Søkelys på reindrifta - del 2. Modernisering og overbeite

Det er vel kjent at det er for mye rein på Finnmarksvidda og at reintallet må reduseras drastisk. Men det ikkje alle veit er at overbeitinga er eit resultat av styresmaktene sin politikk og at dei same styresmaktene no blånektar å vere med på tiltak som kan løyse problemet.

Av Svein Lund, Guovdageaidnu

Om vi går tilbake til 1950-60 talet var reindrifta ei heilt anna enn den vi ser i dag. I heile Finnmark var det 54000 rein i 1950, noko naturen godt kunne tole. Flytting og anna transport foregikk med kjørerein. I den største reindriftskommunen, Guovdageaidnu, var det framleis vanlig at heile familien flytta med reinen, ein budde i telt (lávvu eller bealjegoahti) eller i tømmerhytter. I Aust-Finnmark var det blitt meir vanlig at reindriftsfamiliane hadde fast vinterbustad. Fram til 60-talet måtte skoleungane frå reindrifta bu på internat, men skolesesongen for flyttsameungane varte bare frå november til april, slik at ungane fikk med seg både vår- og haustflytting og deltok mesteparten av året i reindrifta.

Frå familienæring til mannsnæring

I løpet av eit tiår kjem så staten inn med fleire tiltak som skal føre til store endringar i reindriftssamane sitt liv. Først blir skoletida utvida, både i veker pr. år og i antall år. Mens ungane tidligare fikk med seg alle flyttingane og bare var borte frå reindrifta halve året ii 7 år, blei dei no tvangsinternert i ni år og mye av den gamle overføringa av kunnskap i familien forsvann. Så sett styresmaktene inn "Boligaksjonen for Indre Finnmark" som hadde som mål å gi reindriftssamane moderne hus og busette dei i meir sentrale område ved veg. Dette var blitt mogleg på grunn av ei teknisk nyvinning som kom for fullt frå midten av 60-talet, snøskuteren. Med skuter kunne ein på kort tid kjøre milevis mellom heimen og reinflokken og dermed trong ikkje heile familien vere med på fjellet. Ungane kunne i stor grad flytte heim frå internatet. Sjølve reingjetinga blei i stor grad mannsarbeid, og både ugifte og gifte kvinner kunne etterkvart ta seg lønna arbeid på heil eller deltid.

I denne tida var det ein kraftig auke i kvinnene sin yrkesaktivitet over heile landet, men knapt nokon stad så raskt som i reindriftsmiljøet. I Guovdageaidnu kommune blei talet på kvinner i lønna arbeid 6-dobla frå 1960 til 1990! Unge jenter såg at dei måtte finne seg ei framtid utafor reindrifta og byrja å søke vidaregåande skolar. For gutane var det framleis plass i reindrifta og skolen var stort sett bare til bry. I tida 1965-70 skaffa dei aller fleste reineigarar seg skuter og det finansierte dei gjerne ved å slakte litt ekstra. Dette gjorde saman med katastrofeåret for vinterbeitet i 1968 at reintalet gikk ned og det var i 1975 lågare enn ti år tidligare. Likevel var grunnlaget lagt for den auken som skulle komme; skuteren hadde gjort drifta meir rasjonell, det trengtes mindre arbeidskraft i gjetinga, og det at familiane byrja å få meir inntekter frå andre kjelder gjorde at ein ikkje trong å slakte like mye rein som før, det blei mogleg å bygge opp flokken.

Frå naturalhushald til pengeøkonomi

For reindrifta som for jordbruket var 60-70-åra tida da rettleiingstenesta blei bygd ut samtidig som pengeøkonomien for alvor gjorde sitt inntog. Staten såg det som eit mål å avvikle kombinasjonsdrifta og satse på eineyrke, anten det var reindrift, jordbruk eller fiske. Det auka behovet for pengeinntekter og for investeringar. Reindriftsagronomane gjorde sitt inntog i lappefogdstillingane og dei skulle vere med å bygge opp den moderne reindrifta; med moderne hjelpemiddel, større flokkar og større kjøttproduksjon. For første gong byrja reindriftssamar å ta opp lån, da renta seinare auka var det mange som bittert fikk merke at det ikkje var bare å betale tilbake.

Reindrifta sin næringsorganisasjon, Norske Reindriftssamers Landsforbund, som var stifta i 1948, var no vokst seg til ein maktfaktor og frå 1976 fikk dei ein næringsavtale for reindrifta etter mønster av jordbruksavtalen. Avtalen ga tilskot til fellestiltak og driftstilskot til den einskilde reineigar, og ettersom NRL var dominert av dei største reineigarane klarte dei å sørge for at det var dei største som hadde mest å hente ut av avtalen. No kunne særlig dei største reineigarane auke flokkane sine, og det gjorde dei til gagns.

Meir maskinar, meir rein

Reindriftsavtalen hadde som uttalt målsetting å effektivisere og mekanisere næringa, og mekanisert blei ho. Frå ein skuter pr. familie auka det snart til ein pr. mannsperson eller meir og på 80-talet kom barmarkskjøretøy inn for fullt, med både to- og firehjulssyklar som snart blei allemannseige. Mekaniseringa saman med avskaffinga av verde-forholdet auka behovet for kontante pengar, ein måtte ha større flokk for å berge seg. Tilskot frå kvinnene sitt lønnsarbeid og støtta over reindriftsavtalen gjorde det mogleg å bygge opp flokkane samtidig som ein investerte i mekanisering. Mekaniseringa gjorde det og lettare å gjete ein stor flokk utan å leige hjelp. Nokre av dei største reineigarane skaffa seg og helikopter eller småfly. Resultatet kunne ikkje bli anna enn kraftig auke i reinbestanden. Vi fikk ein ny form for reindrift som på mange vis braut med gamle samiske tradisjonar. Den intensive utnyttinga av reinen på mange vis både i live og som slakt blei erstatta av einsidig kjøttproduksjon. Samtidig gikk dei gamle kombinasjonsnæringane tilbake, dei hadde ingen verdi i reindriftsavtalen. Dermed måtte kvar familie og ha fleire rein for å greie seg.

Mykje skal ha meir

Reindriftsavtalen har det til felles med fiskeri- og jordbruksavtalane at den største støtta har gått til dei som trong det minst. Dei direkte tilskota til driftseiningane er direkte proporsjonale både med reintalet pr. driftseining og med inntekta. Denne statistikken syner kordan disse tilskota fordelte seg på reindriftsområda i 1993:

¤¤ tabell 1¤¤

Det er knapt tilfeldig at NRL sin mektige leiar Odd Erling Smuk kjem frå det første området. Mekaniseringa førte til kraftig auka utgifter; i 1987 utgjorde kommunikasjons- og transportteknologi 62% av driftskostnadane. Alarm! Frå dei aller første reindriftslovgivinga på 1800-talet har det vore snakk om at det i nokre område er for mye rein og at antallet må reguleras. I 1962 sa dåverande landbruksminister Wøhni i ein stortingsdebatt at Finnmark ikkje har beite til større reinbestand enn den som var der da. Likevel blei talet meir enn dobla etter dette før styresmaktene byrja å gjøre noko for å snu utviklinga. Mot slutten av 80-talet byrja forskarar og naturvernarar å rope alarm; det høge reintalet på Finnmarksvidda var i ferd med å beite ned naturen. Tidligare hadde overbeite vore eit problem i einskilde sommarbeiteområde på kysten, men no var og dei store fellesbeiteområda på Finnmarksvidda truga, både vinterbeita og særlig haustbeita. Reintalet i Finnmark hadde auka frå 54000 i 1950 til 189000 i 1985. Og auken i reintalet skreiv seg i hovudsak frå at dei som hadde mest rein auka mest. I løpet av 35 år auka folketalet i reindrifta med 38%, mens talet på rein auka med 227%.

Reindriftsavtalen skuldig

Ein rapport frå eit utval under Reindriftsadministrasjonen i 1987 seier i klartekst at staten sin politikk og reindriftsavtalen har bidratt til dette: "..har antall store bruk/ driftsenheter økt i perioden. Mens det i 1976 bare var 7.4% av driftsenhetene som var på mer enn 500 rein, var prosenten steget til 25 i 1985. Reindriftsavtalens økonomiske virkninger har nok bidratt til den relative forskyvning som har skjedd." Rapporten fortel at 33% av driftseiningane eig 62% av reinen. Mens produktiviteten har auka mye i sør, har han gått ned i nord og her er det naudsynt med ein reduksjon av reintalet for ikkje å overbelaste naturen. Det blei foreslått tiltak for å redusere reintalet, slik som høgaste reintal pr. distrikt og driftseining, slaktekrav og begrensing av mekaniseringa. Ein i utvalet reserverte seg mot disse tiltaka og la fram eiga innstilling, der han bl.a. gikk inn for omfattande gjerdebygging på haustbeita. Dette var Johan Mathis Turi som da var nestleiar i NRL. I praksis er det mindretalsinnstillinga hans som er gjennomført.

I 1990 kom NIBR-rapporten "Mot et bærekraftig samfunn i Indre Finnmark". I mellomtida hadde reintalet fortsatt å auke, og i 1989 var det over 200000. "Samtidig har forurensing og ulike arealinngrep redusert naturgrunnlaget og forverret driftsforholdene", seier rapporten. Forskningsstiftelsen FORUT i Tromsø gjennomførte i 1989-90 registrering av reinbeitene i Guovdageaidnu og Káráójohka ved hjelp av satelittbilete og konkluderte: - lavbeitene i høst- og vårdistriktene er heilt nedslitte - lavbeitene i vinterdistriktene er sterkt redusert og i store områder utbeitet - produksjonen på lavbeitene er som følge av stort beitepress sterkt redusert, det er brukt av "lavkapitalen" - beitepresset har medført erosjonsskader spesielt på vindeksponerte partier og i tilknytning til sperregjerder.

Auka reintal og reduserte beite førte til auka konfliktar innad i reindrifta, med reintjuveri gjennom tjuvslakting og ommerking og nokre gonger valdsbruk mellom reineigarar. Å auke reintalet blei ikkje bare spørsmål om å auke eigen formue og inntekt, det blei naudsynt for å forsvare tradisjonelt beiteområde mot inntrenging frå andre flokkar.

Men det var ikkje lett å få gjennomslag for påstandane om overbeite. Begge reindriftsorganisajonane nekta lenge at det var noko problem. Når styresmaktene for å regulere reintallet innførte offentlig reintelling var det mange reineigarar som nekta telling av sine dyr. Det er ei utbreidd oppfatning at det virkelige reintalet til alle tider har vore atskillig høgare enn det som har vore oppgitt i offisielle statistikkar. Staten sine inngrep og styring med reindrifta har, for å seie det mildt, ikkje alltid bygd på ei grundig forståing av samisk kultur og tenkemåte. Når staten samtidig har stått for fornorskingspolitikk og inngrep i reinbeiteområde, er det forståelig at tilliten til reindriftsadministrasjonen ikkje var på topp. Når reindriftadministrasjonen så krev offentlig telling og reduksjon av reintalet blir dette av mange reineigarar oppfatta som eit nytt angrep på reindrifta og samisk sjølvråderett. Lettare blei det ikkje å løyse motsetningane av at nokre naturvernarar sa at reindrifta har sjølv skulda, og kan ikkje reineigarane løyse dette, nå heile reindrifta leggas ned for å berge naturen. Etterkvart har dei aller fleste blitt nøydd å innrømme at reintalet er for høgt, men derimot har ein ikkje klart å bli samde om kordan reintalet skal reduseras.

I mai 1993 blei det på ny slått alarm. Da offentliggjorde utreiingsselskapet Bajos i Guovdageaidnu ein rapport som seier at beiteområda no var så nedslitte at reintalet raskt må ned frå 100000 til 20000 dyr i Vest-Finnmark. Ein slik reduksjon vil vere så katastrofal for reindriftsbefolkninga at knapt nokon har tort å ta denne rapporten heilt på alvor.

Auka press på naturen

I vurdering av beiteforholda blir det brukt forskjellige bereknings- og målemetodar som ofte gir svært motstridande resultat: objektive målingar som eks. flyfotografering, tradisjonelt reindriftsfaglig skjønn og gjennomsnittsvekt på rein. Dette kan fortelle i ka for retning det går, men det er vanskelig å gi absolutte objektive tal. Samtidig med aukinga i reintalet har presset på naturen auka gjennom forureining og gjennom anna bruk av beiteområda, som kraftutbygging, militære skyte- og øvingsfelt, hyttebygging, turisme, jakt med hund, gruvedrift og vegbygging. Disse inngrepa har ført til tapt beiteområde og i tillegg at reinen blir uroa og at fare for samanblanding aukar med innsnevring av flytteleier. Dette har ikkje bare gått ut over naturen, men og over reinen sjølv. Slaktevekta talar sitt tydelige språk. Denne er gått kraftig ned, og er langt lågare i Guovdageaidnu og Káráójohka enn i andre delar av landet.

Gjerde - løysing eller problem?

I forsøk på å løyse problema med samanblanding av rein og nedsliting av naturen pga. mekaniseringa har NRL gått i spissen for ei storstilt bygging av skillegjerde. I 1990 starta reineigarar eit eige aksjeselskap Boazoáiddit, med planar om 40 mil reingjerde nord for Guovdageaidnu. Seinare har planane blitt utvida. Planen fikk dei gjennom i departementet i full fart og starta gjerdebygging før nokon fikk sukk for seg. Men etterkvart har det kome mange innvendingar mot gjerdebygginga. Reinen blir gåande att og fram langs gjerdet slik at vegetasjonen blir tråkka ned, ryper og anna vilt blir drept i gjerdene og mange fryktar at gjerdebygginga er byrjinga til ei privatisering av vidda.

Inntekt og levestandard i reindrifta.

Kor mye har så reindriftssamar i disponibel inntekt? Både blant samar og nordmenn snakkas det mye om dei søkkrike reineigarane, men dei har aldri vore meir enn eit lite mindretal. Det er svært vanskelig å berekne og samanlikne med f.eks. ein industriarbeidar i ein by som er avhengig av lønnsinntekt for alt ho forbrukar og har alle inntekter frå ei og same bedrift. Likevel er det klart at mange reindriftssamar har svært lite å rutte med. Dei fleste som no avviklar reindrifta gjør det fordi det er økonomisk umogleg å leve av drifta. Statistikkane syner tall som er heilt utrulige: I nokre kommunar er gjennomsnittlig nettoinntekt nede på 32500 kr. pr. driftseining (Káráójohka). Dei aller fleste reindriftssamar er avhengig av andre inntekter enn dei som kjem av sjølve reindrifta. Duodji gir produkt for eige bruk og inntekter frå sal, anten det er til turistar etter vegane eller direkte til folk lokalt. Det meste av dette kjem ikkje med på statistikken. I fleire og fleire tilfeller har særlig kvinnene i reindriftsfamiliar lønna arbeid, som ofte er hovudinntekta til familien. Reindriftsavtalen har ikkje bidratt til å jamne ut inntektene, snarare tvert om. For å få tilskott over reindriftsavtalen må ein minimum slakte 1000 kg kjøtt, noko slett ikkje alle klarer å leve opp til. Dei største produksjonstilskota går derimot til dei områda der reindrifta går best økonomisk.

For mye folk?

Allereie midt på 70-talet hadde styresmaktene byrja å snakke om at det var for mange folk i reindrifta og gjennom Aksjonsplanen for Indre Finnmark blei det gitt eit økonomisk tilbod til dei som frivillig ville avvikle drifta. Omlag samtidig blei det høve til å søke om førtidspensjonering for reineigarar over 62 år som avvikla. Svært få nytta seg av dette, trulig var det ikkje meir enn omlag 10 reineigarar som avvikla drifta som resultat av disse ordningane.

Fløttenutvalet

Sist på 80-talet blei det klart at noko drastisk måtte gjøras for å redusere reintalet. I 1989 skreiv reindriftssjef Ole K. Sara i eit notat til Finnmark fylkeskommune at talet på driftseiningar må halveras og 500-750 reindriftssamar må ut av næringa. Fylkeskommunen svarte med å opprette ei arbeidsgruppe, der fylket, staten, Sametinget, kommunane og reindriftsorganisasjonane vere med. Denne blei kjent som "Fløttenutvalget" etter leiaren Erling Fløtten, fylkesordførar i Finnmark. Dei kom med innstilling i desember 1991, med ei rekke forslag til endringar både innafor og utafor reindrifta. Med dette hadde fylkeskommunen klart det kunststykket å samle leiarane for begge reindriftsorganisasjonane og Sametinget med på ein felles politikk og forplikte dei på denne. Dei foreslo ei rekke tiltak til å sikre produktiviteten og lønnsomheita i næringa, som haustslakt, feltslakt og inndeling av fellesdistrikta. Her var forslag til å verne naturen, som forbod mot motorkjøretøy på barmark utafor visse trasear. Og ikkje minst forslag til kordan få reindriftssamar ut av næringa: førtidspensjon, overgangslønn, næringsutvikling og utbygging av kurs- og skoletilbod.

Hovudbodskapen var at talet på reineigarar måtte reduseras, ein nemner tal på 414 i Guovdageaidnu og 163 i Káráójohka. Føresetnaden er at ein bygger på dåverande øvre reintal som ikkje betyr nokon reduksjon. Målet var altså ikkje først og framst å redusere reintalet, men å redusere talet på reindriftssamar. Dei som blir igjen skal kunne leve av reindrifta åleine. Innstillinga nemner at det i Finnmark i motsetning til andre fylke ikkje er fastsatt øvre reintal pr. driftseining, men går ikkje inn for å sette eit slikt tak. Det er kanskje ikkje så rart at reindriftaorganisasjonane var med på dette. Dei var begge leia av store reineigarar som gjerne såg dei små dreve ut av næringa.

Fløttenutvalet møtte ein del reaksjonar i samiske aviser, men fikk tilsynelatande støtte frå alt som var av politiske parti og næringsorganisasjonar. Eit unnatak var Finnmark RV som i eit avisinnlegg kravde: "Ingen ut av reindriftsnæringa!"

Omstillingsprogrammet

På grunnlag av Fløttenutvalet si innstilling la regjeringa i Stortingsmelding 28-91/92 fram eit omstillingsprogram for Indre Finnmark. Først sette KAD ned eit interimstyre for perioden september 1992 til juli 1993, dette blei erstatta av eit programstyre som skal sitte ut oppstillingsperioden, til 1997. Begge styra har vore leia av DNA-politikar og EU-tilhengar Evy-Ann Midttun, fylkesråd, frå hausten trulig fylkesordførar. Med seg fikk ho fylkesarbeidssjefen, departementsbyråkratar, kommunepolitikarar og reindriftsrepresentantar. Programmet omfattar kommunane Guovdageaidnu, Káráójohka, Deatnu og Porsanger, med særlig vekt på dei to første. Unjárga (Nesseby) kommune deltok på dei første møtene, men vedtok seinare å ikkje delta i omstillingsprogrammet. Det blei tilsett eit sekretariat på fire personar under leiing av Kari Meløy, tidligare fylkespolitikar for SV. Ho sit i fylkesadministrasjonen i Vadsø, mens resten av sekretariatet er i Guovdageaidnu.

Sametinget var i starten svært skeptisk og ville ikkje delta i omstillingsstyret, da dei meinte dei sjølv fikk for lite innverknad både på reindriftspolitikken og omstillinga. Seinare har dei likevel gått med i styret, og det diskuteras no om Sametinget skal overtaa ansvaret for resten av omstillinga. Den tidligare leiinga i NRL var derimot svært positiv til omstillinga. -Omstilling er det beste som finst, sa dåverande NRL-leiar Odd Erling Smuk til den samiske avisa Áóóu 2.6.94. - Det er NRL som har fått igang omstillingsordninga. ... Sjølv om vi ikkje hadde mulighet til å delta i styret, så har vi hatt svært stor påvirkningsmulighet. ... Eg forstår ikkje korfor alle klager på ho. Likevel ville NRL ikkje vere med i omstillingsstyret, noko dei grunnga med at dei skal arbeide for dei som er i reindrifta, ikkje for dei som sluttar. Først i haust gikk nyvald NRL-leiar, John Henrik Eira inn i omstillingsstyret som observatør. Men han har samtidig uttrykt seg atskillig meir skeptisk til omstillinga enn forgjengaren. - Omstilling er avvikling av samiskhet, sa han ein gong like etter omstillingsprogrammet starta.

Visjon for omstillingsprogrammet er formulert i St.meld.28: ".. styrke og utvide næringsgrunnlaget i de samiske bosettingsområdene på generell basis, og for å utvide det materielle grunnlaget for den samiske kulturen generelt." Dei tre satsingsområda er næringsutvikling, utdanning / kompetanseheving og levekårstiltak. Omstilllingsstyret fordeler ikkje sjølv pengar til disse formåla, det gjør forskjellige offentlige organ: Næringsutviklingsprogrammet administras av utbyggingsetaten i Finnmark fylkeskommune og næringskontora i dei aktuelle kommunane.Utdannings- og kompetanseheving styras gjennom SUFUR (Samordningsrådet for Finnmark Utdanningsregion). Levekårstiltak vil i praksis seie omstillingslønn, som betalas av trygdekontoret etter at søknaden først har vore gjennom det lokale reindriftskontoret og arbeidskontoret.

Kordan redusere reintalet? Dersom målet er å redusere reintalet, kan det gjøras på fleire måtar. I Rammeplan for omstillingsarbeidet er det gjort 4 berekningseksempel:

¤¤ Tabell 2 ¤¤

I denne oversikten er det to opplagte faktafeil. Ein har rekna at driftseiningar med under 200 dyr alle har akkurat 200 og at einingar med over1050 alle har akkurat 1050. Ein gir dermed inntrykk av at ein ved å fjerne dei minste einingane får ein større reduksjon enn det som er tilfelle. Samtidig gir ein inntrykk av at å fjerne dei største vil gi mindre effekt enn det virkelig vil. Vi kan grovt anslå at dei under 200 gjennomsnittlig har 130 og dei over 1050 gjennomsnittlig har 1500. Det vil seie at effekten av å fjerne dei små ikkje blir 39000, men 25220, mens effekten av å fjerne dei store ikkje blir 55000, men 81000 dyr. Det ser jo greitt ut at å ha 4 alternativ. Men alle går på å fjerne heile driftseiningar, ikkje å redusere reinflokkane gjennom tak på kor mange rein ei driftseining kan ha, eller gjennom biinntekter og meir intensiv drift å redusere behovet for så stor flokk.

I Omstillingsprogrammet si årsmelding 1993 kjem dette synet tydelig fram: "I rammeplanen er det antydet at reduksjonene av antall rein bør være i størrelsesorden 30-40000 dyr for å få til en bærekraftig reindrift. Denne avviklingen skal skje gjennom en ordning der de som frivillig avvikler sin reindrift kan få omstillingslønn i 5 år. " Her slipp ein virkelig katta ut av sekken. Her er det bare ein metode som er aktuell; full avvikling. Denne skal da skje "frivillig". Kor frivillig vil det bli når ein ikkje får alternativ og presset frå dei store reineigarane skal fortsette for fullt?

Omstillingsprogrammet sin første lov synas å vere: Problemet er at det er for mye folk, først når dei har kutta alle band med reindrifta kan vi byrje å gjøre noko for dei. Dette kjem bl.a. fram gjennom at søknadar om AMO-kurs som skulle gi utdanning til reindriftssamar og bønder i arbeid har blitt avslått. Alternativet med øvre reintal synas ikkje å eksistere i det heile, trass i at dette gjentatte gonger har vore reist innafor Sametinget, Stortinget og Reindriftsadministrasjonen. Kem har gitt Omstillingsstyret instruks om å sjå bort frå dette alternativet?

I samband med reindriftsavtalen 1994/95 utarbeida reindriftsadministrasjonen ei analyse av virkninga av øvre reintal på 400 og 600 dyr. Etter denne ville eit absolutt tak på 400 dyr gi ein reduksjon på 33000 dyr, mens 600 dyr ville gi 17000. Dette føresett at dei driftseiningane som har mindre ikkje får høve til å auke. Landbrukskomiteen har derimot gått inn for ein modell med såkalla modifisert øvre reintal, der dei som har over ei viss grense må redusere med 25%. Resultatet vil i såfall ikkje bli meir enn 9000 dyr i reduksjon. I Stortinget har H og FrP gått prinsipielt i mot ein kvar form for tvungen reduksjon.

________________________________________________________________________

Dette er del fire i ein serie på fem artiklar om reindrift, som sto i Klassekampen august-oktober 1995.

Vil du lese dei andre?

Søkelys på reindrifta 1 Samisk næring - norsk styring 

Søkelys på reindrifta 2 Overbeite 

Søkelys på reindrifta 3 Mislukka omstilling 

Søkelys på reindrifta 4 Kem skal styre reindrifta? 

Søkelys på reindrifta 5 Skepsis til distriktsinndeling

 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no