Artikkelserie i Klassekampen 1995

Søkelys på reindrifta

(Felles boks til første artikkel)

Omstillingsprogrammet for reindrifta i Finnmark som blei satt igang for 3 år sidan har ikkje ført til monaleg reduksjon i reintalet. Nedbeitinga og øydelegginga av vidda held derfor fram for fullt. Styresmaktene held handa si over dei rikaste reineigarane og nektar å innføre eit tak for kor mange rein ein familie kan ha. Det blir meir og meir klart at målet med omstillingsprogrammet ikkje er å berge Finnmarksvidda, men å presse dei mindre reineigarane ut av reindrifta. Resultatet er store sosiale problem. Fleire og fleire stiller no spørsmålsteikn ved heile omstillinga.

Reindrifta står for mange som sjølve symbolet på det samiske. Storsamfunnet sine fornorskarar, reindriftssamane sine organisasjonar og turistnæringa har funne kvarandre i å sette likheitsteikn mellom reindrifta og det samiske. Mot dette har kystsamar, bysamar og fastbuande innlandssamar slått fast at reindrifta bare er ein liten del av samisk kultur og næringsliv. Kanskje 5% av samane lever av reindrift og kanskje 5% av dei som lever av reindrift i verda er er samar. Likevel har reindrifta ein sentral plass i å ta vare på gamal samisk kultur i form av klede, språk og naturkunnskap. Samisk jordbruk og fiske blei lagt ned eller endra etter mønster av det tilsvarande norske. Utmarksnæringar har blitt utdefinerte som næringar og sett på som hobbyverksemd eller turisme. Men reindrifta har bestått som ei samisk næring. Eller har ho det? Trass i alle inngrep mot reindrifta og trass i all modernisering, var det for 5-6 år sidan fleire tamrein og fleire reindriftssamar i Noreg enn nokon gong før i historia. No er målet at både talet på rein og talet på reindriftssamar skal skjæras kraftig ned. Men ka blir følgene?

I ein serie på fem artiklar vil Klassekampen sette søkelyset på utviklinga av reindrifta og dei endringane som no skjer, i første rekke uttrykt gjennom forslaget til ny reindriftslov, forslag til ny distriktsinndeling og ikkje minst omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Sjølv om det drivas samisk reindrift heile vegen frå Sør-Varanger til Engerdal i Hedmark, vil vi her legge hovudvekta på Finnmark, fylket som har 3/4 av all tamrein i Norge og som i dag har dei alvorligaste problema, både for reineigarane og naturen.

I denne første artikkelen ser vi på kordan den norske staten gjennom tidene har grepe inn i reindrifta, først for å halde reindrifta nede til fordel for andre næringar og seinare for å omdanne reindrifta frå samisk tradisjonsberar til moderne kjøttproduksjon.

Seinare skal vi sjå på dei enorme endringane i reindrifta frå 60-talet og verknadane av modernisering og auka reintal. Vi ser på nokre av rapportane og utreiingane som er skreve sidan det blei slått alarm om overbeiting. Vi ser på den politiske kampen om kem som skal styre reindrifta, og kem som skal betale for å rette opp skadane, på verknadane av dei politiske vedtaka og omstillingsprogrammet så langt for reindriftsnæringa. Til slutt ser vi på stoda for dei som går ut av reindrifta, på ka for tilbod som fins for dei, og på dei sosiale og kulturelle verknadane av at mange blir pressa ut av reindrifta.

1. Samisk næring - norsk styring

Av Svein Lund, Guovdageaidnu

I tusener av år har menneska rundt Arktis utnytta dei millionar av villrein som har heldt til frå Noreg i vest og over Sibir til Nord-Amerika og Grønland. I Nord-Amerika er det framleis villreinjakta som er dominerande, mens det på det nordlige eur-asiatiske kontinentet er tamreindrift. Det var urbefolkningane i dette området, samar, komi, nenets, jakutar, evenkar, tsjukotkarar og andre som først temte villreinen og utnytta denne til kjøredyr, kløvdyr og lokkerein ved villreinfangst. Samane har holdt tamrein så langt tilbake som vi har historiske kjelder, i alle fall frå 800-talet. Reinen ble i hovudsak brukt til transport og til lokkerein ved villreinfangsten. Villreinen var hovudkjelden for mat og for skinn til klede, skattebetaling og handel. Skattepresset førte til at både villrein og anna vilt blei kraftig redusert og på 15-1600- talet blei nomadisk reindrift som hovudnæring vanlig.

Samisk næring - samisk styring

Frå førhistorisk tid har samane organisert seg i siidaar eller samebyar. I ein siida kunne det vere 10-20 familiar. Eit råd der kvar familie var representert styrte med fordeling av jakt- og fiskeressursar, virka som intern domstol og forhandla med nabosiidaane. Frå austsamisk område der det gamle siidasystemet overlevde lengst, veit vi at det og var ei organisering på høgare nivå, der fleire siidaar hadde felles styringsorgan. Ressursane blei rekna som felles eigedom, men siidarådet kunne fordele bruken mellom familiane. Nokre oppgåver var knytta til den einskilde familien, mens andre, som villreinfangsten, ofte kravde eit samarbeid i heile siidaen. Tamreinen blei rekna som privateigedom og kvar familie eller person hadde eige reinmerke.

Da reindrift utvikla seg som hovudnæring, oppsto eit heilt anna mønster i ressursutnyttinga. Lange flyttingar mellom vinter- og sommarbeite sprengte dei gamle siida-grensene og siidaane gikk i oppløysing. Ordet siida byrja no å få ei ny tyding i reindrifta; det blei brukt om ei gruppe på nokre familiar som har reinane sine i ein flokk og som seg imellom fordeler arbeidet med denne flokken. Til flokken er det gjerne og knytta visse beiteområde og flyttevegar.

Den indre organiseringa av reindrifta blei lenge ordna bare av reindriftssamane sjølve, men det tok ikkje lang til før statane rundt byrja å blande seg inn i grensene for kor reindriftssamane fikk lov å ha reinen på beite, og i forholdet mellom reindrift og andre næringar. Allereie på 1600-talet veit vi at det dansk-norske rettsvesenet behandla spørsmål om konfliktar mellom reindriftssamar og bønder i Alta-området. Særlig på svensk side oppmuntra staten ikkje-samiske bønder til kolonisering av samisk område. På den tida var det ikkje trukke klare grenser mellom statane på Nordkalotten; Danmark-Norge, Sverige-Finland og Russland. Mange reindriftssamar flytta etter årstidene mellom innflytelsesområdet til fleire statar og område som fleire statar gjorde krav på.

Grenser gjennom Sameland

Først da grensa blei trukke opp i 1751 blei reindrifta sine rettar og plikter slått fast i lov. Det skjedde ved den såkalla lappekodisillen, eit tillegg til grensetraktaten. Lappekodisillen slår fast at sjølv om ei grense blir trukke tvers gjennom reindriftssamane sitt bruksområde, så har dei framleis rett til å flytte som før. Dei har rett til å utnytte beiteområde, ta trevirke, fiske og jakte også i den staten der dei ikkje er statsborgarar.

Statane på Nordkalotten hindra ikkje reindriftssamane sine flyttingar før grensa blei trukke mellom Norge og Russland i 1826. Denne grensa blei stengt for flytting med rein, og samane i grenseområdet måtte velge side. Samane i Pasvik blei russiske statsborgarar og mista beite på norsk side, mens Neiden-samane blei norske statsborgarar og mista beiteområde på finsk (russisk) side. Da Lappekodisillen blei vedtatt i 1751 var Finland del av Sverige og kodisillen gjaldt derfor og for grensa mellom Norge og noverande Finland. Men da Finland i 1809 blei underlagt Russland, ville dei ikkje anerkjenne Lappekodisillen. I 1852 stengte Russland grensa, etter at norske (svenske) styresmakter først hadde nekta finske samar å halde fram det tradisjonelle sesongfisket sitt i Varangerfjorden. Norske/svenske styresmakter har derfor like stor skyld som finske/russiske for at grensa blei stengt. Stenginga førte til store problem for reindrifta i Finnmark. 50000 rein mista vinterbeite på finsk side, 15000 rein frå finsk side mista sommarbeite på norsk side. Talet på både rein og reineigarar i Finnmark gikk kraftig ned. I Guovdageaidnu-området var det mange som søkte vinterbeite i Sverige. Heile 35% av reindriftsbefolkninga i Guovdageaidnu blei svenske statsborgarar. Andre ga opp reindrifta og slo seg ned på kysten. Problema etter grensestenginga var med å provosere fram Guovdageaidnu- opprøret i 1852.

Heile reindriftsnæringa måtte omorganiseras fordi det no var blitt knapt om vinterbeite og naudsynt å verne dette mot beiting og nedtråkking på sommaren. I 1854 kom lov om regulering av reindrifta i Finnmark. Fylket blei inndelt i tre reinbeitedistrikt og det blei satt datoar for når det ikkje var tillatt å ha rein på vinterbeiteområdet. Gjeteplikt blei innført med høve til å dømme reineigarar til erstatning dersom dei ikkje gjeta reinen. Det blei og forbod mot å ha rein på vinterbeite i anna distrikt/sokn enn det ein sjølv tilhørte. Dette førte til at mange som budde på kysten og dreiv med rein frå no blei å tilhøre inlandskommunane. Det beite- og flyttemønsteret som blei etablert i løpet av 1850-åra har seinare i hovudsak holdt seg opp til i dag.

Felleslappeloven

1800-talet var ei tid for kolonisering av samiske område, gjennom jordbruk og nokre stader gruvedrift. Styresmaktene i Sverige og Norge var ikkje nøgde med Lappekodisillen som bare slo fast reindriftsssamane sine rettar. Dei ønska ein lovheimel for å kunne styre reindrifta slik at ho ikkje var til hinder for å bruke beiteområda til andre føremål. Det fikk dei med den såkalla Felleslappeloven, "Lov angaaende lapperne i kongerikene Norge og Sverige av 2.6.1883". Loven ga rett til å innskrenke reindrifta til fordel for jordbruket, og ga reineigarane plikt til å opplyse til staten kor mange rein dei hadde og ka for beiteområde dei brukte. Loven ga heimel for oppretting av distrikt med vald leiar som sto ansvarlig overfor styresmaktene. Denne loven fikk mindre betydning i Finnmark enn resten av landet fordi det her allereie var gjennomført ei regulering og fordi Finnmark var unntatt frå delar av loven.

Særlov for Finnmark

Finnmark blei behandla for seg sjølv i lovverket sidan reindrifta her hadde ei anna rolle enn lenger sør. Frå sørsamiske område til Troms var det først og fremst forholdet mellom reindrifta og jordbruket som trong regulering, i Finnmark i første rekke intern regulering innafor reindrifta. "Den Finmarkske Fjeldfin-kommission av 1875" kom med forslag til reglar for merking, skilling og høgaste reintal for forskjellige beiteområde. Dei konkluderte med at det i Finnmark vil vere sommarbeite for 65000 dyr, mens reintalet før sperringa i 1852 hadde vore oppe i 100000. Kommisjonen gikk inn for bygging av gjerde over nessa på kysten for å holde reinen samla på sommerbeite så lenge som råd og dermed spare vinterbeitene som var blitt kraftig redusert av grensesperringa. Bare ein liten del av denne gjerdebygginga blei satt ut i livet, dei fleste av dei planlagte gjerda blei først bygd på 1950-talet. Kommisjonen ville ha inndeling av sommarbeitet i distrikt, noko som blei gjennomført frå 1892. I 1888 kom "Lov om forskjellige forhold vedkommende fjellfinner i Finnmarks amt". Men distriktsinndelinga var svært uklar og denne blei derfor opphav til mange konfliktar.

Sosialdarwinismen

På slutten av 1800-talet var fornorskingspolitikken på offensiven. Meir enn nokon gong var staten sin politikk klart uttalt å utrydde samisk språk og kultur. Reindrifta blei sett på som ei primitiv og mindreverdig næring i forhold til "norske" næringar som jordbruk og gruvedrift. Det ideologiske grunnlaget for denne politikken var sosialdarwinismen, som framstilte den kvite, europeiske sivilisasjonen som den høgaste og hevda at andre folkeslag har ein mindreverdig kultur som må vike. Denne tida fell saman med toppen i den europeiske koloniseringa av Asia og Afrika, og rasismen var offisiell ideologi i alle kolonimakter. I Norge blei undervisning i og på samisk og kvænsk forbode i skolen, og jordsalsloven av 1902 sa at jord bare måtte selgas til dei som talte og skreiv norsk og brukte norsk språk til daglig.

Unionsoppløysinga sto for døra, og frå norsk side ønska ein samtidig å stenge grensa for flytting med rein. I 1897 blei det utnemnd ein reinlovskommisjon der reindrifta sjølv ikkje var representert, det var derimot jordbruksinteressene. Innstillinga av 1904 avslører kommisjonen sitt syn på reindrifta: "Bør Flyttlappernes Næringsvei saaledes fremdeles nyde Lovgivingens Beskyttelse, maa det imidlertid af Loven bestemmes, hvor og hvorledes den kan tillates drevet." Reindrifta hadde altså ikkje nokon rett utover det som den norske staten allernådigast ga dei. Dette låg og til grunn da den første landsomfattende reindriftslov blei vedtatt i 1933. Denne loven ga detaljerte bestemmelser om nesten alle sider ved reindrifta, meir detaljert enn lovane før og etter. Reinbeiteområdet blei delt inn i reinsogn og disse igjen i reinbeitedistrikt.

"Innordnet under samfunnsgagnet"

Reindriftslovane som blei gitt på slutten av førre hundreåret og i første halvdel av dette, var i første rekke lovar mot reindrifta, for å sikre at reindrifta i minst mogleg grad var til hinder for anna næringsverksemd i reinbeiteområda. Men da nogjeldande reindriftslov kom i 1978 hadde det skjedd ei haldningsendring overfor både reindrifta og samisk kultur. Målet var ikkje lenger å avskaffe reindrifta, men å gjøre denne til ei moderne og lønnsam næring. Likevel var det ei utbreidd haldning at storsamfunnet sine interesser var overordna, slik landbruksdepartementet sa i det første forslaget til §1: "Lovens primære formål er utnytting av reindriftssressursene til beste for dem som har reindrift som yrke, men innordnet under hensyn til samfunnsgagnet." Dette kom ikkje med i loven, på denne tida hadde både reindriftssamane og andre samar bygd opp landsomfattande organiasjonar som klarte å slå tilbake dei verste forslaga frå byråkratiet. I utkastet til reindriftslov blei det slått klart fast at det var staten og ikkje samane som hadde retten: "Bosetting og bosettingsforhold i gammel tid og utviklingen av reindriften og annen næringsvirksomhet fra de eldste tider i de deler av landet hvor flyttsamene har drevet med rein, er ikke i og for seg - slik enkelte hevder - noe avgjørende argument i en juridisk diskusjon om det rettslige grunnlaget for reindriften i disse områder i dag." "Det alt overveiende av de områder i Finnmark fylke som nyttes til reindrift er statseiendom. Statens eiendomsrett er av meget gammel dato og har vært alminnelig anerkjent." (Ot.prp.9-76/77) Bare 2 år etter at reindriftsloven blei vedtatt satte regjeringa ned Samerettsutvalet for å utreie om staten hadde eigedomsrett i Finnmark.

Frå kombinasjonsdrift til eineyrke

Fram til 70-talet hadde nesten halvarten av brukseiningar hatt reindrift som binæring. No blei det slått fast i loven at bare dei som hadde reindrift som hovednæring skulle ha rett til å drive. Det blei grunngitt med at det var for lite plass til alle. Dette førte til kraftig tilbakegang for tradisjonelle samiske kombinasjonsnæringar, systemet med sytingsrein blei etterkvart så godt som utrydda og det gamle gjestevennforholdet (samisk: verde) mellom reindriftssamar og fastbuande tok slutt. (Verde-systemet var eit gjensidig forhold mellom ein reindriftsfamilie og ein fastbuande familie der ein byttar varer og tjenester utan bruk av pengar. Eit vesentlig trekk i dette var at dei fastbuande familiane eigde rein i flyttsamane sin flokk.) Reindrifta skulle inn i marknadsøkonomien og alt målas i pengar. Reindrifta blei bare sett på som kjøttproduksjon. Loven innførte omgrepet "driftseining", der ein person i kvar familie blei definert som eigar av reinen. Dette var eit nytt skritt i å skyve kvinnene ut av reindrifta. Støtta over reindriftsavtalen blei frå no gitt til kvar driftseining, kvinnene blei holdt utafor og redusert til eit vedheng til mannen. Derimot kunne ofte vaksne sønner som budde heime få eiga driftseining og nokre familiar kunne derfor få fleirdobbel støtte til ein felles flokk.

Med innføringa av driftseiningsomgrepet har vi fått ein form for dobbel organisering i reindrifta, den tradisjonelle, uformelle samiske báiki (hushold) og siida (sameby) har vore grunnlaget for økonomi og arbeidsdeling, mens den formelle, "norske" organiseringa har vore driftseining og distrikt.

Frå lappefogd til reindriftsagronom

Med felleslappeloven blei det innført lappefogd-stillingar i kvart fylke. Dette var norske øvrigheitspersoner med politimyndigheit, dei hadde til oppgåve "først og fremst å forebygge konfliktar og se til at reindrifta ikke sto i vegen for jordbruksutviklinga". Over lappefogdane var det ei tid ei stilling som reindriftsinspektør. Frå 1960-talet byrja lappefogdstillingane å endre karakter. Ein tok etter kvart inn agronomar i disse stillingane som seinare blei døpt om til reindriftsagronom. Staten oppretta eit reindriftsfond til støtte for fellestiltak i reindrifta. Dette blei på papiret administrert av fylkesmennene, i praksis av lappefogdene.

Med reindriftsloven av 1978 blei det oppretta eit reindriftsstyre, oppnemnt av landbruksdepartementet. Her har regjeringane sørga for å sette inn sine mest pålitelige folk. Den første leiaren var Martin Buvik (A) stortingsmann, seinare fylkesmann. Han blei i 1988 etterfulgt av tidligare Høgre-leiar Erling Norvik som sit framleis (1995).

Reindriftsadministrasjonen i Alta blei oppretta i 1978, med Ole K. Sara som reindriftssjef. Han kom han frå ei stilling som byråsjef i Landbruksdepartementet. Sara var og fylkespolitikar for Arbeiderpartiet og har bl.a. vore leiar for fylkesskolestyret. Han satt som reindriftssjef til 1995, da han fikk ei skreddarsydd konsulentstilling i Landbruksdepartementet. Da Stortinget i 1978 vedtok å opprette ein eigen reindriftsadministrasjon, var det mange som ønska å få denne til eit reindriftsmiljø, f.eks. til Guovdageaidnu eller Kárášjohka. Likevel blei han lagt til Alta, grunngitt med at der var meir faglig miljø. Det ville vere vanskelig å trekke kvalifiserte folk til å slå seg ned midt på vidda, var argumentasjonen. Etter 17 års drift kan ein no spørre seg ka som er kome ut av dette. Av 17 tilsette ved reindriftsadministrasjonen er 1½ stilling besett med samisktalande, bare ein av dei har samisk som morsmål, og han er i halv stilling. Det skal i dag godt gjøras å oppdrive noko faglig miljø i Alta som er relevant for reindrifta. I Guovdageaidnu har ein derimot Samisk videregående skole og reindriftsskole, Samisk høgskole og Samisk Institutt, mens Kárášjohka har Sametinget og Samisk spesialbibliotek. Reindriftsadministrasjonen gir ut eit blad under namnet Reindriftsnytt, og dette er heilt og fullt skreve på norsk. I juni i år averterte Reindriftsadminisrasjonen for første gong etter konsulent i samisk språk.

Ein anna del av statens apparat for å administrere reindrifta er Reinpolitiet. Det blei oppretta først på 1950-talet og er underlagt politikammera. Under Vest-Finnmark politikammer er det 6-8 tilsette for Guovdageaidnu/Vest-Finnmark. Bare to av disse er samisktalande. Reinpolitiet er no planlagt overført til fylkesmannens miljøvernavdeling og samanslått med Fjelltjenesten. Dette har reindrifta sine representantar gått imot. Frå Lensmannskontoret i Guovdageaidnu har det kome krav om overføring av reinpolitiet dit.

Ny lov i år

Til hausten skal Stortinget behandle endringar i reindriftsloven. Men den som hadde venta seg store endringar i reindriftspolitikken må nok vente forgjeves. Her kjem inn ein del honnørord om samisk kultur og økologisk bærekraftig utvikling. Samtidig blir det slått fast at reindrifta sine rettar bygger på alders tids bruk og eksisterer uavhengig av den lovgivinga styresmaktene kjem med. Styringsorgana skal framleis vere dei samme, men Sametinget skal få oppnemne eit mindretal i reindriftsstyret og områdestyra. Styresmaktene vik framleis unna for tiltak for å begrense reintalet, det er distrikta som skal få ansvaret for at det ikkje er for mye rein i kvart distrikt. Distriktstyret skal kunne ilegge ressursavgift til reineigarar som har for mye rein. Når det gjeld retten til å eige rein er her foreslått ei ytterligare innstramming, med krav om at innehavar av driftseining skal eige 75% av reinen i flokken.

Ny distriktsinndeling

Den andre store endringa for reindrifta som er på gang er forslag til ny distriktsinndeling for Finnmark og Nord-Troms. Bruken av beiteområde har dels bygd på tradisjon og hevd, dels vore regulert ved lov. Disse to reguleringsmetodane har dels utfylt kvarandre, dels vore i strid med kvarandre. Mens sommerbeita på Finnmarkskysten er strengt regulerte med få driftseiningar i kvart distrikt, er vinterbeita på vidda fellesbeite for svært mange driftseiningar. Innafor dette skjer så ei fordeling etter tradisjon, men ingen kan med loven i handa jage ut ein siida som kjem inn på det nabosiidaen oppfattar som sitt område. Trass i ei rekke forslag om endring har distriktsinndelinga frå 1934 i hovudsak heldt seg til i dag. I Finnmark og Nord-Troms er det 36 sommarbeitedistrikt, 3 heilårsdistrikt, 8 vinterbeitedistrikt og 2 haust og/eller vårbeitedistrikt. Dette gjør at det ikkje er samanhang mellom distrikta for forskjellige årstider og dei aller fleste reineigarar er med i fleire distrikt i løpet av året. På vinterbeitet har dei einskilde siidaane som regel sine tradisjonelle område, men sidan dette ikkje er lovregulert blir den sterkaste sin rett som rår. Dei siste åra har reineigarar i Guovdageaidnu med Landbruksdepartementet si velsingning og statsstøtte starta ei gjerdebygging som i røynda deler opp haust- og vårbeitet utan at dette er slått fast i nokon lov. I Reindriftsadministrasjonens innstilling til ny distriktsinndeling seier ein rett ut: "Et utvalg nedsatt av Kautokeino Flyttsamelag la høsten 1988 fram en utredning, Beite- og arealutvalgets innstilling, som la opp til en oppdeling av felles høstbeitedistrikt. Selv om oppdelingen ikke er formelt behandlet, har reindriftsmyndighetene gitt sin tilslutning til realitetene ved at det er godkjent et større gjerdeprosjekt som har den tiltenkte effekt."

Forslaget til ny distriktsinndeling bryt tvert med prinsippa som har vore til no. Ein ønsker bare 7 distrikt for Nord-Troms og Finnmark, kvart distrikt strekker seg frå innlandet til ytst på kysten. Kvar reineigar skal bare høre til eit distrikt. Mange reineigarar må da endre beiteområde og flyttevegar. Innstillinga har møtt mye motstand, bl.a. frå landsmøtet i NRL no i juni. I Guovdageaidnu gikk kommunestyret samrøystes mot forslaget. Endelig avgjerd skal Landbruksdepartementet ta i byrjinga av 1996.

___________________________________________________________________________

Dette er del fire i ein serie på fem artiklar om reindrift, som sto i Klassekampen august-oktober 1995.

Vil du lese dei andre?

Søkelys på reindrifta 1 Samisk næring - norsk styring 

Søkelys på reindrifta 2 Overbeite 

Søkelys på reindrifta 3 Mislukka omstilling 

Søkelys på reindrifta 4 Kem skal styre reindrifta? 

Søkelys på reindrifta 5 Skepsis til distriktsinndeling

 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no