Søkelys på reindrifta - del 5

Nytilsett reindriftssjef: - Færre folk gir ikkje færre rein

Reindriftsadministrasjonen har frå starten i 1978 fram til i vår vore leia av arbeiderpartipolitikeren Ole K. Sara, ein mann som alltid har stått trufast på regjeringa si side i reindriftspolitikken som i alle andre spørsmål. Men frå 1. april blei han avløst av Jon Aarseth Meløy. Han er oppvokst i Kárášjohka og har dei siste åra vore rektor ved Samisk videregående skole og reindriftsskole i Guovdageaidnu. Han kjenner reindrifta godt gjennom at svigerfamilien driver med rein og han har tidligare arbeida ved reindriftskontoret i Kárášjohka. Meløy har tidligare markert seg som kritisk innstilt til mye av reindriftspolitikken.

- Øvre reintal blei fastsatt for Finnmark i 1984 og 1987. Sidan har det skjedd ei kraftig nedbeiting. Kan vi vente at det snart kjem nye tal som tar omsyn til dette?

- Det er no igang ein prosess for å få fram nye tall, vi vil sjekke både satelittdata over beiteområda og slaktevekter. I løpet av eit halvt års reknar vi med å kunne legge fram nye tal over ka vi meiner er forsvarlig. Det har vore mye synsing, og eg vil vere varsam med å seie konkrete tal i dag, men eg vil tru desse ti år gamle tala er for høge i dag. Det er vinterbeite og høstbeite som er minimumsfaktoren.

400 rein

- Korleis stiller reindriftsadministrasjonen seg til å sette eit øvre reintal pr. driftseining?

- Dette er eit reint politisk spørsmål. Vi kan bare uttale oss om det faglige grunnlaget. Det er reindriftsstyret og ikkje administrasjonen som skal avgjøre det. Konklusjonen på forhandlingane med NRL er at ein ikkje skal sette noko øvre reintal. Dersom øvre reintall skal ha ein varig verknad må ein samtidig begrense muligheten for å auke reintalet for dei som har under denne grensa.

- Har ein gjort berekningar av verknadane for reintalet. Kor langt ned må ein gå for at det skal monne?

- Ei grense på 600 rein vil ikkje ha stor verknad, eit tal på 400 vil derimot ha stor verknad.

- Nokre reinbeitedistrikt har i dag langt større reintal enn det lovlige. Ka kan dokker gjøre for at regelverket blir etterlevd her?

- Det er eit vanskelig spørsmål. Vi må innrømme at vi i dag ikkje har midler for å sørge for at det blir etterlevd. I nokre distrikt er det så mange driftseiningar at ei nedskjæring blir eit spørsmål om fordeling av fattigdom. Det er og nokre saker som ventar på rettslig avklaring, f.eks. reinbeitedistrikt 40, Bæskades

- Forslag til ny distriktsinndeling er no sendt til høring og grundig behandling. Men samtidig har ein gjennom statsfinansiert gjerdebygging i praksis gjennomført mye av denne distriktsinndelinga. Vil ikkje det seie at dei virkelige vedtaka blir gjort av NRL/ LD, mens folkevalde organ ikkje kan gjøre anna enn å strø sand på?

- Det er litt sterkt sagt, utan gjerde vil ein ikkje klare seg i dagens reindrift. Sjølve distriktsinndelinga har relativt lite med gjerdebygginga å gjøre. Også blant dei som står bak gjerdebygginga er mange skeptiske til forslaget til ny distriktsinndeling. Distriktsinndelinga har no vore på høring og vil bli behandla av områdestyret og reindriftsstyret. Vi må bare konstantere at reineiere ikkje har vore med i utarbeidinga av forslaget, dette kan vere ein svakheit.

Fleire gjerde?

- Vil gjerdebygginga fortsette? Kor mye gjerder er vedtatt å bygge, og er det planar om meir enn det som no er godkjent?

- Også i framtida vere behov for ulike typer arbeidsgjerde. Men for større skillegjerde er det for tida ikkje fleire planar. Dei gjerda som er vedtatt er i ferd med å bli reist, den siste løyvinga til dette er i år. For framtida bør ein konsentrere gjerdebygginga til barmarksbeite. Og ein bør vurdere om ikkje ein del av dei gjerda som står kan rivas.

- I Min Áigi 25.2.94 seier du at det og trengs omstilling innafor reindrifta, og at om denne lukkast treng kanskje ikkje så mange å avvikle. Har det skjedd noko i retning av ei slik omstilling?

- Det skjer muligens ei politisk omlegging der ein legg større vekt på andre inntekter, bl.a. har reindriftsavtalen no fått ein eigen protokoll om dette. Ein byrjar igjen å sjå vidare på reindrifta enn bare produksjon av kjøtt og skinn, i hovedsak gjeld det direkte reindriftstilknytta tiltak som vidareutvikling av produkt frå rein, duodji og turisme. Her legg ein spesielt vekt på arbeidsplassar for kvinner.

- Ka vil reindriftsadministrasjonen gjøre for å legge forholda til rette for at fleire kan bli i reindrifta?

- Det er svært avgrensa ka vi kan gjøre. Vi er i første rekke satt til å forvalte reindriftsavtalen.

Aner vi ein liten underliggande kritikk av dei politiske vilkåra dei er satt til å forvalte? Vi finn det best å la spørsmålet ligge og pendlar over på skolen og den jobben Meløy har drive med dei siste åra.

Dårlig utdanningstilbod

- Utdanning er eit hovudsatsingsområde i omstillingsprogrammet. Ka slags rolle har Samisk videregående skole og reindriftsskole spilt her? tilbod har skolen gitt til dei som vil bli i reindrifta? Ka slags tilbod har ein søkt om, ka er avslått og ka er innvilga?

- Først og framst har vi dei siste åra bygd ut 3-årig reindriftsutdanning og tilbod som gir studiekompetanse. Når det gjeld vaksenopplæring har vi i for liten grad vore på banen. Skolen har vore i ein oppbyggingsfase, vi har ikkje vore flinke nok til å marknadsføre oss. Men eit anna spørsmål er om det er skolane sitt ansvar å finne opp kurs, vi saknar initiativ frå reindrifta og næringslivet ellers. Det er og eit problem at Arbeidskontoret ikkje vil gi støtte til dei som ikkje er heilt ute av yrkeslivet. Her er omstillingsprogrammet og ganske firkanta. Ein har ikkje klart å definere målgruppene for utdanningstilboda, og samarbeidet har ikkje fungert godt mellom omstillingsstyret, arbeidskontoret, reindrifta og skoleverket.

- Du seier i intervjuet i Min Áigi at det er bra om reineigarar sjølv kan drive vidareforedling av kjøtt. Omstillingsprogrammet åtvarar derimot mot heimeprodusentar fordi dette kan gå ut over kvaliteten.

- Eg ikkje bekymra for at det ikkje er hygienisk. Eg ser positivt på at reineigarar startar småbedriftar med vidareforedling, vi har fleire gode eksempel på dette.

- Vil ein slik produksjon kunne komme i strid medEØS-avtalen?

- Det veit eg ikkje nok om. Det ville i såfall vore sterkt i strid med samisk tradisjon.

- Forgjengaren din, Ole K. Sara har sagt at målet med omstillingsprogrammet for Indre Finnmark er å redusere antallet driftseininger. Er du enig i dette?

- Innafor nokre distrikt er det openbart overfullt for å oppnå akseptabel inntekt. Men etter mitt syn har omstillingsprogrammet for einsidig fokusert på dette. Det at det blir færre driftseininger treng ikkje bety at det blir færre rein.

Ingen samisk administrasjon

- Reindriftsadministrasjonen ligg i Alta, ein kommune der det bur svært få reindriftssamar og der det samiske språket og står svakt. Ville det ikkje vere naturligare å legge denne i Kárášjohka eller Guovdageaidnu?

- Det blei bestemt den gang i 1978 og mye har jo endra seg sidan den gang. Dei siste åra har tendensen vore at samiske institusjonar blir plassert i samiske område. Og reindrifta ein jo klart ein samisk næring. Flytting har førebels ikkje vore oppe til diskusjon, men eg vil ikkje sjå bort frå at det kan bli aktuelt i framtida.

- Men er Reindriftsadministrasjonen ein samisk institusjon?

- Forvaltninga kan knapt kallas samisk i dag. Det vil sjølvsagt hjelpe om ein får Sametinget sterkare inn.

Tabell 1
Område tilskot pr driftseining
Polmak - Varanger 53900
Karasjok 14700
Vest-Finnmark 15400
Troms 13800
Nordland 29400

Tabell 2
a. Alle over 57 år 60-85 driftseiningar 30-35000 dyr
b. Alle < 200 dyr 194 driftseiningar 39000 dyr
c. Alle > 1050 dyr 54 driftseiningar 55000 dyr
d. Gjennomsnittlig utval av driftseininger 120 driftseiningar 27500 dyr

_____________________________________________________________

Dette er del fem i ein serie på fem artiklar om reindrift. Vil du lese dei andre?

Søkelys på reindrifta 1 Samisk næring - norsk styring 

Søkelys på reindrifta 2 Overbeite 

Søkelys på reindrifta 3 Mislukka omstilling 

Søkelys på reindrifta 4 Kem skal styre reindrifta? 

Søkelys på reindrifta 5 Skepsis til distriktsinndeling

 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no