Artikkelserie i Klassekampen høsten 1990

SÁPMI - 6

Eit vilkår for utvikling av samisk språk og kultur er at det fins gode tilbod om utdanning i og på samisk og om samiske forhold. Førre gongen besøkte vi Samisk Høgskole i Guovdageaidnu, der studentar og lærarar meinte at no går det rette vegen. Men største ansvaret har enno Universitetet i Tromsø, og der er det ikkje alle som er like nøgde. Vi har prata med ein student og ein lærar om korleis dei opplever at Universitetet tar ansvar for det samiske.

- Det såkalla samiske studiet har svært lite samisk innhald, seier hovudfagsstudent Janne Hansen frå Kåfjord i Troms. - Universitetet tar ikkje ansvaret for samisk utdanning alvorlig, seier Harald Gaski, lærar i samisk litteratur. Universitetet i Tromsø har ei viktig rolle å spele i forsking om samiske spørsmål. I sommar samla dei joikarar og musikkforskarar frå fleire land til seminar om samisk joik. Her er artistar og førelesarar samla på Tromsø Museum.

SAMISKE STUDIER UTAN SAMISK INNHALD ?

På Universitetet i Tromsø finnes det ei studieretning innafor samfunnsvitskap som heiter "samiske studier/etniske relasjoner". Men sjøl dette studiet inneheld svært lite om samiske forhold, spesielt om samiske samfunnsforhold i dag.

Av Svein Lund, Tromsø

Janne Hansen frå Olmmáivággi (Manndalen) i Troms er leiar for Sámiid Studeanttaid Searvi Romssas, (Samisk Studentforening i Tromsø). I 4 år har ho studert ved Institutt for Samfunnsvitskap. - Utgangspunktet mitt for å begynne her var å studere samiske politiske prosessar, seier ho. - Derfor valde eg dei faga som eg rekna med var nærast til det, eg har tatt mellomfag (1 1/2 år) i "offentlig politikk og administrasjon" og storfag (2 år) i "samfunnsvitenskap - samiske studier/etniske relasjoner".

På "Offentlig politikk og administrasjon" var det svært lite om etnisitet og samiske forhold. No har eg byrja på hovudfag i "samiske studier..", men etter eit halvt år der har eg byrja å tvile på at det var det luraste. I vår hadde vi ingen førelesningar om samiske tema som lærarane la opp, og det ser det heller ikkje ut til å bli i haust. Det var rett nok lagt opp to seminar på tilsaman 4 timar om Sametinget, resten måtte vi ordne sjølv, bl.a. å ordne samlingar for samiske studentar frå forskjellige samfunnsfag. Det kviler eit stort ansvar på samiske studentar å sjølv måtte gå ut å hente inn informasjon om samiske samfunnsforhold, bl.a. å reise til møter og seminar og betale det meste av eiga kasse. Dei pengane hovudfagsstudentar får til reiseutgifter går for meg mest med til å definere hovudfagsoppgåva mi, det får eg ikkje god nok hjelp til på Universitetet.

Slutt på kommunikasjon

Frå starten av la Universitetet i Tromsø stor vekt på tverrfagligheit, på å bryte ned skilla mellom faga. Men utviklinga har gått i retning av stadig større skille. No har eg inntrykk av at det knapt er kommunikasjon over faggrensene.

Da eg tok samfunnsfag grunnfag var det enno samla. Seinare er det blitt delt i psykologi, sosiologi, offentlig politikk / administrasjon og sosialantropologi. På sosialantropologi, som ein skulle tru la stor vekt på samiske forhold, var dette i fjor bare 3% av det pensumet som alle måtte lese! Storfag og hovedfag i samfunnsfag er tilknytta ei av fire forskingsgrupper: samiske studier/etniske relasjoner, lokalsamfunn, skole eller sosialpolitikk. Da eg gikk på storfag i samiske studier / etniske relasjoner, hadde eg istaden ei kjensle av å gå på ei blanding alt mogleg anna, av antropologi og historie, statistikk og generell samfunnsvitskap. Å følge med i dagens samiske politiske prosessar var noko ein måtte gjøre på eiga hand.

Ikkje-samiske lærarar

Blant dei lærarane som er ansvarlige for opplegget vårt er det ingen samar, alle er norske sosialantropologar. Dei klarer ikkje å utvikle ei utdanning som det samiske samfunnet har bruk for. I staden har dei foreslått å endre namnet på studiet til "sosialantropologi". Blir det gjennomført blir det rett nok meir samsvar mellom namn og innhald, men etter mi meining vil det vere ei fallitterklæring. Da seier ein at utdanningstilboda på universitetet ikkje skal leggas opp etter behovet, men etter dei lærarane som måtte vere tilsette.

Det eg ønsker meg er at det skal vere mogleg å studere samiske studier og samisk politikk. I dag er det vanskelig å få til ved Universitetet i Tromsø. Kor skal ein gjøre det da?

SØR-NORSK UNIVERSITET PÅ NORD-NORSK GRUNN

- Eg lurar stundom på ka eg gjør her.

Dette hjartesukket kjem frå Harald Gaski frå Sieidda i Deatnu. Han er lærar i samisk litteratur ved Universitetet i Tromsø, eller førsteamanuensis som det heiter på universitetsspråket. Han er ein av dei som er ganske skeptisk til universitetet sin evne og vilje til å drive ei undervisning og forskning som den samiske og nord-norske befolkninga har nytte av.

- Universitetskulturen er veldig konservativ, mye er bestemt i utgangspunktet. Den geografiske plasseringa har igrunnen lite å seie, det blir ikkje eit nord-norsk universitet av å ligge i Nord-Norge, det blir ikkje eit samisk universitet av å ligge i Sápmi. Og det geografiske og kulturelle utgangspunktet til mange av universitetslærarane er slik at dei ikkje ser at undervisninga ikkje er i samsvar med behova i Nord-Norge. Miljøet her minner meg mye om den lærarghettoen som var i Sieidda då eg vaks opp. Dei var eit framandt kulturelt element, og det var påfallande få av dei som engasjerte seg i det som skjedde i bygda. Universitetet skal jo hjelpe folk til å sjå og forstå, men ofte kan ein sette spørreteikn ved om ein forstår noko meir om landsdelen etter å ha studert her.

15 år etter

- Er det da bare unyttige ting som foregår her?

- Nei, det er det jo ikkje. Om vi ser på det som er nærast for meg, samiskfaget, er det tilbodet Universitetet i Tromsø kan gi svært viktig for utviklinga av språket i skole, administrasjon og media. Når samisk språklov no kjem vil undervisning i samisk på universitetsnivå bli enno viktigare. Så for samisken sin del er eg ikkje i tvil om at vi gjør direkte nytte for oss. Det som er katastrofen er at vi er så små. No er reglane sånn ved universitet at om ein skal kunne ta hovudfagseksamen, må det vere tilsett minst ein lærar i toppstilling (professor) i faget. Mens andre fag har starta med professorar frå første dag, fikk samisk først denne stillinga etter vel 15 år! Resultatet er at bare ein student til no har tatt hovudfagseksamen i Tromsø. Til saman fins det i dag ikkje meir enn omlag ti til sammen som har hovudfagseksamen eller tilsvarande i samisk språk. Da tenker eg på heile Sápmi, ikkje bare på norsk side. Og alle har tatt eksamen i nord-samisk, ingen i dei andre hovuddialektane.

Samiskstudiet ved universitetet har ei dobbel oppgåve: Hovudoppgåva vår er å gi høgare språkutdanning til samisktalande. Her skal vi fylle samme rolla som utdanninga i Nordisk for norsktalande, i tillegg til at universitetet fortsatt må kompensere for dårlig eller manglande samiskutdanning i grunnskolen og vidaregåande. Men i tillegg skal vi gi opplæring i samisk som andrespråk for fornorska samar og som framandspråk for ikkje-samar. I dag har vi ikkje ressursar til å løyse denne dobbelte oppgåva fullt ut. Vi må prioritere dei samisktalande studentane, dei andre må tilpasse seg, noko som vi innser kan vere vanskelig. I dag manglar vi minst to stllingar bare for å kunne gi eit godt tilbod til dei samisktalande studentane.

Behovet for folk med utdanning i samisk vil auke kraftig framover. Dei som studerer hos oss er garantert arbeid, det er det ikkje mange utdanningar ein kan seie om. Det burde og vere eit vektig argument for å satse meir på å bygge ut samiskutdanninga.

I sommar holdt Universitetet i Tromsø seminar om diktinga til Nils Aslak Valkeapææ. Forfattaren sit sjølv i bakgrunnen (t.v.) og lyttar mens diktinga hans blir analysert av hovudfagsstudent Vuokko Hirvonen. I midten litteraturlærar Harald Gaski og t.h. Ante Mihkkal Gaup frå Samisk Utdanningsråd. Da Universitetet starta opp i haust, slo den samiske studentforeninga opp ein goahti på universitetsområdet i Breivika. Føremålet var å trekke til seg nye samiske studentar. Kampanja resulterte i heile 30 nye medlemmar.

Samisk Senter

Harald Gaski har vore med i eit utval som skulle vurdere samisk forsking, undervisning , populærvitskapelig formidling og kulturminnevern ved Universitetet i Tromsø. I fjor sommar kom dei med instilling om ei rekke tiltak, blant dei oppretting av Samisk Senter, studievegleiar for samiske studentar, eige emne om samiske forhold på ex.phil. (innføringskurs i filosofi m.m. for alle nye studentar), semesteremne i samisk kulturhistorie og samisk språkkonsulent. 1.februar vedtok universitetsstyret å opprette eit Samisk Senter. I eit krasst innlegg i fleire aviser kalla Harald Gaski dette vedtaket "Frå null til ingenting". Kva var det som var så galt?

- Det meste av det vi foreslo frå utvalet har forsvunne på vegen. I forslaget vårt låg det at det skulle vere fleire forskarstillingar knytta til senteret. Det er kutta bort, det samme er dei fleste andre forslaga vi la fram. Tilbake har vi eit kontor med ein leiar og ein kontorassistent, ei slags bemanna postkasse. Men da kan dei like godt vere ærlige og kalle det Universitetets samiske kontor, i staden for å ha eit "senter" som bare er ein kulisse å vise bort. Det må visst vere det dei ønskar seg, når universitetsleiinga pressar gjennom dette vedtaket mot motstand frå det samiske miljøet på universitetet. Eit slikt senter som no er vedtatt oppretta vil ikkje ha sjanse å fylle dei oppgåvene som ein ventar av det.

- Ka meiner så du eit samisk senter burde vere?

Eg ønsker meg eit utadretta senter, som driv med opne førelesingsrekker. Senteret bør både drive vegleiing og hjelp til samiske studentar og informere samar om tilboda ved universitetet. Det er lite skolestimulering i samiske miljø, og avstanden til marmorveggane på universitetet er stor. I Kanada og USA har dei forstått dette, dei har bl.a. eigne studiekonsulentar for inuitar og indianarar. Over heile verda er det vanlig blant urbefolkningar at det både er liten søkning til høgare utdanning, og stort fråfall blant dei som byrjar. Etter mange års fornorsking er interessen for det samiske igjen aukande. Da er det for ille at ikkje dei som ønsker samiskundervisning og samisk språk i offentlige institusjonar ikkje skal få det fordi vi ikkje greier å utdanne nok kvalifiserte folk. Frå før er det berekna eit behov for 200 fleire samisktalande lærarar bare på norsk side.

- Men no som vi har fått samisk høgskole i Guovdageaidnu, kan ikkje den ta seg av det samiske, så kan Universitetet i Tromsø halde seg til det norske?

- Høgskolen kan ikkje gi undervisning i alle fag som Universitetet har. Spørsmålet om utdanning som tjener den samisk befolkninga er ikkje bare eit spørsmål om direkte utdanning i samisk språk og kulturhistorie. Det er like mye spørsmål om å ta omsyn til samisk språk, kultur og næringsliv innafor så forskjellige fag som medisin, jus og fiskerifag. Så sjølv om vi har fått ein samisk høgskole, må vi fortsatt arbeide for å styrke det samiske ved universitetet. Samtidig må vi samordne utdanninga bedre med høgskolen og Nordisk Samisk Institutt for å utnytte dei knappe ressursane så effektivt som råd, ikkje minst for å få fart på lærebokproduksjonen.

Universitetsstyret har no oppnemnt styret for Samisk Senter. Der sit 7 lærarar/forskarar og 1 student, 7 menn og ei kvinne, 3 samar og 5 ikkje-samar. Vi seier ikkje meir.

_______________________________________________________________

Dette er ein av tolv artiklar i serien "Streiftog i Sápmi" som gikk i Klassekampen hausten 1990. Her finn du alle artiklane:
1 Samisk språk mot undergangen?
2 Kola-samane teier ikkje lenger Murmansk/Lujávri
3 Folket som blei kasteballar over grensene Sevettijärvi
4 Men austsamane var ikkje daude Neiden
5 Den einaste samiske høgskolen Guovdageaidnu
6 Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Tromsø
7 Senja - ei øy i Sápmi Senja
8 Lulesamisk framtid Tysfjord
9 Samisk språklov - også for sørsamar? Snåsa
10 Wallenberg mot reindriftsamane Jemtland
11 Skogbruk mot samerett Jokkmokk
12 Firespråklig familie i trespråklig bygd Soppero

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
T
il startsida

sveilund@online.no