STREIFTOG I SÁPMI - 12

Artikkel i artikkelserie i Klassekampen hausten 1990. Linkar til tidligare artiklar i denne serien finn du sist på denne sida.

Reisa rundt Sameland går no mot slutten, og vi har kome tilbake til nord-samisk språkområde. Nord i Sverige besøker vi ein familie som lever av sámi duodji - samisk husflid - ein firespråklig familie i ei trespråklig bygd.

FIRESPRÅKLIG FAMILIE I TRESPRÅKLIG BYGD.

"Nedre Soppero" står det på vegskiltet. Når vi kjem dit vaiar det blå og gule flagget over bygda. Men namnet Soppero er ikkje svensk, det er ei forfinsking av det samiske namnet Sohppar. Sohppar eller Soppero er ei bygd som var tospråklig, som så blei trespråklig og som no er i ferd med å bli tospråklig igjen. Det er svensken som er i ferd med å overta etter finsken, mens samisken ser ut å ta seg opp att.

Av SVEIN LUND, NEDRE SOPPERO

Her treff vi ein familie som er ikkje bare tre, men firespråklig.
Thomas Marainen er oppvokst i Soppero. - Det første språket mitt var samisk, frå fireårsalderen lærte eg finsk. Vi flytta med rein til norsk side, til Bardufossområdet, så norsk var vel det tredje språket eg blei kjent med. Svensken kom først med skolen. Da eg vaks opp snakka halve bygda finsk, andre halvparten samisk. Men det var ein stor forskjell. For alle dei samisktalande ungane lærte seg finsk, mens eg bare kan hugse ein med finsk som morsmål som lærte seg så godt samisk at han brukte det.

Randi Marainen er oppvokst i Børselv (Bissojohka, Pysojoki) i Porsanger i Finnmark. - Far min hadde samisk som morsmål og mor mi finsk. Men begge snakka dei begge språka. Men ettersom eg vaks opp i verste fornorskingstida, var det norsk vi ungane lærte å snakke. For meg var både samisk og finsk passive språk som eg forsto, men ikkje brukte. Slik var det heilt til eg kom til Jokkmokk og gikk på den samiske folkehøgskolen. Der var det mange elevar som ikkje snakka norsk eller svensk. Da måtte eg bare bruke det eg eigentlig kunne. I løpet av eitt år blei begge dei passive språka mine aktive. Der traff eg og Thomas, og da vi gifta oss var det heilt naturlig for oss å bruke samisk som heimespråk. Vi bestemte oss for at ungane skulle lære samisk som førstespråk, men vi ville og lære dei dei andre språka våre, for dei var nyttige å kunne på Nordkalotten.

12 år og 5 språk

Kristin på 12 og Simon på 10 år snakkar no flytande både norsk og svensk ved sida av samisk. - Når vi reiser over grensa skiftar dei konsekvent, utan å blande norsk og svensk, fortel Randi. Gustav på 5 år skiljer enno ikkje heilt mellom norsk og svensk. Finsken er det noko verre med. Dei forstår, men snakkar ikkje særlig, for det er svært få unge som held på finsken no i bygda. Vi forsøker å snakke finsk til dei i blant, men dei svarar oss gjerne på samisk. Men dei lærer i alle fall å forstå språket slik at dei seinare kan aktivisere det når dei treng det, slik eg gjorde.

- Men har ungane godt av å lære så mange språk så tidlig. Blir dei ikkje bare forvirra?

- Snarare tvert om. Dei utviklar seg raskare, og dei lærer fortare nye språk. No har Kristin hatt engelsk i to år på skolen, og eg ser korleis det går rett inn. Det er tydelig at ho lærer det raskare enn andre elevar som er på samme nivå i andre fag, men som er einspråklig svenske. Eg er ikkje i tvil om at det har noko å gjøre med at ho alt kan fire språk frå før. Konklusjonen min er at foreldra bør satse på å lære ungane dei språka dei kan så tidlig som råd.

Finsken forsvinn

- Dokker sa at før var finsken det sterkaste språket her, no er han nesten borte. Ka kjem det av?

- Det har vore eit sterkt forsvenskingspress både mot finsk og samisk. I 60-70-åra flytta mange frå småstadane inn til Kiruna og tok seg arbeid i gruvene. Det var mest dei finsktalande som flytta, dei samisktalande var meir knytta til plassen og særlig til reindrifta. I fleire bygder som før var halvt om halvt eller overveiande finske er no samane i fleirtal. Dei finske som er igjen har blitt forsvenska. Her i distriktet er det bare dei plassane som ligg nærast grensa, som Gárasavvon (Karesuando) og Kuttanen som har heldt på det finske språket. Samisken var og på veg tilbake, men no har det kome som ei samisk bølge, og i dag er det vanlig at samisktalande foreldre lærer ungane sine samisk. Lenger sørover derimot, i Tornedalen, står finsken sterkare, og her ser vi og at til og med reindriftssamar blir forfinska. Det skjer altså i Sverige, ikkje i Finland.

Duodji omfattar arbeid i mange slags materiale; bl.a. tre, horn, bein, tæger, skinn, ull og tinntråd. Her ei utstilling i museet i Östersund Duodji - bruksgjenstandar eller finkultur? Det er ingen tvil om at desse knivane som var utstilt på samemuseet i Ájtte er stor kunst, men når dei kostar 6-8000 svenske kroner, kem har råd å kjøpe og bruke dei?Den skal tidlig krøkas... Simon (10) prøvar seg i sølvsmia.

DUODJI - BRUKSKUNST ELLER UTSTILLINGSKUNST?

Randi og Thomas Marainen er duojarar. Dei lagar bl.a. ting som guksi, náhppi, risku og liidni. Her tør vi ikkje fortsette, for no kan mesteparten av lesarane hoppe av. Kvifor kan dei ikkje skrive det på norsk, spør du. Men det er lettare sagt enn gjort. Ka er dette mystiske duodji? Ordet er ikkje oversettelig med eit norsk ord, men vi kan prøve oss med handverk, husflid, brukskunst - laga i samisk tradisjon og med materiale frå naturen. Kor mye som ligg i omgrepet duodji kan variere i forskjellige kantar av Sapmi, men i vid forstand omfattar det alt frå å sy skallar og strikke vottar til å bygge elvebåt og lage knivar, frå vevde tørkle og vesker i skinn med tinntrådsbroderi til søljer av sølv. Ordet brukas både om arbeidet og om den ferdige gjenstanden. (Duodji kan og brukas i noko meir abstrakt tyding, slik som uttrykket "bassi vuoiŋŋa duodji" - den heilage ånda sitt verk - men det fell definitivt utafor rammene for denne artikkelen - og er dessuten ganske vanskelig å få tatt bilete av.) Ein duojar er ein som lagar duodji-produkt. Liksom språket treng ein del framandord for å vere presist på forskjellige fagområde, trengs det samiske framandord i norsken for å forklare duodji. Ein guksi er rett nok ein trekopp, men ikkje einkvar trekopp er ein guksi.

Randi og Thomas er duojarar i vid forstand. I verkstaden deira finn vi både vev, snekkerverkstad og sølvsmie. På veggen i utsalet finn vi Randi sine maleri og vi finn fantastiske bilete i tre og horn.

Thomas er vokst opp i ein ubrote duodji-tradisjon. - På 50-talet brukte eg å reise med far min til turiststasjonen i Abisko (svensk side av grensa ved Narvik) og selje duodji til turistane. Anna kvar veke brukte "dollartoget" å komme, og da brukte det vere pengar å tjene.

På norsk side har derimot mye av tradisjonen blitt brote av industrialisering og fornorsking.

- Bestefar min laga knivar, guksiar, kjelkar og pulkar, fortel Randi. Men så kom krigen med brenning og evakuering og det meste av det gamle forsvann. Etter krigen kom norsken og plasten. Eg hadde nesten ikkje sett gamle ting før eg kom hit til svensk side, men her fins det gamle ting i kvart hus.

- Enno har det vore oppkjøparar rundt og kjøpt opp svært mye, ofte for ein slikk og ingenting, skyt Thomas inn.

Thomas har laga ein modell av ei runebomme eller trolltromme. Runebommene spela ei sentral rolle i den gamle samiske religionen, og misjonærane sørga derfor for å brenne dei fleste av dei. Med bilete i tre og bein/horn har Randi og Thomas innført ein heilt ny uttrykksform i samisk kunst. Dette er slikt arbeid det ikkje går an å leve av, seier Randi. No satsar ho derfor heller på tre, horn og sølv.

Misbruk

Duodji er handarbeid, og det ligg mange timars arbeid bak skikkelige produkt, ikkje bare sjølve utforminga, men i å finne dei rette emnene som rirkuler av bjørk, i skraping og garving av skinn, osv. Resultatet er at duodji-produkt kan virke dyre for oss som er vant med å kjøpe masseproduserte varer laga med billig arbeidskraft i Hongkong eller Thailand. Derfor har mange falt for fristelsen til å lage halvgode ting som selgas for ein billigare penge. For å motarbeide dette er det laga eit varemerke for Sámi duodji som brukas både i Norge, Sverige og Finland, og som dei samiske duodji-organisasjonane avgjør kem som får bruke. Det gir ein garanti både for at det er eit samisk produkt og skikkelig vare. - Det verste for oss er ikkje samar som lagar ting av dårligare kvalitet og sel etter vegane, seier Randi. Det er når ikkje-samar lagar "samiske" produkt som masseproduksjon. Det er misbruk av den samiske kulturen. Turistane får eit feilaktig inntrykk når dei trur dei kjøper skikkelige samiske varer, mens dei bare får juggel. Og vi som gjør skikkelig handarbeid blir utkonkurerte og prisane pressa ned. Vi har ein slik fabrikk i Gárasavvon (Karesuando). Den heiter Formel og er ein verna bedrift eigd av den svenske staten. Dei lagar bl.a. knivar, smykker og guksiar som er samisk inspirert, men som ikkje har noko med skikkelig handverk å gjøre. Dei har 40-50 tilsette, i tillegg til ein del som gjør heimearbeid for dei. Det er klart det trengs arbeidsplassar i Gárasavvon, men vi syns ikkje dette er rette måten å gjøre det på.

Randi jobbar både med mjuk-duodji (skinn og tekstil) og hardduodji (tre og horn). Men det er stor forskjell på arbeidsinntekta.

- Det tradisjonelle kvinnearbeidet er svært lite lønnsamt. Eg kan kanskje ta 900 kroner for eit skjal som det tar meg ei veke å lage. Når eg trekk frå materialutgiftene, moms og skatt blir timelønna så lita at det er ikkje til å tenke på. Det er lettare å få 900 kroner for ein guksi som eg lagar på 2-3 dagar og med langt mindre materialutgifter. Derfor blir mjuksløyden mest til familiebruk, eg må jobbe med hardsløyd om det skal kunne vere levebrød.

Familien Marainen har eige utsalg i verkstaden, men dei selger og gjennom husflids- og turistbutikkar. Fett blir det likevel ikkje å leve av duodji, så det er godt om ein av dei får seg timelønna arbeid i blant, sjølv om ein da må reise bort for ei tid. I vår var f.eks. Thomas lærar på eit duodji-kurs i Unjárga (Nesseby) i Finnmark.

For kem?

Thomas og Randi er opptatt av at duodji-produkt skal brukas. Det er det som er tradisjonen: å lage bruksting og ikkje først og fremst pynteting. I dag er det ein tendens til at produkta blir meir og meir forseggjort og kunstnariske, slik at prisane fyk i været, langt over det vanlige folk er istand til å betale. I staden for brukskunst får vi produksjon for rike samlarar, museer og kunstutstillingar. - Vi er absolutt ikkje mot kunstnarisk utvikling av tradisjonelle produkt, seier Thomas. Men det må ikkje bli slik at alt blir så fint og dyrt at det ikkje kan blir brukt.

- Folk seier at Thomas selger knivane sine så billig, seier Randi. For han lagar knivar som skal brukas. Mest lagar vi tradisjonelle bruksgjenstandar, og dei lar vi vere i hovudsak som dei var frå gamalt. Samtidig er det klart det er artig og spanande å utvikle nye produkt, å lage smykke og bilete. Men det viktigaste med duodji vil heile tida vere å føre vidare ein tradisjon med å utnytte naturen til å lage vakre og høvelige bruksgjenstandar.


Dette er ein av tolv artiklar i serien "Streiftog i Sápmi" som gikk i Klassekampen hausten 1990. Her finn du alle artiklane:

1 Samisk språk mot undergangen?
2 Kola-samane teier ikkje lenger Murmansk/Lujávri
3 Folket som blei kasteballar over grensene Sevettijärvi
4 Men austsamane var ikkje daude Neiden
5 Den einaste samiske høgskolen Guovdageaidnu
6 Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Tromsø
7 Senja - ei øy i Sápmi Senja
8 Lulesamisk framtid Tysfjord
9 Samisk språklov - også for sørsamar? Snåsa
10 Wallenberg mot reindriftsamane Jemtland
11 Skogbruk mot samerett Jokkmokk
12 Firespråklig familie i trespråklig bygd Soppero

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no