Artikkelserie i Klassekampen hausten 1990

SÁPMI - 5

I serien frå Sameland har vi no kome til Guovdageaidnu (Kautokeino), der vi besøker den samiske høgskolen. Vi prata med nokre av studentane like før skolen slutta i vår, og med rektor seinare på sommaren.

Den einaste samiske høgskolen

Sámi Allaskuvla, Samisk høgskole i Guovdageaidnu er ikkje bare den einaste samiske høgskolen som finnes, det er og den mest samiske skolen som fins. Det er einaste skolen i heile Sápmi der ein ikkje kan bli fast tilsett utan å kunne samisk.

Av Svein Lund, Guovdageaidnu

Mens grunnskolar og vidaregåande skolar i samiske område i beste fall er to-språklige, er Sámi Allaskuvla den første skolen der alt går konsekvent på samisk. Vi besøkte skolen for å høre kva for erfaringar dei har gjort etter eit års drift og kva for planar dei har framover.

Frå norsk til samisk skole

Heidi Guttorm frå Lismajohka i Deatnu (Tana) har vore gjennom tre grader av overgangen frå norsk til samisk lærarutdanning:

- Eg gikk første året i Alta i 1984-85. Vi var 3-4 samiske studentar som gikk i norske klassar, og vi hadde heller ikkje samisk som fag. Etter tre år kom eg tilbake og tok 2. året i fjor. Da var det eiga samisk avdeling i Alta, men i nokre fag måtte vi følge dei andre. Vi hadde undervisning på samisk i samisk språk og historie, men på norsk i pedagogikk. Studentane kravde å få duodji (samisk husflid) i staden for forming, og det fikk vi. Så blei samiskavdelinga i Alta flytta og gjort til del av den samiske høgskolen. Det var eit stort framsteg, sjølv om vi og i år har hatt pedagogikkundervisninga på norsk. Her går vi i eit samisk sosialt miljø, mens i Alta drukna vi blant dei norske studentane. Vi får all informasjon på samisk, og det at vi kan ha kontakt med administrasjonen på samisk er med å heve statusen til det samiske språket.

Alle skilt på den samiske høgskolen er bare på samisk. Her står det når biblioteket er åpent. Heidi Guttorm er ein av dei første studentane som har gått ut av Sámi Allaskuvla. Inger Biret Vasara Hammare var siste året einaste student frå svensk side. Utdanninga for samar i Sverige er enno dårligare enn i Norge, seier ho.

Norske lærebøker

- Men sjølv om vi no har førelesningane på samisk i dei aller fleste fag, og skriv oppgåver og eksamenar på samisk, er det verre med lærebøker. Der er det nesten bare norsk. Eit anna problem er at vi som er oppvokst med norsk skole ikkje har lært fagbegrepa på samisk. For eksempel i matematikk er det dei norske orda vi kan, dei samiske må vi pugge som om det var eit framandspråk. Ein samisk høgskole er grunnlaget for å kunne skape ein meir samisk grunnskole. At det no er mogleg å ta høgare utdanning på samisk betyr svært mye for statusen til språket. Det kan ha ringverknadar så langt som at fleire foreldre veljer å snakke samisk til ungane. I dag tenker mange foreldre at ungane likevel må ta mesteparten av utdanninga på norsk, ein kan like godt lære dei norsk med ein gong.

- Vil du seie at dokker no får ei utdanning som er på nivå med det norske lærarstudentar får?

- I hovudsak gjør vi det. Det er eit høgt nivå på lærarane og undervisninga. Men eg er litt bekymra for grunnlaget til ein del av studentane. For å komme inn på norsk lærarskole må ein ha gymnas, mens for å få fleire samiske lærarar har ein satt igang eit forkurs på 1 1/2 år. Dette kan bidra til å senke nivået på samiske lærarar. Det er enno ein del som manglar på eit gjennomført samisk innhald i faga. I naturfag får vi bare eit kort kurs av ein lærar frå Alta. Det går på norsk, og vi får ikkje inn dei samiske namna og begrepa som vi skulle kunne for å undervise i det. Eit anna svakt område er musikk. Der har vi og bare eit kort kurs, og inga undervisning i samisk musikk.

Norsk eller nordisk?

Sámi Allaskuvla er ein del av det norske skolesystemet, underlagt Høgskolestyret i Finnmark. Men sidan det ikkje fins noko tilsvarande på svensk eller finsk side, er det stor interesse for skolen der. I år har det vore ein elev frå svensk og fire frå finsk side. Inger Biret Vasara Hammare kjem frå Kuttanen på svensk side av Tornedalen, og går 2.klasse. Det første året har ho tatt som desentralisert lærarutdanning under Alta.

- Skoletilbodet for samar er bedre i Norge enn i Sverige, seier ho. På lærarskolen i Luleå har dei vore nøydd å kjempe for å få samisk som fag.

Studentar frå Sámi Allaskuvla får godkjent utdanninga si i Sverige, sjølv om skolesystemet der er ganske forskjellig, f.eks er svensk lærarutdanning no fire-årig. Grunnskolen for samar er og ganske særeigen. Det fins eigne sameskolar, men mange samiske ungar går i den vanlige svenske skolen. Det har heller ikkje samme status å jobbe i sameskolen, og mange samiske lærarar søker seg heller til den svenske skolen, fortel Inger Biret. Det er stor mangel på samiske lærarar, ved sameskolen i Garasavvon (Karesuando) har som regel fleirtalet av lærarane mangla lærarutdanning.

- Da kan vi vel vente stor tilstrøyming til Guovdageaidnu?

- Eg veit ikkje det. Når eg kjem heim og dei spør ka eg gjør, seier mange: - Samisk høgskole - kan ein lære noko der da? Det heng enno igjen hos mange at samisk ikkje er brukbart til høgare utdanning.

Frå Finland til nabobygda

Det er ikkje mange studentar i høgskolar i Norge som ein etter eit år ikkje kan intervjue på norsk, men som likevel kan følge den vanlige undervisninga. Tre av dei er Merja Nilluka frå Vuovdaguoika, Inker-Anne Magga frå Heahtta og Pirjo Lansman frå Gáregasnjárga (Karegasniemi). Likevel kan ein knapt kalle dei innvandrarar. Når vi spør kvifor dei søkte seg til Guovdageaidnu, svarar dei:

- Fordi det var den næraste lærarskolen.

Bygdene dei kjem frå ligg frå 8 til 17 mil frå Guovdageaidnu, til den næraste finske lærarskolen, i Roavvenjárga (Rovaniemi) er det minst tre gonger lenger. I tillegg har det sjølvsagt mye å seie å kunne få undervisninga på samisk.

- I Roavvenjárga kan ein få utdanning i samisk, men ikkje på samisk.

- Men ka med lærebøkene, undrar vi. Dei andre studentane har jo akkurat fortalt at dei fleste lærebøkene er på norsk.

- Det er det største problemet vi har her. Vi forstår litt norsk, men lærebøkene blir for vanskelige. Men etter kvart har vi fått tak i bøker på finsk som dekker omtrent det samme.

Dei tre jentene går alle på 1.året. Andre året skal studentane frå norsk side ha norsk som fag, men dei får lese finsk istaden. Lærarpraksisen som hører med til utdanninga får dei og ta på finsk side, og utdanninga deira blir godkjent for å undervise i Finland.

- Det er ein del forskjellar i skolesystemet, som gjør at vi ikkje har samme bakgrunn i faga. Vi har lært ting som ein ikkje lærer i vidaregåande skole i Norge, og omvendt.

Mangelen på samisktalande lærarar er ikkje mindre på finsk enn på norsk og svensk side. Alle tre har jobba som lærarar og undervist i og på samisk før dei byrja på lærarskolen, Pirjo i heile seks år.

Dristige planar

Først etter at skoleåret var avslutta og studentane dratt heim, hadde nokon frå administrasjonen tid å snakke med oss. Da fikk vi til gjengjeld ein lang prat med rektor Jan Henry Keskitalo om skolen sine planar for framtida.

Rektor har ingen problem med å godta kritikken frå studentane at det enno manglar ein del på at skolen er gjennomført samisk.

- Vi var nøydd å ta ein ting av gangen. Men ein del ting er alt i ferd med å bli retta opp. Dei som starta i år får og pedagogikkundervisninga på samisk. Det vil komme tilbod om samisk musikk. Men når det gjeld naturfag ser vi inga løysing dei næraste åra. Det fins bl.a. ikkje ein haldbar terminologi. På mange område er det nødvendig med faglig utviklingsarbeid før vi kan gi eit godt tilbod.

Eit resultat av fornorskingspolitikken som har vore er at det i mange fag fins få samisktalande med høgare utdanning. Dette gjør det svært vanskelig å finne kvalifiserte lærarar. Keskitalo fortel av det i Norge fins fire samisktalande som har hovudfag i pedagogikk, noko ein skal ha for å undervise i høgskolen i dette viktige faget. I samisk språk fins det ikkje meir enn omlag ti som har hovudfag, i Norge, Sverige og Finland tilsaman.

- For å skaffe oss lærarar, må vi bruke stipendiatstillingar, vi har no to som studerer samisk hovudfag med stipend frå oss.

Fire av lærarane på Sámi Allaskuvla tar pause på kantina. F.v.: Piera Jernsletten (samisk), Helge Almås (kristendom), Jon Todal (norsk) og Jan Henry Keskitalo (rektor) Da Sámi Allaskuvla (i bakgrunnen litt til høgre i biletet) overtok bygningane etter Luftforsvaret fikk Guovdageaidnu istadenfor eit framandelement midt i bygda eit senter for styrking av samisk språk og kultur.

Eit nettverk

Sámi allaskuvla er ikkje bare ein institusjon, men og eit begrep i eit nettverk. For mange fagområde er det ikkje i dag mogleg å bygge opp ei fullstendig fagutdanning på samisk. Til det er både studenttalet for lågt, og det manglar kvalifiserte samisktalande lærarar. Dette forsøker den samiske høgskolen å løyse ved at studentar følger deler av den vanlige undervisninga ved dei forskjellige høgskolane, mens Sámi Allaskuvla sørgar for undervisning i samisk språk, kultur og samfunnsforhold. Eit slikt samarbeid er aktuelt med sosialarbeidarutdanninga ved Finnmark DH i Alta, og med vernepleiarutdanninga i Harstad. Dei har mye fellesfag med førskolelærarutdanninga hos oss, og vil kunne ha ein del timar ilag. På same vis planlegg vi eit samarbeid med Høgskolesenterert i Nordland om utdanning av samiske journalistar.

Eit samarbeid er alt igang om utdanning av lærarar til luleªsamisk og sørsamisk språkområde. Bodø lærerskole har ansvaret for lulesamisk og Levanger for sørsamisk. Dei har ein lærarstilling kvar, og tilbyr 1/2-årsenhet i samisk. Opplegget blir laga i samarbeid mellom disse skolane, høgskolen i Guovdageaidnu og Samisk Utdanningsråd. - Eg trur dette blir den formen vi blir å satse på framover, seier Keskitalo. Fordi det er så få aktuelle studentar ser eg det ikkje som aktuelt å lage ei eiga fullstendig lærarutdanning på sørsamisk eller på lulesamisk. Dialektane er så forskjellige at dei ikkje utan vidare forstår nordsamisk. Vi må og innsjå at fornorskinga har komme så langt i desse områda at dei aller fleste aktuelle studentar no snakkar langt bedre norsk enn sitt eige språk.

Lærebøker

- I dag har dokker nesten bare norske lærebøker. Det kan vel ikkje fortsette?

- Nei, vi må satse hardt på å utvikle fleire lærebøker på samisk for skolar på alle nivå. For ikkje å snakke om lule-samisk og sørsamisk. Læreboksituasjonen der tør eg nesten ikkje tenke på. Men for høgskolen ser eg det ikkje som realistisk at alle fag skal ha lærebøker på samisk. Vi kan ikkje vere så snevre at alt absolutt skal vere heimelaga. Vi bør sjå på ka som utviklas internasjonalt, på høgskolenivå forventas det at studentane skal kunne tileigne seg faglitteratur på engelsk og.

Reindrift og kunst

Når Keskitalo legg ut om alle planane og ideane dei har om nye tilbod er det så vi himlar med auga og lurar på om dette er alvor. Men det er jo bare snakk om å ta igjen litt av det forsømte, minke litt på avstanden mellom det norske og samiske utdanningstilbodet.

Frå neste haust vil trulig studietilbodet i duodji bli utvida til mellomfagsnivå, et par år seinare kan det og bli tilbod om hovudfag. Dei har alt fått godkjenning for faglærarutdanning i duodji, men dette må vente til det er fleire elevar som fyller opptakskrava; studiekompetanse + grunnkurs duodji. I tillegg arbeidas det med ei spesiell faglærerutdanning med kombinasjonen samisk språk, litteratur, musikk og duodji.

- Vi har blitt bede om å utreie høgare reindriftsutdanning, og i samarbeid med høgskolen i Alta vil vi satse på ei utdanning i økonomi/administrasjon tilknytta primærnæringane. Så må vi utvikle EDB-utdanning tilpassa til samisk språk. Neste haust startar vi språkstudier for offentlig tilsette. Dette er eit heilt nytt tilbod i samband med samisk språklov. Etter kvart vil vi og lage eigne kurs for tolkar og oversettarar.

Det har lenge vore eit ønske om eiga samisk kunstutdanning, og Sámiid Daiddačehpiid Searvi (Samisk kunstnerforening) har jobba for å få ein kunstskole i Karasjohka. Sámi Allaskuvla har no overtatt planlegginga av denne i forståing med SDS, og vil tilsette ein planleggar for å jobbe bare med dette i 5 månader Målet er å kunne starte opp om to år, men kor skolen skal ligge er enno ikkje avklara.

Sverige negativ

- Vi har eit godt samarbeid med finske skolar og styresmakter, og studieprogrammet vårt er godkjent av den finske undervisningsministeren. Derfor kan vi og etterkvart gi studentar frå finsk side eit bra tilbod. Frå Sverige er det derimot verre. Vi har bede dei svenske undervisningsstyresmaktene om samarbeid, men ikkje høyrt eit pip frå dei. Målet vårt er å utvikle Sámi Allaskuvla til ein nordisk samisk vitskapelig høgskole i samarbeid med Nordisk Samisk Institutt. Det føreset eit nordisk samarbeid, da krevas det først ei meir positiv haldning frå svensk side.

_________________________________________________________________________________

Dette er ein av tolv artiklar i serien "Streiftog i Sápmi" som gikk i Klassekampen hausten 1990. Her finn du alle artiklane:
1 Samisk språk mot undergangen?
2 Kola-samane teier ikkje lenger Murmansk/Lujávri
3 Folket som blei kasteballar over grensene Sevettijärvi
4 Men austsamane var ikkje daude Neiden
5 Den einaste samiske høgskolen Guovdageaidnu
6 Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Tromsø
7 Senja - ei øy i Sá;pmi Senja
8 Lulesamisk framtid Tysfjord
9 Samisk språklov - også for sørsamar? Snåsa
10 Wallenberg mot reindriftsamane Jemtland
11 Skogbruk mot samerett Jokkmokk
12 Firespråklig familie i trespråklig bygd Soppero

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
T
il startsida

sveilund@online.no