Fotoalbum - Svein Lund og Basia Głowacka

Kolonihagar i Gdansk - 4

Dette skreiv vi i 2003:
Her er nokre bilete frå nokre av dei uoffisielle hagane, dei som brukarane ikkje har noko papir på, og bare brukar så lenge ikkje eigaren av området har andre planar med jorda. For eit par år sidan blei nokre av hagane her kraftig redusert da Mc Donalds bygde enno eit tempel for junkfood og amerikansk ukultur. No har eigaren avertert heile området til sals, så for resten av hagane er framtida høgst usikker. Men framleis kan vi plukke rips og solbær og kirsebær og plommer og epler og poteter og bønner og jordbær og litt til.

Dette er lagt til 17.05.2007:
Men freden varte bare til mai 2007. Da var heile området solgt til ein privat eigedomsspekulant som vi ikkje eingong veit namnet på. Men han satte igang rasering av heile området, satte inn eit arbeidslag på 5-6 mann som hogde ned praktisk talt alt av trær og busker, reiv ned gjerde og brant store bål i ei veke, som spreidde giftig røyk over heile området. I skrivande stund (17.05.07) er gjerdet til hagen vår reve ned, og dei har byrja å hogge ned frukttrea. Vi har protestert både hit og dit, men raserarane har tydelig full støtte hos styresmaktene. Dei (nest) nederste bileta her viser litt av raseringa.

23.05. hogde dei ned ned fruktrea våre trass i alle protestar. Vi har dermed ingen ting igjen, men to nabohagar, som hadde barrikadert seg med planke og piggtråd, framleis held stand. Vi held fram å protestere, bl.a. ved å henge ut bygningsfirmaet, som heiter Invest Komfort. Dei må ha stor korrupsjonskraft, for kommunen støttar dei og ingen media vil ta opp saka.

I denne hagen har Morda gravd i over 10 år, og Basia enno lenger. Her grev Morda etter stein i potetåkeren, mens Basia ordnar med komposthaugen. Midt på biletet er eit valnøtt-tre, førebels utan nøtter (Det ga nøtter frå året etter.) Ei av Morda sine kjæraste aktivitetar er å grave etter stein i hagen. Når ho finn ein, gjør ho til vi tar han frå ho, og kastar han utafor gjerdet. Her er Morda utafor gjerdet på leiting etter steinen sin.
Våren 2003 fann vi denne vene blomen, som vi måtte ta bilete av før vi tok han med heim - men etterpå kom det fleire. Og av og til kjem det opp slike sjeldne tulipaner.
Etter at nabohagen hadde stått urørt og bare grodd til i 3-4 år, tok vi og "adopterte" han i 2003 Først måtte vi skjære vekk ein masse gras Men etter kvart fann vi fram til ein masse gode bær
Hagen vår ligg ikkje akkurat på den beste matjorda - så når det blir tørt kan jorda bli hard som betong. Men nokre vekster klarer likevel å kjempe seg fram I mai 2007 blei alt av skog og kratt rasert heilt inn til gjerdet vårt, og no ventar vi bare på at dei og går til åtak på hagen. På trass sådde vi erter.
16. mai kom så det vi frykta. Da vi kom hit på ettermiddagen hadde dei reve ned gjerdet rundt heile hagen. Og hogd ned det lille kirsebærtreet vårt Epletreet som sto i nabohagen vitnar om kva som ventar epletreet, det store kirsebærtreet, plommetrea valnøttreet og alle bærbuskene våre.
23. mai kom så dommedag. Da hogde dei ned valnøttreet vårt og her er alt som er igjen. Dette var eit epletre - til bandittane gikk laus med motorsag. Og her ser ein det som ein gong var hagen vår - ingen ting har fått stå, anna enn eit par jordbærplanter og nokre spirer til erteplanter.

Og her sluttar historia om hagen vår - men vi har ikkje tenkt å la verken Invest Komfort eller kommunen få fred....


Andre bilete frå albumet:

POLEN
Gdansk - 1 - Nærområdet vårt
Gdansk - 2 - Natur og miljø
Gdansk - 3 - Sentrum og rundt i byen
Gdansk - 4 - Kasjubia
Gdansk - 5 - Żukowo
Hagar i Gdansk - 1

FINNMARK
Guovdageaidnu - 1 - Sentrum / Márkan
Guovdageaidnu - 2 - Vår kant av bygda
Guovdageaidnu - 3 - Utmarka / Meahcci
Hammerfest
Hasvik
Porsanger

TELEMARK
Skien

Til startsida

sveilund@online.no