Svein Lund

Yrkesretting av språkfag i samiske vidaregåande skolar - prosjektoppgåve i yrkespedagogikk

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------

4. Yrkesretting av språkfag ved dei samiske vidaregåande skolane

Læreplanane Nordsamisk førstespråk, Samisk andrespråk og Norsk for elevar med samisk gjeld for alle elevar i vidaregåande skole som velger samisk som fag. Utanom dei to samiske vidaregående skolane gjeld dette ganske få elevar i yrkesfaglige studieretningar. Disse vil da gjerne bli tatt ut av klassen i disse timane og undervist i lag med elevar frå andre klassar. Det er derfor i første rekke på dei samiske vidaregåande skolane at det er aktuelt med yrkesretting av språkfag kombinert med undervisning på grunnlag av samisk språk og kultur. Eg vil derfor vidare konsentrere meg om disse skolane og dei yrkesfaglige linjene som finst der no.

4.1. Før Reform 94

I tida før samanslåinga til vidaregåande skole fantest samisk knapt som fag på yrkesfaglige linjer. I løpet av 80-talet blei samisk etterkvart innført som 2 timars fag, men utan ein klar læreplan og utan lærebøker. Det var stor forskjell på faget si stilling på dei meir særeigne samiske linjene reindrift og duodji og på meir "norske" linjer som mekaniske fag og hustellsfag.

4.2. Læreplanar etter Reform 94

Mens grunnskolen har eit eige samisk læreplanverk, har vidaregåande skole eigne samiske læreplanar bare i faga samisk og norsk, samt nokre studieretningsfag på linjene duodji og reindrift.

I denne samanhang er det tre læreplanar som er relevante: - Norsk for elevar med samisk - Davvisámegiella vuosttaógiellan - nordsamisk som førstespråk - Sámegiella nubbegiellan - samisk som andrespråk

Læreplanen i samisk som andrespråk gjeld alle dei tre hovuddialektane sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk. På dei samiske vidaregåande skolane vil det store fleirtalet lese nordsamisk, men det blir og tilbode undervisning i sørsamisk og lulesamisk for elevar frå sør- og lulesamiske område.

4.3. Fag- og timefordeling

For elevar med samisk som 1. eller 2. språk er timetallet på yrkesfag grunnkurs og VK1 1+2 i norsk og 3+2 i samisk, mens allmenne og økonomiske fag har 3+4+4 i begge språk.

Elevar med samisk som 1. eller 2. språk skal ikkje ha opplæring i skriftlig sidemålsnorsk, heller ikkje på allmennfaglig studieretning. Ut i frå dette kan det virke pussig at læreplanen Norsk for elevar med samisk likevel har beholdt skillet mellom mellom modul 1 og 2 for yrkesfaglege og allmennfaglige studieretningar. Dette skillet ser her ikkje ut til å ha anna hensikt enn å dele opp pensum i yrkesfag på første og andre året. I den grad det er vist til "yrkesretta" aktivitetar, er disse og med i læreplanen for allmennfaglig studieretning (!).

Mens ein i norskfaget brukar to år på yrkesfag for å komme gjennom det allmennfagelevar har på grunnkurs, har samiskfaget ein annan struktur. Alle linjer har 3 timar på første året og dette kallas modul 1.

Samanlikning mellom timefordeling og modular for læreplanar i norsk og samisk, allmennfag og yrkesfag:

Norsk Norsk for sam. Samisk Norsk + samisk
AFGK 4 (M1+2) 3 (M1+2) 3 (M1) 6
AFVK1 5 (M3) 4 (M3) 4 (M2+3) 8
AFVK2 5 (M4) 4 (M4) 4 (M4) 8
AF 14 11 11 22
YFGK 2 (M1) 1 (M1) 3 (M1) 4
YFVK1 2 (M2) 2 (M2) 2 (M2) 4
YF GK+VK1 4 (M1+2) 3 (M1+2) 5 (M1+2) 8
(YFVK2) - - 2(M3)
påbygging 10 (M3+4) 8 (M3+4) 6 (M3+4) 14
YF+påbygning 14 11 11 22

Ut i frå dette ser vi at modular ikkje direkte kan samanliknas. Timetalet for ein modul varierer frå 1 til 5. Spøramålet er om det er samsvar mellom storleiken på modulen og timetalet slik at pensum i 5 timars modulen Norsk på AFVK1 virkelig er 5 ganger større enn 1-times-modulen Norsk for elevar med samisk på YFGK, eller om yrkesfaglige studieretningar her i røynda har større pensum pr. undervisningstime.

4.4. Pensum og samordning

Med unnatak for sidemålsopplæringa ligg pensum i Norsk for elevar med samisk tett opp til pensum i den nasjonale læreplanen i norsk. Nokre emne er bytta ut, men krava er ikkje mindre. Som morsmålsfag har samisk 1. språk eit innhald og nivå som tilsvarar pensum i den nasjonale læreplanen i norsk. Pensum i samisk 2. språk ligg noko lågare i krava. Målet er altså at elevane som er tospråklige i samisk og norsk skal komme opp på samme nivå i to språk som dei einspråklige elevane i norsk. Dette skal dei gjøre på eit timetal som samla er større, men likevel kvar for seg klart mindre enn norskfaget for einspråklige. Skal dette la seg gjøre, krev det ei samordning av faga, der elevane kan overføre noko dei lærer i / på det eine språket til det andre. Utfordringa ligg i å kunne gjøre det utan at det blir ukritisk overføring utan naudsynt tillemping til språkstruktur og kultur. Ei slik samordning og tillemping må og gjøras når det gjeld den yrkesretta delen av undervisninga.

4.5. Organisering av undervisning og lærarsamarbeid

Fra Reform 94 kom har allmennfaga på yrkesfaglige linjer i stor grad blitt undervist i grupper der elevar frå fleire studieretningar går i lag, f.eks. mekaniske fag og hotell- og næringsmiddelfag. Dette har tvunge lærarane til å konsentrere seg om "minste felles multiplum", noko som sjølvsagt har gått ut over yrkesrettinga. Ein har forsøkt å kompensere dette dels med å la heile gruppa jobbe med oppgåver frå begge faga, dels med å gi allmenne oppgåver med fagspesifikke svar: (eks.: Skriv ein arbeidsrapport eller ein arbeidsinstruksjon i faget ditt). Det har og nokre år vore gitt tilbake noko av den ressursen ein tok ved samanslåinga ved at ein har delt klassen igjen i nokre emne. Men det har ikkje vore noko system for dette, og det har i stor grad vore opp til den einskilde læraren å kreve dette.

Å yrkesrette språkundervisninga er ikkje noko som ein einskild lærar kan gjøre aleine. Derfor bør det vere samarbeid både mellom språklærar og yrkesfaglærar, og mellom språklærarane. For å sikre dette samarbeidet må det settas av tid. Ved begge skolane er det organisert samarbeid mellom språklærarane. Det har alltid vore eit visst samarbeid mellom yrkesfaglærar og språklærar, men ofte har dette vore tilfeldig.

Ved Samisk videregående skole og reindriftskole er det innført lærarteam på tre lærarar som i stor grad har overtatt klasselærarrådet si rolle. Dette kan føre til tettare samarbeid om klassen og elevane, men kan og føre til at kontakten med nokre av faglærarane fell ut. Det svake punktet ser i dag ut til å vere kontakten mellom yrkesfaglærarane / klassestyrar og dei språklærarane som ikkje deltar i klasseteamet. Ansvaret for denne kontakten må ligge på begge sider, både på språklærar og klassestyrar / team. For at samarbeidet skal vere godt, må ein ha ei planlegging som er open for fleksibilitet og endringar. Samarbeidet kan bestå av f.eks. : n Tverrfaglig prosjektarbeid n Skriving av rapportar, arbeidsinstruksjonar, bestillingar osv. som gjeld faget n Arbeid med terminologi n Omsettingar av oppskrifter, instruksjonar, merkelappar, oppslag osv.

4.6. Engelsk

Engelskundervisninga ved dei samiske vidaregåande skolane følger den nasjonale læreplanen og skil seg ikkje så mye ut frå andre vidaregåande skolar. Dette i motsetning til grunnskolen som har eigen samisk læreplan i engelsk. Det har og frå dei samiske vidaregåande skolane vore ytra ønske om samiske læreplanar i engelsk, men dette er avvist av departementet.

Det er svært varierande frå klasse til klasse og lærar til lærar i kor stor grad ein brukar andre språk enn engelsk som hjelpespråk. Nokre brukar bare samisk, andre bare norsk, nokre begge delar. Dette har samanhang både med elevane og lærarane sine språkkunnskapar. Engelsklærarane har stort sett hatt svært avgrensa kjennskap til dei yrkesfaga dei skal yrkesrette undervisninga mot. Det vil og variere svært fra linje til linje kor viktig det er å lære yrkesretta engelsk. Det er f.eks. lettare å sjå behovet for fagengelsk innafor mekaniske fag enn innafor reindriftsfag.

Det finst ingen lærebøker i engelsk på grunnlag av samisk på vidaregåande nivå. For VK1 reindrift og duodji finst det ikkje fagrelevante lærebøker og heller ikkje mye hjelpebøker. Det finst heller ingen allmenne ordbøker engelsk-samisk. (Ei slik ordbok har vore varsla lenge, men finst så langt bare i bokkatalogen til forlaget.) Samisk-engelsk finst, men i så gamal samisk rettskriving at ein ikkje kan vente at elevar på yrkesfaglige linjer skal kunne bruke denne.

Tekniske ordbøker / fagordbøker samisk-engelsk / engelsk-samisk finst bare innafor mekaniske fag, men denne er ikkje godkjent og trykt. Ei førebels utgåve er likevel tatt meir eller mindre i bruk ved dei samiske vidaregåande skolane. I andre fag kan ein i beste fall omsette faguttrykk mellom samisk og engelsk ved å gå om norsk, i verste fall finn ein det heller ikkje den vegen.

4.7. Norsk

Dei elevane som har samisk som 1. eller 2. språk har norskundervisning etter læreplanen Norsk for elevar med samisk, mens dei som har samisk som B- eller C-språk følger den nasjonale læreplanen Norsk. Sidan det er langt fleire i den første gruppa får disse gjerne norskundervisning i grupper der elevane er frå ei eller to klassar, mens elevane som følger den nasjonale læreplanen kan få undervisning i grupper der elevane kjem frå inntil tre klassar. Det gjør det særlig vanskelig å få til yrkesretta undervisning for denne siste gruppa.

Læreplanen Norsk for elevar med samisk gir lite konkret hjelp i yrkesretting av faget. Planen har ei 5 sider lang innleiing der yrkesretting er ikkje nemnt i det heile. Under Modul 1 (grunnkurs) kan ein lese dette om yrkesretting under punkt 2.2.:

2 Munnleg bruk av språket Elevane skal kunne forstå og nytte vanlige munnlige framstillingsformer, til dømes - instruksjon (t.d. om bruken av teknisk utstyr, maskinar og arbeidsreiskapar) - andre yrkesretta aktivitetar etter behov, som t.d. tolking. 3. Skriftleg bruk av språket .. - brev (ulike typar som søknad, bestillingsbrev og lesarbrev) - rapport - andre yrkesretta oppgåver etter behov, m.a. omsetjing frå samisk til norsk og omvendt 5 Litteratur - Eit variert utval av sakprosatekstar, gjerne med tema frå yrkeslivet

Under Modul 2 (VK1) er bare momenta frå Modul 1 gjentatt, med eit tillegg i parentes om rapportar at dei kan vere "t.d. frå utplasseringsperiode, arbeidsoppdrag eller miljøprosjekt" Når det gjeld dei spesifikke emna som ikkje er i den nasjonale læreplanen i norsk er det nemnt at tolking og oversetting kan vere yrkesretta oppgåver.

Det er altså ikkje mye støtte å finne i læreplanen for ein lærar som skal drive yrkesretta norskundervisning.

Det er skreve ei lærebok for vidaregåande skole i norsk på grunnlag av samisk (Leirvaag 1993). Denne omfattar i første rekke grammatikk / språklære, altså ein ganske liten del av pensum. Boka er heller ikkje delt inn i samsvar med modulinndelinga i læreplanen, slik at ein kan sjå kor stor del av dette som er pensum på yrkesfaglige linjer. Boka er for tida til revisjon og vil etter planen komme i ny utgåve i 1998. For resten av læreplanen brukar ein derfor lærebøker som er skreve etter den nasjonale læreplanen i norsk. Dette gjør at det fort blir læreboka, ikkje læreplanen, som blir grunnlaget for undervisninga. Særlig dersom norsklæraren kan dårlig samisk vil spesifikke emner for den samiske norsk-læreplanen som tolking og oversetting kunne falle ut.

Ettersom norsk har bare ein time på grunnkurset er det heilt umogleg å komme gjennom alle emna i læreplanen i norsktimane, dette må derfor planleggas og samordnas med samisktimane, slik at om ein f.eks. skriv søknad og rapport i samisktimane treng ein ikkje gjøre det i norsktimane sjølv om det er pensum også i norsk.

4.8. Samisk

Læreplanane i samisk inneheld lite konkret om yrkesretting. Likevel er her ein del punkt som viser at undervisninga skal rettas inn på det spesifikke ved kvar studieretning: Dette står i læreplanen for nordsamisk som førstespråk:

2.1. máhttit atnit fágalaó tearpmaid riekta kunne bruke faglige termar rett 2.3.- 3e máhttit çállit teavsttaid nu go raporttaid ja ohcamiid mat gusket ieþaset oahpposuorgái kunne skrive tekstar slik som rapportar og søknadar som gjeld eiga studieretning 2.3.- 4d dovdat ja máhttit atnit boares sániid ja dadjanvugiid mat gullet ieþaset oahpposuorgái kjenne og kunne bruke gamle ord og seiemåtar som hører til eiga studieretning

I planen for samisk andrespråk er det første punktet med, mens det andre er utelatt. I staden for det tredje punktet om å kunne bruke gamle ord som hører til studieretninga kjem eit krav om å kunne nye ord som hører til studieretninga. Det slåande her er at målet om å kunne nye ord som hører til studieretninga ikkje er med i planen for førstespråk. Det må vere ein alvorlig glipp, da dette etter mi meining er ei av dei viktigaste måla med yrkesretta samiskundervisning, særlig for førstespråkselevar. I følge dei allmenne prinsippa som ellers gjeld for vidaregåande skole og for samiske vidaregåande skolar spresielt kan det ikkje vere tvil om at det å lære nye ord som hører til studieretninga hører inn under det ein skal lære også på samisk førstespråk. Dette var så langt ein kan lese seg til ut i frå læreplanane. I tillegg til dette har eg og gruppa som arbeider med metodisk rettleiing tatt som utgangspunkt at samisk som førstespråk bør yrkesrettas i minst like stor grad som norsk som førstespråk.

Det finst pr. mars 1998 ingen lærebøker i samisk for vidaregåande skole laga etter læreplanane for Reform 94. Bøker for samisk førstespråk er høgast på prioriteringslista til Samisk utdanningsråd, og lærebøker for dei fleste emner skal etter planen vere ferdig til sommaren 1998. Men det er ingen planar om å gi ut eigne bøker for yrkesfag, og heller ikkje lærebøker i samisk som andrespråk.

I dag brukas delvis bøker skreve etter gamal læreplan, delvis bøker skreve for ungdomsskolen eller for høgskole / universitet. Ellers må ein i stor grad ty til eigne opplegg og kopiering frå andre bøker.

I nokre yrkesfag, f.eks. reindrift er det ganske bra med hjelpebøker som ein kan bruke til yrkesretta undervisning. Det gjeld både for arbeid med fagtermar og for skjønnlitterære tekstar frå fagmiljø. For andre fag kan ein finne fagtermar i offisielle eller uoffisielle ordlister, mens for fleire fag finst det knapt verken faglitterære eller skjønnlitterære tekstar på samisk.

For samisk som andrespråk vil vekta ein legg på yrkesretting vere avhengig både av elevane sitt nivå og av kor viktig samiskkunnskapar er for utøvinga av yrket. F.eks. vil det vere naturlig at elevar på reindrift og duodji legg større vekt på yrkesrettinga enn andre linjer, ettersom utøvinga av faget her er svært nær knytta til samisk språk. I praksis har yrkesrettinga av samiskfaget variert svært frå studieretning til studieretning og med lærarane sine kunnskapar i faget.

5. Undersøking blant lærarar

5.1. Ka eg ville finne ut

Som sagt er det ikkje gjort særlige undersøkingar om kordan yrkesretting av språkfag blir praktisert, eller om ka for problem dei lærarane opplever som skal gjennomføre denne undervisninga. Derfor ville eg gå ut til lærarane og få deira opplevingar av dette, først for å få bekrefta eller evt. avkrefta dei oppfatningane eg hadde, dernest for å få deira syn på ka dei treng for å kunne gjøre denne delen av undervisninga bedre.

5. 2. Metodeval

Ved dei samiske vidaregåande skolane er det omlag 20 lærarar som underviser i språkfag på yrkesfaglige linjer dette skoleåret, eller som har gjort det eit av dei 2-3 føregåande skoleåra. Dei har såpass forskjellig undervisning og arbeidssituasjon at for å få eit samla bilete ville det vere viktig å nå så mange som mogleg av dei. Eg måtte derfor velge ein undersøkingsmetode som gjorde at eg fikk svar frå dei aller fleste. Alternativa var da intervju og spørreskjema. Når eg valde spørreskjema var det fordi det var mindre arbeidskrevande for meg og eg tenkte det var lettare for lærarane å fylle ut skjemaet når dei hadde tid enn å organisere intervju med alle saman. Om eg skulle intervjua alle dei aktuelle lærarane ved Samisk vidaregåande skole ville er trulig måtte tatt fri frå jobben i fleire dagar for å gjennomføre intervjua i Karasjok. På dette grunnlaget bestemte eg meg for spørreskjema. Om eg hadde visst kor vanskelig det skulle bli å få inn skjemaene, ville eg nok likevel vurdert å gjennomføre intervju.

Spørreskjemaet og følgebrev ligg ved som vedlegg.

Ved yrkesretta språkundervisning gjeld som for all anna undervisning at ein må ta omsyn til alle sider ved læringsprosessen, slik dei er uttrykt i den didaktiske relasjonsmodellen: - læreforutsetningar - rammefaktorar - mål - innhald - læreprosessen - vurdering (Hiim & Hippe1989, s.29)

Sjølv om alt dette heng saman, vil eg i denne undersøkinga legge hovudvekta på to av disse faktorane, i prioritert rekkefølge: 1. rammefaktorar 2. innhald

Eg har i første rekke spurt om dei faktorane som er utafor lærarane sin eigen kontroll. Dette både fordi eg hadde ein hypotese om at rammefaktorane gjør denne oppgåva svært vanskelig for lærarane og fordi eg ikkje ønska at lærarane skulle oppfatte undersøkinga som ein skjult kritikk av undervisninga deira. Den som skal drive f.eks. yrkesretta samiskundervisning for byggfag står overfor rammevilkår som gjør oppgåva omtrent uoverkommelig. Det lærarar som har slike utfordringar i jobben minst av alt treng er enno meir dårlig samvit fordi dei ikkje klarer å oppfylle alle krav på ein gong. Eg har derfor medvete latt vere å ta med spørsmål som: "Syns du at du klarer å oppfylle læreplanen sine krav til yrkesretting?" eller liknande.

Rammefaktorane har eg konsentrert om tre område: 1. Læremiddel 2. Kunnskapar hos lærarane 3. Samarbeid og organisering

Etter avkryssingsspørsmåla valde eg å ta to opne spørsmål der lærarane sjølve kunne formulere ønsker og erfaringar. Svara her går dels på rammefaktorar, dels på innhald. Nokre er og inne på vurdering, eit spørsmål eg ellers ikkje tar opp i denne oppgåva.

5.3. Gjennomføring av undersøkinga

Før eg delte ut spørreskjema, viste eg dei til rektorane ved skolane og fikk godkjenning frå dei til å gjennomføre undersøkinga. Eg delte ut spørreskjemaene direkte til nokre få lærarar, andre fikk dei med følgebrev i posthyllene.

Det viste seg å vere svært vanskelig å få inn svara, ved første fristen før jul hadde eg bare fått tre svar, alle frå Guovdageaidnu. Eg måtte derfor sende eit påminningsbrev til Karasjok, samtidig som eg snakka med dei eg traff ved begge skolane. Eg fikk da inn 3 svar frå Karasjok og 7 svar frå Guovdageaidnu. Dette er ein svarprosent på omlag 50 og framleis i minste laget.

Eg skreiv derfor eit nytt følgebrev og sendte skjemaet ut igjen i februar. Denne gongen førte det til 4 nye svar, slik at eg no tilsaman hadde 14 svar, 5 frå Karasjok og 9 svar frå Guovdageaidnu. Svarprosenten er da omlag 70.

I ettertid ser eg at metoden med å dele ut spørreskjema i posthyllene er dårlig eigna. Lærarane er overlassa med papir om alt mogleg, og skal ein nå fram bør ein snakke med folk direkte. I tillegg var tidspunktet første gongen uheldig, det var midt i julestrida og alle haddde meir enn nok å gjøre frå før. I tillegg hadde eg i det første følgebrevet ikkje klart godt nok å få fram at dette var noko dei sjølve kunne ha nytte av. Eg gjorde og ein feil med at eg skreiv at lærarane kunne svare anonymt. Dette kunne fungert om alle leverte inn svara, men når det blei naudsynt med purring, ville eg gjerne la dei som hadde svart slippe purringa. Med nokre anonyme svar blei det vanskelig å kontrollere kem som hadde levert, og i eit par tilfelle måtte eg faktisk spørre eit par lærarar: "Er dette skjemaet frå deg?"

Sjølv om svarprosenten enno ikkje er så høg som ein kunne ønske, har eg fått svar nokonlunde jamnt fordelt på lærarar i samisk, norsk og engelsk. Samla gir det derfor eit ganske godt bilete av situasjonen


5.4. Oppsummering av svar

Eg vil her gjøre ei oppsummering av dei viktigaste svara. Eit spørreskjema der alle svara er skreve inn, med forklarande kommentarar, er tatt med som vedlegg 3.

1. Eg underviser i / har undervist i
4 samisk 1. språk
2 samisk 2. språk
6 norsk
6 engelsk

2. Eg underviser på disse yrkesfaglige linjene
Her har bare nokre av lærarane skreve namn på linja, dei fleste har bare kryssa av for GK eller VK1 og dette har lite å seie. Eg velger derfor ikkje å behandle dette vidare.

3. Læremiddeldekking i mine fag:
Engelsk: Svar: Læreboksituasjonen er klart best her.
Kommentar: Dette har samanhang med at det her undervisas etter nasjonale læreplanar, felles for heile landet. Norsk: Svar: Bare ein svarar at det er full læremiddeldekning etter gjeldande læreplan, ein svarar delvis dekning mens 6 svarar at lærebøkene er etter feil læreplan.
Kommentar: På skolane blir det undervist etter alle tre læreplanane og svara er derfor forskjellige for disse. Mesteparten av norskundervisninga er etter læreplanen i norsk for elevar med samisk, det er ikkje skreve lærebøker i samsvar med denne planen.
Samisk: Svar: Svara sprikar ganske mye, men ingen seier det er full læremiddeldekning etter gjeldande læreplan. Kommentar: Det virker som ein har oppfatta svaralternativa litt forskjellig. Nærare undersøkingar viser at det som finst er ei delvis dekking etter gamal læreplan, ingen nyskreve bøker etter ny læreplan.

4. Lærebø kene er felles for allmenne fag og yrkesfag, felles for yrkesfag eller særeigne for kvar yrkesfaglig linje
Her er svara ganske eintydige. I samisk fins det ingen tilpasning til yrkesfag. I norsk har helse- og sosial eiga lærebok, alle andre linjer må bruke fellesbok for yrkesfag. I engelsk brukas anten bøker med fellesdel for yrkesfag og noko spesialisering eller eigne bøker for kvar linje.

5. Kordan dekker lærebøkene behovet for yrkesretting?
Engelskfaget er klart faget der lærebøkene dekker dette behovet best, mens samisk er heilt på botn. Norsk fordeler seg på alle alternativ.
Kommentar: Spreiinga av svara på norsk kan ha samanhang med at det er stor forskjell frå helse og sosial med eiga lærebok til reindrift og duodji som knapt nemnas av lærebøkene.

6. Kordan er det med fagordbøker?
Her er stor mangel på fagordbøker, men engelsk er best dekt, med samisk på sisteplass. Kommentar: Det finst på samisk førebels ordlister i visse fag, men dei er ikkje trykt og ikkje godkjent av Samisk språkråd.

7. Hjelpebøker til yrkesretting
Ingen er nøgd med det som finst av hjelpebøker. Også her følger ein det samme mønsteret med engelsk på topp og samisk på botn.

8. For å kunne gi ei god yrkesretta undervisning saknar eg
Her fordeler svara seg ganske jamnt på språka. Språklærarane kjenner eit klart behov for å få bedre kjennskap til yrkesfaga, kontakt med yrkesfaglærarane og kursing i yrkesfaglig språkundervisning. Under halvparten gir uttrykk for at dei saknar metodisk rettleiing.
Kommentar: Behovet for lærebøker og ordbøker kjem her ikkje så tydelig fram som i svar på tidligare spørsmål. Det tolkar eg som at lærarane syns at det har dei alt svara på, dels at dette ikkje er det største problemet for yrkesretta språkundervisning. Når ikkje fleire saknar mnetodisk rettleiing, trass i at dette ikkje finst verken for samisk eller norsk etter den læreplan som brukas mest ved disse skolane, kan det tyde på at dei metodiske rettleiingane i liten grad er tatt i bruk. Derfor saknas dei heller ikkje særlig av lærarar som ikkje har metodisk rettleiing for faget sitt. Metodisk rettleiing er noko nytt med Reform 94 og dette gir grunn til å spørre om kor godt dei fungerer.

9. Disse emna bør yrkesrettas i faga mine
Alle ser klart behovet for yrkesretting av ordforråd/faguttrykk, men det er og stort fleirtal som ser behov for yrkesretting av både skriftlig og munnlig bruk av språket samt litteratur. Grammatikk er det bare eit fåtal som ser noko behov for å yrkesrette. Kommentar: For samisk kan yrkesretting av grammatikk gå på å bruke ordavleiing i samanhang med oppbygging av fagtermar, for norsk og engelsk har eg vanskelig for å sjå ka som kan ligge i yrkesretting av grammatikk.

10. I ei metodisk rettleiing for faget mitt vil eg gjerne ha med disse momenta når det gjeld yrkesretting:
* Man stuora oasi jahkediimmuin galgá dása bidjat (Kor stor del av årstimane skal ein bruke til dette)
* Galggaóii buoret ovttasbargu fitnofágalaó oahpaheaddjiiguin ja sámegiel oahpaheaddjiiguin Sámegiel oahpaheaddji galggaóii diehtit eanet fitnofágaid birra. (Det skulle vore bedre samarbeid mellom yrkesfaglærarar og samisklærarar. Samisklærarar skulle ha visst meir om yrkesfaga.)
* Undervisning tilpasset den ulike klasse etter fag
* Mer praktiske oppgaver
* Mo galgá oahpahit boazodoallu fágasániid eará gillii. Lea go vejolaó? Lea go beroótupmi? (Kordan skal ein undervise faguttrykk for reindrift på andre språk? Er det mogleg? Er det interesse for det?)
* Tips til tekster, skriveoppgaver, felles tverrfaglige opplegg yrkesfag-teorifag, relevante prosjekter (tverrfaglige)
* Utforming av eksamenssett
* Makkár çáppagirjjálaóvuohta gávdno (Ka slags skjønnlitteratur finst)

11. Eg har disse erfaringane / tipsa når det gjeld yrkesretting som eg gjerne vil dele med andre:
* Engelskverket for HS skrevet av Bente Heian har mange gode tips som sikkert kan brukes / overføres til andre språkfag
* Buot neavvut mek-fagii váilot (Alle hjelpemiddel manglar i mekaniske fag)
* Ii gávdno mihkkege gárvvis, oahpaheaddji ferte ieó ráhkadit ja smiehttat mo oahpahit. (Det finst ingenting ferdig, læraren må sjølv lage og tenke ut kordan undervise.)
* Mii leat bargan fitnofágalaó tearpmaiguin ja bidjan namaid sámegillii máóiinnaide. Dasa liikojedje oahppit bures. (Vi har arbeida med yrkesfaglige termar og satt samiske namn på maskinane. Dette likte elevane godt.)
* Heivehit çálalaó bihtáid fitnofágii, omd. "Mo divvut reaimma skohteris?" (Tilpasse skriftlige arbeider til yrkesfaget, f.eks. "Kordan reparere reima på ein skuter")
* Prosjekt er ofte en fin begynnelse, samarbeid med yrkeslærerne og legg vekt på ditt språkfag i prosjektarbeidet * Buorre video: tearpmat njuovvamii / rihttemii ja namahusat bohccuin. (Gode videofilmar: termar frå slakting og partering og namn på rein)
* Motivasjon for skolestart
* Avklar mål for faget med elevene
* Skal det jobbes for en 2-er eller 5-er?
* Undervisning tilpasset elevene
* De er lite motiverte
* Buorre go ieó ráhkadan eksamena, de beasan ieó mearridit oahppiiguin ovttas maid mii galgat oahpat ja lohkat. (Det er bra at ein sjølv lagar eksamen, da kan ein avgjøre i lag med elevane ka vi skal lære og lese.)
* Helse og sosialfag har egne bøker i norsk, "Kontur"
* Skriftlig arbeid. Arbeidsbeskrivelser og rapporter
* Muntlig aktivitetet: instruksjon, forklare en arbeidsprosess. Her kan man også ta med tolking.

Kommentar til dei opne spørsmåla 10 og 11.
Dette viser at lærarane har svært forskjellige erfaringar og legg vekt på forskjellige ting ved elevane, læremidlene og undervisningsmetodane. Eg har funne det vanskelig å oppsummere disse svara med eigne ord, da dette lett ville bli å seie at nokre av svara er viktigare og "rettare enn dei andre. Eg gjengir derfor svara ordrett slik som dei var nedskreve og lar dei tale for seg sjølv. Ettersom spørreskjemaet var på både samisk og norsk kunne lærarane velge kas språk dei ville svare på. Alle samisklærarar svarte på samisk, alle norsklærarar svarte på norsk, mens fleitalet av engelsklærarane svarte på norsk, ein svarte på samisk. I parentes har eg omsett dei samiske svara til norsk. .

5.5. Oppsummering av undersøkinga

Av svara på undersøkinga går det tydelig fram at: Lærarane er opptatt av yrkesretting, men dei finn det svært vanskelig å gjennomføre denne på ein god måte med dei hjelpemidlene som står til rådigheit og dei kunnskapane dei sjølve har om yrkesfaga. Dette området bør derfor prioriteras i læremiddelutvikling framover. Skolane bør arrangere / ta initiativ til skolering av språklærarar i yrkesfag og organisert samarbeid mellom språklærarar og yrkesfaglærarar.

____

Til neste kapittel

Til start

_________________________________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no