Vaksenopplæring for samar

Ei undersøking for UNESCO

Svein Lund, Nordisk Samisk Institutt
Januar 2000

This report in English
Logaldallan sámegillii

Rapportar frå UNESCO Institute of Education om vaksenopplæring for urfolk kan lastas ned i pdf-format. Det gjeld og denne rapporten, i engelskspråklig utgåve.

-----------------------------------------------------------------------------

Forord

Denne rapporten er eit resultat av eit initiativ frå UNESCO - Institutt for utdanning (UIE), for å finne ut kva for vaksenopplæring som blir tilbode til urfolk, og i kva for grad disse folka sjølve får avgjøre dette utdanningstilbodet. Undersøkinga er gjort parallelt i 1999 av 14 forskningsinstitusjonar i like mange land. Nokre av dei tar for seg fleire urfolk i eitt land, mens andre ser på stoda for eitt urfolk i fleire land. I alle land er det brukt eit felles spørreskjema. Arbeidet er koordinert frå Hamburg under leiing av Linda King, nestleiar ved UIE.

Nordisk Samisk Institutt blei kontakta av UIE i slutten av 1998 og bedt om å gjøre dette arbeidet når det gjaldt den samiske befolkninga. Instituttet fant dette svært interessant og fann ut at ei slik undersøking og kunne vere nyttig for det samiske samfunnet. Underteikna blei engasjert av NSI i januar 1999, og sendte da straks ut brev til ei rekke utdanningsinstitusjonar og samiske institusjonar med UNESCO sitt spørreskjema om vaksenopplæring for urfolk. Arbeidet med rapporten har pågått gjennom mesteparten av året 1999.

I oktober 1999 deltok eg i lag med representantar for 13 av dei 14 forskningsinstitusjonane på eit møte i Paris for oppsummering av undersøkinga så langt. Samtidig blei dei førebels konklusjonane og råda våre lagt fram for konferansen "Kulturelle utfordringar i det internasjonale tiåret for verdas urfolk".

Den endelige rapporten om vaksenopplæring for samar blei sendt UNESCO i januar 2000. I lag med dei andre rapportane vil denne bli tilgjengelig på engelsk på internett: www.unesco.org/education/uie Den engelskspråklige utgåva er skreve i hovudsak med tanke på UNESCO og andre som arbeider med utdanningsspørsmål for urfolk på internasjonalt nivå. NSI har derfor ønska å lage ei litt anna utgåve av denne rapporten for publisering på samisk og norsk, med tanke på at denne bør kunne nyttast av samiske skolefolk, politikarar og andre interesserte i det samiske samfunnet, samt skolestyresmakter sentralt og regionalt i Noreg og evt. Sverige og Finland. Denne utgåva har derfor mindre generell informasjon om det samiske folket, i det vi føreset at dette vil vere kjent for dei fleste av lesarane. Til gjengjeld har vi tatt med noko meir informasjon om UNESCO sitt arbeid med vaksenopplæring og urfolksutdanning. Når dei engelsk- og norskspråklige utgåvene no ferdige er det enno ikkje avklara om det vil vere pengar til ei omsetting av rapporten til samisk.

Det har vore gjort ganske lite forsking innafor dette området. Den forskninga som er gjort er avgrensa til mindre område og i tillegg i stor grad forelda. Det har derfor i stor grad vore naudsynt å gå til primærkjeldene, ettersom det har vore lite forskningsmateriale å bygge på. Systemet for vaksenopplæring er svært forskjellig i dei fire landa der det samiske folket bur. Det er og, kanskje særlig i Noreg, eit svært komplisert system, der ei rekke institusjonar og organisasjonar er innblanda. Det er ikkje mogleg å analysere vaksenopplæring for samar utan å forstå den generelle organiseringa av vaksenopplæring, og utdanning i det heile, i disse landa. Denne situasjonen har gjort det umogleg, innafor den knappe økonomiske ramma vi har hatt, å lage ei grundig undersøking som dekker heile den samiske befolkninga like godt. Svarprosenten på spørreundersøkinga har vore låg og svara ofte ufullstendige. Det har derfor vore naudsynt å avgrense rapporten ganske kraftig. Hovudvekta er lagt på Noreg. Det er tatt med nokre opplysningar frå Sverige og Finland, men opplysingane her er mangelfulle, slik at dette bare er ein del av biletet. Frå Russland har det vore svært vanskelig å få opplysningar. Det materialet vi har er så knapt at vi har funne det best i denne omgang ikkje å ta med Russland i det heile.

Det hadde og absolutt vore ønskelig med ei analyse av dei økonomiske vilkåra for kursarrangørar og for kursdeltakarar. Dessverre har det heller ikkje vore kapasitet til å gå inn på dette, men vi vonar nokon vil følge opp denne rapporten med ei undersøking som kan gå meir inn på dei økonomiske vilkåra og regelverket i kvart land i den samanhengen. Vi vonar likevel at denne undersøkinga vil gi nokre idear om situasjonen og at ho kan inspirere til vidare arbeid på dette området, både på politisk nivå, innafor utdanningsadministrasjon på statlig, fylkeskommunalt og kommunalt nivå, og innafor samiske institusjonar og forsking.

Arbeidet med innsamling av informasjon har pågått frå januar 1999 til januar 2000. Vi har ikkje sett oss tid til å oppdatere etter hvert, men om noko allereie kan vere forelda, skulle det likevel ikkje endre på hovudkonklusjonane.

Eg takkar alle som har bidratt med opplysningar, både skriftlig og munnlig. Dei er for mange til å nemne alle ved namn, men eg vil spesielt takke kursinspektør Mats Steinfjell ved Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole for opplysningar og gode diskusjonar både om arbeidet hans og om vaksenopplæring generelt.

28.01.2000 Svein Lund

Innhald

1. Vaksenopplæring i eit urfolksperspektiv
1.1. Definisjonar
1.2. Internasjonalt
1.3. Vaksenopplæringa i Noreg
1.4. Vaksenopplæringa i Sverige
1.5. Vaksenopplæringa i Finland
1.6. Frå fornorsking til samisk opplæring
2. Vaksenopplæring for samar
2.1. Fellessamiske organ
2.2. Noreg
2.3. Sverige
2.4. Finland
3. Vaksenopplæringsbehov og målgrupper.
3.1. Behov
3.2. Målgrupper
3.3. Tilgjengeligheit
4. Organisering og ansvar
4.1. Noreg
4.2. Sverige
4.3. Finland
4.4. Felles samisk
5. Oppsummering
6. Litteratur og kjelder

1. Vaksenopplæring i eit urfolksperspektiv

1.1. Definisjonar

Vaksenopplæring

UNESCO definerer vaksenopplæring slik: "Voksenopplæring betegner alle de læringsprosesser som finner sted, formelt eller på annen måte, og som innebærer at mennesker som anses som voksne av det samfunnet de tilhører, utvikler sine evner, øker sin kunnskap og forbedrer sine tekniske eller yrkesmessige kvalifikasjoner eller vender dem i en ny retning for å møte sine egne og samfunnets behov. Voksenopplæring omfatter både formell utdanning, etter- og videreutdanning, ikke-formell opplæring og hele spekteret av uformell og tilfeldig læring son finnes i et flerkulturelt læringssamfunn, der både metoder basert på teori og praksis er anerkjent."  Men ikkje alle legg eit like breitt innhald i omgrepet vaksenopplæring. Det er uklare grenser mellom vaksenopplæring og ordinær undervisning på vidaregåande og høgare nivå, og mellom formell og uformell opplæring. Dette kan ha ført til at forskjellige institusjonar har forskjellige oppfatningar av kva som er vaksenopplæring og dette har igjen påvirka kva dei har tatt med når dei har svara på spørsmåla frå NSI / UNESCO.

I denne samanheng vil vi så langt som råd følge denne definisjonen til UNESCO, men med det forbeholdet at det er vanskelig å registrere uformell læring. Undersøkinga vil derfor dreie seg om formell læring, eller organisert læring i form av kurs med eller uten eksamen eller anna prøving av formell kompetanse. UNESCO definerer vaksne som "mennesker som anses som voksne av det samfunnet de tilhører". Å bli rekna for vaksen kan i forskjellige samanhengar vere alt frå passert 14 til 25 år. Eg har her bygd på at ein er over normal alder for fullføring av vidaregåande opplæring, dvs. 18-20 år. Nokre problem med avgrensinga av vaksenopplæring vil bli drøfta i kapittel 1.3., vaksenopplæring i Noreg.

Urfolk

Urfolk eller urbefolkningar er omgrep som dei siste tiåra har blitt brukt som ei fellesnemning på opprinnelige folkeslag som bl.a. samar, inuitar, indianarar, maoriar og nordlige folkeslag i Russland. ILO-konvensjon 169, om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, definerer urfolk slik: "Folk i selvstendige stater som er ansett som opprinnelige fordi de nedstammer fra folk som bodde i landet eller en geografisk region som landet hørte til da erobring eller kolonisering fant sted eller da de nåværende statsgrenser ble fastlagt, og som - uansett deres rettslige stilling, har beholdt alle eller noen av sine egne sosiale, økonomiske, kulturelle og politiske institusjoner." , I samband med ratifiseringa av denne konvensjonen slo Stortinget fast at samane dekkast av denne definisjonen.

Felles for desse folkeslaga er at dei hadde sine eigne former for opplæring og oppseding av barn og unge før områda deira blei kolonisert og folka blei underlagt styring av ein stat. Dei fleste hadde heller ikkje utvikla nokon form for organisert skoleinstitusjon. Skolegang var derfor noko som blei innført utafrå, av koloniserande statsmakter eller av misjonærar. Kristen misjonsverksemd har oftast vore sterkt knytta til oppretting av eit skolesystem for urfolk. Kolonimaktene sitt syn var ofte at urfolka var primitive og underutvikla, og at dei måtte siviliserast gjennom å tileigne seg språket og kulturen til kolonimakta. Skolane dei innførte var i hovudsak av to typar: 1. Særeigne skolar for urfolk, med meir eller mindre bruk av deira språk, eige pensum i forhold til landet elles. 2. Skolar etter samme mal som for den dominerande folkegruppa i landet, utan særlig tilpassing til språk og kultur hos urfolka. Felles for desse har vore at styringa av skolane har vore i kolonimaktene / storsamfunnet sine hender. Dei fleste urfolka har og i løpet av dei siste par tiåra i større grad fått gjennomslag for eige språk og kultur i skolen og meir innverknad på si eiga utdanning. Dei problemstillingane samisk opplæring står overfor har derfor ofte parallellar i opplæringa for andre urfolk.

Den internasjonale og nasjonale debatten om urfolksomgrepet har og betydning for skolepolitikken. Her har vore ei utvikling frå å sjå på urfolka bare som personar med nokre språklige og kulturelle fellestrekk, til å sjå på dei som sjølvstendige folkeslag. Dette har ført til ei endring i vektlegging frå individuelle rettar til kollektive rettar. Denne debatten er langt i frå avslutta, og det er motstridande syn såvel internasjonalt som nasjonalt. Internasjonalt ser vi dette bl.a. i spørsmålet om bruk av omgrepa «indigenous population», «indigenous people» eller «indigenous peoples».

Vi vil i denne rapporten bruke «urfolk» og legge vekt på at det i ei godkjenning av samane sine rettar som urfolk, må ligge ei godkjenning av både individuelle og kollektive rettar til utdanning. Med individuelle rettar meiner vi retten til undervisning i og på samisk, rett til fritt val av utdanning osv. Med kollektive rettar meiner vi i første rekke samiske organ sin rett til å fastsette innhaldet i ei samisk opplæring.

Same

Det kan synas unødvendig i ein slik rapport å definere kva vi meiner med samar og samisk. Når vi likevel finn det naudsynt med ein presisjon, er det fordi vi i undersøkinga har møtt forskjellige oppfatningar. Typisk er svaret eg fikk frå ein offentlig institusjon da eg spurte etter vaksenopplæring for samar: «- altså vaksenopplæring for samisktalande». På den måten reduserer ein det samiske spørsmålet til eit språkspørsmål. Når offentlige organ planlegg tiltak for samar eller registrerer behov, tenker dei ofte ikkje på alle samar, men bare på dei samisktalande, dvs. på under halvparten av den samiske befolkninga. Det har og, særlig i Sverige, vore ein tendens til å rekne som samar bare dei som driv reindrift.

Eg vil i denne rapporten bruke omgrepet "same" slik at det omfattar alle i dei 4 landa som er av samisk ætt, uavhengig av bustad, næring / yrke og språkbehersking. I Noreg har samelova ein definisjon av kven som har rett til å skrive seg inn i samemanntalet: Alle som avgir erklæring om at de oppfatter seg selv som same, og som enten a. har samisk som hjemmespråk, eller b. har eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som hjemmespråk, eller c. er barn av person som står eller har stått i samemanntallet kan kreve seg innført i et eget samemanntall i bostedskommunen. I følge Opplæringslova har i tillegg "barn av dei som kan skrivast inn" rettar som samisk elev.

Når det gjeld samisk språk er det i første rekke viktig å ta omsyn til dei forskjellige hovuddialektane, som like godt kan kallas eigne språk. Av dei samisktalande snakkar 80-90% nordsamisk. I tillegg finst det 9 andre hovuddialektar, av dei er 5 standardiserte som skriftspråk. Der undervisas i skolen i følgande samiske hovuddialektar: nordsamisk (Noreg, Sverige, Finland), lulesamisk (Noreg, Sverige), sørsamisk (Noreg, Sverige), enaresamisk (Finland), austsamisk (Finland) og kildinsamisk (Russland). Dei øvrige hovuddialektane (ume-, pite-, ter- og akkalasamisk) har svært få gjenlevande brukarar og blir ikkje lenger overført til den oppveksande generasjon.

For vaksenopplæring er det i all hovudsak aktuelt å gi opplæring på nordsamisk og på dei fire riksspråka. I tillegg er det aktuelt med opplæring i dei andre samiske hovuddialektane som har eigne skriftspråk.

1.2. Internasjonalt

Vi vil her kort sjå på noko av det som er gjort på internasjonalt nivå når det gjeld vaksenopplæring, og som kan virke inn på vaksenopplæringa for samar.

1.2.1. FN

FN har under arbeid ein konvensjon om urfolk. Dette arbeidet er knytta til FNs kontor for menneskerettar i Geneve. Ei permanent arbeidsgruppe for urfolksspørsmål er oppretta i tilknytning til dette kontoret. FNs hovudforsamling bestemte i 1993 at tiåret 1994-2003 skal vere FNs internasjonale urfolkstiår.

I arbeidet med urfolksspørsmål spelar FN sine underorganisasjonar ei viktig rolle, særlig ILO, UNESCO og WIPO. FN sitt urfolkstiår gjeld og for underorganisasjonane.

1.2.2. UNESCO

UNESCO - FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur - har fire hovudprogram: 1. Livslang læring for alle 2. Vitskap som reiskap for utvikling 3. Kulturutvikling: Arv og kreativitet 4. Kommunikasjon: Informasjon og informatikk Ettersom det er statane som er medlemmar av UNESCO er det ein stor fare for at bare saker som regjeringane ønsker å fremme blir tatt opp der. Dette har gjort at urfolk sine interesser i liten grad kom opp fram til ut på 1990-talet.

I samarbeid mellom FN og UNESCO blei det i 1992 oppnemnt ein verdskommisjon for kultur og utvikling, under leiing av tidligare FN-generalsekretær Javier Perez de Cuellar. Blant dei 13 medlemmane var dåverande sametingspresident Ole Henrik Magga. Denne kommisjonen ga i 1995 ut rapporten "Our Creative Diversity", som i stor grad bidro til at urfolksspørsmål kom meir fram i UNESCO sitt arbeid. UNESCOs institutt for utdanning i Hamburg (UIE) har vaksenopplæring som sitt viktigaste arbeidsfelt. UIE har arrangert 5 verdskonferansar om vaksenopplæring. Den siste var i juli 1997 i Hamburg og blei kalt "Livslang læring - nøkkelen til det 21. århundret". På denne konferansen deltok 40 urfolksrepresentantar, men det var ingen samar tilstades. I deklarasjonen frå konferansen blir urbefolkningar nemnt heile 7 gonger. 

I punkt 15 i deklarasjonen heiter det: "Voksenopplæring må gjenspeile det rike kulturmangfoldet og respektere de tradisjonelle folkegruppenes og urbefolkningenes kunnskap og opplæringssystemer; retten til å lære på morsmålet bør respekteres og gjennomføres. Voksenopplæring møter en akutt utfordring i å bevare og dokumentere den muntlige kunnskapen hos minoritetsgrupper, urbefolkning og nomadefolk. I sin tur bør interkulturell utdanning oppmuntre til læring på tvers av og om ulike kulturer for å støtte fred, menneskerettigheter og grunnleggende friheter, demokrati, rettferdighet, frihet, sameksistens og mangfold."

Noreg var representert med ein stor delegasjon på 18 deltakarar. Dei skreiv ein rapport til KUF frå konferansen. Der har dei bare med ei setning nemnt at urfolksspørsmål var diskutert, men det virkar ikkje som dei meiner dette hadde nokon konsekvens for Noreg.

1.2.3. ILO

ILO er Den internasjonale arbeidsorganisasjonen, her er både statar, fagforeningar og arbeidsgivarorganisasjonar medlemmer. ILO var den første internasjonale organisasjon som tok opp urfolk sine rettar.

Noreg ratifiserte i 1990 ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i uavhengige statar. I denne konvensjonen er spesielt dei følgande artiklane forpliktande for Noreg i samband med vaksenopplæring for samar:

Artikkel 22 Det skal treffes tiltak for å fremme frivillig deltaking fra medlemmer av vedkommende folk i yrkesopplæringsprogrammer som gjelder for alle.

Dersom slike generelt innrettede yrkesopplæringsprogrammer ikke er i samsvar med vedkommende folks særlige behov, skal myndighetene sikre med deltaking av disse folk at det blir utarbeidet regelverk og programmer for spesiell opplæring.

Alle spesielle opplæringsprogrammer skal baseres på vedkommende folks økonomiske forhold, deres sosiale og kulturelle vilkår og praktiske behov. Alle undersøkelser i denne sammenheng skal utføres i samarbeid med disse folk, som skal rådspørres om organisering og gjennomføring av slike programmer. Når det er mulig, skal disse folk etterhvert overta ansvaret for organisering og gjennomføring av slike spesielle opplæringsprogrammer, dersom de beslutter det.

Artikkel 27 Utdanningsprogram og utdanningstilbud for vedkommende folk skal utvikles og gjennomføres i samarbeid med dem for å kunne møte deres særlige behov. De skal omfatte deres historie, kunnskaper, teknologi, verdisystem og deres sosiale, økonomiske og kulturelle ønskemål for øvrig. Ansvarlig myndighet skal sikre at medlemmer av disse folka får opplæring, og at de deltar i utforming og drift av utdanningsprogram med sikte på gradvis overføring av ansvar for drifta av slike program i forhold til disse folka der dette er aktuelt. Dessuten skal myndighetene anerkjenne at disse folka har rett til å opprette egne utdanningsinstitusjoner og utdanningsordninger, forutsatt at disse holder minimumsstandarder som ansvarlig myndighet fastsetter i samråd med disse folka. Rimelige ressurser skal settes av til disse formål.

Artikkel 28: Det skal treffes tiltak for å bevare og fremme utvikling og bruk av de opprinnelige språka for vedkommende folk.

Artikkel 30: Myndighetene skal treffe tiltak som passer med vedkommende folks tradisjon og kultur for å gjøre dem kjent med sine rettigheter og plikter, særlig i forhold til arbeidsliv, økonomiske muligheter, utdanning vel og helsespørsmål og til de rettigheter som følger av denne konvensjon.

Disse artiklane burde vere grunnlaget for all vaksenopplæring og anna utdanning for urfolk. Det er dessverre mye som tyder på at det er langt mellom teori og praksis her. Spørsmålet er om dei fleste som gjør vedtak som styrer vaksenopplæringstilbodet til samar i Noreg har vurdert eller i det heile lest disse artiklane i konvensjonen.

ILO vedtok i 1974 ein konvensjon om betalt utdanningspermisjon. Allereie året etter gikk både NAF og LO inn for at Noreg skulle ratifisere denne. Men i 1999 er dette enno ikkje gjort.

1.2.4. WIPO

WIPO står forVerdsorganisasjonen for intellektuell eigedom. Dei har tatt opp problemet med at tradisjonelle kunnskap som særlig urfolk har, anten går tapt eller blir utnytta av multinasjonale selskap som tar patent på denne, utan at urfolka får noko igjen for det. I november 1999 arrangerte dei eit "Roundtable on intellectual property and traditional knowledge".

1.2.5. ICAE

International Council for Adult Education er ein internasjonal samanslutning av vaksenopplæringsorganisasjonar (NGO), med underorganisasjonar for kvar verdsdel. I den europeiske seksjonen, EAEA, deltar bl.a. Folkbildningsforbundet (Sverige), Voksenopplæringsforbundet (Noreg) og Samverkande bildningsorganisasjonerna, SBO-VSY (Finland). ICAE arrangerte i 1982 ein internasjonal vaksenopplæringskonferanse i Paris. I den samanheng blei det og arrangert eit møte om vaksenopplæring for urfolk. Det møtte ein samisk representant på denne konferansen, og ho skreiv ein rapport til Nordisk Samisk Institutt. Det blei der sagt at AESIP - Adult Education in Support of Indigenous Peoples da var eit nytt arbeidsfelt innom ICAE. Dessverre har vi ikkje klart å få informasjon om kva som evt. er gjort vidare.

1.2.6. OECD

OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling - har gjennomført ei rekke undersøkingar om utdanningsforhold i medlemslanda, der ein har samanlikna utdanninga i utvalde medlemsland. Av undersøkingane som gjeld vaksenopplæring er det ei som bl.a. omfattar Noreg, mens i ei anna er Sverige eit av dei undersøkte landa. Ingen av disse undersøkingane har tatt opp spørsmål som gjeld urfolk og andre nasjonale minoritetar spesielt, og samane eller samisk opplæring er ikkje nemnt.

1.2.7. EU / EØS

Av landa der det bur samar er Sverige og Finland medlem av EU, mens Noreg på mange måtar er knytta til EU gjennom EØS. EUs politikk for utdanning og vaksenopplæring vil derfor og kunne få verknad for samane. Samane er det einaste urfolket innafor EU. 1996 var av EU utpeika som «Det europeiske året for livslang læring», og Noreg deltok i dette gjennom EØS. KUF har skreve ein rapport frå gjennomføringa av dette året. Det er ikkje nemnt eigne tiltak med samisk profil.

Fleire vaksenopplæringsprogram i Sverige og Finland har blitt delfinansierte gjennom EU. Dette har skjedd bl.a. gjennom det såkalte Mål 6 - fondet og gjennom Interreg-program. Sametinga har fått ein viss innverknad på fordeling av middel til samiske prosjekt. EU har tre Interreg-program som omfattar samiske område: Interreg Barents, Interreg Nordkalotten (med underprogrammet Interreg Sápmi) og Interreg Nordens Grøna Belte (med underprogrammet Interreg Åarjel Samien). Disse programma omfattar og område i Noreg og tildels Russland.

Blant vaksenopplæringstiltak for samar, som har fått meir eller mindre EU-støtte, kan nemnas:
- Vidareutdanning i duodji, reindriftsutdanning (Samernas Folkhögskola)
- Utdanning av reingjetarar i bruk av hestar (Länsstyrelsen i Jämtlands län)
- Mediautdanning (Sveriges radio)
- Alfa-prosjektet (Lese- og skriveopplæring i samisk)
- Teori og metodikk i duodji (Sámi Duodji, Jokkmokk)
- Sámásta - lulesamisk grunnopplæring (Samernas Utbildningscentrum / Árran)
- Samisk filmdanning (SAFI OY)

1.2.8. Norden

Nordens folkliga akademi er underlagt Nordisk Ministerråd og har eksistert sidan 1968. Dei presenterer seg som "En nordisk efteruddannelsesinstitusjon og udviklingscenter for folkeoplysning og voksenundervisning" og gir ut tidsskrifta Dialog og Baltic Sea Dialogue. Dei siste åra har dei lagt stor vekt på samarbeid med landa rundt Østersjøen. Som einaste fellesnordiske vaksenopplæringsinstitusjon, ville det vere naturlig at ein engasjerte seg i tiltak for det folkeslaget som bur i tre av dei nordiske landa. Likevel er det ingen teikn til tiltak for den samiske befolkninga.

NORD, Vaksenopplæringssenteret for Nordkalotten i Øvertorneå, er eigd i felleskap av dei nordligaste fylka i Noreg, Sverige og Finland. Det har elevar frå alle tre land, tradisjonelt også mange samar, men har ingen undervisning i eller på samisk språk eller i samiske emne.

Til neste kapittel

Til oversikt over artiklar om utdanningsspørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no