Svein Lund:

Yrkesretting av språkfag i samiske vidaregåande skolar

Prosjektarbeid,Yrkespedagogikk hovudfag, Høgskolen i Akershus

Svein Lund, Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla, Guovdageaidnu

mars 1998

Føreord

Heilt frå eg var elev i yrkesskole og seinare teknisk fagskole har eg vore opptatt av forholdet mellom yrkesfag og allmennfag. Bakgrunnen min for å meine noko om dette og for å skrive denne oppgåva er er røynslene eg har gjort som elev, som industriarbeidar utan og med fagutdanning, og som lærar i både yrkesfag og allmennfag ved Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla - Samisk videregående skole og reindriftskole i Guovdageaidnu. Forsøka mine på å undervise elevar på yrkesfaglige studieretningar i norsk, engelsk og samisk har lært meg at det største problemet er å motivere elevane. I utgangspunktet meiner dei ofte at dei ikkje treng språkfag, og dei ville helst sluppe unna disse faga. Eg vonar at denne oppgåva kan vere eit lite bidrag til arbeidet med å skape motivasjon for språklæring på yrkesfaglige linjer.

Da eg byrja å arbeide med denne oppgåva ønska eg å sjå på det særeigne ved dei samiske vidaregåande skolane og samanlikne med situasjonen ved andre vidaregåande skolar i Noreg. Men det viste seg å vere gjort svært lite undersøkingar på dette området. (Biblioteket på HIAK-Bygdøy klarte ikkje å finne noko stoff om yrkesretting av språkfag, anna enn boka Norsk i yrkesfag med studiebok til). Dette gjør at det blir lite samanlikning her, det eg har gjort er ei oppgåve ut i frå dei samiske vidaregåande skolane, men som delvis bør ha allmenn gyldigheit og interesse for andre skolar.

Ettersom eg har arbeida med oppgåva har det blitt klart for meg at dette ikkje kan bli noko avslutta prosjekt. Eg vonar derfor å kunne komme tilbake med ei oppgåve som følger opp denne i forhold til kurs i yrkesretta språkundervisning. (Sjå Språk og yrke)

Eg vil takke dei som har gjort denne oppgåva mogleg: dei språklærarane på dei samiske vidaregåande skolane som har svart på undersøkinga mi, gruppa mi på HIAK og rettleiar Else Hippe.

Innhald

1. Innleiing

2. Yrkesfag og allmennfag
2.1. Yrkesretting av allmennfag og allmennretting av yrkesfag

3. Yrkesretting av språkfag før og etter Reform 94
3.1. Før Reform 94
3.2. Etter Reform 94
3.3. Skolepolitisk grunngiving for yrkesretting

4. Yrkesretting av språkfag ved dei samiske vidaregåande skolane
4.1. Før Reform 94
4.2. Læreplanar etter Reform 94
4.3. Fag- og timefordeling
4.4. Pensum og samordning
4.5. Organisering av undervisning og lærarsamarbeid
4.6. Engelsk
4.7. Norsk
4.8. Samisk

5. Undersøking blant lærarar
5.1. Ka ville eg finne ut
5.2. Medodevalg
5.3. Gjennomføring av undersøkinga
5.4. Svar på undersøkinga
5.5. Oppsummering av undersøkinga

6. Metodisk rettleiing
6.1. Bakgrunn
6.2. Yrkesretting i Metodisk rettleiing - grunnkurs norsk
6.3. Yrkesretting i Metodisk rettleiing - grunnkurs engelsk
6.4. Yrkesretting i utkast til Metodisk rettleiing - samisk/norsk
6.5. Prinsipp for yrkesretting i Metodisk rettleiing - samisk/norsk

7. Forslag til tekst i Metodisk rettleiing - samisk/norsk
7.1. Yrkesretting
7.2. Tips om skjønnlitteratur i samband med yrkesretting

8. Konklusjon

Litteraturliste

Vedlegg:
1. Brev til lærarar om yrkesretting
2. Spørreskjema
3. Svar på spørreskjema

1. Innleiing

Forholdet mellom allmennfag og yrkesfag er eit av dei viktigaste pedagogiske spørsmåla i vidaregåande skole, samtidig som det er ein del av ei mye større spørsmål som i vidaste forstand gjeld heile samfunnet: Sambandet og motsetninga mellom praksis og teori, mellom fysisk og intellektuelt arbeid, mellom arbeidarar og intellektuelle.

Eg startar denne oppgåva ganske vidt for å sette temaet «yrkesretting av språkfag ved dei samiske vidaregåande skolane» inn i ein større samanhang. Denne figuren viser kordan eg etterkvart innsnevrar temaet. Det er bare dei emna som står med tilvising til kapittel som er grundigare behandla, dei andre er bare med for å vise samanhangen:

Yrkesfag og allmennfag (kap 2)
Yrkesretting av allmennfag Allmennretting av yrkesfag (Kap 2)
Språkfag Realfag Samfunnsfag (Kap 3)
SVS (Kap 4)
Organisering Metodisk rettleiing (kap 4) (kap 6-7)

Mens det normale på andre vidaregåande skolar i landet er at elevar på yrkesfaglige studieretningar les to språkfag á to timar i veka over to år, har dei samiske vidaregåande skolane tre obligatoriske språkfag for alle elevar, på yrkesfag tilsaman 6 timar for veka i to år. Dei er dei einaste vidaregåande skolane i landet der det er mogleg å undervise etter læreplanane samisk førstespråk og norsk for elevar med samisk i samla klasse eller i alle fall i grupper som bare omfattar ei eller to yrkesfaglige studieretningar. I motsetning til den nasjonale læreplanen i norsk finst det ikkje for disse læreplanane verken metodisk rettleiing, lærebøker eller skriftlig materiale om kordan lærarar kan yrkesrette undervisninga.

Dei samiske vidaregåande skolane fungerer på mange vis som ei eining og det er naturlig å behandle dei under eitt. Dei er begge statlige og har felles styre.

Til og med kapittel 4 behandlar eg alle dei tre obligatoriske språka i dei samiske vidaregåande skolane; samisk, norsk og engelsk. Ved dei samiske vidaregåande skolane arbeider ein målmedvete for å integrere undervisninga i dei tre språkfaga, bl.a. gjennom fellesmøte for alle språklærarar og gjennom fellesprosjekt i nokre klassar. Det som gjeld organisering av undervisning og lærarsamarbeid vil derfor gjelde både for samisk, norsk og engelsk. Den metodiske rettleiinga omfattar imidlertid bare samisk og norsk og kapittel 7 konsentrerer seg derfor om disse faga, sjølv om noko av dette nok og vil vere gyldig for engelskfaget.

Ut i frå dette vil oppgåva ha ei todelt problemstilling:

1. Kordan kan språkundervisninga på yrkesfaglige linjer ved samiske vidaregåande skolar bli nærare knytta opp til dei respektive yrkesfaga?

2. Ka for rettleiing treng språklærarane for å kunne gjennomføre ei slik undervisning?

2. Yrkesfag og allmennfag

Skolen har tradisjonelt vore ein stad der det intellektuelle og teoretiske har stått i høgsetet, teoretiske kunnskapar hadde høgare verdi enn praktiske ferdigheiter og gymnaset hadde høgare status enn yrkesskolen. Det har frå gamalt av parallelt med den akademiske læringstradisjonen vore ein yrkesopplæringstradisjon, knytta til opplæring i familien, lærlingeordning og seinare yrkesskolar. Med omdanninga til vidaregåande skole frå 1976 starta ei samanslåing av disse miljøa, ein prosess som seinare blei ført vidare gjennom samanslåing av lærarorganisasjonane for allmennfaglærarar og yrkesfaglærarar i vidaregåande skole, gjennom Reform 94 og arbeidet med Opplæringslova. Den uttalte hensikten med reformen av 1976 var å minske skilnaden mellom allmennfag og yrkesfag og med det heve statusen til yrkesfaga. Men statushevinga skulle skje på premissa til allmennfaga, og dermed godtok ein premisset at disse var meire verd.

Yrkesfaga skulle få auka status ved å få meir teori. Dette skjedde på tre måtar: - Innafor studieretningsfaga blei teoridelen og den meir allmenne delen styrka på kostnad av det praktiske og fagspesifikke. - Allmennfaga sin del av timetalet blei auka. - Innafor allmennfaga blei det yrkesretta aspektet tona ned til fordel for det allmenne.

Ein kan stille spørreteikn ved om dette betyr ei heving eller ei senking av statusen til dei praktiske yrkesfaga, så lenge prinsippet om at teori er meir verd enn praksis står ved lag.

I forarbeida til Reform 94 (Vegen videre - Blegen-utvalet, NOU 1991:4) gikk dåverande Norsk Faglærarlag i lag med bl.a. representantane for YLI og LO inn for at yrkeskompetanse i større grad skulle anerkjennas også som studiekompetanse. På andre sida sto NUFO, NGS og NHO som ville skjerpe krava til studiekompetanse og ikkje slippe inn nokon utan full eksamen frå allmennfaglig studieretning. Ingen av disse syna fikk fleirtal verken i utvalet eller i departement og Storting. Da Norsk Faglærarlag året etter fusjonerte med NUFO, og YLI på samme tid gikk inn i NEO, fantest det ikkje lenger verken elevorganisasjonar eller større lærarorganisasjonar som forsvarte den praktiske utdanninga sin verdi. Disse spørsmåla bør etter mi meining takas opp igjen i samband med evalueringa av Reform 94.

Sjølv om reformene har skapt ein del hindringar er det likevel mye som skolane og lærarane kan gjøre innafor rammene av noverande skolestruktur og læreplanar. Dette kan uttrykkas gjennom uttrykka "yrkesretting av allmennfag" og "allmennretting av yrkesfag".

2.1. Yrkesretting av allmennfag og allmennretting av yrkesfag

I boka Norsk for yrkesfag (Berg, 1996) seier Tove Berg, lærar i norsk for yrkesfaglærarar: "Dersom allmennfagene var tilrettelagt på yrkesfagenes premisser, ville det jo være meningsløst å snakke om yrkesretting." (s. 13-14) I samme boka skriv ho om "Yrkesretting av allmennfag" og "allmennretting av yrkesfag". Ho går i liten grad inn på det siste bortsett frå at yrkesfaglærarane i større grad bør bry seg om elevane si skriftspråklige utvikling. Yrkesfaglærarane sitt ansvar kunne vore gjenstand for ei eiga oppgåve, eg vil her bare nøye meg med å slå fast at yrkesfaga, eller studieretningsfaga i yrkesfaglige studieretningar er avgjørande ikkje bare for læring av eit praktisk yrke, men og for utvikling av teoretiske kunnskapar, evne til konstruktiv tenking, estetisk sans, mogning og oppfylling av alle måla i den generelle læreplanen. Ein yrkesfaglærar må derfor ikkje bare tenke yrke, men ha disse sidene ved utdanninga i tankane i planlegging, undervisning og samtalar med elevane.

Yrkesretting av allmennfag omfattar alle dei allmenne faga i yrkesfaglige studieretningar på grunnkurs og vidaregåande kurs 1: matematikk, naturfag, kroppsøving, norsk, engelsk, samisk (1. eller 2. språk) og samfunnskunnskap. Eg oppfattar omgrepet yrkesretting slik at denne omfattar både ei innretning på yrkeslivet generelt og ei innretting på det konkrete yrkesfaget som elevane skal lære.

3. Yrkesretting av språkfag før og etter Reform 94

3.1. Før Reform 94

I den gamle yrkesskolen hadde språkfaga ein svært yrkesretta funksjon. Særlig gjaldt det engelskfaget, som gjerne gikk under namnet Teknisk engelsk eller Yrkesengelsk. Problemet her var ofte at mange av elevane hadde for dårlig grunnlag i allmenn engelsk til å henge med når ein skulle bruke språket til f.eks. å lese ganske avanserte instruksjonar og andre tekniske tekstar. Norskfaget besto for ein stor del av svært praktiske oppgåver som skriving av rapportar, søknadar osv, samt utfylling av skjema. Eit uttrykk som er brukt om dette er "blankettnorsk". Samanslåinga av yrkeskole, handelskole og gymnas til vidaregåande skole i 1976 førte ikkje til så store endringar i dette. Timetallet var framleis lågt, hovudmodellen var 2 timar i norsk med samfunnskunnskap på grunnkurs, 2 timar i engelsk på VK1.

3.2. Etter Reform 94

Ved overgangen til Reform 94 skifta disse faga grunnleggande karakter. Mens yrkesrettinga før hadde vore ein viktig del av læreplanen, blei det no innført felles læreplanar for alle yrkesfag både i språkfaga og i dei andre allmennfaga. Disse læreplanane var og i stor grad identiske med modular i læreplanane for allmennfaglige linjer. Hensikten var at elevar på yrkesfag skulle kunne bygge vidare på allmennfaga sine fram mot studiekompetanse. Timetallet blei no kraftig auka, til 2+2 i både norsk og engelsk, samtidig som samfunnskunnskap som hadde vore ein del av norskfaget på grunnkurs no blei skilt ut som eige to-timars fag og flytta til VK1. Yrkesrettinga skulle derfor no skje innafor ein meir allmenn læreplan. Kordan dette skulle gjennomføras varierte mellom dei forskjellige språkfaga. For engelskfaget blei det satt eit skille mellom allmennengelsk som skulle utgjøre omlag 60% og yrkesretta engelsk som skulle utgjøre 40% av faget.

For norskfaget skiller læreplanen mellom modul 1 og 2 for yrkesfaglige og allmennfaglige studieretningar. Dette gir inntrykk av at det er forskjellige læreplanar tilpassa yrkesfag og allmennfag, men skinnet bedrar. I "Metodisk veiledning - Grunnkurs Norsk" (1994) seias det: "Sidemålet er det eneste punktet der læreplanan for grunnkurset i allmenne, økonomiske og administrative fag skiller seg fra modulene 1 og 2 på yrkesfaglige studieretninger: De siste skal ikke ha opplæring i skriftlig sidemål." (s.30)

Læreplanane er ellers lite konkrete på yrkesretting. Det er ikkje store forskjellar på læreplanen Norsk (nasjonal læreplan) og læreplanen Norsk for elevar med samisk. Emnene som er nemnt for yrkesretting i den siste læreplanen er gjengitt her under kap. 4.7. Det er forøvrig vanskelig å seie ka som er yrkesretting og ka som ikkje er det, fordi mange av oppgåvene kan gjennomføras både med og utan yrkesretting.

3.3. Skolepolitisk grunngiing for yrkesretting

I arbeidet med Reform 94 er det gang på gang understreka at allmennfaga skal yrkesrettas. Samtidig har dette i svært varierande grad prega læreplanane og lærebøkene. Når yrkesrettinga i engelskfaget er slått fast som ein viss prosent av stoffet, kan det sikre at dette ikkje fell ut, på andre sida kan det føre til eit kunstig skille mellom yrkesrelevant og ikkje yrkesrelevant stoff. I fleire fag er det utvikla eigne lærebøker for yrkesfag, tildels og eigne bøker for kvart yrkesfaglig grunnkurs eller fellesbok for eit par beslekta grunnkurs. I norsk er hovudtendensen at yrkesfaga har felles lærebok, mens allmennfaga har ei anna. Såvidt eg kjenner til er det bare utvikla eiga lærebok i norsk for helse- og sosialfag. I engelsk er det fleire variantar, bl.a. parallellutgåver der den første delen er lik for alle yrkesfag, evt. for alle linjer, mens den andre er spesifikk for kvar linje. Dette viser at felles læreplan ikkje treng å bety felles lærebøker og felles lærestoff.

Til neste kapittel: 4. Yrkesretting av språkfag ved dei samiske vidaregåande skolane

_________________________________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no