Artikkelserie i Klassekampen høsten 1990

SÁPMI - 1

STREIFTOG I SÁPMI.

Av Svein Lund

Sápmi. Sámi Eatnan. Sameland. Lappland. Lapponia. Finnmork. Finnmark. Namn som gir ganske forskjellige assosiasjonar, men som betyr det samme. Men finnes dette landet, eller er det bare ein draum, eit romantisk begrep som nokre svermeriske samar fann på under Alta-kampen?

Vi kan spørre som Magnar Mikkelsen i prologen til opninga av Sametinget i fjor:
Hvor stort er det Sápmi vi snakker så om? Hvem gikk opp grensen? Hvor ligger hovedstaden? ... Hvor er Samelands kongsslott og hovedgate?

Vi har vore på leiting etter Sápmi. Vi fann heller ikkje grensene, hovudstaden eller kongsslottet. Men vi fann litt av Sápmi. Nokre gonger lett synlig, oftare skjult under ei maske måla i raudt, kvitt og blått, i kvitt og blått, blått og gult eller i raudt med gul hammar og sigd.

Vi fann Sápmi i nord-norske fjordar og inne på Finnmarksvidda, men og i dei nord-finske furuskogane, på Senja, i gruvebyen Kiruna, i Engerdal i Hedmark, i storbyen Murmansk, i Jemtland og Herjedalen.

Vi fann eit Sápmi som fortsatt lever, vel tusen år etter at håløyghøvdingane byrja å kreve inn skatt av samane, etter at tsjuder og birkarlar, novgorodar og danskar og tyskarar har herja og brent, etter at misjonærar, nybyggarar, gruveselskap, fabrikktrålarar og atomrakettar har inntatt landet.

Vi fann eit Sápmi der kolonistane og innvandrarane sitt språk, kultur, religion, byråkrati og industri har tatt makta, og der det samiske mange stader bare er gamle minner, om ikkje minnene og er viska ut. Ofte lever det vidare som ei usynlig skrift, som samiske ord og uttrykksformer i det norske eller russiske språket, som påvirkning frå gamal samisk religion i læstadianismen, som folketru og som overleveringar av måten å utnytte naturen på.

Vi fann eit Sápmi der livsgrunnlaget er meir truga enn nokon gong før, der kraftutbygging og militær opprustning, forureining, rovdrift på fiskeressursar og reinbeite er i ferd med å fjerne livsgrunnlaget for folket der, for den samiske kulturen, for den samiske nasjonen.

Samtidig fann vi eit Sápmi som ikkje har gitt opp. Der samisk litteratur, musikk, teater og kunst blomstrar opp, der det for første gong har blitt høgskoleutdanning på samisk, der folk som sjølv blei fråtatt språket i barndommen tar det opp att og fører det vidare til dei som no veks opp.

Vi fann eit Sápmi som er verd å kjempe for.

Under kristninga av Sápmi blei den gamle religionen hardt undertrykt. Svært få av dei gamle runebommene eller trolltrommene slapp unna misjonærane sine bål. Ei av dei få er å sjå på Ájtte, samemuseet i Jokkmokk i Sverige. Å gjøre historia levande er ein viktig del av arbeidet med å ta vare på den samiske kulturen. Her syner ei utstilling på museet i Jokkmokk korleis skatteoppkrevaren kjem og krev inn skatten i skinn. Kravet om stadig meir skinn førte på 16-1700-talet til ei rovdrift på pelsdyr, slik at den gamle fangstkulturen gikk i oppløysing. Kraftutbygging har skapt problem for reindrift og fiske mange stader i Sápmi. Dette er kraftstasjonen i Porjus i Luleelvvassdraget.

I ein serie på omlag 12 artiklar framover vil vi gi nokre gløtt av det vi fann på ei reise gjennom Sápmi. Det blir ei reise gjennom fire statar, gjennom Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Hedmark fylker, gjennom Norrbotten, Vesterbotten, Jämtland, og Kopparbergs län, gjennom Lapin lääni og Murmanskaja oblast.

SAMISK SPRÅK MOT UNDERGANGEN?

Frå mange hald er det dei siste åra blitt sagt at den gamla fornorskingspolitikken no er ugjenkallelig slutt. Dette blir ikkje bare hevda av regjeringsrepresentantar ved festtalar og liknande høve. Framtredande samiske representantar har og hevda det samme. Men er det så vel?

Ein av grunnane til at vi har reist rundt i heile det samiske busettingsområdet var at vi ønska å finne ut korleis situasjonen for det samiske språket er i dag. Det vi såg syner to klart motstridande tendenser:

Det er ikkje vanskelig å finne positive teikn:

* Gamle lovar med forbod mot bruk av samisk språk er avskaffa eller iferd med å bli det. Samisk er for første gong i ferd med å få ein viss grad av offisiell status.

* Det er fleire elevar som får opplæring i samisk i dag enn nokon gong før.

* Dei siste 15 åra har det kome ut fleire bøker på samisk enn i alle år før tilsaman.

* Det har aldri vore så mange samiske barnehagar.

* For første gong er det oppretta ein samisk høgskole.

* Det har blitt atskillig meir akseptert å vere same. Mange fornorska (forfinska osv.) samar står i dag fram som samar og ein del av dei strevar med å ta opp att det språket foreldra eller besteforeldra snakka.

For 200 år sidan blei det satt igang organisert kolonisering av Målselv i indre Troms. Seinare blei det helst kalla bureising, og i vår tid sett etterkommarane opp minnesteinar over erobringa av samisk land. Denne støtta er over Jens Holmboe, fogden som organiserte koloniseringa Senja - også ein del av Sápmi? Plassen Finnes minner oss om ka slags folk som eingong budde her (og kanskje gjør det enno?) Den største byen i Sápmi er Murmansk, men samane utgjør no bare 0.04 prosent av befolkninga her.

Farlig jubel

Likevel er det mye som tyder på at det er farlig å juble for tidlig, på at denne tendensen dekker over ein mye sterkare tendens.

Utan at det fins livsgrunnlag i eit område kan ein heller ikkje ha noko kultur eller språk der. Men ka skjer i dag i samiske område?

* Rovdrifta på fiskeressursane har fjerna mye av grunnlaget for den samiske busettinga på kysten av Troms og Finnmark. Regjeringa sin fiskeripolitikk tar sikte på særlig å ramme dei samiske fjordområda. Store område er i ferd med å forgubbas slik at det knapt vil vere ungar som veks opp her i neste generasjon. Dei vil vekse opp i byar og andre ikkje-samisk-dominerte område.

* Ei liknande rovdrift på reinbeita er i ferd med å fjerne livsgrunnlaget for ein stor del av reindriftssamane, særlig i Finnmark.

* I Sverige og Finland er moderne skogbruk i ferd med å trenge bort reindrifta.

* På Kolahalvøya er dei fleste samiske buplassar blitt fråflytta med tvang.

Det samiske språket kan ikkje overleve i bøker, skolar og museer. Mange stader er arbeidet med å bygge samiske museum vore ein viktig del av samisk kulturreising, f. eks. i kystsamiske område. Folket utan fortid ville erobre fortida si tilbake. Men skal kulturen leve vidare og utvikle seg, kan den ikkje bare vere ein museumskultur. Dei som skal føre den vidare må, om dei ikkje sjølv jobbar i dei tradisjonelle samiske næringane, i alle fall ha ei viss tilknytning til ein eller fleire av disse.

Når reinen kjem ned til kysten om våren, kan det lett bli konfliktar når han kjem inn på jordet, slik som her i Unjárga (Nesseby) i Aust-Finnmark Lakselvbukt innerst i Sørfjorden (Moskavuotna) ligg i Tromsø kommune og har gamal samisk busetting. Mange av dei eldre i bygda snakkar enno samisk. Stengselsfisket etter laks i Deatnu er eit fiske med lange tradisjonar.

A eller B-språk?

Ifølge Samisk Utdanningsråd sin statistikk for skoleåret 1989/90 var det da 1442 elevar i norsk grunnskole som fikk opplæring i samisk. Men heile 677 av disse fikk opplæring i samisk som 2.språk, og altså norsk som 1.språk, mens 9 bare hadde samisk som valgfag i 8. og 9. klasse. (Trulig har eindel med samisk som valfag på lågare klassetrinn ikkje kome med i statistikken). Av dei 756 med samisk som førstespråk fann vi heile 490 i Guovdageaidnu kommune, altså 64.8 prosent. Tar vi med Karasjok med 187 elevar, finn vi at 89.5 prosent av dei som får undervisning i samisk som førstespråk bur i ein av dei to kommunane inne på Finnmarksvidda!

Bare nordsamisk?

Samisk utdanningsråd sin statistikk skiller ikkje mellom dialektgrupper, men snakkar bare om samisk. Men om vi går ut frå at dei enkelte kommunane gir undervisning i det skriftspråket/dialekta som er nærast, finn vi at heile 93.2 prosent får undervisning i nordsamisk, mens bare 50 elevar lærer lulesamisk, alle som 2. språk og 48 lærer sørsamisk, av dei 4 som førstespråk.

I store delar av Sápmi er sauen vel så viktig som reinen, som her i Skiipagurra i Deatnu (Tana). I fire kommunar i Finnmark har dei samiske kommunenamna endelig fått offisiell status. Men fortsatt er dei norske namna einerådande i kommunar som Divtasvuodna, Falesnuorri, Áltá, Aarborde, Gáivuotna, Ivgu og Navuotna. Kraftutbygginga i Saltfjellet/Svartisen-området er eit nytt inngrep i samiske område. Men protestane frå samiske organisasjonar og naturvernarar klarte her å redusere dei opprinnelige planane kraftig.

Forsvensking, forfinsking og russifisering

* Samiske lærarar på svensk side seier det samiske språket står sterkare i skolen på norsk enn svensk side. Dei fleste som får samiskopplæring får bare 2-3 timar i veka, mens resten av skolegangen er på svensk. Det lulesamiske språket i Sverige er hardt pressa ikkje bare frå svensken, men og frå nordsamisk.

* Svenske styresmakter forhaler stadig behandlinga av innstillinga til det svenske samerettsutvalet.

* Blant dei 9-10 samiske hovuddialektane er det ein som bare fins i Finland; Enaresamisk, og ein som i dag i all hovudsak fins i Finland; Austsamisk eller skoltesamisk. Det er i dag bare tre elevar som får opplæring i austsamisk, alle som andrespråk. Omlag 20 elevar lærer Enare-samisk, omlag halvparten av dei har det som førstespråk. Det fins 5 førskoleungar som snakkar Enaresamisk, det fins ingen førskoleungar som snakkar austsamisk lenger.

På sovjetisk side samiskundervisning tatt opp dei siste åra etter langt opphald, og det er bare ei undervisning i samisk som fag, resten av faga går på russisk. Trulig snakkar alle elevane her no bedre russisk enn samisk.

Det var i kampen om Altaelva at omgrepet "Sápmi" eller "Sameland" byrja å bli brukt offentlig i Norge. Her ser vi Altaelva oppover mot Čavžo, sett frå Væhæniva, der Folkeaksjonen hadde leir hausten I Hammerfest har det vore skarpe konfliktar og fleire rettssaker mellom reindriftsnæringa og kommunen/Hagelaget. Fuglefjell i Eidvågen på Seiland (Sievju) i Finnmark. På Seiland er den samiske befolkninga enno i stort fleirtal.

Mediasamfunnet

I 1983 skreiv Mari Boine Persen: "Høye herre langt der ned i Oslo har du tid å høre på oss Vi ser på TV kveld etter kveld men hører ingenting på vårt eget språk"

Sidan er svært lite skjedd. I dag har norsk TV eit program i månaden på nordsamisk. Dei som ikkje får inn NRK eller snakkar andre dialektar har minimalt håp om nokon gong å få høyre sitt eige språk på TV. I radio er det vel ein time for døgnet på nordsamisk. For dei andre dialektane er det snakk om få minutt, ikkje for dagen, men i veka eller månaden. Om ikkje dette var nok, sørgar dei statlige kringkastingane for at dei samiske dialektområda blir effektivt skjerma mot kontakt med kvarandre med at ein ikkje får dei nord-samiske sendingane inn i sørsamiske område og omvendt. Barneprogram? Det tør vi nesten ikkje nemne. Samiske ungar bør bu i Finnmark eller Troms, og bare ha tilgang til radio ein halvtime kvar onsdag. Barne-TV? ??? Ein skal da ikkje kreve alt heller! Mens kanskje 50 lokalaviser kjem ut på Nordkalotten på storsamfunna sine språk i tillegg til riksavisene, fins det framleis bare ei samisk avis, med 8-12 sider for veka, der alle journalistane held til i dei tre kommunane i Indre Finnmark.

Rognsund skole på Seiland (Sievju) i Vest-Finnmark. På Seiland er den samiske befolkninga enno i stort fleirtal. For få år sidan blei det for første gang gitt tilbod om samiskundervisning ves Rognsund skole. Sjølv om det er bygd ut moderne slakteri i Guovdageaidnu og Karasjohka, blir fortsatt ein del rein slakta ute i det fri, slik som på dette biletet frå Porsanger. Museet i Rovaniemi viser ikkje bare fjern fortid, men forsøker og å gi eit realistisk bilete av reindrifta i dag.

Ka om ein generasjon?

Om dagens utvikling fortsetter, utan at noko heilt drastisk blir gjort for å heve statusen til det samiske språket, vil vi om ein generasjon kunne ha denne situasjonen:

Av dei 9-10 hovuddialektane er bare nordsamisk levande som dagligspråk blant folk under 50 år. Innafor det nordsamiske området vil språket vere heilt utdøydd i dei fleste kommunane der det i dag fins folk som snakkar samisk. Som dagligspråk vil det kanskje fortsatt leve i Guovdageaidnu og Karasjohka, deler av Deatnu (Tana) og Unjarga (Nesseby) kommunar i Finnmark og Ohcejohka (Utsjoki) i Finland, samt hos nokre ganske få reindriftssamar utafor dette området. Men når det geografiske utbreiingsområdet til språket er innskrenka til 10 prosent av det det eingong var, går resten av fornorskinga, forfinskinga og forsvenskinga av seg sjølv.

Ein stallo er ein samisk eventyrfigur som ofte har blitt brukt som symbol på storsamfunnet. Magnar Mikkelsen har skreve historia om den 7. stallo. Seks gonger klarte samen Per Anders å vinne over stalloen, men den sjuende gongen kom stalloen forkledd i mange skikkelsar slik at Mikkel ikkje kjende han igjen, og det blei bana hans. Den ”gamle• fornorskingspolitikken er nok slutt, men har den blitt erstatta med den sjuande stallo?

Det fins enno tid å snu. Første forutsetninga er at vi innser at fornorskingspolitikken slett ikkje er over, men virkar kanskje sterkare enn nokon gong.

Samane har ofte blitt misbrukt som turistattraksjon, og mange ikkje-samar har gjort pengar på å selge "samiske" produkt. Her selgas "samiske" suvenirar på gata i Helsinki. På det sørsamiske kultursenteret Sijte Jarnge i Arbordi (Hattfjelldal) fann vi denne flotte samlinga av ny samisk duodji. Kor langt den samiske busettinga har strukke seg tidligare, veit vi ikkje, men dei gamle sagaane fortel om samar på Hadeland mellom Oslo og Gjøvik. I dag går grensa for det sørligaste reinbeitedistriktet her på Drevsjø i Engerdal, lengst nord i Hedmark.

_________________________________________________________________________________

Dette er ein av tolv artiklar i serien "Streiftog i Sápmi" som gikk i Klassekampen hausten 1990. Her finn du alle artiklane:
1 Samisk språk mot undergangen?
2 Kola-samane teier ikkje lenger Murmansk/Lujávri
3 Folket som blei kasteballar over grensene Sevettijärvi
4 Men austsamane var ikkje daude Neiden
5 Den einaste samiske høgskolen Guovdageaidnu
6 Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Tromsø
7 Senja - ei øy i Sápmi Senja
8 Lulesamisk framtid Tysfjord
9 Samisk språklov - også for sørsamar? Snåsa
10 Wallenberg mot reindriftsamane Jemtland
11 Skogbruk mot samerett Jokkmokk
12 Firespråklig familie i trespråklig bygd Soppero

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no