SÁPMI - 8

Kartet over det lulesamiske språkområdet syner eit 20-30 mil breidt belte gjennom nordre Nordland og Norrbotten. Men sentralisering og fornorsking/forsvensking har klart å ta knekken på det meste. Vi besøker her den einaste kommunen på norsk side der det lulesamiske språket framleis blir snakka av folk som ikkje har nådd pensjonsalderen.

EI LULESAMISK FRAMTID ?

Den siste reine lulesamiske bygda kan bli avfolka i løpet av få år. Dei dårlige kommunikasjonane i Tysfjord har nok bidratt til at samisk språk og kultur har halde seg lengre her enn andre stader i Nordland. Men i dag er det i ferd med å bli omvendt. Om ikkje Musken snart får veg, fins det ikkje lenger reine lulesamiske bygder.

Av Svein Lund, Divttasvuodna

Etter heile E-6 frå Kirkenes til Svinesund er det no bare ei ferje igjen. Ho går over Tysfjorden. Like sør om ferjehamna på Bognes finn vi Tysfjord turistsenter i vegkanten. Stort anna ser ikkje dei vegfarande av Tysfjord. Men det eigentlige Tysfjord, det samiske Tysfjord, Divttasvuodna, ligg lenger innover. Der blir ikkje folk trødd ned av turistar.

Musken i Tysfjord er den siste reine lulesamiske bygda. No er den og truga med avfolking. I Nordbukt kjem ingen i land utan å vere ønska av folket der. Her er Anders Paulsen på veg ut for å ta opp folk frå hurtgbåten.. Paul Gælok er rektor på barneskolen i Musken. Om sommaren tar han og familien båt over fjorden til barndomsheimen i Nordbukt der det ikkje lenger bur folk på vinteren..

For mange av Klassekampen sine lesarar er nok Tysfjord i første rekke sementfabrikken i Kjøpsvik, som lokalbefolkninga og kommunen kjempa hardt for å behalde for nokre år sidan. I dag har Norcem planar om modernisering for omlag 500 millionar her. Men vi skal ikkje dit i denne omgang.

Vi fortsett nedover E-6, ut av Tysfjord kommune, inn i nabokommunen Hamarøy. Tre og ei halv mil sør om ferjestaden står det "<Drag" på vegskiltet. "Ajluokta" står det ikkje. Dei samiske namna som finst overalt her er konsekvent sensurert bort av Statens Vegvesen, Cappelens kart og NAFs vegbok. Etter fire kilometer ser vi Tysfjorden igjen. Drag, eller altså Ajluokta er den nest største staden i kommune, og den største med vegsamband. Kommunesenteret Kjøpsvik, dvs. Gasluokta, skal etter planen få vegsamband med E-6 i løpet av 1992.

Frå Ajluokta går det veg sørover til Ajladde, eller Hellandsberg på norsk. Der går ikkje vegen lenger. Nede ved kaia tar vi kvelden og venter til neste morgon. Tirsdag er ein god dag. Da går hurtigbåten inst inn i fjordbotnen. Om ein ber om det kan ein komme til både Tjierrekluokta (Nordbukt) og Vuotnabahta (Hellemobotn). Heile to gonger går båten innover på tirsdag. Onsdagar er det ingen båt så langt innover Oarjjevuodna (Hellemofjorden)

Skyene heng lågt over dei glattskurte fjella som stupar ned i Oarjjevuodna. Frå båten ser vi eit par småbruk. Paulsommerset og Josommerset fortel det norske kartet. Svernjunnja og Gidadipme seier det samiske kartet. Dei har klora seg fast "der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Det gjør dei da heller ikkje lenger. Størstedelen av fjordområda i Divttasvuodna blei effektivt avfolka på 60-talet, da det blei gitt tilskot for å etablere seg i Kjøpsvik og på Drag, mens mesteparten av kommunen blei erklært fråflyttingsområde.

På Musken (Måsske) heisas post og varer i land. 1/2 stilling har postkontoret i 8284 Musken, det samme har butikken. Det er servicenæringa her. Båten fortsetter innover den stadig trongare Oarjjevuodna, svingar inn Tjierrekluokta der han sakkar farta og gir ein støyt i fløyta. Her fins inga kai, og ingen kjem seg på land utan at sommarfolket i Nordbukt vil ha besøk. Ut frå land kjem ein liten plastbåt med påhengar og svingar inntil hurtigbåten. Anders Paulsen ønskar velkommen. Vi ruslar opp mot huset som dei siste tre-fire åra bare har vore sommarbustad. Om vinteren går det ikkje båt verken hit eller til Hellemobotn, men om sommaren trekker folk innover til gamle trakter. Ved sida av Anders og mora Karen, som på vinteren bur på Hellandsberg, treff vi broren Paul som bur i Musken og søstera Aina som bur i Sverige. Og ein skokk med ungar.

- Å ja, du har reist hit for å leite etter den lulesamiske kulturen, seier Paul. Men den finn du nok ikkje lenger her inne i fjordane. Da skal du dra til sementfabrikken i Kjøpsvik. Her i fjordane er snart alt avfolka.

Det fins ei rein lulesamisk bygd igjen, det er Musken. Men Musken er og alvorlig truga av fråflytting, og kjempar fortvila for å overleve. Her bur omlag 100 personar etter folkeregisteret, men reelt er det nok ikkje meir enn 70-80.

Paul Gælok er rektor på skolen i Musken.

- No har vi 11 elevar, 5 på barneskolen og 6 på ungdomsskolen. I vinter flytta ein familie med 5 ungar og fleire andre barnefamiliar snakkar om å flytte. Om ikkje ungdom slår seg ned her, vil skolen vere nedlagt i 1997. Få år etter vil bygda vere totalt avfolka. Alfa og omega for om Musken skal overleve er å få veg. Ingen vil slå seg ned her så lenge ikkje kommunikasjonane er bedre. Vegen er kostnadsberekna til 90 millionar for 15 km veg, men i fylket og staten syns dei visst det er for mye å betale pr. hovud.

Anders Paulsen har gått i spissen for å ta opp gamle tradisjonar i tre- og hornarbeid i Tysfjord. Dette skal bli ein modell av ei runebomme eller trolltromme. Jordbruket i Tysfjord er ikkje akkurat stordrift, og det trengs maskinar som er tilpassa forholda.. Her er einaste plassen eg får lov å fiske no, seier Karl Gunnar Mikkelsen. Han er sjarkfiskar, men på grunn av små kvotar må han halde seg på land..

Føregangsmann i samesløyd

Borte i vedskjulet i Nordbukta har Anders Paulsen innreia seg ein provisorisk verkstad. No held han på med eit riktig storarbeid; ei trolltromme eller runebomme. Anders er ein føregangsmann i å ta opp igjen samisk sløyd, duodji i Tysfjord. Han lagar knivar, små og store trekoppar (guksi og nahppi), smykke, belte m.m. og sel sjølv det han lagar. I tillegg driv han med duodji-kurs, og har jobba litt som sløydlærar.

- Før eg byrja med dette var det ingen som hadde dreve noko vidare med horn- og tresløyd så lenge folk kan minnas. Eg fikk interessen gjennom kontakt med svenske samar rett over grensa. Så gikk eg på Samernas Folkhøgskola i Jokkmokk, og sidan har eg dreve med dette.

Etter kvart har arbeidet hans byrja å bli verdsatt. No har han fått reisestipend frå Nordland fylkeskulturkontor for å studere gamal og ny duodji på svensk eller finsk side. Til hausten skal han i lag med ein kamerat bygge eige verkstad på Drag. Dei har fått etablererstipend, tilskot frå Samisk Utviklingsfond, fylket og kommunen. Men det er ikkje nok å sjølv lage ting. Vel så viktig er det at fleire tar opp den gløymde tradisjonen. I lag med broren Paul lagar han no eit undervisningsprosjekt for å vise i ord og bilete korleis ein lagar ein samekniv.

Vil det fortsatt bu folk i Musken når disse gutane blir vaksne? Vil dei lære lulesamisk vidare til sine barn?. Hellemobotn ligg bare 6 km frå grensa til Sverige. Om vinteren går det ikkje lenger båt hit etter at plassen blei avfolka på 60-talet, men om sommaren er det liv når feriefolket kjem

Vil lulesamisk overleve?

Lulesamisk er ein samisk dialekt som ligg mellom nord- og sørsamisk, og som har namn etter Luleelvvassdraget i Sverige. Lulesamisk har si eiga rettskriving. På svensk side blir denne dialekten snakka av samar i Jokkmokk-området. På norsk side er det bare innafor Tysfjord - Divttasvuodna kommune at språket er levande. I nabokommunane Hamarøy og Steigen kan ein finne nokre eldre folk som enno snakkar språket. Også i Tysfjord har fornorskingspresset vore hardt og det har ikkje vore lett å stå fram som same og snakke det samiske språket her.

I Musken snakkar alle foreldra samisk heime, men blant ungane er det norsk som dominerer. Det er ingen elevar som har lulesamisk som førstespråk i skolen. I Musken har dei lulesamisk som andrespråk, dvs. tre timar for veka frå andre til niande klasse. - Frå hausten skal vi byrje med eit eksperiment, fortel Paul Gælok. Da skal vi forsøke med dobbelt førstespråk for to 6-åringar. Det har såvidt eg veit ikkje vore prøvd før. Eg trur det må vere vegen å gå for å styrke samisken her som norsken står så sterkt. Utanom Musken foregår det undervisning i lule-samisk i Drag og Kjøpsvik, og for nokre få elevar i Hamarøy, Steinkjær og Trondheim.

Men om ungane lærer å lese lulesamisk, er det ikkje lenge før dei har lest ut det lesestoffet som finst. Tilsaman er det ikkje utgitt meir enn eit tital bøker på språket.

Ingen aviser har nokon gong kome ut på lulesamisk. I Sami Aigi har det av og til vore ein artikkel. I år gikk den første lulesamiske studenten ut av Journalisthøgskolen i Oslo. Det var Stig Gælok, som alt har gitt ut to diktbøker på lulesamisk, det er nesten halve skjønnlitteraturen som finnes på språket. Stig Gælok har i sommar jobba for Sami Aigi, slik at avisa har fått atskillig meir stoff på lulesamisk enn før, og abonnenttalet i Divttasvuodna har gått opp. Men problemet er at dei fleste lulesamar ikkje kan lese nordsamisk, og dermed har vanskelig for å få med seg resten av avisa. Derfor satsar ein no på ein annan metode for å få ut avisstoff på lulesamisk. Det er Nordlandsposten som satsar på å trykke lulesamiske sider regelmessig, trulig ein gong for veka. Dette vil trulig nå breiare ut fordi denne lokalavisa likevel blir lest i Tysfjord.

Nok fisk, ikkje kvote

Mens kysten klagar over svart hav, har Tysfjorden knapt vore så full av fisk som dei siste åra. Det er silda som er årsaka til det. Eter at sildebestanden byrja å ta seg opp etter nedfiskinga i 60-åra har ho ikkje tat opp att det gamle vandringsmønsteret over mot Island. I staden trekker ho inn i fjordane i Nordland, bl.a. Tysfjorden. Den lokale torskestammen trivas blant sildestimane, og både torsk og sei trekker inn fjorden for å beite sild. Men det hjelper lite med fisk i fjorden når ein ikkje får lov å fiske på han.

På brua over Måskejåhkå treff vi ein mann med fiskestang og meitemakk. Han heiter Karl Gunnar Mikkelsen, og er ein fire fiskarar i Oarjjevuodna med eigen sjark.

- Ser du den gule sjarken der nede, spør han. - Der ligg 600 000 kroner. Men mens fjorden er full av fisk går eg her med makkstanga. Det er snart bare bekkeauren vi har lov å fiske på. - Eg har fått ein torskekvote på ti tonn. Av den har eg tatt sju, og resten må eg spare til hausten. Det blir ikkje stort å leve av og betale båten med. Eg veit ærlig talt ikkje korleis eg skal få det til å gå i hop.

- Men fins det ikkje anna fisk å fiske på, her er jo både sei og sild i fjorden?

- Sei kan eg ikkje fiske, for om eg fiskar seikvoten, mistar eg 30 prosent av torskekvoten. Eg kunne fått fiske sild, men eg har ikkje råd å kjøpe sildenøter. Det kostar minst 30000 kroner for ei not.

- Eg har eit lite småbruk, men det gir ikkje store inntekta. Og staten strammar stadig inn på støtteordningane, no vil dei auke talet på sauer ein må ha for å få statsstøtte. Kombinasjonsbruka skal visst bort ser det ut for.

- Er det ikkje fint her i Musken, spør han. - Trur du ikkje turistane ville komme hit om vi bare hadde veg? Men dei vil ikkje gi oss veg, dei vil prøve å presse oss til å flytte bort, slik som dei har fått avfolka mesteparten av fjordane her. Men der tar dei betterdø feil! .. Eg veit ikkje ka galt vi har gjort som ikkje skal få veg som andre stader - kanskje det er det at vi er samar?

MOT RASK AVFOLKING AV MUSKEN?

Etter at Klassekampen var i Tysfjord i sommar, har forholda blitt enno verre for folket i Musken. I haust blei butikken nedlagt, no må dei med båt til Hellandsberg for å handle. For ein familie kan det bety ei ekstrautgift på opptil 10000 kroner for året. Tidligare er einaste fiskemottaket i Hellemofjorden nedlagt, slik at fiskarane må gå opptil 5 timar med sjark for å få levert fisken. Dette gjør at ei rask avklaring av vegspørsmålet blir enno meir avgjørande for om folk skal bli buande i Musken. Og i dag er saka til behandling i fylkesutvalget i Bodø. Så langt ser det ikkje så lyst ut. Fylkesrådmannen har gått mot at fylket skal finansiere vegen.

______________________________________________________________________

Dette er ein av tolv artiklar i serien "Streiftog i Sápmi" som gikk i Klassekampen hausten 1990. Her finn du alle artiklane:
1 Samisk språk mot undergangen?
2 Kola-samane teier ikkje lenger Murmansk/Lujávri
3 Folket som blei kasteballar over grensene Sevettijärvi
4 Men austsamane var ikkje daude Neiden
5 Den einaste samiske høgskolen Guovdageaidnu
6 Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Tromsø
7 Senja - ei øy i Sápmi Senja
8 Lulesamisk framtid Tysfjord
9 Samisk språklov - også for sørsamar? Snåsa
10 Wallenberg mot reindriftsamane Jemtland
11 Skogbruk mot samerett Jokkmokk
12 Firespråklig familie i trespråklig bygd Soppero

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
T
il startsida

sveilund@online.no