Vaksenopplæring for samar - Ei undersøking for UNESCO

Svein Lund, Nordisk Samisk Institutt

Januar 2000

Til starten på rapporten

__________________________________________________________

3. Vaksenopplæringsbehov og målgrupper.

Denne undersøkinga er aleine ikkje nok til å gi sikre konklusjonar om kva som er behovet og kven som bør vere målgruppene i ein plan for samisk vaksenopplæring. Dette er bare meint som eit lite budrag til diskusjon. Ein slik plan må bli basert på vidare forskning, og på ein demokratisk prosess i det samiske samfunnet, der folk som treng og ønsker vaksenopplæring blir hørt, og der sametinga har det avgjørande ordet. Vi vil understreke at dette kapitlet i hovudsak er basert på forholda i Noreg. Trulig vil ein del av dette og vere aktuelt for dei andre landa, men vi har så langt ikkje materiale nok til å uttale oss om det.

3.1. Behov

Behovet for vaksenopplæring for samar har aldri vore kartlagt. Det ein kan seie sikkert er at behovet er enormt. Vi vil nemne eit par hovudområde:

3.1.1. Språk

Eit resultat av fornorskingspolitikken er at det i dag er fleire med samisk bakgrunn som ikkje kan samisk, enn det er som kan samisk. Av dei som snakkar samisk er det store fleirtalet vaksne analfabetar i sitt eige språk; dei kan knapt lese det og ikkje skrive samisk. Det er alt for få med høgare utdanning i samisk til å dekke etterspørselen etter lærarar, kursleiarar, språkkonsulentar, tolkar og omsettarar. I tillegg har mange for dårlige norsk- og engelskkunnskapar til å kunne fungere godt i det moderne storsamfunnet. Det er og behov for samisktalande med kunnskapar i andre framandspråk, særlig russisk og spansk.

3.1.2. Kultur

Overføringa av samisk kultur mellom generasjonane er på mange område omtrent stoppa opp. Dei fleste som er vaksne i dag har gått i ein skole som har kasta vrak på den samiske kulturen og dei har derfor lite kjennskap til denne. For at kulturen skal vidareføras er det behov for særeigne opplæringsprogram som legg vekt på samisk kulturkunnskap på bl.a. disse områda: - kulturelle sider ved reindrift, jordbruk, fiske og utmarksnæringar - duodji - vanar og skikkar, folketru og folkemedisin - samisk kulturhistorie, busettingshistorie og politisk historie I 1999 er det utarbeida og godkjent ein læreplan i samisk kulturkunnskap for vidaregåande skole. Denne kan og vere eit utgangspunkt og for vaksenopplæring, men det er viktig at opplæringa blir praktisk retta og ikkje bare tavleundervisning.

3.1.3. Yrkesfagutdanning

Innafor praktiske fag som snekker, mekanikar, frisør, rørleggar, elektriker osv. er det i samiske område forholdsvis få som har full yrkesutdanning (fagbrev, evt. mesterbrev). Dette er ein av årsakene til at ein her har relativt få eigne bedrifter. Her bør satsas på både AMO-kurs i nokre fagområde og elles leggast til rette for å ta fagbrev etter §20.

3.1.4. Datateknologi

Det har vore gjennomført ein del kurs innafor grunnleggande databehandling, og vil sikkert vere behov for å halde fram med det ei god stund framover. Samtidig er det stor mangel på samisktalande med høgare kompetanse innafor datateknologi. Å finne løysingar for bruk av samisk på data bør verken bli overlatt til folk som ikkje sjølv kan språket eller til folk med svak kompetanse i datateknologi. Oppbygging av kompetanse på dette området vil og gi grunnlag for fleire arbeidsplassar.

3.1.5. Høgare utdanning

I dei fleste yrke som krev utdanning frå universitet og høgskole er det i samiske område stort innslag av folk utafrå, utan tilstrekkelig samisk språk- og kulturkunnskap. Etableringa av Samisk høgskole har bare i svært begrensa grad bidratt til å rette på dette, særlig pga. eit sterkt avgrensa studietilbod. Det er samla opp eit underskot på høgare utdanning over så mange år at ungdommar som satsar på høgare utdanning ikkje kan fylle gapet. Det vil derfor og i framtida vere behov for studiekompetansekurs for vaksne og for desentraliserte studietilbod på høgskolenivå.

3.2. Målgrupper

3.2.1. Kjønn og utdanning

I det samiske samfunnet har kvinna tradisjonelt hatt ein relativt sterk og sjølvstendig stilling. Når dei første samane som fikk utdanning alle var guttar, kjem det trulig mest av dei generelle haldningane i storsamfunnet den gang. Kvinnene lærte i liten grad å lese og skrive og det tok derfor lang tid før vi fikk samiske kvinnelige forfattarar. Først etter 1970 har vi fått kvinnelige forfattarar som skriv på samisk. Med moderniseringa av primærnæringane og nedlegging av kombinasjonsdrift blei kvinnene i stor grad satt utafor i forhold til reindrift, jordbruk og fiske. Samtidig bidro statens politikk sterkt til dette, gjennom å ikkje anerkjenne kvinnene som sjølvstendige yrkesutøvarar i reindrift og jordbruk. Dette førte til at kvinnene frå 60-talet i stor grad søkte seg arbeid utafor primærnæringane, mens dei unge jentene orienterte seg meir i retning av høgare utdanning. Gutane derimot klamra seg fast i primærnæringane så lenge det gikk, eller blei gåande heilt eller delvis arbeidsledige. Spesielt sterkt slo dette ut i Kárášjohka, der den vidaregåande skolen bare hadde «jentelinjer»: allmennfag, handel- og kontor og helse- og sosial. Disse var heilt jentedominert, med 70-100% jenter.

Mens problemet mange stader i verda har vore at jenter ikkje får utdanning, har det i delar av dei samiske områda vore omvendt. Derfor har det dei siste åra vore gjort fleire forsøk på spesielt å motivere guttar til å ta vidaregåande utdanning. I Kárášjohka har ein bygd ut med byggfag og mekaniske fag. I Guovdageaidnu har ein dreve spesielt oppsøkande arbeid blant undersysselsatt reindriftsungdom for å motivere dei til skolegang. Dette har ikkje vore heilt vellukka, bl.a. fordi skolen ikkje har klart å gi tilbod som passa til livssituasjonen deira, og når dei har klart å legge opp til slike tilbod, har disse ikkje blitt igangsatt pga. mangel på pengar og / eller firkanta regelverk.

På vaksenopplæringskurs er det jamnt over og eit fleirtal av kvinner, trulig omlag 2/3. Det same er tilfelle med kursa til SOL. Likevel er kvinnene klart underrepresentert på nokre utdanningsområde. Det gjeld den aller høgaste utdanninga, hovudfags- og doktorgradsnivå. Når det gjeld yrkesfag er det skarpe kjønnskiller i val av fag. Dette gjeld i omlag samme grad for samiske område som for resten av Noreg.

Det har vore arrangert eigne etablerarkurs for kvinner i Finnmark, men ikkje spesielt for samiske område. Det er no planar om utvikling av eigne kurs for kvinner i omstillingskommunar, i samarbeid mellom SUFUR og den samiske kvinneorganisasjonen Sáráhkká.

3.2.2. Korttidsutdanna

Ei svært viktig målgruppe for vaksenopplæring er dei som har mindre enn 9 års skolegang, eller som har gjennomført 9-årig skole utan å ha tileigna seg nok kunnskapar og ferdigheiter til å kunne ta vidaregåande utdanning. Denne gruppa har størst behov for vaksenoplæring, men samtidig er det dei som i minst grad søker utdanning på eige initiativ. Dei er ofte redde for å byrje på skole fordi dei trur dei ikkje vil klare å henge med der. Vaksenopplæringskurs er sjeldan tilpassa til denne målgruppa. Ofte har kursa og lærarar med liten bakgrunn for å forstå kursdeltakarane sin situasjon og undervise dei på deira egne premisser. Mange av disse lærarane kan ikkje samisk, kjenner lite til samisk kultur og tankegang, og svært få har vaksenpedagogisk utdanning.

Ei viktig del av denne gruppa er dei som mista skolegang under og etter krigen. Svært mange av dei er analfabetar både på samisk og norsk. Dei har i mange år kjempa for utdanning og kompensasjon for tapt skolegang, men blitt avspist med korte alfabetiseringskurs. Staten har avvist alle deira krav og søknadar om kompensasjon.

3.2.3. Yrkesgrupper

Reindriftssamar er blant dei yrkesgruppene i Noreg som har lågast formell utdanning. Likevel blei denne gruppa definert ut av omstillingsprogrammet. Ein kunne bare få tilgang på utdanning med å gi avkall på reindrifta. Reindriftssamane blei henvist til Reindriftsavtalen, der det var svært lite å hente. Det er behov for allmennutdanning, men også utdanning knytta til det kompliserte regelverket som reineigarar må følge i den moderniserte og regulerte næringa som reindrifta i dag har blitt. Vaksenopplæringa for reineigarar må tilpassas til sesongane i næringa, for eksempel konsenterte kurs på vinteren. Det er og behov for kurs om reindrift for folk som arbeider i administrasjon, for politikarar og andre som deltar i beslutningar som virkar inn på reindrifta.

Også andre primærnæringsdrivande fell utafor finansieringsordningane for vaksenopplæring. Dei har ikkje råd å betale sjølv for utdanning. Eit viktig tiltak her ville vere avløysarordning ved utdanning. I den nye kompetansereforma er det ein intensjon å nå også denne gruppa, men så langt er det ikkje sikra noko finansieringsordning.

3.3. Tilgjengeligheit

Formelt har samar i Noreg dei same rettane til å søke vaksenopplæring og anna utdanning som andre norske statsborgarar. Men om denne retten skal vere reell er både avhengig av kor kursa blir arrangerte, av kva for eit språk dei blir gjennomførte på, og av om det i kursopplegg og gjennomføring blir tatt omsyn til samisk kultur og lokale forhold.

Det er eit stort problem for den som vil søke utdanning at vaksenopplæringssystemet er så fragmentarisk og vanskelig å finne fram i. "Kundene" kjenner ofte ikkje tilbydarane og desse kan utilstrekkelige språklige og kulturelle føresetnadar for å kunne kommunisere godt med kvarandre. Det har i stor grad vore gjennomført kurs i eller i nærleiken av samiske område. Men så langt kan ein seie at vaksenopplæringa har vore gjennomført i hovudsak på nasjonale norske premisser, og at samar derfor ikkje har hatt den same reelle retten til vaksenopplæring som den norske majoritetsbefolkninga har.

4. Organisering og ansvar

4.1. Noreg

Norsk vaksenopplæring er spreidd på veldig mange aktørar og det er ikkje eit klart ansvar for vaksenopplæring for samar. I stor grad er det opp til initiativ frå den einskilde institusjonen. Det er derfor heller ikkje noko program som analyserer vaksenopplæringsbehova innafor eit område og legg opp ein plan etter det.

Dette gjeld i minst like stor grad for vaksenopplæring for samar, i samiske område og i samiske emne. Sentrale styresmakter ser ikkje ut til å sjå dei særeigne forholda som knyttar seg til vaksenopplæring for samar, både når det gjeld behov for vaksenopplæring og når det gjeld å tilrettelegge vaksenopplæringa språklig og kulturelt. I KUF synest både interessen for dette feltet og kompetansen å vere svært avgrensa.

Dei samiske institusjonane som skulle ha ansvar på området, slik som Sametinget og Samisk utdanningsråd, har hovudsakelig konsentrert kreftene om barnehage, grunnskole og høgskoleutdanning og fram til no gjort mindre med vidaregåande skole og særlig vaksenopplæring. Ikkje innafor ein einaste av disse institusjonane finst det stillingar som har tillagt samisk vaksenopplæring som hovudarbeidsområde. Dei einaste ein kan seie har samisk vaksenopplæring som hovudarbeidsområde, er kursinspektørane ved dei samiske vidaregåande skolane, vaksenopplæringskoordinatorane i 4 samiske kommunar (½ stilling i kvar kommune) og tildels personalet ved dei samiske språksentrene. Men ingen av dei har myndigheit eller kapasitet til å drive verken forskning eller overordna planlegging på området.

Eit aukande problem er privatiseringa av vaksenopplæringa. Fylkeskommunane har i stor grad fråsagt seg ansvaret og overlatt dette til lokale ressursentra, som skal vere sjølvfinansierande. Dette gjør at dei bare kan arrangere kurs som dei får ekstern finansiering for. I delar av landet med store bedrifter og sterkt næringsliv, vil desse i stor grad kjøpe kurs. I samiske område er det små og relativt fattige bedrifter og mange sjølvstendige næringsdrivande. Dei vil ikkje klare å betale for kurs, og det gjør at ressurssentra og andre vaksenopplæringsinstitusjonar her ikkje får arrangert fleire kurs enn dei som offentlige organ betaler for. Dei offentlige organa betaler oftast i første rekke kurs for eigne tilsette og heilt arbeidsledige. Dei sjølvstendige næringsdrivande og tilsette i privat sektor fell derfor ofte utanom.

4.2. Sverige

Sverige har i motsetning til Noreg ein hovudaktør når det gjeld vaksenopplæring for samar; Samarnas Utbildningscentrum. Det kan vere ein fordel å ha eit hovudsenter, men spørsmålet er om ikkje dette ansvaret er meir enn skolen kan leve opp til, både økonomisk og organisatorisk. Det kan og verke som ei sovepute for andre organ som burde hatt samisk opplæring som naturlig del av ansvarsområdet sitt. Det gjeld både på sentralt og lokalt hald. Ein synas å skyve frå seg ansvaret og seie at det er Samarnas Utbildningscentrum som tar seg av den saka. Det virkar ikkje som nokon av dei sentrale institusjonane, som Utbildningsdepartementet og Skolverket, kjenner noko ansvar for dette. Frå Sametinget er det eit visst initiativ for opplæring i samisk språk, men lite utover det.

4.3. Finland

Finland har i likskap med Sverige ein hovudaktør for samisk vaksenopplæring. Denne synas i stor grad å kunne ta på seg dette ansvaret. Det geografiske området og den samiske befolkninga i Finland er såpass avgrensa at det er mogleg for ein institusjon å ha oversikt. Her er det viktig at SOG er bygd ut med lokale kursplanleggarar i dei einskilde kommunane. Det som derimot synas å mangle er at lokale studieorganisasjonar i samiske område tar konsekvensen av at dei er nettopp i samiske område og gjør det samiske til ein sentral del av tilbodet deira.

Det manglar også her, som i dei to andre landa, ei politisk styring, eit initiativ frå Sametinget og Lenssstyrelsen.

4.4. Felles samisk

Det er lenge sidan det har kome noko fellessamisk initiativ i forhold til vaksenopplæring. Utan å gi oss inn på konkrete forslag til tiltak vil vi tillate oss å avslutte med eit ønske om at denne rapporten kan bidra til at fellessamiske organ som Samerådet og Nordisk Samisk Institutt igjen set vaksenopplæring på dagsorden.

5. Oppsummering

Denne undersøkinga er gjort av Nordisk Samisk Institutt etter initiativ frå UNESCO, som eit ledd i ei kartlegging av vaksenopplæring for urfolk rundt i verda. UNESCOs spørreskjema er sendt til ei rekke institusjonar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Ein del institusjonar er følgt opp gjennom telefon og nokre gjennom besøk. På grunn av avgrensa ressursar kombinert med låg svarprosent er hovudvekta lagt på Noreg og Russland er ikkje tatt med i rapporten.

Noreg, Sverige og Finland har forholdsvis enkelt og oversiktlig skolesystem, med klare ansvarsforhold for det ordinære skoleverket. For vaksenopplæring er ansvaret derimot langt meir pulverisert. Særlig i Noreg er det eit utall aktørar engasjert i vaksenopplæring, og mange tiltak er avhengige av samarbeid mellom fleire partar.

På grunn av assimileringspolitikken, som alle fire statane førte over lang tid, har den vaksne samiske befolkninga ikkje fått ei utdanning basert på deira eige språk og deira eigen kultur. Sjølv om assimileringspolitikken no er offisielt forlatt, vil resultata vere merkbare i lang tid framover, og gjøre at det er eit stort behov for vaksenopplæring spesielt innretta mot det samiske folket.

Minst halvparten av samane snakkar ikkje samisk, og dei fleste samisktalande skriv ikkje språket. Befolkninga i samiske område har i stor grad lågare utdanning enn landsgjennomsnitta, særlig gjeld dette for eldre folk. Derfor er det i stillingar som krev høgare utdanning, ofte eit stort innslag av folk som kjem utafrå, og som har eit avgrensa kjennskap til samisk språk og kultur. Samtidig er ofte arbeidsløysa stor i dei same områda. Denne kombinasjonen tilseier eit stort behov for vaksenopplæring.

Vaksenopplæring for samar vil ha fleire mål, bl.a.: - å gi yrkesutdanning, kvalifisere for jobbar og redusere arbeidsløysa - å gi folk i forskjellige jobbar og yrke forbetra kvalifikasjonar og oppdatering i forhold til behov i jobben deira - oppretthalde og gjenreise samisk språk og kultur Disse måla bør ikkje isolerast frå kvarandre. Også yrkesutdanning og allmennutdanning bør bygge på samisk språk og kultur.

Konvensjonar og vedtak frå internasjonale organisasjonar som ILO og UNESCO tilseier at samar og andre urfolk har rett til ei vaksenopplæring som er basert på deira eige språk og eigen kultur. Likevel har dei sentrale skolestyresmaktene i disse landa ingen politikk for vaksenopplæring for samar. Vaksenopplæringsarrangørar som vil arrangere vaksenopplæring med samar som målgruppe og med samisk innhald slit ofte både med dårlig økonomi og med eit regelverk som høver dårlig for samiske forhold. Resultatet er at store delar av vaksenopplæringa for samar virkar assimilerande. Undervisningsspråket er som regel riksspråket, lærarane har ofte liten kjennskap til samiske forhold. Særskilte vaksenopplæringsprogram har blitt lansert for å føre reindriftssamar over i andre yrke, men ingen program tar sikte på å styrke tradisjonelle samiske næringar.

Sametinga, dei samiske organisasjonane og dei samiske utdanningsorgana har gitt allmenne fråsegner om samane sin rett til vaksenopplæring med samisk innhald, men i liten grad evna å følge dette opp. Den samiske opplæringa er no delvis styrt av Sametinga eller organ som dei har oppnemnd. Men plikta til å følge nasjonale regelverk og langt på veg nasjonale læreplanar, samt sentral fastsetting av budsjetta, gjør at dette sjølvstyret ofte blir meir formelt enn reelt. Dei samiske utdanningsorgana har i liten grad evna å prioritere vaksenopplæring. Ingen har forsøkt å lage ein samla samisk vaksenopplæringsplan. Dei ordinære utdanningsinstitusjonane syner ofte ganske liten interesse for å integrere samisk kunnskap og samisk kultur i studietilbodet sitt. Dei kan gi kurs i samisk språk når det er etterspurt, men resten av kursa deira har sjeldan noko samisk innhald.

Det har i 1990-åra blitt arrangert ganske mye vaksenopplæring i samisk språk på forskjellige nivå. Likevel er behovet langt frå dekka og dei økonomiske vilkåra er ikkje tilfredsstillande. Samar som har blitt fråtatt språket på grunn av fornorskinga, må ta studielån for å lære sitt eige språk. Dette viser at sjølv om statane seier dei har avvikla fornorskingspolitikken, har dei til no ikkje vore villige til å betale for dei skadene han har ført til. 1.1.2000 erklærte den norske statsministeren at regjeringa vil opprette eit fond for kompensasjon for skadeverknadar av fornorskinga. Dette er eit viktig signal. Men oppgåvene innafor samisk vaksenopplæring er så store at dei summane det så langt har vore snakk om, bare kan vere ein svært beskjeden start.

6. Litteratur og kjelder

Litteraturen er her oppgitt på det eller dei språka vi har hatt tilgang på. Det meste er bare trykt på dette språket / disse språka. Men noko av litteraturen på samisk kan og finnast i norsk eller finsk versjon, og ein liten del av den litteraturen som her er oppgitt på norsk kan og finnast på samisk.

6.1. Trykte kjelder

6.1.1. Internasjonalt

Blindh, Inga BrittRapport från internationell vuxenutbild.konf i Paris okt.1982Malmø1983
ConfinteaAdult Education. The Hamburg Declaration. The agenda for the futureUNESCO1997
Council of EuropePermanent Education. The Basis and EssentialsStrasbourg1976
King, Linda (red)Reflecting visions. New Perspectives on Adult Education for Indigenous PeoplesUnesco - UIE1998
Lund, Svein- Ráđđehusat dárbbašit rávesolbmuidoahpu Min Áigi1999
OECDRecurrent Education: A Strategy for Life-long LearningParis1973
OECDOvercoming exclution through adult learningOECD1999
UNESCO1997 CONFINTEA documentationUNESCO1999
UNESCOKonvensjon mot diskriminering i undervisningUNESCO1981

6.1.2. Norden / Felles samisk

Dieđot Oahpahusáššiid semináraSámi Instituhtta1977
Jåma, Ingegerd BlindSamisk vuxenutbildningsproject i det sydsamiska projektomr.Sámi Insstituhtta1985
NORDFör jobb och framtid på Nordkalotten (presentasjonsbrosjyre) Ôvertorneå 1998
Nordisk MinisterrådFolkbildning och vuxenundervisning i NordenKøbenhavn1997
Nordisk MinisterrådLivslang læring - fra ide til vikelighedKøbenhavn1997
Nordisk MinisterrådGuldtavlene i græsset. Livslang læring for alleKøbenhavn1995
SámeráđđiSámi oahpahus ja skuvlapolitihkkálaš prográmma Sámisk utdannings- og skolepolitisk program Sámeráđđi1989
Sami ParliamentsThe UN Decade of Indigenous People - Common Objectives and Joint Measures of the Sami Parliaments1997?

6.1.3. Noreg

Aikio, AimoRávesolbmuid pedagogihkka máŋggakultuvralaš birrasisSámi allaskuvla1999
Arbeidsmarkedsetaten i FinnmarkÅrsmelding 1998-1999
Balto, AstaSámi bajásgeassin rievdá / Samisk barneoppdragelse i endringDavvi Girji1997
Bergland, EinarKunnskap og kompetanse i Indre FinnmarkSUFUR1993
Bergland, EinarReindrift, omstilling og identitetUIO1998
Edvardsen m.fl.Evaluering av Finnmark som egen utdanningsregionSUFUR1996
Finnmark fylkeskommuneRammeplan for omstillingsarbeidet i Indre Finnmark 1993-1997Finnmark fylkeskommune1993
Finnmark fylkeskommuneRegionalt utviklingsprogram for Indre Finnmark 1999Finnmark fylkeskommune1999
Haga, DagnySUFUR fra år 2000Finnmarksforskn1999
Kallerud, BittenMål for voksenopplæringNVI1978
KUFThe Competence Reform in NorwayKUF1998
NOUDokumentasjon av kunnskaper og ferdigheterKUF1985:26
NOULivslang læringKUF1986: 23
NOUNy kompetanseKUF1997:25
NOUVaksenopplæring for alleKUF1972:41
Ot.prp Om lov om voksenopplæringKUF1975-76:7
SamediggiUtskrift av møtebok: Videregående opplæring for samer
SámediggiSak 19/1991SámediggiSámedikki mearrádusat skuvla- ja oahpahusáššiin 1989-1995
Sámediggi1996Sámi álbmotallaskuvlaSámi álbmotallaskuvla - div brosjyrer og presntasjonar
Sámi allaskuvlaStudieplan Halvårsenhet i voksenpedagogikk 10vt.1993
Sámi joatkkaskuvllaid stivraSámi máhttu - sámi joatkkaoahpu vuođđun / Samisk kunnskap - grunnlaget for samisk videregående oppl.Guovdageaidnu1999
SJSRessurssenter. Kurs/ og oppdragsvirksomhet ved de samiske videregående skoler i Kárášjohka og Kautokeino1997
SJSBSRapporta Oanehit gursafálaldat luonddudoallo vuođđogursaplánaid vuo\ul 1995
St.meldKompetansereformenKUF1997-98:42
St.meldOm lov om voksenopplæringKUF1980-81:72
St.meldOm voksenopplæring. En del prinsippielle spørsmålKUF1984-85:43
St.meldUtdanning og arbeidKUF1980-81: 45
St.prpOm voksenopplæringKUF1964-65:92
Statistisk sentralbyråAktuell utdanningsstatistikk: Voksenopplæring i Norge. Nøkkeltall 19981998
Steinfjell, MatsAnsvar for voksenopplæring i kommunene Kárášjohka og KautokeinoSJSBS1998
Steinfjell, MatsLivsveiledning. Personlig utvikling og motivasjon som grunnlag for yrke og skolegang. ProsjektbeskrivelseSJSBS1997
StortingetLov om voksenopplæring1976 (1997)
Stølen, GerdVoksenopplæring i FinnmarkSUFUR1996
SU-FinnmarkVirksomhetsplan 1999SU-Finnmark1998
SUFURGuovdageainnu-, Kárášjoga ja Deanu suohkana rámmáplánat oahpaheapmái ja oahpahussii 1993-1997SUFUR1994
SUFURÅrsrapport 1994 for utdanning og opplæring i Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark SUFUR 1995
SUFURÅrsrapport 1995 - OmstillingsprogrammetSUFUR1996
SUFURÅrsrapport 1996 - OmstillingsprogrammetSUFUR1997
SUFURÅrsrapport 1997 - OmstillingsprogrammetSUFUR1998
SUFURÅrsrapport 1998 - Omstillingsprogrammet SUFUR1999
SU-TromsVoksenopplæringsprosjekt i Nord-Troms «Tre stammers møte i fire kommuner»SU-Troms1997
SVSRSProsjektbeskrivelse - Ođđa bálgátGuovdageaidnu1998
SVSRSStipend og lån til kursdeltakere i prosjekt Ođđa bálgátGuovdageaidnu1999
UniRegUniReg Indre Finnmark
UniRegUniversitetenes registreringssentral Kautokeino
Universitetet i TromsøEtter- og videreutdanning. (Studiekatalog)UNIKOM, UIT1999
VOFOÅrsmelding 19971998

6.1.4. Sverige

Johansson, HenningSamerna och sameundervisningen i SverigeUmeå universitet1977
Jåma, Ingegerd BlindSamisk vuxenutbildningsprojekt i det sydsamiska projektomr.Sámi Instituhtta
Blindh, Inga BrittSamerna i Stockholm. En unders(kning om utflyttade samers kulturella behovSámi Instituhtta1978
Luleå tekn.univ.Studiekatalog1999
Umeå universitetStudiekatalog1999

6.1.5. Finland

Opestushallitus Aikuiskoulutuslinjat / Utbildning för vuxna1998
Utbildn.styrelsen Allmänna språkexamina1998
Korkeakoski, EskoSaamelaisten koulutuksen tila perskoulussa ja lukiossaOpetushallitus1997
Sarmaja, HeikkiUtsjoen saamelaiset. Aikuisväest(n koulutustarpeista ja -toiveista sekä elämisen malleista. Sámi Instituhtta1984
SAKK/SOGToimintakertomus 1995Anár1996
SAKK/SOGToimintakertomus 1996Anár1997
SAKK/SOGToimintakertomus 1997Anár1998
SAKK/SOGToimintakertomus 1998Anár1999
SAKK/SOGSámi oahpahusguovddáš (presentašuvdnagihppa)Anár1999
Aikio-Puiskari, UllaInstruction of and in the Sami language in FinlandSami Parliament1997

6.2. Internett

6.2.1. Internasjonalt

UNESCO - Institute of Educationwww.unesco.org/education/uie
International Council of Adult Educationwww.web.net/icae
Confintea - Rapport fra den norske delegasjonenodin.dep.no/kuf/publ/unesco97
Unesco red book of engangered languageswww.helsinki.fi/(tasalmin/europe_report

6.2.2. Norden / Felles samisk

Nordisk Samisk Instituttwww.nsi.no
An introduction to the Sami peoplewww.itv.se/boreale/samieng
Interreg Åarjel Samienwww.itv.se/boreale/interreg
Saami Webwww.saamiweb.org/saami

6.2.3. Noreg

Den samiske folkehøgskolealpha.barentsnett.no/(samifolk
Kyrkje- utdannings- og forskningsdepartementetodin.dep.no/kuf
Nordisk Samisk Instituttwww.nsi.no
Norske Samers Riksforbundwww.geocities.com/CapitolHill/Lobby/6450
Samisk høgskolewww.samiskhs.no
Samisk språkrådwww.samisk-sr.no
Samisk utdanningsrådwww.sor.no
SUFURwww.su.fm.no/sufur1s.htm
Universitetet i Tromsø - Senter for samiske studierwww.uit.no/ssweb

6.2.4. Sverige
Skolverketwww.skolverket.se
Sameskolstyrelsenwww.jokkmokk.se/sameskolstyrelsen
Sametingetwww. sametinget.se
Samernas Utbildningscentrumwww.same.net/samernas
Bokenskolan i Jokkmokk: Samiskt spesialutformat programwww.bokenskolan.jokkmokk.se/samiskt
Umeå universitet - Samiska institutionenwww.umu.se/samiska
SameNetwww.same.net

6.2.5. Finland

The regular education system of Finlandwww.minedu.fi/minedu/ education /administration
Det öppna universitetet presenterer sigwww.avoinyliopisto.fi
University of Oulu - Departement of Finnish, Saami ..www.oulu.fi/suosalo
KTOL - MAIF Medborgar och arbetarinstitutens förb.www.ktol.fi
Suomen kansan-opistoyhdistys(Folkhøgskolor i Finland)www.opo.net
Sámediggi skuvlen ja oahppomateriáladoaimmahatwww.netti.fi/samedigg/oamatda
Suohpan - Sami Students Associationwww.student.oulu.fi/(suohpan

Fotnoter

Artikkel 3 i Hamburg-deklarasjonen, 1997

 Terminologien her har vore noko omdiskutert. På nynorsk har ein heile tida brukt "urfolk". På bokmål har ein skifta mellom "urbefolkning" og "urfolk", der ein etterkvart har gått meir over til "urfolk". Dette er nærare forklart seinare.
 ILO-konvensjon nr. 169 om urbefolkninger og stammefolk i uavhengige stater, Art. 1
 For grundigare drøfting av urfolksomgrepet, sjå NOU 1997:5, Urfolks landrettigheter etter folkerett og utenlandsk rett, kap 3.2.2.
 Dette er bl.a. behandla i Kommunaldepartementets rapport til ILO av 13.01.93: «Norske myndigheter har bestemt at konvensjonen i Norge skal gjelde for den samiske befolkning.»
 Eit uttrykk for den auka vekta på kollektive rettar er at "United Nations' Working Group on Indigenous Populations" bytta ut "Populations" med "Peoples". Det er og "Indigenous Peoples" som ligg til grunn for ILO-konvensjonen, som legg sterk vekt på kollektive rettar. Parallelt, men noe forsinka, har det skjedd ei endring i offentlig norsk språkbruk, frå «urbefolkning» til «urfolk». Dette kjem bl.a. til uttrykk i stortingsmeldingane om samepolitikk, der St.m.52 (1992-93) brukar «urbefolkning», mens St.m.41 (1996-97) brukar «urfolk».
 For opplysningar om språksituasjonen for dei forskjellige samiske språka, sjå Unescos red book on endangered languages, http://www.helsinki.fi/(tasalmin/europe_report.html og Torkel Rasmussens artikkelserie i Min Áigi 1999. "Sámegiela dálá dilli".
 Our Creative Diversity. Report of the World Commission on Culture and Development. Unesco Publishing 1994. Denne er og utgitt på svensk under titelen Vårt skapande mangfald. Rapporten er ikkje omsett til norsk eller samisk.  Frå diskusjonane på konferansen er det utgitt ei fyldig mappe, 1997 CONFINTEA documentation. I denne er det eit hefte om urfolk; 1b Cultural citicanship in the 21st century and indigenous peoples. Det er og utgitt ei bok om urfolksutdanning som resultat av konferansen; King, Linda (red): Reflecting visions. New Perspectives on Adult Education for Indigenous Peoples.
 Norsk tekst til deklarasjonen står som vedlegg til NOU 1997:25 Ny kompetanse
 UNESCOs 5. internasjonale konferanse om voksenopplæring. Rapport fra den norske delegasjonen. odin.dep.no/kuf/publ/unesco97
 Blindh, Inga Britt: Rapport från internationell vuxenutbildningskonferens i Paris oktober 1982
 Innleiinga til Statistisk Sentralbyrås utdanningsstatistikk «Voksenopplæring i Norge - Nøkkeltall 1998»
 St.prp 92-64/65 s.4
 Lov om voksenopplæring av 28.05.76, §2
 NOU 1985:26 Dokumentasjon av kunnskaper og ferdigheter
 NOU 1986:23, frå s.20
 Hoem, Makt og kunnskap
 Dieđot 1977:2 Oahpahusáššiid seminara
 Sarmaja, Heikki: Utsjoen saamelaiset. Aikuisväest(n koulutustarpeista ja -toiveista sekä elämisen malleista. Sámi Instituhtta 1984
 Jåma, Ingegerd Blind: Samisk vuxenutbildningsprojekt i det sydsamiska projektområdet.
 Blindh, Inga Britt: Samerna i Stockholm. En unders(kning om utflyttade samers kulturella behov  NOU 1997:25 Ny kompetanse
 Brev frå KUF ved Lars P. Brynhildsrud og Anne Brit Udahl til Nordisk Samisk Institutt av 16.02.99
 Ved rådgivar for vaksenopplæring, Dag Johnsen i telefonsamtale med meg, mars 1999. Gjengitt etter notat.
 Med unnatak for Oslo/Akershus, som har felles kontor
 Brev frå SUR v/ Johan Anders Klemetsen og Johan K.K.Hætta, 04.05.99
 Samisk utdanningsråds arbeidsutvalg Møte A8/97, 22.12.1997
 Opplysningane her er gitt på telefon av Helge Ovanger ved fylkesutdanningskontoret i Finnmark.
 Helge Ovanger
 Raimo Valle. Det er han som har gitt mesteparten av opplysningane i dette avsnittet.
 språkkonsulenten i kommunen, Arnstein Johnskareng, i brev 7.5.99, omsett frå samisk av SL.
 Stortingsmelding 28 (1991-92) En bærekraftig reindrift
 Ressurssenter ... 1997
 Mats Steinfjell: Ansvar for voksenopplæring i kommunene Karasjok og Kautokeino. 22.5.98
 Den geografiske differensieringa av arbeidsgivaravgifta i Noreg gjør at f.eks. fylkeskommunale institusjonar i Finnmark ikkje betaler arbeidsgivaravgift. Statlige institusjonar, som dei samiske vidaregåande skolane, må derimot betale full arbeidsgivaravgift som om dei låg i Oslo. Dette gjør at dei samiske vidaregåande skolane må ta høgare pris på kursa sine for å drive i balanse.
 Aimo Aikio: Rávesolbmuid pedagogihkka máŋggakultuvrasaš birrasis. Sámi Allaskuvla 1997
 Sitat frå informasjonsbrosjyre for DSF, 1998
 Brev frå Sámediggi v/ Elli Sivi Näkkäläjärvi Utsi 21.04.99.
 Opplysningar om svennebrev, mesterbrev og språkeksamen finn ein i vaksenopplæringskatalogen Aikuiskoulutusopas 1999, utgitt av Opetushallitus.
 Hirvonen: Sámeeatnama jienat 1999
 Assimileringspolitikk brukas her som eit felles uttrykk for fornorsking, forsvensking, forfinsking og russifisering, dvs. dei einskilde statane sin politikk for å assimilere samane inn i majoritetskulturen og på den måten utrydde samisk språk og kultur.

Til oversikt over artiklar om utdanningsspørsmål eller samiske spørsmål

Til startsida

sveilund@online.no

Andre rapportar frå UNESCO Institute of Education om vaksenopplæring for urfolk