Svein Lund

Yrkesretting av språkfag i samiske vidaregåande skolar

_______________________________________________________________________

6. Metodisk rettleiing

6.1. Bakgrunn

Hausten 1997 blei eg i lag med to andre lærarar engasjert av Samisk utdanningsråd i å lage ferdig Metodisk rettleiing for faga Samisk førstespråk, Samisk andrespråk og Norsk for elevar med samisk. Dette arbeidet blei påbegynt vinteren 1995/96, men gruppa som skulle laga dette fikk aldri fullført arbeidet bl.a. pga. urimelige arbeidsvilkår og tidsfristar. Dei leverte frå seg eit halvferdig produkt som seinare folk frå Samisk utdanningsråd har forsøkt å flikke på. I september 1997 klarte utdanningsrådet så å finne ei ny gruppe som skulle gå gjennom det materialet som var laga og gjøre jobben ferdig. Ved sida av meg består gruppa av ein samisklærar ved Samisk videregående skole, Káráójohka og ein norsklærar frå Samisk høgskole, Guovdageaidnu. Målet vårt er å bli ferdig frå vår side i løpet av mars 1998.

Som grunnlag fikk vi Metodisk veiledning - Grunnkurs norsk (NLS 1994) og utkast til Metodisk veiledning - Samisk / norsk (SOR 1997). Eg vil her gå gjennom ka disse dokumenta, samt Metodisk veiledning - Engelsk skriv om yrkesretting. På grunnlag av dette og undersøkinga som er vist til tidligare i oppgåva vil eg så som konklusjon presentere eit forslag til kapitel om yrkesretting i metodisk rettleiing for samisk / norsk.

6.2. Yrkesretting i Metodisk rettleiing - Grunnkurs norsk

Innhald

Som det går fram av tittelen er denne berekna på grunnkurs, mens norsk undervisas i tre år for allmennfag og to år for yrkesfag. Ettersom pensum på dei to åra på yrkesfag til saman tilsvarer grunnkurs allmennfag, er det uklart om rettleiinga for YF og dekker VK1. Eg tolkar det som om denne omfattar heile modul 1 og 2 også for yrkesfag, altså heile norskpensumet for yrkesfaglige studieretningar eller den delen som skal yrkesrettas.

Det er eit eige kapittel, 3.7., kalla Yrkesretting. Kapitlet er på 2½ sider og står heilt sist i den faglige gjennomgangen. Det inneheld disse hovudmomenta: - samarbeid med yrkesfaglærarar - rapport, referat, instruks - gjenkjenning i litteraturen - sammenslåtte klassar - kople film og lesing - faglig begrepsapparat - termar - rom for språkarbeid i yrkesfaga - konkrete eksempel for 5 linjer - arbeide med yrkesfaglærebøker og andre yrkesfaglige tekster

I tillegg er yrkesretting heilt kort nemnt i kap 3.2. Tekstarbeid under arbeid med saksprosasjangrer ("Rapporter, brev og søknader vil kunne innpasses i yrkesrettede prosjekter og emnearbeid.") og under 3.5. Språkkunnskap er fagspråk nemnt som eit av mange stikkord for forskjellige typer av talespråklig variasjon.

Vurdering

Denne metodiske rettleiinga inneheld ein del gode tips som eg som norsklærar i yrkesfag ser at eg kan dra nytte av. Likevel hadde eg ønska meg ein del av dette meir konkret, fordi det ikkje finst samla i lærebøker. Eg kan nemne kordan ein skriv arbeidsinstruksjon og kordan ein i norsktimane kan arbeide med yrkesfaglige tekstar. Dei konkrete forslaga for forskjellige yrkesfaglige linjer (s.33) er ein god start, men heller ikkje meir. Bare fem av dei ti yrkesfaglige linjene er nemnt og dei har og fått tips på svært ulike område. Eit minimum burde vere å finne eit par eksempel på yrkesrelevant skjønnlitteratur for kvart fag. Relevans for samisk / norsk for elevar med samisk

Denne rettleiinga er den næraste ein kan bruke til "førebilete" for kordan ein kan ta opp yrkesretting i ei metodisk rettleiing. Ein skal sjølvsagt ikkje ukritisk herme etter det, men det kan vere bra å analysere strukturen og innhaldet for å sjå ka ein kan dra nytte av. Dei konkrete ideane i Metodisk rettleiing - Grunnkurs norsk må vurderas ut i frå om dei passar ved ei tilsvarande linje ved ein samisk vidaregåande skole. F.eks. vil det å bruke boka Ilden om løsemiddelskader vere aktuelt også for oss, mens forslaget om romanen om Medici- familien i Firenze blir så kulturelt fjernt at poenget med yrkesrettinga blir borte om ein tenker seg dette brukt på formgivingsfag / duodji i Guovdageaidnu.

6.3. Yrkesretting i Metodisk rettleiing - Engelsk

I denne metodiske rettleiinga er yrkesrettinga meir integrert enn i rettleiinga for norsk, med at det er nemnt eksempel på yrkesretting innafor dei forskjellige måla i læreplanen. Ein seier at ein på grunnkurset skal "behandle generelle yrkesrelaterte tekster", mens engelsken på VK1 skal "innehalde det yrkesfaget som eleven spesialiserer seg i". Samtidig understrekar ein det behovet også elevar på yrkesfaglige linjer har for å utvikle generelle språkkunnskapar. Det blir understreka behovet for at engelsklæraren samarbeider med yrkesfaglæraren, bl.a. for at faglige emner kan bli gjennomgått først på norsk og etterpå på engelsk.

6.4. Yrkesretting i utkast til Metodisk rettleiing - samisk / norsk

Utkastet er klart svakare på yrkesretting enn Metodisk rettleiing - Grunnkurs norsk. Her er ikkje noko eige kapittel om yrkesretting, yrkesretting er bare nemnt i bisetningar tre gonger i rettleiinga. Her er ingen konkrete tips om litteratur eller oppgåver for dei forskjellige linjene. Dette er tydelig skreve ut i frå allmennfag, her er svært lite hjelp å få for dei som skal undervise på yrkesfaglige linjer.

6.5. Prinsipp for metodisk rettleiing samisk / norsk for elevar med samisk

Når ein yrkesrettar rettleiinga og undervisninga etter den nasjonale læreplanen i norsk tar ein det for gitt at målspråket er det språket som elevane har undervisninga og lærebøkene på. Ein tar det for sjølvsagt at det finst eit fagspråk med fagordbøker, og at målspråket vil bli hovudspråket elevane vil bruke skriftlig og munnlig i sitt framtidige yrke. Når ein skal yrkesrette rettleiinga og undervisninga for samisk / norsk for elevar med samisk, er ikkje noko av dette like sjølvsagt. I nokre fag finst det dårlig utbygd norsk fagspråk (reindrift, duodji), i andre fag er det dårlig med samisk fagspråk, eller dette er nykonstruert og lite innarbeida i arbeidslivet. Fagordbøker og faglige tekstar på samisk er mangelvare for mange fag. Det samme er skjønnlitterære tekstar med tilknytning til dei forskjellige fagmiljøa. For elevar med samisk som førstespråk er det ikkje gitt at samisk er undervisningsspråket, og i alle fall ikkje lærebokspråket.

Det er ingen grunn til at yrkesrettinga her bør vere mindre vektlagt i norsk for elevar med samisk enn i den metodiske rettleiinga for den nasjonale norsk-planen. Den metodiske rettleiinga bør derfor innehalde minst like mye stoff på dette, samt rette opp manglane som er nemnt ovafor og forsøke å tilpasse dette til å plukke ut litteratur som elevane kjenner seg igjen i både yrkesmessig og kulturelt.

Når det gjeld samiskfaget vil yrkesrettinga få ein noko anna karakter enn for norskfaget. Yrkesrettinga blir ikkje mindre viktig, og behovet for å gi hjelp til denne gjennom den metodiske rettleiinga blir enno større, ettersom her ikkje finst lærebøker som kan gi noko hjelp.

7. Forslag til tekst i Metodisk rettleiing samisk / norsk

Det som presenteras her under 7.1. er forslaget mitt til eit kapitel i den metodiske rettleiinga. Når eg skriv dette er denne enno ikkje vurdert av gruppa som skal lage dette utkastet. I denne utgåva er det lagt inn nokre parentesar med forklaringar og omsettingar som ikkje treng å vere med i den metodiske rettleiinga, fordi dei lærarane som skal bruke denne vil forstå det utan disse forklaringane. Kapitel 7.2. er tenkt som eit vedlegg til den samme rettleiinga, som ei av dei fire litteraturlistene som vil følge denne. Kommentaren sist i dette kapitlet er skreve for denne oppgåva og skal ikkje vere med i rettleiinga.

7.1. Yrkesretting

Eit av føremåla med samisk vidaregåande opplæring er å førebu elevane på å kunne gå ut i yrkeslivet "i det samiske samfunnet, det norske storsamfunnet og verdssamfunnet" (Føremålsparagrafen for dei samiske vidaregåande skolane). Dette må og prege undervisninga i samisk og norsk på yrkesfaglige linjer. Yrkesrettinga vil variere svært frå linje til linje, mellom samisk og norsk og mellom samisk som første og andre språk.

For tospråklige elevar i eit tospråklig samfunn er det behov for å yrkesrette undervisninga i både førstespråket og andrespråket, men det vil variere mellom linjene kor stor vekt ein legg på yrkesrettinga av kvart av språka. Generelt kan vi seie at ein har bruk for både samisk og norsk trengs i alle yrke, om enn ikkje i like stor grad.

Gjennom yrkesretting av språkundervisninga kan ein: - hjelpe elevane til å kunne bruke språket i yrkeslivet og forstå, snakke, lese og skrive om yrkesfaglige spørsmål. - hjelpe til med innlæringa av studieretningsfaga, særlig der dette språket er undervisningsspråk. - bidra til utvikling av arbeidslivskunnskap, yrkeskjensle og yrkesstoltheit, bl.a. gjennom skjønnlitteratur som tar opp yrkesmiljøet. - bidra til språkbevaring gjennom opplæring i tradisjonelle fagtermar. - bidra til språkutvikling gjennom innføring av fagtermar som kjem istaden for låneord frå andre språk. - gjennom å knytte språkfaget til yrkesfaga og det praktiske arbeidet gjøre elevane meir motiverte for undervisninga i språkfaget.

Yrkesretting må ikkje forståas så snevert at det bare gjeld stoff som er heilt innafor det eller dei yrka som elevane utdannar seg til. Det er og behov for yrkesretting i vid forstand; stoff som er innretta på yrkeslivet, om det å vere arbeidar og del av eit arbeidarkollektiv, stoff om arbeidet generelt, om arbeidsmiljø, forhold mellom arbeidarar og sjefar, fagorganisering osv. Her bør ein trekke inn erfaringane til dei elevane som har vore i arbeidslivet, både fordi disse elevane da føler at dei har noko å bidra med og fordi dette vil gjøre lærestoffet meir nært for dei andre elevane enn om det bare er læraren som fortel.

Dersom ein og samme lærar kan undervise samme klassen i både yrkesfag og språkfag vil ein lettare kunne samordne yrkesfag og språkfag. Men dette vil ikkje alltid vere mogleg, og det må da vere eit nært samarbeid mellom språklærarane og yrkesfaglærarane. Sjølv om ein ikkje kan vente at språklærarane skal kjenne heile pensumet i yrkesfaga, er det ein stor fordel om dei set seg inn i noko av det elevane driv med, f.eks. gjennom å besøke dei på verkstad, kjøkken e.l. og skaffe seg ein oversikt over innhaldet i læreplanane og lærebøkene deira i yrkesfaga. Ingen lærar kan yrkesrette undervisning i forhold til eit fag ho/han ikkje veit noko om.

Arbeid med fagspråk er ein vesentlig del av yrkesrettinga. Dette skal gjøre det lettare for elevane å forstå lærebokspråket og bli sikre på innhaldet i omgrepa. For elevar med både norsk og samisk bør ein utnytte den tospråklige kunnskapen deira i å forklare fagtermane. Nokre gonger forstår elevane eit omgrep best gjennom den samiske termen, andre gonger gjennom den norske termen. Det å sette orda ved sida av kvarandre kan vere det som skal til for å få ei "a-ha-oppleving". Ofte er fagtermar ord som og finst i dagligspråket, men med ei anna tyding. Dette vil lett føre til forvirring, særlig i andrespråket og når ein opererer med to språk samtidig. Det vil derfor vere ein stor fordel for innlæringa i yrkesfaga om ein anten i yrkesfag- eller språkfagtimane arbeider med oversikt over sentrale fagtermar på begge språk, definerer dei og ser ka for ord på samisk og norsk som tilsvarer kvarandre.

For samisk kan arbeidet med fagspråk knyttas til grammatikken (morfologien), gjennom å vise kordan ein på samisk lagar ord gjennom ordavleiing (suorggideapmi). Ein kan bruke både gamle og nye faguttrykk til å vise kordan ein lagar f.eks. substantiv av verb:

fierrut > firon                    faskut > faskkon                     çállit > çálán            bargat > barggahat

Ein kan så utleie reglar for ordavleiing frå kjente ord og bruke disse til å lage forslag til nye ord for omgrep ein i dag ikkje har noko innarbeida samisk ord for.

Gjennom arbeidet med fagtermar kan ein og vise kordan gamle ord får ny tyding. Dette er eit godt utgangsspunkt for ein diskusjon blant elevane om språkutvikling og kan godt brukas både i skriftlige og munnlige oppgåver.

Faglige tekstar kan og brukas til øvingar i omsetting og tolking. Ein kan omsette tekstar frå lærebøkene og ein kan øve på tolking ved at ein elev legg fram eit faglig emne på eit språk mens ein annan elev tolkar til det andre.

Arbeidsrapportar er ein fin måte å kombinere språkfag og yrkesfag på. Det gir eleven trening i å uttrykke skritlig ka ho/han har gjort, samtidig som det fungerer som ein kontroll på at det faglige inhaldet og bruken av fagtermane er rett forstått. Om ein skriv ein arbeidsrapport på det språket der fagterminologien er minst utvikla (f.eks. på norsk i duodji, på samisk i byggfag), vil rapporten lett bli full av faguttrykk henta frå det andre språket. Dette kan derfor og brukas som ei øving i å finne gode fagtermar på det språket rapporten skal skrivas på.

Eit sentralt punkt i yrkesretta norsk / samisk er å kunne skrive ein arbeidsinstruksjon. Læraren bør saman med elevane gå gjennom ka ein slik skal inneholde og kordan instruksjonen skal settas opp. Ein felles mal for alle yrkesfag er utarbeida av språklærarar ved Samisk videregående skole og reindriftskole. Denne må tilpassas til dei forskjellige linjene, det er litt forskjell på å skrive ei kakeoppskrift og ein instruksjon for å justere ventilar.

Ofte er det stor mangel på praktiske arbeidsinstruksjonar, oppskrifter o.l. til ting elevane kan lage. Her kan elevane gjøre eit nyttig arbeid med å skrive tekstar som, gjerne saman med ei arbeidsteikning eller annan illustrasjon som eleven har laga, kan settas inn i perm og trekkas fram neste år, slik at elevane lagar ting etter denne instruksjonen. Før instruksjonen får status som arbeidsinstruksjon for framtida må læraren eller klassen gå gjennom den for å rette opp faglige og språklige feil, men rettinga bør ikkje gå så langt at det personlige preget til eleven som har skreve det blir borte. I andre tilfelle finst ein slik instruksjon bare på norsk eller bare på samisk. Da kan elevane omsette denne til det andre språket. Slike omsettingar bør på same vis brukas vidare og få "offisiell status" på skolen.

Ingen ting er meir motiverande enn at ting virkelig skal brukas. Der skolen har ressursar til læremiddelutvikling kan ein og belønne godt arbeid på dette området med at skolen f.eks. gir pengar til klasseturkassa.

Mange elevar på yrkesfaglige studieretningar les lite litteratur på eiga hand. Da er det ei viktig mål for språkundervisninga å vekke interessen for skjønnlitteratur. Eit middel til dette kan vere å finne fram skjønnlitteratur med tema henta frå yrkeslivet eller frå miljø som elevane kjenner seg igjen i. Ein god start kan vere f.eks. Ingvar Ambjørnsen si novelle: Lillevik yrkesskole, som skildrar ein lite skolemotivert elev sine erfaringar frå eit år på det vi i dag kallar yrkesfaglig studieretning. (Novella står bl.a. i Aas: Ord i arbeid 1).

På norsk er det mogleg å finne skjønnlitteratur med tilknytning til svært mange yrkesmiljø. Slik litteratur har anten oppstått gjennom at profesjonelle forfattarar har gjort grundige studier av forskjellige yrkesmiljø for å kunne skildre dei, eller ved at arbeidarar i forskjellige miljø sjølve har skreve dikt og anna skjønnlitteratur med tilknytning til arbeidsplassar og yrkesfag. Det har og til tider vore arbeida medvete frå arbeidarrørsla og kulturorgan med tilknytning til denne for å få fram slik litteratur (Eks. Arbeidermagasinet og bøker på forlaga Tiden og Oktober).

Innafor samisk litteratur finst det svært lite skjønnlitteratur med tilknytning til andre yrkesmiljø enn reindrifta. Ein kan gjerne ta opp ein diskusjon med elevane om årsakane til dette, da det seier mye om resultata av fornorskingspolitikken. Sjølv om den samiske skjønnlitteraturen sjølvsagt er langt mindre i omfang enn den norske, er dei aller fleste sjangrar representert. Men fråveret av arbeidarlitteratur og litteratur frå forskjellige yrkesmiljø, inkludert jordbruk og fiske er påfallande. Fleire generasjonar samar ikkje lærte å skrive på morsmålet. Ein del lærte det gjennom akademisk utdanning i vaksen alder og det er blant disse vi finn dei fleste forfattarane. I tillegg kjem mangelen på klare samiskspråklige yrkesmiljø, dei fleste samar som har jobba f.eks. i industrien har gjort det på arbeidsplassar som har vore dominert av norsk språk både når det gjeld fagspråk og språket arbeidskameratar i mellom.

Det er vanskelig å finne skjønnlitteratur som både tar opp yrkesfaga og samtidig skildrar eit kulturelt miljø som er kjent for samiske elevar. Ein må ofte nøye seg med ein av delane av gangen. Ein bør derfor forsøke å finne fram til tekstar som meir heller i retning av sakprosa, men som ikkje er av læreboktypen. Her kan ein f.eks. bruke Johan Turi: Muitalus sámiid birra (Fortelling om samene) og Anders Larsen: Mearrasámiid birra (Om sjøsamene).

I samband med opplæring i bruk av bibliotek kan det vere ei aktuell oppgåve at elevane sjølve forsøker å finne både fag- og skjønnlitteratur med tilknytning til yrkesfaget sitt. Dei bør da få noko tips til hjelp med å finne skjønnlitteraturen.

7.2. Tips om skjønnlitteratur i samband med yrkesretting

Byggfag
SAMISK
Larsen Anders Mearrasámiid birra s.10-12 Tromsø Museum 1979
NORSK
Steen Thorvald Ilden Tiden 1992
Stien Laila Hold stø båt s. 24-28 Albatross 199?

Formgivingsfag / Duodji
SAMISK
: Larsen Anders Mearrasámiid birra s.12-17 Tromsø Museum 1979
Marainen Thomas Duddjojun sánit Davvi Girji 1997
Paltto Kirsti "Sámi dujiid" oastimin Riððunjárga Jårgalæddji 1979
Paltto Kirsti Urbi Gielas 1994
Sokki Bonán bonán soga suonaid Gyldendal 1997
NORSK
Braaten Oskar Alma I Verker, bd. VI 1955
Elden Asbjørn Om folkets kultur fra Sangen i verkstedhallen Oktober 1976
Haalke Magnhild Serinas hus Aschehoug 1955
Stien Laila Hold stø båt s. 17, 36 Albatross 199?
Undset Sigrid Før sedelighetsballet Jensen: Vår egen litteratur 1996

Helse- og sosialfag
SAMISK
Eira Inga Ravna Lie¤áºan Davvi Girji 1997
Lukkari Rauni Magga Árbeeatni Davvi Girji 1996
Lukkari Rauni Magga Losses beaivegirji DAT 1986
Turi Johan Muitalus sámiid birra s.26 Máná dikóuma birra,

s.113 Doavttirkoansttat)

Sámi Girjjit 1996
NORSK
Ambjørnsen Ingvar 23-salen Forfatterforl. 1981
Lid Sonja Vår nakne virkelighet Gyldendal 1972
Lukkari Rauni Magga Mørk dagbok DAT 1986
Sandvik Kjell En liten, bister beretning om lusa i Olsen:

Å eg veit meg eit land

Tiden 1991
Skogheim Dag Tæring Tiden 1988
Skogheim Dag Gå stille, tal sakte Tiden 1973
Stokkan Eva Barndom fra Tidsnød Dreyer 1974

Hotell og næringsmiddelfag
SAMISK
Larsen Anders Mearrasámiid birra s.18-23 Tromsø Museum 1979
NORSK
Asbjørnsen & Moe Mannen som skulle stelle hjemme Carlsen 1991
Bakkeli Gyrd Hotell & kafeteria-arbeiderskens klagesang Dikt fra arbeidsplassen Tiden 1977
Stien Laila Hold stø båt s. 8, 15, 51, 54-57 Albatross 199?

Mekaniske fag
SAMISK
NORSK
Elden Asbjørn Sangen i verkstedhallen Sangen i verkstedhallen Oktober 1976
Lie Arvid Torgeir Bulldoserarbeid La hundre blomster blomstre Oktober 1974
Nesbakken Agur Lysets sang fra Olderfjord Heimbygdas sang. Russenes 1982
Sandbæk Kjell Til et par Ei heil vøa NNM 1982
Stien Laila Hold stø båt s. 29-32 Albatross 199?
Øra Truls Romanen om Helge Hauge Gyldendal 1979

Naturbruk / Reindrift
SAMISK
Guttorm Hans Aslak Golgadeamen Jorgaleaddji 1982
Idivuoma Per Rievvarbiegga Jorgaleaddji 1980
Larsen Anders Mearrasámiid birra Tromsø museum 1979
Paadar Iisakki Issá muitala
Sombi Asllat Jávvásan goahtesajit Davvi Girji 1996
Turi Johan Muitalus sámiid birra Sámi Girjjit 1996
Utsi . John Erling Báru alde Savvon Kemi 1983
Valkeapää Nils Aslak Beaivi, áhçáþan dikt 272 DAT 1991
Vest Jovnna Ánde Çáhcegáddái nohká boazobálggis Davvi Media 1988
NORSK
Mikkelsen. Magnar Det store diktet om sauen Cappelen 1981
Sandbæk Ragnar M/Tr «Thue Junior» Ei heil vøa NNM 1982
Somby Marry A Å Bizi, min kjørerein Ei heil vøa, NNM 1982
Stien Laila Hold stø båt s. 37-41 Albatross 199?
Vest Jovnna Ánde Reintrýkket ender ved bredden Aschehoug 1989

Fra arbeidslivet
SAMISK
NORSK
Anker Nini Roll Den som henger i en tråd
Antonsen Margit Arbeidsneven Dikt fra arbeidsplassen Tiden 1977
Egerdal Leif Akkord Dikt fra arbeidsplassen Tiden 1977
Eggen Arnljot Vi er dei mange Samlaget 1987
Elden Asbjørn Om å gjere noko gale Sangen i verkstedhallen Oktober 1976
Flatval Torbjørn Papirtigrene Cappelen 1981
Karlsen Øivind B Vernesko La hundre blomster blomstre Oktober 1974
Larsen. Alf T Samlebånd La hundre blomster blomstre. Oktober 1974
Nilsen Lillebjørn Ola Tveiten La hundre blomster blomstre. Oktober 1974
Nilsen Rudolf Den nye kamerat Dikt 1968
Nygård Erling Hammerslag Dikt fra arbeidsplassen Tiden 1977
Ruud Henry På rundskift Dikt fra arbeidsplassen Tiden 1977
Skogheim Dag Vi vil tænde Ukjente nord-norske arbeiderdikt 1900-1920 Pax 1975
Skogheim Dag Viser og vers fra anlegg og gruve Tiden 1976
Stien Laila Hold stø båt s. 11-13, 20-21 Albatross 199?
Vasbo Vibeke De kjenner ikke vår styrke Pax 1976
Wassmo Herbjørg Nede på fileten gikk alt for fullt Ei heil vøa NNM 1982

Kommentar:

Denne lista er sjølvsagt langt frå komplett, og det finst sikkert ei mengde bra litteratur som burde vore med. Det meste har eg plukka frå litteratur eg sjølv har lest, for ein stor del frå mi eiga bokhylle. Forsøk på å få hjelp frå bibliotekarar og litteraturvitarar har gitt ganske små bidrag, nokre har eksplisitt gitt uttrykk for at dei er mot å dele opp skjønnlitteratur på denne måten. Dette viser at forståinga for å bruke yrkestilknytta skjønnlitteratur er liten i dei akademiske litteraturkretsane.

Eg vonar at før den metodiske rettleiinga kjem ut vil denne lista vere auka ein god del.

Det er ingen stor overrasking at det er innafor naturbruk / reindrift at det har vore lettast å finnne høvelig samisk litteratur. For meg var det noko overraskande at det var såpass vanskelig å finne litteratur som høvde for duodji / formgivingsfag. Det er og svært dårlig med arbeidsplassskildringar generelt i samiskspråklig litteratur. Det kan forklaras med at fleire generasjonar samar blei nekta opplæring i sitt eige språk. Dei som seinare har lært seg å skrive samisk har ofte gjort det gjennom ei akademisk utdanning, dermed blir det mindre grunnlag for arbeidarlitteratur enn innafor f.eks. norsk og svensk litteratur. Ein medvirkande faktor kan og vere at der samisktalande har arbeida i f.eks. industrien, har det ofte vore på arbeidsplassar dominert av norsk språk, noko som gjør det mindre naturlig å gi eit skjønnlitterært uttrykk for opplevingar frå arbeidsplassen på samisk.

Eg har leita med lys og lykt i samisk litteratur, både skjønnlitteratur og saksprosa for å finne relevant stoff for mitt eige fag, mekaniske fag, men med svært dårlig resultat. Hermed er samiske forfattarar og skriveføre samiske mekanikarar utfordra.

Til neste kapittel

Til start

_________________________________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no