkkåmåkke) med samisk folkehøgskole og fjell- og samemuseet Ájtte, som er i ferd med å byggas ut til samisk hovudmuseum for Sverige. Innafor Jokkmokk kommune har kraftutbygging og skogbruk ført til store problem for samane. Vi har sett litt på skogbruket. Dette er 11. artikkel i serien.

SKOGBRUK MOT SAMERETT

- Først kjem Domänverket og raserer eit stort beiteområde for oss. Dei overhører glatt alle protestar. Når vi så blir tvunge å gå til sak for å forsvare rettane våre, er det vi som igjen blir straffa. Alt vi har fått igjen for seks års kamp er 100000 kroner i sakskostnadar. Det kostar å utfordre makta, oppsummerer Bertil Kielatis, reineigar og ordførar for Sirkas sameby.

AV SVEIN LUND

Domänverket er Sveriges svar på det som i Norge heiter Statens Skoger. Bare mye mye større og mektigare. Dei styrer både med skogbruk, treforedling og utmarksforvaltning. Domän styrer en femdel av skogane i Sverige, og skogsindustrien er Sveriges største eksportnøring.

"Koncernen førenar affärsmässighet med miljøhänsyn och aktiva insatser før ett rørligt friluftsliv." Så heiter det i ei brosjyre frå Domän. "Affärsmessigheten" er utan tvil i høgsetet, men miljøomsynet vil vi ikkje skrive under på etter å ha sett dei i aksjon. Dei har da og gang på gang kome i konflikt med både samar og miljøorganisasjonar for sin iver etter å hogge ned furuskogane like under tregrensa.

- Det kostar å ta opp kampen mot makta, seier Bertil Kielatis. Han er leiar for Sirkas sameby som har gått til sak for å hindre at skogbruket øydelegg reinbeitet deira. Dei har tapt alle rettssaker og sit igjen med 100000 i sakskostnadar. Ikkje bare øksa, men motorsaga har og blitt museumsgjenstandar i dei svenske skogane. Denne "skørdaren" hogger, kvistar og kappar eit stort tre på under eit minutt. Med stor skrift står det at ein bør halde seg minst 60 meter unna når han arbeider. Ved sida av "skørdaren" er det skogstraktoren som er den viktigaste reidskapen i skogen. Med to skørdarar, to skogstraktorar og ein ombygd gravemaskin kan 10 mann fordelt på to skift hogge 2500 tre og kjøre fram til vegen på ein dag.

Protestar overhørt

Eit av dei mest omstridte hogstfelta til Domänverket ligg i Sörberget, 5 mil vest for Jokkmokk.

- Dette området er alltid nytta av samane, seier Bertil Kielatis. Under flyttinga stoppar reinflokkane her og da er sørlig hengelaven på trea viktig føde. Området er og brukt som vinterbeite. Det fins inga erstatning for dette, det er ikkje bare å flytte til ein annan stad. Derfor gjorde vi klart for Domänverket med ein gang vi hadde hørt at dei ville hogge her, at det kunne vi ikkje godta. Vi hadde møte med dei i 1983, men samme dag som eg fikk protokollen frå møtet til gjennomsyn, fikk eg og avgjerda deira om å sette igang. Så lite var vi verd.

Først klaga vi til styresmaktene, heilt opp til regjeringa, men dei ga full støtte til Domänverket. Då måtte vi gå til retten. Länsåklagaren ville prøve saka for retten, men fikk ordre av riksåklagaren (riksadvokaten) om å legge saka ned. Samebyen måtte sjølv gå til sak, og vi stemna Olle Møller, sjefen for Domänverket i Norrbotten for skadeverk. Først tapte vi i Tingsretten, så i Hovretten, til slutt blei saka avvist av Högsta Domstolen i fjor haust. Vi måtte betale både våre eigne og motparten (staten) sine sakskostnadar. No funderer vi på om det kan vere mogleg å få saka opp for Europadomstolen.

350 hektar flatehogst

Vi meiner fortsatt vi har rett, både etter folkeretten og etter svensk lov. Dette området ligg over "odlingsgränsen". Over odlingsgrensa får ein drive reindrift året rundt, og dette området skulle vere "enbart til samernas användande". I Reindriftsloven står det og at ein ikkje får endre marka slik at det hindrar reindrifta. Men ka skal ein kalle det når dei hogger ut alt i eit område på 350 hektar, og deretter pløyer opp marka før dei plantar igjen. Når dei så plantar er det ikkje vanlige tre som vi har hatt før, men Kontotta-furu, som veks særlig raskt. Denne er svørt greinete, og sollyset kjem i langt mindre grad fram til bakken enn med den vanlige vegetasjonen. Resultatet kan bli at det verken blir hengelav eller markbeite når dei nye plantene veks til. Så området er for godt øydelagt for reindrifta.

Og som om ikkje dette var ille nok, tok stormen i fjor vinter mye av dei trea som blei ståande igjen. Og no har Domänverket planlagt å sette igang ny avvirkning like ved. Sirkas sameby har protestert igjen, men det er visst ingen som vil høre på dei.

Hengelaven på trea er viktig reinbeite. Men når "skogsbolagen" har vore der, fins det ikkje føde igjen for reinen verken i trea eller på bakken. - Toppgubbarna skit i om det blev et kalhygge (snauhogd felt, flatehogst) hela Sverige, seier Mats Gustavsson, som kappar ned vindfall med ein ombygd gravemaskin. Det er ikkje vanskelig å slutte seg til skogsarbeidaren som syntes det såg "förjävligt" ut etter dei. No er det satt ei øvre grense på 40 hektar for flatehogst, men i Sørberget er det hogd 350 hektar samanhengande.

Frå motorsag til gigantmaskinar

Etter samtalen med Bertil Kielatis kjører vi innover for å sjå korleis det ser ut i Sörberget. Etter tre-fire mil kjem vi til den lille bygda Nautijávri. "Här slutar allmän väg", fortel skiltet, men vi kjører vidare. Etter kvart opnar det seg store opne felt i skogen, og langs vegen ligg det store tømmerstablar, klar til å bli henta og kjørt til sagbruket i Jokkmokk eller papirfabrikken i Piteå. Langt oppe i lia står ei kvilebrakke med Domän-merke på, og like etter slutar vegen. Ovafor vegen ser vi resultatet av stormen sine herjingar. Den planlagte avvirkninga er ferdig, no er det vindfallet som skal bli planker og papir. Det er blitt sein kveld og stille i skogen. Vi går til ro i bilen og vaknar alt i seks-tida av den første tømmerbilen som kjem for å hente eit lass. Snart hører vi at tømmerhoggarane er igang. Det er ikkje det vanlige kvinet av motorsager, har er nok atskillig større maskinar i arbeid. Eit kraftig traktorspor fører oppover gjennom den skogen som enno står igjen. Det kan ikkje vere nokon vanlig traktor heller. Når vi følger lyden kjem snart ein gul maskin til synes. Men det der er jo ein gravemaskin! Bare at i staden for grabb har han påmontert ein kombinasjon av klo og sag. Vi vågar oss inntil og hilsar på.

- Jo, det ser førjävligt ut etter oss, innrømmer Mats Gustavsson.

- Eg er sjølv skogsmenneske, jeger og fiskar og eg likar ikkje denne snauhogginga av store felt. Eg kan godt forstå at samane protesterer. Her gikk jo eit par hundre rein i vinter mens vi hogg, nokre dyr kan ein treffe no på sommaren og.

Men eit arbeid må ein jo ha, og Gustavsson, som vanligvis kjører anleggsmaskinar for eit maskinfirma, har blitt leigd ut saman med gravemaskinen til Domänverket for å delta i oppryddinga etter det store vindfallet i Sørberget.

- Kan du forstå korleis stormen kan herje sånn? Været er ikkje lenger som det var. Det var ikkje slike stormar før. Og dei siste tre vintrane har vi jo nesten ikkje hatt kulde, bare 10-15 grader, mot normalt 30-35.

Dei går skift, fortel han, og er fem mann på skiftet. Dei har to "skördarar", to skogstraktorar og så den ombygde gravemaskinen som han sjølv kjører. På ein dag kan dei hogge 2500 tre og ha dei ferdig stabla veg vegen. Skjønt "hogge" kan ein ikkje lenger snakke om. "Skördare" blir vel nærast "haustar" på norsk, og skogbruket minner etterkvart mest om jordbruk, der ein slår kornet, pløyer og sår nytt.

"Lapparna är priviligerade"

Skørdaren er verre å nærme seg, der han skjer ned, kvistar og kappar opp eit tre på vel eit halvt minutt. Så står det og på at ein bør halde seg minst 60 meter unna. Det er sikrare å vente til kaffepausa, da får vi ein prat med føraren. Han vil gjerne seie meininga si, men ikkje ha namn i noko avis.

Han har ingen sans for protestane frå reindriftssamane. Er det nokon som er priviligert, så er det "lapparna", meiner han - Dom sköter inte om sina renar. Lapparna idag lever inte av renskötseln, men av bidrag. Dom protesterar bara før att få pengar. Hur är det, har ni i Norge också mycket problem med lapparna?

Samane vil ha all jakt og fiske i reinbeiteslandet for seg sjølv seier han, dermed må det bli konfliktar mellom samar og svenske. Eit anna problem er at det har blitt så alt for mye rein, og at reindrifta har gjort seg avhengig av helikopter og motorsyklar.

Sjølv har han jobba i skogen i 13 år og sett veldige endringar. Dengang var det bare motorsag, no er det knapt ei motorsag igjen i skogen. Mekaniseringa har ført til langt mindre behov for arbeidsfolk, og i oktober ventar dei ei bølge med oppseiingar i Domänverket. Enno veit dei ikkje kor mange og kem som blir råka. Og noko anna arbeid fins ikkje å gå til her. Det måtte vere beredskapsarbeid.

Mats Gustavsson og arbeidskameraten er enige om at skogsindustrien er viktig for sysselsettinga, men dei likar ikkje måten skogsselskapa fer fram på. - Dei tilsetter 50 arbeidarar og så trugar dei: Får vi ikkje hogge, må vi permittere. Det skulle vore satt ei grense for kor mye dei får hogge. Toppgubbane skit i om det blei eit "kalhygge" (snauhogd felt) heile Sverige.

Etter at alt er hogd ned på ei flate og tømmeret ført vekk, blir det liggande i ro eit år. Så blir marka pløgd opp og det blir planta nye tre. Kraftutbygging har ført til store problem for reindrift og fiske. Store Lulevatten er oppdemt ved Porjus. Jokkmokk kommune står aleine for 15 prosent av Sveriges produksjon av elektrisk kraft.

Skogbruket stoppar samelov?

Treforedlingsindustrien er Sveriges største eksportnæring. Men skogbruket foregår for ein stor del i reinbeiteområde, og kjem derfor lett i konflikt med samiske interesser. Dei samiske organisasjonane hevdar no at det er press frå skogbruksnæringa som er årsaka til at den svenske regjeringa enno ikkje har behandla innstillinga til det svenske samerettsutvalet. Fleire gonger er behandlinga av innstillinga blitt utsett, og den svenske justisministeren har stilt spørsmål om det i det heile vil komme noko sameting på svensk side, slik som no både Norge og Finland har. Årsaka kan vere at det i innstillinga til det svenske samerettsutvalet er foreslått ei endring av Skogvårdslagen der det heiter at tømmerhogst ikkje må settas igang i reinbeiteområde utan at Sametinget har fått uttale seg.

- Skogbruket driv ein kampanje mot Sameloven. Dette gjør skogeigarane og treforedlingsindustrien ilag med Landbrukarnas Riksförbund (bøndene). Skogsarbetarförbundet har holdt ein nokså låg profil, men sender sine signal til den sosialdemokratiske regjeringa. Dette seier Lars Ande Bär, nestleiar i Svenska Samernas Riksförbund.

- Forslaget til Samelov gir slett ikkje eit slikt vern av reindrifta som skogsselskapa og bondeorganisasjonane påstår, seier reineigar Olof Johansson. Det gir eit brukbart vern av sommerbeita på fjellet, men ikkje av vinterbeitet i skogen. Det gir ingen vetorett. Vi har hørt gjennom samiske representantar i Samerettsutvalet at dei først hadde kome fram til eit forslag som ga reindrifta større rettar i forhold til skogbruket. Men dette blei såplutselig trukke tilbake like før sluttutreiinga blei lagt fram. Det er ikkje tvil om at her har vore eit press utafrå. Men enno er dei ikkje nøgde. Dei skal ha stoppa heile sameloven.

_________________________________________________________________________________

Dette er ein av tolv artiklar i serien "Streiftog i Sápmi" som gikk i Klassekampen hausten 1990. Her finn du alle artiklane:

1 Samisk språk mot undergangen?
2 Kola-samane teier ikkje lenger Murmansk/Lujávri
3 Folket som blei kasteballar over grensene Sevettijärvi
4 Men austsamane var ikkje daude Neiden
5 Den einaste samiske høgskolen Guovdageaidnu
6 Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Tromsø
7 Senja - ei øy i Sápmi Senja
8 Lulesamisk framtid Tysfjord
9 Samisk språklov - også for sørsamar? Snåsa
10 Wallenberg mot reindriftsamane Jemtland
11 Skogbruk mot samerett Jokkmokk
12 Firespråklig familie i trespråklig bygd Soppero

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no