SÁPMI - DEL 7

SENJA - EI ØY I SÁPMI

Den nest største øya i Sápmi, og den femte største i Norge heiter Sážža. Denne øya ligg mellom den største øya i Sápmi, Iina, og den femte største, Sállir. Så langt vil mangeognitti prosent av lesarane riste uforståande på hovudet og lure på ka dette er for tull. Men om vi istaden sett inn dei norske namna: Senja, Hinnøya og Kvaløya, vil dei fleste nikke gjenkjennande. Så langt er fornorskinga kome at dei aller fleste som bur på disse øyane aldri har hørt dei samiske øynamna. På Senja bur det nordmenn. Punktum.

Av Svein Lund, Senja

Men midt på 80-talet grov dei seg fram i lyset, danna den første samiske organisasjonen som nokon gong hadde vore på Senja, og sa ifrå at vi er urbefolkninga her, og vi er her enno. Sacca ja biras sámiid searvi kalla dei seg, Senja og omegn sameforening. I fjor blei leiaren deira, Aage Pedersen vald inn på Sametinget. Og i år tok den lille foreninga på seg å arrangere landsmøtet til Norske Samers Riksforbund i Finnfjordbotn.

I Kaperdalen på Senja er det bevart to småbruk der samar budde i gammer langt opp mot vår tid. Dette er Ner-Kaperdalen, der Nikolai Kaperdal budde heilt til 1964. I bakgrunnen ser vi eit eksempel på flatehogsten som øydelegg det gamle kulturlandskapet. Inne i gammene i Kaperdalen har ein tatt vare på gamle reidskap og verktøy som heng på sin naturlige plass. På Samemuseet i Kaperdalen er det ingen glassmontrar og ingen plakatar med "Forbudt å røre gjenstandene". Frå markebygdene på Senja. Slike stader slo dei seg ned, samane som blei fordreve frå sjøen eller "svenske" reindriftssamar som slo seg ned i det gamle sommarlandet sitt.

Sjøsamar og "markefinna"

Etter vegskilta og vegkartet fins det ikkje lenger samiske stadnamn på Senja, sjølv om vi enno finn eindel samiske namn på lokalkarta. Men ein del av dei norske namna gir likevel ein pekepinn om kem som har budd der. På yttersida av Senja finn vi Finnes, like innafor på fastlandet finn vi Finnsnes og Finnfjordbotn. Tilbake til 1500-talet har vi beretningar om sjøsamar mange stader på Senja. Men på 1700-talet forsvinn disse frå offisielle papir. Da er kysten av Senja blitt heilt norsk.Men heilt sporlaust forsvann dei ikkje. Det er klare overleveringar som fortel at samane blei direkte jaga frå kysten og innover i marka. Nokre har nok og etter kvart blanda seg med den norske befolkninga og gått opp i denne, andre har blanda seg med seinare samiske innvandrarar. Mye tyder på at sjøsamane her var etterkommarane av dei første innbyggarane på Senja, bl.a. fordi steinalderbuplassar er funne akkurat der vi veit at sjøsamane budde.

Frå 16-1700-talet finn vi og ei anna gruppe samar på Senja. Det var "svenske" reindriftssamar som budde her om sommaren. Men etter kvart som nybyggarane trengte lenger og lenger opp i svensk Sameland, blei det trangare om plassen, og mange måtte sjå seg ometter andre reinbeiter eller anna levebrød. I tillegg kom reinpest på 1700-talet. Mange blei da igjen i det gamle sommarområdet sitt, nokre dreiv heilårs reindrift, mens andre satsa på jordbruk og fiske. Dei forsøkte gjerne å slå seg ned ved kysten, men blei ofte dårlig mottatt, og måtte trekke inn i det indre av øyer og halvøyer. Dei blei gjerne kalla markesamar eller "markefinna".

Ta vare på det gamle

På NSR-landsmøtet på Finnsnes traff vi Mildri Pedersen som midt mellom landsmøteorganiseringa tok seg tid å fortelle om samane på Senja i dag og foreninga deira. Da Sacca samiid searvi blei stifta for 5-6 år sidan var det første gong i historia at det var noka samisk organisering i dette distriktet. Foreninga omfattar ikkje bare Senja, men og folk frå fastlandet, frå Målselv, Lenvik og Sørreisa. Sjølv kjem Mildri Pedersen opprinnelig frå Ofoten, no bur ho i Kvannli på Senja, og presenterer seg sjølv som husmor, lærar og gårdbrukar.

- Vi fann ut at det var naudsynt å organisere oss for å ta vare på det som var iferd med å dø ut. På Senja kom fornorskinga tidlig, ingen fastbuande har brukt kofte så langt tilbake som nokon nolevande kan minnas. Det er ikkje funne noko eiga Senja-kofte. I Vassdalen der eg kjem frå, for eksempel, brukte besteforeldregenerasjonen vår kofte. Der kan ein og finne ei rekke folk som har f.eks vevd komagband opp til etter krigen, det finn ein ikkje her. Språket er iferd med å dø ut. Her er enno ein rest av eldre befolkning, som beherskar samisk, men ikkje brukar det til daglig.

Sačča ja Biras Samiid Searvi var i år arrangør av landsmøtet i Norske Samers Riksforbund. F.v.: Mildri Pedersen og Inger Skum. Sjølv om dei samiske namna langt på veg er borte, fortel ein del norske namn at har har det vore samisk busetting, slik som namnet Finnes på yttersida av Senja. Her fins og ein gamal samisk offerstein. På yttersida av Senja er det fiskerinæringa som er grunnlaget for busettinga. Mens fisket har gått tilbake, har oppdrettsnæringa blomstra opp. Her frå fiskeværet Flakstadvåg.

Åleinestandpunkt

- Dokker er alle godt vaksne folk, kor blir det av ungdommen?

- Så langt har vi liten tilslutning frå ungdom. Her er ikkje akkurat noko samisk bølge enno. Det med å gå inn i ei sameforening er eit åleinestandpunkt, noko ein ikkje blir populær på. Her er jo massevis av samar, men det er mange som ikkje vedkjenner seg bakgrunnen sin, mange benektar den, eller er likegyldige. Vi har møtt ein del motstand og ikkje minst uvitenheit. Her har i det heile vore mange med ei negativ innstilling til å ta vare på gamle kulturminner. Gamle hus og reidskapar har gått som St.Hans-bål.

Sameforeninga har no stilt krav om fredning av Lars Larsadalen på Senja der det er gamle samiske buplassar. Der blei starta opp med bygging av skogsveg og flatehogst, men som eit resultat av krav frå oss er all aktivitet no stoppa etter Kulturminneloven, inntil området er nærare undersøkt. Gammene i Kaperdalen er eit flott eksempel på at det går an å ta vare på det gamle.

- Vi arbeider og for å ta opp igjen det samiske språket, før dei siste som snakkar det er borte. Vi har holdt tre nybyrjarkurs (Davvin 1), men det har vore vanskelig å få nok folk til å fortsette. Så ønsker vi å få samisk inn i skolen, men så langt har ikkje interessen vore stor nok. No håper vi at det at ein samisk organisasjon held landsmøtet hos oss vil ha ringvirkningar med at vi blir synliggjort i distriktet, at fleire blir klar over oss og at fleire samar her vil reise hovudet og ta opp arven.

Dei siste gammene

At samar budde i torvgammer, er noko vi gjerne forbinder med gamal til, i alle fall tida før krigen. Og i Finnmark og Nord-Troms sørga tyskarane si brenning og etterkrigstida si gjenreising for at dei siste gammene forsvann. Men til markebygdene på Senja kom det verken brenning eller gjenreising, og her finn vi trulig dei siste plassane der folk hadde gammer som heilårsbustad. I Gahpirvaggi eller Kaperdalen på Senja finn vi to slike plassar, som blei rydda rundt århundreskiftet. Nikolai Kaperdal blei fødd her og budde her fram til 1964. Før han døydde i 1986 ga han gammene sine til Sør-Senja bygdemuseum, som restaurerte dei og gjorde dei til Samemuseet i Kaperdalen.

_________________________________________________________________________________

Dette er ein av tolv artiklar i serien "Streiftog i Sápmi" som gikk i Klassekampen hausten 1990. Her finn du alle artiklane:
1 Samisk språk mot undergangen?
2 Kola-samane teier ikkje lenger Murmansk/Lujávri
3 Folket som blei kasteballar over grensene Sevettijä;rvi
4 Men austsamane var ikkje daude Neiden
5 Den einaste samiske høgskolen Guovdageaidnu
6 Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Tromsø
7 Senja - ei øy i Sápmi Senja
8 Lulesamisk framtid Tysfjord
9 Samisk språklov - også for sørsamar? Snåsa
10 Wallenberg mot reindriftsamane Jemtland
11 Skogbruk mot samerett Jokkmokk
12 Firespråklig familie i trespråklig bygd Soppero

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
T
il startsida

sveilund@online.no