Søkelys på reindrifta - Del 4 - Kem skal styre reindrifta?

Det er utrulig mange krefter som ønsker å styre reindrifta, ikkje minst fordi reindrifta er brukar av praktisk talt heile Sápmi og omlag 40% av Noregs flateinnhald. I første artikkel i denne serien synte vi kordan staten har styrt reindrifta. I kampen om styringa i samiske område står reinbeiteområda og reindrifta sentralt. Det er stor misnøye med styring frå Oslo og jordsalgskontoret i Vadsø. Men her står langt i frå noko samla samisk befolkning klar til å overta. Staten møter utfordringar frå to hald; dei som vil ha samla samisk styring gjennom Sametinget, og dei som vil ha styringsretten isolert til reindrifta som næring.

Av Svein Lund

NRL

Den første utfordraren til staten si makt var reindriftssamane sin eigen organisasjon, NRL - Norske Reindriftssamers Landsforening. Frå starten i 1948 har NRL hatt ein dobbeltfunksjon; som næringsorganisasjon og samisk organisasjon. I forhandlingar med staten om næringsavtale (frå 1976) har NRL hatt samme funksjon som f.eks. Norges Bondelag. Samtidig har ein frå den førte samekonferansen i 1953 opptrådt på nordisk plan som ein av dei samiske hovudorganisasjonane, og NRL er framleis representert i Samerådet. Denne dobbeltrolla har ført til at NRL har framstilt reindriftsinteresser og samiske interesser som samanfallande, noko som har gjort at dei i stigande grad har erta på seg dei andre samiske næringane og organisasjonane, først SLF, seinare NSR og SFF. Den første tida var hovudoppgåva for NRL å forsvare reinbeiteområda mot inngrep utafrå, som vegbygging, kraftutbygging og gruvedrift. Ein har her oppnådd eit sterkare rettsvern enn tidligare. Verken reindrifta eller andre samiske interesser har fått vetorett mot inngrep, men frå og med Altevassdommen i 1968 er det juridisk anerkjent at reindriftssamane har rett på erstatning ved inngrep i beiteområde.

Etter kvart blei NRL meir og meir innretta på næringsinteresser og økonomi, mens det kulturelle og fellessamiske har kome i bakgrunnen. Organisasjonen har og i stor grad vore dominert av dei rikaste reineigarane. Gjennom samarbeidet om reindriftsavtalen har det utvikla seg eit interessefellesskap mellom staten ved landbruksdepartementet og NRL-leiinga om å utvikle ei moderne reindrift med store einingar og høg mekaniseringsgrad. (Det er knapt tilfeldig at dei to første helikoptereigarane i reindrifta i Finnmark begge har vore leiarar i NRL.)

Samarbeidet mellom NRL og Landbruksdepartementet utvikla seg etterkvart til å bli like tett som samarbeidet LO/DNA da dette var på det heitaste. NRL og LD satt ikkje bare tett ved forhandlingsbordet, nokre hoppa og over i full forståing med den tidligare arbeidsgivaren. Tidlig på 80-talet blei dåverande hovudsekretær i NRL, Arne G. Arnesen innkalla til kongens bord, der han framleis sit, nylig har han gått over frå LD til Kommunaldepartementet. Samtidig som forholdet til sentrale styresmakter blei bedre, blei forholdet til dei andre sameorganisasjonane dårligare. I diskusjonen om oppretting av sameting kravde NRL eigne reindriftskretsar, og boykotta valet da dei ikkje fikk det som dei ville. I reindrifta var nok mange glade over dei relativt store tilskota NRL forhandla fram for næringa, men ein var bekymra for at næringa var i ferd med å bli fornorska og styrt på staten sine premiss.

BES

Misnøyen innad i reindrifta førte til ei kløyving i NRL, der mange medlemmar i Guovdageaidnu og Káráójohka braut ut og danna BES - Boazoealáhussearvi i 1986. BES fikk stor oppslutning i disse to største reindriftskomunane men lite ellers i landet. Det nære samarbeidet mellom staten og NRL sørga for å halde BES ute frå reindriftsforhandlingane og organisasjonen fikk heller ingen statsstøtte. Mens NRL midt på 80-talet bygde seg eit svært kontoranlegg i Tromsø, har BES aldri hatt råd til å ha ein einaste tilsett. Dette har gjort at organisasjonen har fungert dårlig. Dei har i første rekke markert seg gjennom leiaren Mathis M. Sara, som har vore sametingsrepresentant og no sit bl.a. i omstillingsstyret.

Sametinget

I dei 6 åra Sametinget har vore i drift har reindriftspolitikken stadig vore oppe til diskusjon, og med overveldande fleirtal har Sametinget kravd å få styring med reindriftspolitikken. Men mens eine etter den andre av samiske institusjonar blir underlagt Sametinget, har staten ikkje villa gi frå seg styringa av reindriftspolitikken. Det einaste Sametinget har fått så langt er retten til å uttale seg om reindriftsforhandlingane. I samband med endringar i reindriftsloven som skal opp i Stortinget, har Sametinget kravd å få oppnemne alle representantane til både reindriftsstyret og områdestyra, mens regjeringa bare vil la Sametinget få oppnemne eit mindretal.

Mens staten, NRL-leiinga og tidligare reindriftssjef Ole K. Sara har ønska å få redusert talet på reindriftssamar for å gi betre plass til dei som blir igjen, har Sametinget i Sametingsplanen 1994-97 stilt som ei av målsettingane for reindriftspolitikken å "få flest mulig reindriftssamer sysselsatt i næringen, deri inngår en mer rettferdig fordeling av beiteressursene og det totale reinantallet".

Staten vil beholde styringa

Kampen for samiske rettar har gjort det umogleg for staten å styre på den gamle måten. Samerettsutvalet har i snart 15 år tikka som ei tidsinnstilt bombe under den norske staten si eineveldige styring av samiske område i Norge. Strategien til staten har vore å forsinke dette så mye som råd, samtidig som ein får gjort unna mest mogleg reguleringar til eigen fordel mens det er tid. Gjennom å gjøre Statens skoger om til det kommersielle statselskapet Statsskog har ein sikra at profittinteresser skal stå i første rekke i forvaltninga av reinbeiteområdene. Ka dette betyr ser ein av at Statsskog no har gitt fleire multinasjonale selskap leiteløyve etter mineral i Finnmark, mot skarpe protestar frå Sametinget og kommunane. Frå at alt har blitt vedtatt over hovudet på samane, skal no Sametinget få vere høyringsinstans og etterkvart få vere med og bli nedstemt i nokre av dei organa som tar avgjerdene. I den grad ein vil gi frå seg forvaltningsmyndigheit er det ikkje til folkevalde samiske organ, men direkte til reindrifta. Dette kjem klart fram i Stortingsmelding 52: - mener Regjeringa at reindriftspolitikken står over for følgende to strategier med hensyn til valg av virkemidler for å regulere beitebelastninga og beitebruken: 1. .... Myndighetene må overta hele ansvaret for ressursforvaltninga og - fordelinga i næringa. 2. Å overlate mer av ansvaret for ressursbruken til næringa selv. Her er ikkje med alternativet å overlate styringa av ei samisk næring til samiske folkevalde organ.

________________________________________________________________________

Dette er del fire i ein serie på fem artiklar om reindrift, som sto i Klassekampen august-oktober 1995.

Vil du lese dei andre?

Søkelys på reindrifta 1 Samisk næring - norsk styring 

Søkelys på reindrifta 2 Overbeite 

Søkelys på reindrifta 3 Mislukka omstilling 

Søkelys på reindrifta 4 Kem skal styre reindrifta? 

Søkelys på reindrifta 5 Skepsis til distriktsinndeling

 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no