- Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark er mislykka, fordi reintalet ikkje er redusert merkbart i Finnmark. Det seier næringssjef Leif Halonen i Guovdageaidnu i eit nyhetsbrev som nylig er sendt ut av omstillingsprogrammet sjølv. Ja, Halonen går så langt som å kalle heile programmet ein fiasko. I det samme nyhetsbrevet blir det minna om at siste frist for reineigarar som vil avvikle er 1. september, dersom dei vil nyte godt av omstillingsmidler. Det er derfor på tide å sjå på ka som har blitt resultatet av programmet så langt.
Av Svein Lund
Redusert reintal?
Det offisielle talet på rein i Finnmark (vårflokk før kalving) var på det aller høgaste i 1989, vel 200000 dyr. Seinare har det gått noko tilbake og pr. 1.4.94 var det 147000. Dette er under det øvre reintal som reindriftsstyret fastsette for Vest-Finnmark i 1987 og Aust-Finnmark i 1984. Slik sett ser jo dette bra ut, men vi må ha med eit par andre fakta for å gi eit rett bilete: 1. Da øvre reintal blei fastsett hadde reindriftsadministrasjonen ut i frå ei faglig vurdering foreslått 127000, men reindriftsstyret auka det med nesten 20%. 2. Det meste av tida som har gått har reintalet vore langt over det som var tilrådd, og beitene har derfor blitt kraftig forringa i denne tida. 3. Det reelle reintalet er trulig langt over det offisielle. I lokalavisene har anonyme reineigarar stått fram og fortalt kordan dei narrar eller bestikker tellekorpsa. 4. I nokre distrikt er reintalet skyhøgd over det tillatte, som i dei sterkt nedslitte områda Kvaløya (2500 mot 1600) og Beskades (4000 mot 1700). Resultatet er at ubalansen mellom reintal og beitegrunnlag heller er forverra enn forbetra i løpet av dei siste fem åra. Og bare 12228 rein reknas av omstillingsstyret sjølv som reduksjon som følge av omstillingsprogrammet.
Avvikling
Hausten 1992 slakta dei første reineigarane ned flokken mot løfte om omstillingslønn. Eit år etter hadde dei enno ikkje sett noko til denne omstillingslønna. Omstillingsprogrammet si årsmelding for 1993 oppsummerer dette slik: "I ettertid er det riktig å si at ordningen ble annonsert og iverksatt for tidlig, før regelverk og rutiner var utarbeidet. Dette skapte i utgangspunktet mistillit til Omstillingsprogrammet." Frå starten var omstillingslønna bare 84000 kr året i inntil tre år, og vilkåra for å få denne var svært harde: avvikle driftseininga for all framtid og slakte all reinen. Ein kunne ikkje ha noko eiga inntekt utan at det blei trukke tilsvarande frå omstillingslønna. Dette kunne ikkje friste nokon, det blei bare eit skralt sikringsnett for dei som tenkte å avvikle uansett. Dei som avvikla var helst einslige / barnlause ungdommar og eldre, dei som hadde barn var redde for at ungane blei utelukka frå reindrifta for all framtid. Derfor såg ein seg nøydd å endre regelverket forskriftene slik at ungane til dei som har avvikla vil ha mulighet til å ta opp igjen driftseininga. Seinare har vilkåra og gradvis blitt betra på fleire andre punkt. Omstillingslønna blei auka til 100800 og blir gitt inntil 5 år. Frå i fjor fikk ein omstillar tjene inntil 50000 på eige arbeid noko utan at det gikk ut over omstillingslønna. Men samtidig med at omstillingsprogrammet kom, forsvann den gamle ordninga med førtidspensjonering. Når perioden på omstillingslønn på 5 år er over, står derfor bare sosialkontoret igjen. I løpet av 1992-94 hadde tilsaman 52 driftseiningar med vel 12000 rein blitt lagt ned som følge av omstillingsprogrammet. Dette er langt under dei ein hadde rekna med å oppnå, noko som kjem fram av at det i oktober 1994 sto vel 16 mill ubrukt av midlene til omstillingslønn. Få månader før siste frist for å søke omstillingslønn går ut kan ein ane ein tendens til panikk hos fylkeskommunen. I årsmelding for omstillingsprogrammet 1994 skriv fylkesrådmannen: Dersom reintallet ikke går merkbart ned, vil det kunne få alvorlige følger for programmets ettermæle. Ved sekretariatet for omstillingsprogrammet kan dei no fortelle at den siste tida har det kome inn mange søknadar om omstillingslønn, og ein reknar med at ein del fleire vil komme før fristen går ut 1. september. Samtidig diskuteras det no å forlenge fristen.
Etablering
18 av omstillarane har starta eigne bedriftar eller er i gang med etablering. Dette er for det meste småbedrifter / familiebedrifter innafor reindriftsbasert turisme og duodji.
Kor mange arbeidsplassar som har blitt skapt totalt pga. omstillingsprogrammet er vanskelig å seie. Årsaka er at pengane til næringsutvikling (omlag 30 millionar for året) disponeras dels av kommunane, dels av fylket og dels av Samisk Utviklingsfond. Dei kjem som eit tillegg til vanlige støtteordningar. Pga. omstillinga har dei fire kommunane fått unnatak frå EØS-reglane og får lov å gi støtte til større del av investeringane enn det som ellers er tillatt. Sjølv om dette har bidratt til å få igang ein del arbeidsplassar er det likevel som ein dråpe i havet, særlig i Guovdageaidnu kommune der 22,5% no er registrert som heilt eller delvis arbeidslause.
Det er og mange som er skeptisk til ein del av dei nye arbeidsplassane. Særlig er det turisme som er populært. Fleire turistar vil auke slitasjen på vidda, og ein spør om reindrifta skal bort for å gi plass til masseturismen. På eit seminar arrangert av omstillingsstyret nylig omtalte ein representant for reiselivsnæringa turistmaskinen på Nordkapp som eksempel på vellukka turistsatsing. Det er i rammeplanen klart uttalt at omstillingsprogrammet ikkje skal gi støtte til reindriftsbasert produksjon, da dette går under reindriftsavtalen. Utvikling av vidareforedling av reinkjøtt blir snarare motarbeida. Ein slår fast at reinslakteria i Finnmark driv lite vidareforedling, men framstiller småprodusentane som eit trugsmål mot kvalitetskravet.
Utdanning
Det generelle utdanningsnivået har alltid vore lågare i Finnmark enn resten av landet og lågast i Indre Finnmark, særlig Guovdageaidnu og Unjárga. Det låge utdanningsnivået har røter tilbake til ei tid da det var skralt med utdanningatilbod i Finnmark i det heile og for samar spesielt. Skolen var fornorskande og fjernt frå samisk kultur og dagligliv. Dette har påvirka skolemotivasjonen heilt opp til i dag. I den største reindriftskommunen Guovdageaidnu er det igjen stor forskjell på reindriftsfamiliar og andre, der reindrifta står for det absolutt lågaste utdanningsnivået. Samtidig er det eit klart kjønnskille der kvinner under 40-50 år har klart høgare gjennomsnittsutdanning enn menn.
SUFUR har gitt støtte både gjennom omstillingsprogrammet og utanom dette til kartlegging av utdanningsbehov og interesser, auka tilbod i vidaregåande skole, kursverksemd og utvikling av fagplanar. Ein svært stor del av dette går på generelle tilbod i vidaregåande skole, tilbod som ein har hatt lenge i andre delar av landet og som ein no nyttar seg av omstillingsmidlane til å få her og. I stor grad kan ein seie at omstillingsmidlane brukas til å spare på andre delar av statsbudsjettet. Dei aller fleste kursa har ikkje noko spesielt samisk innhald. Kursverksemda har i svært stor grad konsentrert seg om grunnskoleeksamen og studiekompetanse, anten generell studiekompetanse eller tilleggskompetansen i samisk som krevas ved Samisk Høgskole. Talet på elevar som har fått studiekompetanse har auka kraftig, særlig i Guovdageaidnu. Mange har fortsatt på høgskolar og universitet og alle som snakkar og skriv samisk og har ei høgskoleutdanning er i dag garantert arbeid. Like vellukka er det ikkje for dei mange som ikkje ønsker eller klarer ei slik einsidig teoretisk utdanning. Og for ein som har vore reindriftssame heile livet og har 7 eller 9 års dårlig skolegang er vel ikkje universitetet det som passar best. Det er stor mangel på fagfolk i mange praktiske yrke, men praktiske kurs kjem stort sett bare til planleggingsstadiet. Samisk videregående skole og reindriftsskole i Guovdageaidnu har søkt om sveisekurs, landbruksmaskinkurs, kokkekurs og vaktmesterkurs. Dei tre første er avslått, det siste er no annonsert av Arbeidsformidlinga. Samtidig er det utlyst tømrarkurs i Káráójohka.
Skarp kritikk mot omstillingsprogrammet
Etter at omstillingsprogrammet kom igang har fleire reineigarar og avviklarar åtvara andre mot å avvikle. Dei meiner omstillingslønna ikkje er til å leve av og klagar over dårlige utdanningstilbod. Dei er ikkje sikra å komme med på noko kurs, men må stille i kø. Dei har klaga og over at dei ikkje kunne jobbe og få ekstrainntekt ved sida om dei får omstillingslønn for å gå på skole. Arbeidskontoret tilrår andre foran dei som går på omstillingslønn. Søknadar blir liggande ubehandla i månadsvis. I fjor organiserte ein del av omstillarane seg i ei eiga forening.
Også representantar frå andre næringar har kritisert omstillingsprogrammet. Noko liknande ville aldri bli godtatt i jordbruket, seier Randi Karlstrøm, gen.sekr. i NBSL til FD 23.6.94.
Finnmark RVgikk våren 1993 ut i avisene og kalla omstillinga ei katastrofe. Dei kravde øvre reintall pr. arbeidsplass og støttemidler slik at ein kan klare seg med færre rein. I februar i fjor sa fylkestingsrepresentant for SV, Solveig Joks fra om ka omstillinga fører til: "Resultatet er at små reineigarar blir pressa ut. Det er øydeleggande for heile kulturen når folk sin levemåte blir omsnudd. Reindrifta blir bare kjøttproduksjon, etterkvart som næringa blir mekanisert. Dette gjør omstillingsprogrammet, og det er i seg sjølv fornorsking." Ho sa at målet om å få flest mogleg ut av reindrifta er heilt feil, og kravde øvre reintal på 600 dyr.
Fleire av medlemmane i omstillingsstyret har og kome med hard kritikk for at dei har blitt sittande som gissel for ein politikk dei ikkje er samde i. Mathis M. Sara seier hovudårsakane til problema i reindrifta er reindriftsavtalen og reindriftsloven. Dei kan ikkje gjøre noko for å betre forholda om ikkje heile reindriftspolitikken blir endra. Dei rike blir, sa han, dei unge og flinke og dei små går ut. Sametingsrepresentant Marianne Balto Henriksen seier det ikkje er noko meining i å sitte å dele ut pengar til dei som går ut av reindrifta når dei ikkje får påvirke reindriftspolitikken. I løpet av 1993 kom meldingane om store sosiale problem som følge av omstillinga. Ei rekke reineigarar blei sosialklientar og sosialkontoret så seg nøydd å søke pengar frå omstillingsprogrammet. I ein forskningsrapport for utreiingsselskapet Bajos oppsummerer Anders M. Sara i fjor: Så langt har arbeidet i omstillingsprogrammet i forhold til målsettinga kasta lite av seg.
Omstilling - bare for reindrifta?
Det er ikkje bare i reindrifta at det har forsvunne arbeidsplassar i Indre Finnmark. Særlig har Guovdageaidnu blitt hardt råka av nedlegginga av Biedjovággi gruver, der det var omlag 100 arbeidsplassar. Guovdageaidnu søkte derfor om status som omstillingskommune, men dette blei avvist av Kommunaldepartementet i 1993 med den grunngjevinga at kommunen allereie var med i omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Kommunen seier sjølv at dei treng 300 nye arbeidsplassar for å få arbeidsløysa ned på "normalt" nivå. En slik satsing må etter Regjeringens mening være bredt og generelt anlagt, og ikke være innrettet mot en spesiell nærings- eller befolkningsgruppe. Situasjonen i de samiske kjerneområdene krever økt satsing på generell basis. Samtidig er behovene i reindrift og gruvedrift særlig store og vil kreve egne punkttiltak innenfor satsingsprogrammet. Men i dag synas dette glømt og alle snakkar bare om omstillingsprogrammet for reindrifta. - Dette slit vi med, innrømmer Anne Grete Dahl Johansen ved omstillingssekretariatet. - Det er stort sett reindriftsutøvarar som tar kontakt med oss. Ho kan og fortelle at dei ikkje har oversikt over kor mye som har gått til folk frå reindrifta og kor mye som har gått til andre. Næringsutviklings- og utdanningsprogramma er opne for alle arbeidslause, det er bare omstillingslønna som er spesiell for reindrifta. Noko "eigne punkttiltak" for dei ledige frå gruvedrifta har så langt ikkje vore å sjå.
________________________________________________________________________
Dette er del fire i ein serie på fem artiklar om reindrift, som sto i Klassekampen august-oktober 1995.
Vil du lese dei andre?
Søkelys på reindrifta 1 Samisk næring - norsk styring
Søkelys på reindrifta 2 Overbeite
Søkelys på reindrifta 3 Mislukka omstilling
Søkelys på reindrifta 4 Kem skal styre reindrifta?
Søkelys på reindrifta 5 Skepsis til distriktsinndeling
______________________________________________________________________
Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida