SPRÅK OG YRKE

GIELLA JA FIDNU

Language and profession

Kursopplegg for samiske vidaregåande skolar

Prosjektarbeid nr. 2, Yrkespedagogikk hovudfag, Høgskolen i Akershus

Svein Lund, september 1998

Denne oppgåva bygger på prosjektarbeid nr.1, som du finn her:

Yrkesretting av språkfag i samiske vidaregåande skolar

NB! I den opprinnelige oppgåva ligg det ein del illustrasjonar, som eg dessverre har måtta fjerne her. Derfor står bare bilettekstane igjen, dei er satt i kursiv skrift.

Føreord

Dette prosjektarbeidet er ei samansmelting av dei to studia mine på Høgskolen i Akershus. Eg byrja på Yrkespedagogikk hovudfag hausten 1997 og skreiv prosjektoppgåve om yrkesretting av språkfag. Gjennom arbeidet med denne oppgåva kom eg i kontakt med norsklærarane der, Tove Berg og Marit Stenberg. Ved sida av å gi meg dei opplysningane eg trong klarte dei å overtale meg til å søke på kurset i norsk for yrkesfag. Eg starta der i august 1998 og røynslene frå den første veka av dette kurset har eg tatt med meg inn i dette kursopplegget. Derfor takk for alle gode tips til studentar og lærarar både på norsk og yrkespedagogikk. I tillegg har eg forsøkt å bygge på dei ønska språklærarar ved dei samiske vidaregåande skolane har gitt uttrykk for, både gjennom undersøkinga mi i første prosjektoppgåva og gjennom uformelle samtalar.

Denne oppgåva blei levert inn i august. Samtidig som at ho blei godkjent fikk eg nokre gode råd av rettleiaren min, Else Hippe. Eg har i denne reviderte utgåva forsøkt å ta omsyn til disse råda.

Takk til skoleutvalet ved Samisk videregående skole som har avslått søknaden om utviklingsmiddel til dette kurset og vedtatt at yrkespedagogikk hovudfag ikkje er nyttig for skolen. Litt motgang er sunt og gjør at ein må skjerpe seg. Eg tileignar derfor denne oppgåva til skoleutvalet med ønske om god betring.

Innhald

1. Innleiing
2. Målgruppe
3. Røynsler frå andre kurs
4. Didaktisk relasjonstenking i kursplanlegging
5. Mål for kurset
6. Innhald i kurset
7. Rammefaktorar
8. Læreføresetnadar
9 Læreprosessen
10 Vurdering
11 Utkast til kursprogram
12 Arbeidet vidare
Litteraturliste

Illustrasjon: Ka for plantedelar kjem krydderet frå? Denne illustrasjonen til ei heimkunnskapsbok for grunnskolen høver og for hotell- og næringsmiddelfag. Han viser kordan samisk låner ord og tilpassar til samisk skrivemåte.

1. Innleiing

Denne oppgåva er eit framhald av den første prosjektoppgåva mi, "Yrkesretting av språkfag i samiske vidaregåande skolar". Der gjennomførte eg ei undersøking blant språklærarar for yrkesfaglige klassar i dei to samiske vidaregåande skolane. Dei aller fleste lærarane ga der uttrykk for at dei for å kunne yrkesrette undervisninga si betre hadde stort behov for skolering og for betre samarbeid med yrkesfaglærarane.

Eg vil først gjengi eit avsnitt frå konklusjonen på denne oppgåva:

Ka for rettleiing treng språklærarane for å kunne gjennomføre ei slik (yrkesretta) undervisning? Nesten alle som svarte på undersøkinga peika og på at dei hadde behov for meir informasjon om yrkesfaga og for skolering i yrkesretta språkundervisning.

A. Skolering i yrkesfaga
I første omgong bør språklærarane få kopi av læreplanane og dei lokale periodeplanane for yrkesfaga og ei grundig omvisning på verkstad, kjøkken eller tilsvarande stad der praksisundervisninga foregår. På andre sida bør alle i lærarteama ha tilgang på læreplanar og periodeplanar for språkfaga, og spesielt klassestyrarane bør sette seg inn i disse. Ein bør vurdere å lage lokale opplegg for skolering om yrkesfaga.

B. Skolering i yrkesretta språkundervisning
Når det gjeld skolering i yrkesretting, er metodisk rettleiing for engelsk og den kommande metodiske rettleiinga for samisk og norsk for elevar med samisk eit ledd i dette, jfr kap.7. For engelsk og norsk bør ein forsøke å få lærarar med på kurs om yrkesretting der slike finst. Høgskolen i Akershus arrangerer etter- og vidareutdanningskurs i norsk for yrkesfag. For samisk må ein evt. lage dette sjølv, eventuelt i samarbeid med Samisk utdanningsråd. Eg vurderer å komme grundigare tilbake til spørsmålet om skolering i ei seinare prosjektoppgåve.

Den første oppgåva innskrenka seg til å registrere stoda i dag. For at denne skulle kunne føre til noko utvikling i skolen, måtte eg gå vidare med å lage eit konkret forslag til kurs og legge dette fram for dei aktuelle lærarane og skoleleiingane. Men denne oppgåva ønsker eg å lage ei skisse til eit slikt kursopplegg.

Som grunnlag for planlegginga ser eg på dei røynslene som finst å bygge på frå kurs i yrkesretting som har vore arrangert tidligare.

Eg drøftar først målgruppa for kurset, da denne vil vere svært avgjørande for kordan kurset skal leggas opp. Deretter planlegg eg kurset ut i frå dei seks hovudfaktorane i den didaktiske relasjonsmodellen. Med dette som grunnlag presenterer eg til sist eit konkret forslag til program.

2. Målgruppe

Dei samiske vidaregåande skolane
Som eg har gjort greie for i første prosjektoppgåva (s.8), er det i første rekke på dei to samiske vidaregåande skolane at det er aktuelt med yrkesretting av språkfag kombinert med undervisning på grunnlag av samisk språk og kultur. Eg vil derfor her konsentrere meg om disse skolane.

Elevane
Den eigentlige målgruppa er elevane ved dei yrkesfaglige linjene ved dei samiske vidaregåande skolane. Målet er at dei skal få ei opplæring som har eit nært samband mellom teori og praksis og mellom allmennfag og yrkesfag. Dei skal kunne bruke språka samisk, norsk og engelsk i skole og arbeidsliv, til å tileigne seg kunnskapar og til å kunne uttrykke seg om faglige spørsmål. Samtidig skal dei kunne bruke språka i meir allmenn samfunnsmessig samanhang og utvikle forståing for og interesse for den litterære kulturarven.

Om elevane skal kunne oppnå måla over, må både yrkesfagundervisninga og språkfagundervisninga bidra. Dette kurset vil derfor ha to målgrupper:

1. Språklærarar som underviser på yrkesfaglige studieretningar.
Blant dei vil det vere lærarar som underviser i forskjellige språk (samisk, norsk og engelsk) og på forskjellig nivå (førstespråk, andrespråk og framandspråk). Frå denne gruppa er det eit mål å få med som mange som råd.

2. Yrkesfaglærarar som underviser i praksis og yrkesteori.
Eg trur alle yrkesfaglærarar kunne hatt godt av eit slikt kurs, men ein må nok avgrense dette noko, for at kurset ikkje skal bli alt for stort. Målet må vere å få med minst ein lærar frå kvar av dei seks yrkesfaglige studieretningane som er representerte ved dei samiske vidaregåande skolane: mekaniske fag, hotell- og næringsmiddelfag, naturbruk / reindrift, formgivingsfag / duodji, byggfag og helse- og sosialfag. Spesielt bør ein legge vekt på å få med klassestyrarar frå grunnkurs, da dei spelar ei sentral rolle i å etablere eit godt samarbeid.

At disse to gruppene er i lag på kurs vil vere eit skritt i retning av å oppfylle to utbreidde ønska som språklærarane ga uttrykk for i undersøkinga mi; meir samarbeid med yrkesfaglærarane og meir kjennskap til yrkesfaget. Den doble målgruppa får konsekvensar for innhaldet i kurset, med at ein bør legge mest vekt på fellesemne og ikkje grave for djupt i faglige spørsmål som ei av gruppene kan ha vanskelig for å henge med på.

3. Røynsler frå andre kurs.

Norsk Høgskolen i Akershus (HIAK) har gjennomført kurs i yrkesretting av norsk / norsk for yrkesfag på forskjellig nivå, frå 1-dags kurs , 5-dagars kurs og opp til 5, 10 og 20 vekttall. Disse kursa har hatt forskjellige målgrupper. Dei kortare kursa (opp til 5 vekttall) er i hovudsak for norsklærarar (med bakgrunn frå universitet eller lærarhøgskole) som treng vidareutdanning i kordan dei skal tilpasse norskundervisninga til yrkesfaglige studieretningar. Dei lengste kursa har vore for yrkesfaglærarar som ønsker å forbetre den språklige delen av yrkesfagundervisninga si og/eller skaffe seg undervisningskompetanse i norsk. Men KUF har no avgjort at det ikkje skal vere mogleg å få undervisningskompetanse for allmennfag avgrensa til yrkesfaglige studieretningar. Dei har derfor nekta HIAK å kjøre 20 vekttal, og vil heller ikkje godkjenne dei 10 første vekttala som første halvdel av utdanning for undervisningskompetanse. Heretter vil derfor ikkje bli eigne kurs for yrkesfaglærarar som vil undervise i norsk. Yrkesretting er derimot kome inn som eige emne i undervisning i norsk fagdidaktikk ved universitet og høgskolar, men for å ta dette må ein ha ordinært nordisk grunnfag.

Engelsk
Det er og gjennomført ein del kurs i yrkesretting av engelsk, i regi av fylkeskommunane. Dette har vore kortare kurs for engelsklærarar, bl.a. i samband med innføringa av Reform 94. HIAK har arrangert 5 vekttals kurs i engelsk for yrkesfaglærarar, men ikkje fått lov av KUF å utvide disse til 10 vekttal.

Samisk
Såvidt eg kjenner til er det aldri gjennomført noko kurs i yrkesretting av samisk. Samisk videregående skole, Karasjok, har i år prioritert eit prosjekt med yrkesretta samisk. Når dette kjem i gang er det naturlig at røynslene frå dette blir med i kursopplegget.

Yrkesretta allmennfag
Kursa i yrkesretta språkundervisning har vore for ei målgruppe av gangen, anten yrkesfaglærarar eller allmennfaglærarar. Det har derimot i samband med innføringa av Reform 94 vore kjørt nokre kortare kurs i yrkesretting av allmennfag generelt der begge grupper har deltatt. Eit slikt kurs er kjørt som fjernundervisning og finst tilgjengelig på video.

Når ein no forsøker å kombinere fleire språk og både yrkesfaglærarar og allmennfaglærarar blir det ein dristig kombinasjon og ein del prøving og feiling på ukjent mark. Likevel bør ein i samband med kurset studere grundigare dei røynslene som er gjort på dei kursa eg har vist til.

4. Didaktisk relasjonstenking i kursplanlegging

Didaktisk relasjonstenking er ein metode for å systematisere dei omsyna som ein lærar bør ta i planlegging av undervisninga. Denne tenkinga er og uttrykk for ein bestemt pedagogisk tankegang, bl.a. fordi den set elevane sine lærevilkår som eit vesentlig grunnlag for undervisninga. Eg vil ikkje her gå nærare inn på innhaldet i denne tenkinga, men vise til Hiim og Hippe sine bøker Undervisningsplanlegging for yrkeslærere og Læring gjennom opplevelse, forståelse og handling.

Eg har forsøkt å bruke denne modellen i planlegginga av dette kurset, og vil her framover presentere kordan eg har tenkt å ta omsyn til kvar av dei av dei seks hovuddelane i modellen.

5. Mål for kurset

Målet med kurset er å bidra til at elevane på yrkesfaglige linjer ved dei samiske vidaregåande skolane kan få ei opplæring der yrkesfag og språkfag støttar kvarande i utviklinga av elevane både til fagfolk og språkbrukarar. Skal elevane få ei slik heilheitlig opplæring, må først lærarane sjå heilskapen og kjenne ansvar ut over faggrensene sine i snever forstand.

Som delmål for å bidra til dette skal kurset legge grunnlag for at yrkesfag- og språkfaglærarane utviklar: - bedre samarbeid mellom lærargruppene - bedre kjennskap til kvarandre sine fag - bedre kjennskap til yrkesretta skjønnlitteratur og arbeid med fagspråk

Ein kort kurs kan ikkje nå over alt, men målet er at alle lagar små konkrete undervisningsopplegg og at ein gjennom dette kan bidra til læremiddelutvikling.

Til sist vil det vere eit mål at kurset motiverer for vidare utdanning, f.eks. at nokre av lærarane søker seg på vidareutdanning i yrkesretta språkfag, eller at ein tar initiativ for å utvikle slik utdanning der det ikkje finst.

6. Innhaldet i kurset

Kurset har som mål å utvikle heilheitstenking. Innhaldet må derfor gjenspeile bredda i emnet, og ein må bruke ein del tid på overordna prinsipp. "Et hovedkriterium når det gjelder valg av kunnskapsinnhold er om innholdet gjenspeiler vidden og spenningsforholdene i kunnskapsbegrepet" (Hiim og Hippe: Læring gjennom opplevelse... s. 249) Eg ønsker derfor å ta opp to prinsippielle emne først: forholdet mellom allmennfag og yrkesfag og skolane si målsetting og språkpolitikk. Dette er emne som er omdiskuterte og det er langt i frå semje om dei, verken innafor dei samiske vidaregåande skolane eller innafor utdanningsverket forøvrig.

Eg vil dele innhaldet opp i tre hovudgrupper:

1. Overordna prinsipp
* Yrkesfag og allmennfag - einskap og motseiing
* Dei samiske vidaregåande skolen si målsetting og konsekvensar for yrkesfaga

2. Faglige emne
* Språket i lærebøkene
* Sakprosa (Fagtidsskrift, bransjebøker, osv)
* Fagspråk / terminologi
* Ordlaging og ordavleiing
* Skriving i yrkesfaga
* Arbeidsrapport / Arbeidsbeskrivelse
* Yrkesretta skjønnlitteratur
* Omsetting og tolking

3. Didaktiske emne
* Presentasjon av metodisk rettleiing
* Yrkesfaglæraren si rolle i elevane si språkutvikling
* Kor ønsker språklæraren hjelp av yrkesfaglæraren og omvendt?
* Tospråklig undervisning i yrkesfag

7. Rammevilkår

Organisering
Kurset bør holdas som felleskurs for dei to skolane. Kurset bør delas i to (3 + 2 dagar), slik at den eine delen leggas til Káráójohka, den andre til Guovdageaidnu. Deltakarane kan da få sjå verkstader, kjøkken og andre undervisningslokale og diskutere kordan disse best kan utnyttas i språkundervisninga. Det er for tidlig å seie om dette lar seg gjøre, men eg planlegg opplegget ut i frå dette, så får ein heller gjøre tilpassingar dersom ein må skjære ned på tida.

Finansiering
Etter som dette blir eit ikkje-kompetansegivande kurs, må ein satse på at kurset skal gjennomføras innafor ramma av læraren sitt arbeidsår. Det kan gjøras gjennom å ta av dei 5 felles planleggingsdagane / 190-timars-ramma, ved å frigjøre lærarane under tentamen / eksamen / prosjektarbeid, eller ved å kjøre kurset mens det er vanlig skole og leige inn vikarar til å stå for undervisninga. Ka for ei organisering ein skal velge må bli ei drøftingssak mellom rektorane og dei tillitsvalde. Det er og eit spørsmål om kor mye pengar ein kan og vil disponere til vikarar, tilreisande førelesarar, reiser og evt. overnatting. Eg har søkt SVSRS om prosjektmidler til kurset, men fått avslag med den grunngiinga at dette er ansvaret til KUF/SUR. Eg har seinare snakka med direktør for Samisk utdanningsråd, som var positivt innstilt. Det bør vere mogleg å få finansiering gjennom SUR/KUF, spesielt i samband med lanseringa av metodisk rettleiing i løpet av vinteren 1998 /99.

Kursmateriell
Metodisk rettleiing for samisk og norsk for elevar med samisk vil vere sentralt som grunnlag for kurset. Dette ligg føre i eit forslag som no har vore ute til høring, og rettleiinga vil etter planen komme ut i løpet av 1998. Det vil vere naturlig å knytte kurset til utgiinga av denne, dette kan og gjøre det lettare å søke finansiering. Delar av første prosjektoppgåva mi bør etter litt omarbeiding kunne brukas som kursmateriell. Det ligg føre ein del kursmateriell når det gjeld norsk, som kan brukas sjølv om det ikkje er tilpassa læreplanen "Norsk for elevar med samisk". For engelsk finst det trulig og ein del kursmateriell, men lite som er eigna for yrkesretting innafor dei spesielle samiske linjene. Ein må satse på å lage eit kompendium i høve kurset.

Førelesarar
Innafor eigne skolar finst det mange med røynsler og kunnskapar nok til å ha mye å bidra med til eit slikt kurs. Vi bør derfor i stor grad basere oss på eigne krefter. Samtidig er det viktig å få impulsar utafrå, frå forskning og andre undervisningsmiljø. Når det gjeld samisk språk finn ein mange av dei fremste ekspertane i lokalsamfunna, og da er det ingen grunn til å gå over bekken etter vatn. Innafor norsk for yrkesfag er det sterkaste miljøet ved Høgskolen i Akershus, og vi bør satse på å få ein førelesar derifrå.

Lokale
Begge dei samiske vidaregåande skolane er veleigna som kursstader, i og med at ein kan sjå på verkstader / kjøkken og andre undervisningslokale, samtidig som ein brukar klasserom til sjølve kurset.

Illustrasjon: Språk og kulturhistorie for byggfag?

8. Læreføresetnadar

Motivasjon
Undersøkinga mi viser at det blant språklærarane er stor interesse. Blant yrkesfaglærarar er det ikkje gjort noka undersøking, men her vil nok vere svært sprikande interesse. I utgangspunktet kan eg tenke meg at omlag halvparten kan tenke seg å delta, men dette må sjølvsagt undersøkas nærare.

Kunnskapar
Det har tradisjonelt vore lagt lite vekt på det språklige i yrkesfaglærarutdanninga og lite vekt på yrkesretting i språklærarutdanninga. Det er yrkesfaglærarane som sit på fagkunnskapen og yrkesdidaktikken i dei faga som språkundervisninga skal rettas mot. Yrkesfaglærarane vil ha to funksjonar på kurset: At dei sjølve lærer og blir meir engasjert i språkundervisninga og at dei bidrar med kunnskapane sine overfor språklærarane som deltar. Eg vesentlig del av kurset vil vere kunnskapsutveksling mellom deltakarane. Alle deltakarane vil ha undervisningsrøynsle i språkfag og/eller yrkesfag, slik at det er mye å bygge på om ein klarer å knytte kurset nært til praksis.

Språk
Ein føresetnad for å lære er å forstå det som blir sagt. Samtidig bør alle deltakarane kunne få delta på like fot og uttrykke seg på det språket som er lettast for dei. Det bør derfor leggast til rette for tolking i den grad det er naudsynt for å oppfylle disse vilkåra. Med dei emna og deltakarane som eg har gått ut i frå vil det trulig ikkje vere behov for tolking av førelesingar, men det kan vere behov for tolking i plenumsdiskusjonen, særlig av omsyn til eksterne førelesarar som ikkje forstår samisk.

Når det gjeld skriftlige arbeid som deltakarane gjør gjennom kurset bør dei bruke det språket dei hovudsakelig underviser i / på.

9. Læreprosessen

Førebuing
Dette kurset bør innehalde ein førebuingsdel slik at deltakarane får utlevert kursmateriell eit par veker før kurset som dei skal ha sett på før dei møter til kurset. Deltakarane bør ha gjort seg kjent med: - læreplan og metodisk rettleiing både for språkfaget og for yrkesfaget / - faga.

Undervisningsmetodar
Undervisninga vil variere mellom førelesningar, plenumsdiskusjon, gruppearbeid og individuelt arbeid. Dette for at alle skal få bidra med noko, og ingen skal sovne av undervegs. Bruken av varierte undervisningsformer er og ein del av den fagdidaktiske tenkinga som ein ønsker å formidle gjennom kurset.

Lage undervisningsopplegg
Alle skal i løpet av kursperioden utarbeide og gjennomføre minst eit undervisningsopplegg i skjæringspunktet mellom yrkesfag og språkfag. Det er planlagt ei økt med laging av undervisningsopplegg. Kvar lærar bør delta direkte i gjennomføringa av minst eit av disse opplegga. Dei opplegga som blir laga på første samling skal om mogleg gjennomføras før andre samling. Dei som blir laga på andre samling bør gjennomførast innan ein månad. Etter 2. samling sendas rapport frå dette til kursleiar som lagar endelig oppsummering og sender ut til deltakarane.

Omvising
Det er lagt inn omvising på verkstader og andre arbeidsrom for yrkesfag. Yrkesfaglærarane som deltar vil her ha ansvar for å presentere arbeidsplassane sine med tanke på kordan disse kan utnyttas i språkundervisninga. Dei skal vise ka som er gjort (merking av utstyr, plakatar og oppslag, instruksjonar osv) og dei kan samtidig peike på ka som kan gjøras. Etter kvar av omvisningane kan kurset i plenum diskutere kordan disse lokala kan utnyttas bedre i språkundervisninga.

Mellomarbeid
Deltakarane skal skrive logg frå kurset. Loggskrivinga har eit dobbelt siktemål. Ho fungerer som ei trening i å bruke loggskriving som metode for å kunne bruke dette i undervisninga (gjeld både språk- og yrkesfaglærarar). Samtidig skal loggane leveras inn og fungerer som ei evaluering av kurset, sjå neste kapittel - Vurdering. Eit anna mellomarbeid er å gjennomføre undervisningsopplegga som blir laga på kurset.

10. Vurdering

Sidan dette er ein ny type kurs, er det svært viktig med oppsummering og vurdering for å kunne lære av det for framtida. Det bør derfor både vere munnlig og skriftlig kursevaluering. Den skriftlige skjer i form av skriving av logg som leveras inn til kursleiar innan ei veke etter kvar samling. Ved starten på andre samling les kursleiar opp korte avsnitt frå loggane. Samtidig tar vi tre korte økter for vurdering i plenum: Ved slutten av første dagen, ved slutten av 1. del (3. dagen) og heilt sist i kurset. Etter andre samling vil kursleiar lage ei oppsummering som inneheld utdrag frå loggane og undervisningsopplegga som er utvikla gjennom kurset. Denne blir sendt til deltakarane.

Når det gjeld deltakarane sin innsats, vil dei få ei tilbakemelding gjennom kritikk av gruppearbeidet som leggas fram for plenum. Eg går ellers ikkje inn for noko formell vurdering av deltakarane.

11. Utkast til kursprogram

Denne timeplanen er satt opp som om det var ei samanhangande veke, men det bør vere eit mellomrom på ein til to månadar mellom dei tre første og dei to siste dagane. Kurstida er rekna til vanlig skoledag med 7-timars dagar. Programmet vil ikkje følge nøyaktig skoletimane, dette må tilpassas etter behovet. Dette forslaget bygger på at dei 3 første dagane er i Káráójohka, dei to siste i Guovdageaidnu. For å rasjonalisere med innleiiarane er det lagt opp slik at eksterne innleiiarar deltar bare på ei av samlingane. Innleiarane er her presentert med bakgrunn og/eller institusjon. Der det står () etterpå, tyder det at eg veit om folk eg kan tenke meg å spørre. Eg har bare tatt med initialane på dei som er spurt og har sagt ja.

Mandag
Allment + Metodisk rettleiing
1 Gjennomgang av kursopplegg. Loggskriving Kursleiar
2 Yrkesfag og allmennfag, før og etter R 94 Førelesing og diskusjon (SL?)
3 Omvisning på verksted / klasserom m/ oppsummering og diskusjon Klassestyrarar / deltakarar frå mek, bygg, h&s
4 SVS formål - konsekvensar for språkundervisning og språk i undervisninga Ein rektor eller inspektør ()
5 Tospråklig undervisning ?
6 Presentasjon av metodisk rettleiing MR-gruppa ()

Tirsdag
Skriving
1 Skriving i yrkesfag HIAK (TB/MS)
2-3Prosessorientert skriving (Individuelle arbeidsoppgaver)
4 Språket i lærebøkene
5 Yrkesfaglæraren si rolle i elevane si språkutvikling
6 Sakprosa (Fagtidsskrift, bransjebøker, osv)
7 Arbeidsrapport / Arbeidsbeskrivelse
(Dette programmet virkar vel stramt. Prosessorientert skriving er tenkt som hovudsaka, her må ein ta tid til individuelle arbeidsoppgåver. Dei andre emnene kjem ein bare nokså overflatisk inn på.)

Onsdag
Litteratur
1-2 Yrket i litteraturen og litteraturen i yrket HIAK (TB/MS)
3 Forfattarar les eigne dikt Forfattarar som er lærarar v/SVS ()
4 Yrkesretta samisk litteratur Samisklærar / hovudfagstud. ()
5 Gruppearbeid: Planlegge tverrfaglig undervisningsopplegg delt etter språk?
6 Presentasjon av gruppearbeid
7 Evaluering

Torsdag
Fagspråk
1 Oppsummering av førre kurset m/ sitat frå logg og av mellomperioden
2 Omvisning på verksted / kjøkken Klassestyrarar / deltakarar frå mek, hot/nær, duodji, reindrift
3 Terminologiarbeid / Ordlaging og ordavleiing Samisk Institutt ()
4-5 Omsetting og tolking Tilsett ved SVSRS med tolkeutdanning ()
6-7 Kordan arbeide med fagspråk Samiskl. Kjok() + Engelsklærar Gdg ()

Fredag
Tverrfaglig samarbeid
1-2 Kordan yrkesrette for eit yrke ein ikkje kjenner Engelsklærar SVS, evt. utafrå
3-5 Gruppearbeid: Planlegge tverrfaglig undervisningsopplegg Grupper delt etter yrkesfag
6 Læremiddelsituasjonen - ka finst og ka trengs Behov for utviklingsarbeid Samisk læremiddelsenter
7 Evaluering

12. Arbeidet vidare

Denne oppgåva blir no sendt til dei lærarane som deltok i undersøkinga i fjor, klassestyrarane for dei yrkesfaglige linjene og skoleadministrasjonane. Eg sender med eit brev (vedlegg 1), der eg spør om det er interesse for eit slikt kurs og ber om reaksjonar på forslaget til program. Eg vonar da at nokre av dei vil ta initiativ for å få arrangert eit slikt kurs i løpet av vinteren. I såfall er eg interessert i å fortsette arbeidet med dette og evt. skrive ein rapport om gjennomføringa av kurset og evalueringa av det som eit seinare prosjekt.

Litteratur

Berg, Tove Norsk for yrkesfag Cappelen 1996
HIAK Studieplan for videreutdanning i norsk1997
Hiim / Hippe Læring gjennom. opplevelse, forståelse og handling Univ.forl 1996
KUF Metodisk veiledning - engelsk1994
KUF Rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning KUF 1998
KUF Søknad om gjennomføring av studium i norsk for yrkesfaglærere1998
Lund, Svein Yrkesretting av språkfag i samiske vgs HIAK 1998
Lund/ Nesbakken: Tospråklig undervisning APPU, UIT 1993
Lund: Samisk som undervisningsspråk i mekaniske fag APPU, UIT 1991
Stenberg: Kurs i yrkesretting av norsk Stavanger HIAK 1998
Stenberg: Yrket i litteraturen, litteraturen i yrket Norsklæraren 3-97 1997
SUR Metodisk veiledning - samisk / norsk Samisk lærem.senter 1998

Illustrasjonane i oppgåva er henta frå:

Hætta / Skarvik Ruoktumet Davvi Girji 1997
Oxford - Duden Pictorial English Dictionary Oxford 1991
Arleij, Rune Teknisk illustrert ordbok Yrkesopplæring 1981
Eira / Østby Duodjegáldu Davvi Girji 1996
Hiim / Hippe Læring gjennom... Univ.forl 1996
Solbakk, Aage Sámi historjá 2 Davvi Girji 1996
KUF 10 jagi vuoððoskuvlla sámi oahppoplánat KUF 1997

_________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no