Ugras

Denne vevstaden består av ugras -

Hilskkut - sámegillii

Weeds - in English

Chwasty - po polsku

Svein Lund - foto

Redaktør og forfattar på denne vevstaden, på skitur i Guovdageaidnu i -20C

Hei, kjente og ukjente lesarar!

På denne nettstaden finn du det eg har kalla for "ugras" – ulydige vekster eller skrifter, med synspunkta mine på forskjellige samfunnsspørsmål og særlig til forsvar av biologisk, kulturelt og språklig mangfald. Mange års uhelbredelig skrivekløe har ført til ein del skrifter. Ein stor del av det finn du under emna i menyen til venstre.

Eg har og lagt ut litt bilete frå nokre av stadane eg har budd og reist.

Eg vaks opp i Skien i Telemark, seinare har eg budd og arbeida mest i Finnmark, i første rekke Hammerfest og Guovdageaidnu, også litt i Porsanger og Hasvik

I 30 år har eg årlig vore kortare eller lengre tid i Gdańsk i Polen, noko som i stor grad skuldast vevmeisteren bak desse sidene. Det har blitt mange reiser mellom Polen og Finnmark ot ei av dei kan du sjå bilde frå her: 10 land på 6 veker

Eg har bl.a. jobba som mekanikar i fiskeindustrien og som lærar; mest i vidaregåande skole, litt i høgskole og grunnskole. I snart to tiår har eg vore lausarbeidar og forsøkt å leve av å skrive Innimellom har eg studert på så mangt og engasjert meg i forskjellige aktivitetar med von om å bidra til å gjøre verda litt betre. Dei siste åra har eg i første rekke engasjert meg i Naturvernforbundet og i arbeidet for å få oppretta eit natursenter i Guovdageaidnu

Under her ser du litt om nokre av dei største prosjekta mine.

"Samisk skole eller Norsk Standard?"

I 2003 ga eg ut denne boka på forlaget Davvi Girji. Boka er ei samanfatting av skolehistoria i Noreg gjennom tidene, og behandlar den nasjonale norske og den samiske skolehistoria parallelt.
Saman med den historiske framstillinga tar boka opp til drøfting viktige pedagogiske prinsipp for norsk og samisk skoleutvikling.

Du kan bestille boka frå forlaget.
Boka er også tilgjengelig på internett. Du kan laste henne ned i pdf-format: på norsk og på samisk

Bokmeldingar

Samisk skolehistorie

Samisk skolehistorie 1 - forside Samisk skolehistorie 2 - forside Samisk skolehistorie 3 - forside Samisk skolehistorie 4 - forside Samisk skolehistorie 5 - forside Samisk skolehistorie 6 - forside
Eg er hovudredaktør for ein bokserie og internettutgåve, der bl.a. tidligare lærarar, elevar, foreldre, internatarbeidarar og skolepolitikarar fortel sin versjon av historia.
Bind 1 kom i 2005, bind 2 i 2007, bind 3 i 2009, bind 4 i 2010, bind 5 i 2011 og bind 6 i 2013.

Jernarbeid i samisk tradisjon

Denne boka kom ut i 2009. Her finn du internettutgåve på norsk og på samisk.

Gull, gråstein og grums

Her finn du internettutgåva av:
Bind 1 – Omstridde gruver (2015)
Tilleggsmateriale til bind 1
Bind 2 – Med lov skal land øydast (2016)
Bind 3 – Ei velsigning for landet? (2017)
Det skal komme fleire bøker i serien etter kvart.


Skriv brev Skriv til meg