Vaksenopplæring for samar - Ei undersøking for UNESCO

Svein Lund, Nordisk Samisk Institutt

Til starten på rapporten

__________________________________________________________________

2. Vaksenopplæring for samar

Vi vil her sjå på nokre av dei viktigaste institusjonane og organisasjonane som har betydning for vaksenopplæring for samar, anten gjennom at dei set rammer for vaksenopplæringa, tar initiativ eller sjølve arrangerer kurs. Ein del program / kurs er arrangert som eit samarbeid mellom fleire institusjonar. Når det gjeld Noreg trur vi det meste er dekka, men for dei andre landa blir dette bare ein del av biletet, som vi vonar at nokon vil ta på seg å komplettere.

Av den vaksenopplæringa som samar deltar i er ein forholdsvis liten del arrangert spesifikt for samar. I denne samanhengen vil vi ta med kurs arrangert av samiske institusjonar og samiske organisasjonar samt kurs i spesifikke samiske næringar som duodji og reindrift, samisk språk og andre samiske emne, uansett arrangør. 2.1. Fellessamiske organ 2.1.1. Samerådet Samerådet er ei samanslutning av dei samiske organisasjonane i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Rådet blir vald på samekonferansane som har blitt arrangert kvart tredje år sidan 1953.

Allereie samekonferansen i 1971 uttalte at ein burde fremme folkehøgskolar, friundervisning og vaksenopplæring for samar. Den 14. samekonferansen i 1989 vedtok eit samisk utdannings- og skolepolitisk program. I dette programmet er det einaste punktet om vaksenopplæring som så: "7b Vaksne skal kunne få lære samisk i samiske område".

I 1998 har Samerådet gått inn for oppretting av eit samisk universitet, bygd på eksisterande insitusjonar som Samisk høgskole og Nordisk samisk institutt. Utanom prinsippielle fråsegner har Samerådet for tida ikkje stor aktivitet på utdanningsspørsmål. 2.1.2. Nordisk Samisk Institutt Sámi Instituhtta eller Nordisk Samisk Institutt (NSI) er ein samisk forskningsinstitusjon oppretta av Nordisk Ministerråd og hovudsakelig finansiert av rådet. Det held til i Guovdageaidnu. Da Sámi Instituhtta blei oppretta i 1973 såg ein vaksenopplæring og folkeopplysning som nokre av instituttet sine viktigaste oppgåver. Hausten 1974 arrangerte ein eige seminar om vaksenopplæring. I 1977 vedtok NSI å sette igang eit voksenopplæringsprosjekt som omfatta Ohcejohka, Sør-same-området og Stockholm. Det blei kartlagt opplæringsbehov og interesse for vaksenopplæring. Deretter blei det arrangert fleire kurs i samarbeid mellom NSI og andre opplæringsorgan, bl.a. Samernas folkhøgskola. Nokre av disse kursa var svært interessant pionerarbeid, bl.a. "Saemien Vuekieh" som blei gjennomført fleire gonger i sørsamisk område. Det var ein slags temadagar om kultur og tradisjonar, der ein ikkje arbeida ut frå eit ferdig lærestoff, men tok utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar. Prosjektet blei gjennomført i tida fram til 1983 og oppsummert gjennom tre prosjektrapportar. Dessverre ser det ikkje ut til at dette er fulgt opp. Seinare er det ikkje gjennomført vaksenopplæringstiltak eller forskning i regi av NSI før denne undersøkinga.

Gjennom omorganiseringa av NSI i 1997 er instituttet blitt ein rein forskningsinstitusjon. Ansvaret for samisk vaksenopplæring er overtatt av andre institusjonar, men det finst ikkje lenger nokon fellessamisk institusjon som tar på seg ansvar for vaksenopplæring.

2.1.3. Sametinga

Dei tre sametinga har hatt fleire felles møte der dei har uttalt seg om viktige felles spørsmål for det samiske folket. I samband med FNs urfolkstiår kom dei med ei felles fråsegn om sametingas sine felles mål. Der er eit av måla som dei vil arbeide for i urfolkstiåret å prioritere samisk språk gjennom samisk kontroll over opplæringa av samiske barn og bekjempe den munnlige og skriftlige analfabetismen i eige språk, særlig blant vaksne.

2.2. Noreg

Det er vanskelig å lage ei enkel oppdeling av dei organa som har innverknad på vaksenopplæringa for samar i Noreg. Det er svært uklare grenser mellom samiske og ikkje- samiske organ, mellom offentlige og uavhengige (NGO) og mellom sentralt og regionalt nivå. Vi vil først sjå på dei organa som fungerer som premissgivarar gjennom politisk / byråkratisk styring og påverknad, deretter på dei organa som arrangerer kurs. Men også her er grensene flytande.

2.2.1. Statlig utdanningsadministrasjon

Den statlige utdanningsadministrasjonen i Noreg består av KUF - Kyrkje-, utdannings-, og forskningsdepartementet og av 18 statlige utdanningskontor.

KUF

KUF fastset, innafor rammer gitt av Stortinget, læreplanar for opplæring i grunnskole, vidaregåande skole, universitet og høgskole i Noreg.

Arbeidet til KUF og andre sentrale styresmakter i vaksenopplæringsspørsmål har dei siste åra vesentlig dreidd seg om etter- og vidareutdanningsreforma. I dei offentlige dokumenta om denne reforma står det svært lite om samiske spørsmål: I hovudutgreiinga om reforma er samisk nemnt 3 gonger, alle gjeld grunnskoleopplæring for vaksne. Det er nemnt at ein kan ta grunnskoleopplæring etter ein av læreplanane L97 eller L97Samisk, og at det er høve til å ta samisk som fag. Kap 6, Finansiering av tilbud om grunnskoleopplæring for voksne, seier at det kan vere aktuelt med spesielle tiltak for samar: "Tilskuddsordningen kan også legges til rette for å finansiere tiltak overfor spesielle grupper, f eks de i den samiske befolkningen som mangler grunnskolekompetanse i sitt eget morsmål." Dette kan altså i prinsippet gjøras, men det er ingenting i resten av innstillinga eller dei dokumenta som kjem etter som tyder på at det vil bli gjort.

Som vedlegg til innstillinga er bl.a. Hamburg-deklarasjonen om vaksenopplæring frå UNESCO sin femte internasjonale vaksenopplæringskonferanse i 1997. Denne understrekar urfolk sin rett til vaksenopplæring på eigne premiss. Men dette synas å ha gått hus forbi hos dei som styrer med skolepolitikken på politisk og departementalt nivå. Det har i alle fall ikkje fått nokon konsekvensar for denne innstillinga.

Innstillinga om kompetansereforma blei under høringsrunda møtt med ganske hard kritikk frå Samisk utdanningsråd og Sametinget (sjå under disse organa), men utan at dei sakene dei tok opp fikk nokre følger for det vidare arbeidet. Det neste dokumentet om saka er Stortingsmelding 42 (1997-98). Her er dette alt som er skreve om samisk vaksenopplæring: "Omstillingene i de samiske samfunnene stiller krav til økt kompetanse og etterutdanning. I oppfølgingen av stortingsmeldingen må dette området vies spesiell oppmerksomhet." I KUF-komiteens innstilling til Stortinget er samiske spørsmål fullstendig utelatt, og dei blei heller ikkje tatt opp i stortingsdebatten.

Som svar på brevet som blei sendt ut frå Nordisk Samisk Institutt i samband med denne undersøkinga bekreftar KUF inntrykket av at det ikkje er tenkt særskilt på samiske forhold, dette med å skrive bl.a.: Departementet er for tiden i gang med å forberede en større reform for etter- og videreutdanning, den s.k. kompetansereformen. Innenfor rammen av denne reformen er det heller ikke foreslått særskilte tiltak for den samiske befolkningen. Reformen er imidlertid ment å skulle omfatte alle voksne, og vil derfor også ha betydning for den samiske befolkningen. 

På spørsmål om kva KUF har tenkt å gjøre utifrå krava frå SUR og Sametinget svarar dei at KUF sin politikk med kompetansereforma er å nå svært mange, særlig dei med låg utdanning. Dette vil ifølge KUF treffe samane spesielt godt, fordi dei har lågare utdanning enn gjennomsnittet. Ein vil bruke generelle tiltak som vil treffe samar i den grad dei har låg utdanning, ikkje fordi dei er samar.

Kompetansereforma blei vedtatt av Stortinget 19.01.99, og det er framleis ikkje gjort noko vedtak om vaksenopplæring for samar. Det er heller ikkje planlagt noko utgreiing om dette.

Statens utdanningskontor (SU)

I kvart fylke i Noreg er det eit statlig utdanningskontor, som er ansvarlig for å kontrollere all utdanning innafor fylket, både grunnskole, vidaregåande opplæring og høgare utdanning. Vaksenopplæring på alle nivå hører og under ansvarsområdet deira. Blant anna arrangerer Statens utdanningskontor kurs for lærarar. Statens utdanningskontor er del av den statlige utdanningsadministrasjonen, og KUF deler noko av ansvarsområdet sitt ut til disse kontora. For eksempel er Statens utdanningskontor i Oslo / Akershus ansvarlig for Eksamenssekretariatet og SU -Troms ansvarlig for utdanning i finsk språk. I denne undersøkinga har vi kontakta dei 5 nordligaste utdanningskontora om arbeidet deira med vaksenopplæring for samar. Kontora i Trøndelags-fylka oppgir at dei ikkje har gjort noko på dette området.

SU - Finnmark

Eit av hovudmåla for SU -Finnmark i Virksomhetsplan for 1999 er at «SU skal bidra til en bedre kvalitet i hele opplæringsløpet tilpasset Finnmarks særpreg». Under dette hovudmålet har ein bl.a. satt disse resultatmåla: SU skal støtte og legge til rette for bruken av samisk språk og kultur i skoleverket, samt bidra til kvalitet i opplæring i / på samisk. SU skal bidra til å sikre et helhetlig tilbud for alle nivå innen voksenopplæring. SU -Finnmark har hatt nært samarbeid med SUFUR (sjå kap. 2.2.8.) bl.a. om Strategisk voksenopplæringsplan for Finnmark 1995-1999. Denne blir omtalt under SUFUR. Ved tilsynsbesøk i kommunane har SU-Finnmark peika på behovet for samisk vaksenopplæringstilbod. SU -Finnmark har arrangert fleire konferansar om vaksenopplæring i Finnmark og om samisk opplæring. Dei utlyser midler til FoU -arbeid og til studieorganisasjonar som tilbyr studieringar på høgare nivå. Dette er ikkje reservert for samisk opplæring, men studiearrangørar kan søke om middel til samiske tiltak. Ved SU -Finnmark er det ein førstekonsulent som bl.a. har særskilt ansvar for samisk opplæring.

SU - Troms

SU -Troms har i løpet av dei siste 5 åra arrangert to kurs i semesteremne i samisk og eit forkurs i samisk. Målet var i første rekke å legge grunnlaget for at fleire kunne få eit grunnlag for å ta samisk grunnfag eller lærarutdanning ved samisk høgskole. Ein har arrangert tre 2-dagars etterutdanningskurs i samisk.

I Nord-Troms er det satt igang eit voksenopplæringsprosjekt kalla «Tre stammers møte i fire kommuner» 1998-2000, i samarbeid mellom SU -Troms og kommunane Kvænangen, Nordreisa, Kåfjord og Skjervøy. Her seier ein at det faktum at disse kommunane har ei samansett befolkning av samisk, finsk og norsk ætt, tidligare har blitt sett på som eit problem. No ønsker ein i staden å sjå det som ein utdanningspolitisk ressurs. Den vaksne befolkninga i dette området har gjennomgåande dårlig skolegang. Dette skuldast fornorskingsprosessen, at området blei brent under krigen og at næringslivet tidligare var heilt dominert av primærnæringar. Nedgang i primærnæringane, utan at det er skapt nye arbeidsplassar i samme grad, har ført til stor arbeidsløyse og fråflytting. Denne situasjonen har skapt eit stort behov for vaksenopplæring. Blant planane kan nemnas: Vaksenopplæringshus i kvar kommune med tilgang på bibliotek og IT-kommunikasjon Grunnskoletilbod for vaksne Kurs i samarbeid med næringslivet Utdanning av lærarar i vaksenpedagogikk Sjølv om det samiske og kvenske er framheva i grunngivinga for prosjektet er det i dei arbeidsplanane sagt svært lite konkret om det fleirkulturelle.

SU - Nordland

Det er så langt ikkje gjennomført noko vaksenopplæringstiltak i regi av SU -Nordland spesielt med tanke på den samiske befolkninga eller samiske emne. Ein har no fått 50000.- til eit forprosjekt for vaksenopplæring i lulesamisk område (Tysfjord). Det lulesamiske senteret Árran har påtatt seg å vere sekretariat. Det er noko usemje om situasjonsskildringa og historisk skildring og saka står derfor i stampe.

2.2.2. Samisk utdanningsråd

Samisk utdanningsråd / Sámi oahpahusrᘘi (SUR) blei oppretta i 1977 som rådgivande organ for utdanningsdepartementet (no: KUF). Det blei frå starten oppnemnd av KUF, seinare av Sametinget. SUR har sekretariat i Guovdageaidnu og omlag 20 tilsette. Hovudarbeidsområdet har vore grunnskolen. Ein har eigne konsulentar for barnehage og vidaregåande opplæring, men derimot ikkje for vaksenopplæring. Ei av hovudoppgåvene til SUR har vore å sørge for læremiddel i og på samisk. Frå 1985 hadde SUR mandat til å godkjenne samiske lærebøker og i 1994 blei Samisk læremiddelsenter oppretta som ei eiga avdeling under SUR.

Samisk utdanningsråd har vore det viktigaste organet for samisk utdanning i Noreg, og har vore ein viktig premissgivar. Rådet har likevel hatt relativt lita sjølvstendig myndigheit. Det første tiåret arbeida ein praktisk talt bare med grunnskolespørsmål. Frå 1987 har ein hatt ei stilling som konsulent for vidaregåande opplæring. I den grad ein behandlar spørsmål om vaksenopplæring blir det for det meste lagt til denne stillinga. SUR har i mange år bede KUF om pengar til ei stilling som konsulent for vaksenopplæring. Dette skjedde bl.a. da Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark (sjå kap. 2.2.8.) blei starta. Men KUF har aldri vore villig å gi pengar til dette, og ønska heller ikkje at SUR skulle delta i omstillingsprogrammet. Resultatet er at SUR har hatt liten kapasitet til å arbeide i forhold til vaksenopplæring. Som svar på denne undersøkinga svarar SUR: "1. Samisk utdanningsråd har ikke voksenopplæring som et prioritert arbeidsfelt i form av etter- og videreutdanning for voksne." og "2. Samisk utdanningsråd har ikke voksenopplæring som et spesielt satsingsområde i sine virksomhetsplaner".

Ein av dei viktigaste funksjonane til SUR har vore å uttale seg om samisk opplæring i samband med landsomfattande utdanningsreformer og lovendringar. I høringsrunden på utreiinga om kompetansereforma (NOU 1997:25) uttalte Samisk utdanningsråd bl.a.: «Utredningen burde hatt et kapittel som omhandler utdanningsbehov og tilbud for den samiske befolkning. Det skulle ha vært beskrevet hvilke behov som vil finnes i det fremtidens samiske samfunn og hvilke tiltak som er nødvendig å iverksette. Siden det ikke er foretatt en slik gjennomgang, synes det nødvendig at det blir gjort, gjerne som en oppfølging av denne utredning. .... Samisk utdanningsråd foreslår at det nedsettes en gruppe som gjennomgår utdanningsbehovene i de ulike samiske samfunn og som også foreslår tiltak i så henseende.» Ingen av desse forslaga er forøvrig følgt opp av sentrale styresmakter.

SUR har deltatt i nokre kurs for lærarar, men har ikkje sjølv tatt initiativ til slike.

I samband med at SUR sine oppgåver frå 1.1.2000 er overført til Sametinget, uttrykte Sametinget at det var behov for større ressursar for å kunne løyse dei samiske utdanningsoppgåvene. Men dette har Stortinget ikkje vore villig til å gi, og det er derfor eit ope spørsmål om denne maktoverføringa vil føre til noko høgare prioritering av vaksenopplæring.

2.2.3. Sametinget

Sametinget (Sámediggi) er samane sitt folkevalde organ, med 39 representantar vald etter eit samemanntall, og ein sentral administrasjon i Kárášjohka på omlag 15 personar. I tillegg har Sametinget 4 underliggande råd (næring, kultur, kulturminne og språk), med kvar sin administrasjon. Utdanning har fram til 1.1.2000 ikkje lege under Sametinget. Ved Sametingets adinistrasjon har det vore svært liten kapasitet til å arbeide med utdanningsspørsmål, og ein har mest konsenterert seg om grunnskolespørsmål og prinsipp for organisering av samisk utdanningssektor. I 1997 uttalte Sametinget støtte til SUR sin uttalelse om NOU 1997:25. Forøvrig har ein ikkje uttalt seg særskilt om vaksenopplæring.

Sametinget brukar å arrangere seminar i samband med plenumsmøtene, men ellers driv verken Sametinget sjølv eller underliggande råd med noko slags opplæring, verken for eigne representantar, tilsette eller andre. Når det gjeld intern kompetanseheving i administrasjonen, legg ein størst vekt på samisk språk, men dei tilsette følger da eksterne kurs.

2.2.4. Arbeidsmarknadsetaten

Arbeidsmarknadsetaten i Noreg er statlig, underlagt Arbeidsdirektoratet i Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Det er 18 fylkesarbeidskontor, 129 distriktsarbeidskontor og 56 avdelingskontor. Fram til 1998 var det eit eige arbeidskontor for Indre Finnmark. I samband med omorganisering i 1998 blei dette lagt ned, slik at dei mest sentrale samiske kommunane, Guovdageaidnu og Kárášjohka, blei underlagt distriktskontor i kommunar der samisk språk og kultur står langt svakare. Resultatet er at det ikkje lenger er noko distriktsarbeidskontor som hovudsakelig betjener samisktalande befolkning.

Det synas ikkje å vere særlig høgt prioritert hos Arbeidsformidlinga å kunne gi den samiske befolkninga utdanning og tjenester basert på deira eige språk og kultur. Da den nytilsette leiaren av avdelingskontoret i Guovdageaidnu søkte permisjon for å lære samisk, fikk ho avslag med den grunngiinga at det var nok om ein av dei tilsette på dette kontoret kunne snakke samisk. Dette skjedde på eit kontor der 80-90% av klientane har samisk som morsmål.

Arbeidsformidlinga har spela ei viktig rolle i vaksenopplæringa. Dei har til dels arrangert kurs ved eigne vaksenopplæringssentra, tildels finansiert kurs ved vidaregåande skolar / ressurssentra. Disse kursa (AMO-kurs) er bare for arbeidsledige. Tidligare kunne og andre søke på disse kursa, men dette er no umogleg. Det har blitt stramma inn, slik at kursa ikkje blir annonsert, men at Arbeidsformidlinga tilbyr kurs til dei som er registrerte som arbeidsledige.

Arbeidsformidlinga har tidligare hatt ein del eigne læreplanar som dei sjølve har godkjent. Etterkvart har disse særeigne arbeidsmarknadskursa i stor grad blitt avløyst av modular av læreplanar for vidaregåande skole. Dette gjeld særlig etter gjennomføringa av Reform 94, som gjorde alle læreplanar modulstrukturerte.

Kurs gjennom Arbeidsformidlinga har den fordelen for kursdeltakarane at det betalas dagpengar, slik at elevane ikkje treng å legge seg opp gjeld. Ulempen er at ein må vere registrert arbeidsledig for å få delta. Den som får tilbod om arbeid kan og bli tvunge til å slutte på kurset. Disse kursa blir og satt igang med svært kort frist. Dette gjør det vanskelig å planlegge, både for dei som søker utdanning og for skolar og institusjonar som skal arrangere disse kursa.

Arbeidsformidlinga arrangerer mye færre AMO-kurs no enn før pga mindre pengar. Når arbeidsløysa blir redusert på landsbasis, går løyvingane til opplæring og sysselsettingstiltak ned, også i dei områda der arbeidsløysa er like høg som før, noko som bl.a. har ramma samiske område. I staden for å sikre sysselsetting her, ønsker styresmaktene å få arbeidslause til å flytte til område med meir arbeid.

Arbeidsmarkedsetaten har lenge vore ein av dei viktigaste vaksenopplæringsaktørane i samiske område. Indre Finnmark har vore eit prioritert område på grunn av stor arbeidsløyse her. Arbeidsformidlinga er bl.a. med på å finansiere Omstillingsprogrammet og UNIREG (sjå kap. 2.2.8.).

Arbeidsformidlinga sine kurs har i all hovudsak vore på norsk. Dei har i nokre få tilfelle kjørt kurs på samisk når både læraren og alle elevane har vore samisktalande. Men om ein elev ikkje kan samisk, må kurset vere på norsk. Arbeidsformidlinga har aldri sjølv annonsert at eit kurs går på samisk, men vi kjenner til eit tilfelle der ein av dei samiske vidaregåande skolane arrangerte eit kurs med støtte frå Arbeidsformidlinga og der dei fikk innvilga løyve til å planlegge kurset bare for samisktalande. Såvidt fylkesarbeidskontoret i Finnmark kjenner til, har samisk vore gitt som fag bare i Guovdageaidnu og Kárášjohka. (Om samiskopplæring i Alta, sjå under.)

AMO-senteret i Alta blei oppretta på 60-talet, med sikte på å omskolere folk frå primær- til sekundærnæringane. Det har heile tida vore svært mange samiske elevar. Ein har følgt nasjonale læreplanar og ikkje hatt noko samiske emne eller tilpassing til samiske forhold. Ein har ikkje tilbode samisk som fag før dei siste åra. Da har det vore når kurs har blitt arrrangert i Guovdageaidnu. Midt på 90-talet gjennomførte AMO-senteret byggfag gk + tømrar vk1 + teorien til tømrar VK2 ved begge dei samiske vidaregåande skolane. På kurset i Guovdageaidnu blei samisk tatt med som obligatorisk fag etter krav frå skolen. I Karasjok kom det ikkje noko slikt krav, og det blei heller ikkje gitt undervisning i samisk. På eit kurs i Alta i teori til fagbrev for barnehageassistentar blei det, etter ønske frå elevane, gitt tilbod om samisk som fag. AMO-senteret har sjølv ikkje gjort noko for aktivt å tilby samisk ved kursa sine.

Vi har ikkje hatt kapasitet til å undersøke evt. arbeidsmarknadskurs med samisk innhald utafor Finnmark. Men det kan nemnas at det i sørsamisk område i 1984 blei arrangert eit "perfeksjoneringskurs i sørsamisk med samfunnsfag", som og var ope for deltakarar frå svensk side.

Konklusjonen må vere at Arbeidsmarkedsetaten i hovudsak framtrer som ein representant for storsamfunnet overfor samisk vaksenopplæring. Opplæringa foregår etter sentrale retningslinjer og samane har svært liten innverknad på denne.

2.2.5. Reindriftsforvaltninga

Reindriftsforvaltninga er eit statlig organ underlagt Landbruksdepartementet. Hovudkontoret er i Alta i Finnmark, og ein har 6 distriktskontor. Tilsaman er det 45 tilsette.

Reindriftsforvaltninga administrerer Reindriftas utviklingsfond, som bl.a. finansierer kortare kurs for reindriftsamar og for andre med tilknytning til reindrifta. I 1999 var dei største løyvingane til reinbeitedistrikt i distriksplanlegging og til opplæring i bruk av data i reindrifta. Det har tidligare bl.a. vore gjennomført kurs i vidareforedling av reinprodukt i samarbeid med reinslakteriet i Guovdageaidnu og Samisk videregående skole og reindriftskole, samt kurs i reindriftsrett i regi av juristforeninga. Utviklingsfondet finansierer og kurs arrangert av næringsorganisasjonen for reindrifta, sjå kap. 2.2.13.

Reindriftsforvaltninga er underlagt språkreglane i samelova. Likevel er det bare 3 av 17 tilsette ved hovudkontoret som forstår samisk. Ved distriktskontora har ein del tilsette deltatt i kurs i nord- eller sørsamisk. I budsjettforslaget for år 2000 har dei foreslått å sette av noko pengar for at tilsette skal kunne ta samiskopplæring.

2.2.6. Fylkeskommunane

Fylkeskommunane har i Noreg ansvaret for vidaregåande opplæring, med unnatak for dei to statlige samiske vidaregåande skolane. Ifølge Vaksenopplæringslova § 4 har og Fylkeskommunen eit ansvar for: 1. Utviklingen av voksenopplæringen i fylkeskommunen, herunder utarbeidelse av planer for denne opplæringen. 2. Tilskott til organisasjoner og institusjoner etter de prinsipper som er fastlagt i denne lov.

Fylkeskommunane har ikkje lenger nokon eigen vaksenopplæring, ettersom dei ikkje har økonomiske midler til det. Vaksenopplæringa er overlatt til ressurssentrene ved dei einskilde skolane (OPUS), som må finne ekstern finansiering for kursa sine. Fylkesadministrasjonen har ikkje ein gong liste over kva for kurs som er ved dei forskjellige skolane.

I nokre tilfelle har fylkeskommunar gitt støtte til samiske kurs arrangert av studieorganisasjonar. Det ligg ikkje føre nokon oversikt over kor omfattande dette har vore.

Den oversikten som følger her gir nokre eksempel frå fylkeskommunane sine tiltak eller mangel på slike. Oversikten er trulig langt frå uttømmande, og fortel nok i nokre tilfelle meir om kunnskap og innstilling hos nokre av dei som har svart frå fylkeskommunane si sine.

Finnmark

Dei tre nordligaste fylka har eller har hatt ein konsulent for samiske spørsmål innafor fylksadministrasjonen. Finnmark fylkeskommune har for tida ingen eigen samekonsulent. Stillinga har stått ubesatt i fleire år, det er snakk om at ho skal utlysas på nytt.

Representanten for utdanningsavdelinga i fylkeskommunen sa han ikkje hadde vore borti spørsmålet om eigne vaksenopplæringstiltak for samar eller i samiske emne.

Troms

Troms fylkeskommune har i nokre år hatt eigen samekonsulent. Fylkeskommunen har ingen eigne undervisningstilbod i samisk kultur. Samisk språk undervisas ved nokre vidaregåande skolar, men det er stor mangel på lærarar. Det er no under planlegging eit kompetansesenter for å gi fjernundervisning i samisk. Dette skal og kunne brukas til anna vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Dei håper på drift frå skoleåret 2000/01. Det er og under planlegging ein nettstad på Internett som ressurs for elevar og lærarar.

Som intern opplæring i fylkeskommunen arrangeras grunnkurs for nye saksbehandlarar. På dette kurset er det eit kort bolk om samepolitikk, som samekonsulenten har ansvaret for. Ein satsar og på å utvikle faste kurs for forskjellige fylkeskommunale organ og institusjonar med informasjon om samiske forhold. Ein tenker seg eit samarbeid med det samiske språksenteret i Kåfjord om dette.

Regionsjukehuset i Tromsø (RITØ) har ein eigen samekonsulent. I samarbeid med Samisk videregående skole i Karasjok er det kjørt fjernundervisning i samisk for tilsette. Det er og kjørt internt kurs ved sjukehuset om samar og helse.

Nordland

Fylkeskommunen har eigen samekonsulent. Det er ikkje satt igang eller planlagt kurs i fylkeskommunal regi eller for fylkeskommunalt tilsette, men fylkeskommunen samarbeider med lokale språksentra / ressurssentra: Várdobáiki - Evenes (nordsamisk), Árran - Tysfjord (lulesamisk) og Sijte Jarnge - Hattfjelldal (sørsamisk). Av dei vidaregåande skolane i fylket er det bare Hamarøy videregående skole som har særlige samiske vaksenopplæringskurs. Ved avdelinga i Drag i Tysfjord driv dei vaksenopplæring i lulesamisk. Dei har dei siste 5 åra kvart år hatt kurs i lulesamisk på C- språks- og/eller andrespråksnivå etter læreplan for vidaregåande skole. Skolen kan ikkje tilby alle dei kursa det er etterspørsel etter pga. manglande løyvingar frå fylkeskommunen. Dei har og arrangert lærlingeskole for duodji.

Sør-Trøndelag

Røros Ressurs, ressurssenter tilknytta vidaregåande skole, har arrangert kurs i sørsamisk på forskjellige nivå.

2.2.7. Kommunar

Kommunane er etter lova ansvarlig for vaksenopplæring på grunnskolens område, samt for norskopplæring til innvandrarar.

Mange samar fikk minimal skolegang under og etter 2. verdskrigen. Dei har lenge kjempa for erstatning for dette, men dette kravet er alltid avvist av norske styresmakter. Derimot fikk nokre av dei på 90-talet innvilga nokre timar grunnleggande opplæring i samisk og norsk. Forøvrig er aktiviteten i kommunane ganske låg i forhold til at fleirtalet av samane manglar grunnskoleopplæring i eige språk. Kommunane er etter vaksenopplæringslova forplikta til å lage kommunale vaksenopplæringsplanar. Det synas som dette i svært varierande grad har vore gjennomført.

Flyktningar og innvandrarar til Noreg har lovfesta rett til ei viss mengde opplæring i norsk språk og informasjon om det norske samfunnet. Denne retten omfattar alle innvandrarar som ikkje har svensk, dansk eller samisk som førstespråk. Sjølv om det trulig ikkje har vore tilsikta, er eit resultat av denne regelen at dei som er fødd i Finland og har samisk som førstespråk og finsk som andrespråk, ikkje har samme rett til å få norskkurs om dei flyttar til Noreg som finske statsborgarar med finsk som førstespråk. Om denne regelen blir følgt strengt, er den eit hinder for samar frå Finland som ønsker å ta arbeid på norsk side, f.eks. ved nokre av dei fellessamiske institusjonane. Da i 1999 for første gong ei gruppe flyktningar blei plassert i eit samsikspråklig område, sa sentrale styresmakter til kommunen at dei kunne velge om dei ville gi dei opplæring i norsk eller samisk. Kommunen valde sjølv norsk, noko dei grunnga med at flyktningane og skulle kunne flytte til andre stader i Noreg. Det er ikkje nokon tilsvarande rett til å få opplæring i samisk språk for norsktalande innvandrarar til samiskspråklige område.

Fire kommunar som deltok i Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark har lokale vaksenopplæringsfora og halve stillingar som vaksenopplæringskoordinatorar. Arbeidet deira blir skildra under kapitlet om SUFUR / Omstillingsprogrammet (2.2.8.)

I fleire kommunar er det dei siste åra bygd opp samiske språksenter. Dei fleste språksentrene er kommunale eller interkommunale. Nokre av disse ligg i kommunar i forvaltningsområdet for samisk språk, og er dreve av kommunen for midler gitt gjennom Sametinget. Samtidig gir dei og tilbod til nabokommunar. Utafor forvaltningsområdet har kommunane ingen særskilte middel til slikt arbeid. Her er språksentrene anten oppretta av fleire kommunar i lag eller av stiftelsar der og f.eks. samiske organisasjonar deltar. Inspirasjonen til språksentrene er henta frå andre minoritetsspråk, bl.a. gjennom studiereiser som samiske skolar og skoleinstitusjonar har hatt til Wales og New Zealand. Dei samiske språksentrene knyt språk og kultur nært saman. Ein legg opp til at elevane skal lære språk gjennom å utføre praktisk arbeid i duodji, matlaging, fiske osv. Alle språksentrene ligg i område det det samiske språket har vore utsett for hard fornorsking, slik at det mest er blant dei eldre innbyggarane at ein finn folk som nyttar samisk som talespråk. Ein viktig arbeidsmåte har vore å nytte dei eldre samisktalande og knytte dei til samiskopplæringa, både for barn og foreldregenerasjonen. Språksentrene har i løpet av kort tid blitt viden kjent og dei tilsette ved dei blir ofte bedne om å reise til andre stader å fortelle om arbeidet deira for språkvitalisering.

Unjárgga / Nesseby

For nokre år sidan tok kommunen initiativ til å etablere eit samisk vaksenopplæringssenter. Initiativet blei diskutert i fleire år, men blei tilslutt avvist. Ei av årsakane til at senteret ikkje blei oppretta, var at dei store avstandane innafor det samiske busettingsområdet gjør det vanskelig med bare eitt felles senter. I staden blei det etterkvart oppretta ressursenter ved dei samiske vidaregåande skolane og språksenter i nokre av dei samiske kommunane. Men Nesseby kommune har fått svært lite ut av dette.

På spørreundersøkinga vår har kommunen ved skolekontoret har gitt eit svar som ikkje fortel anna enn at ein har ei halv stilling for vaksenopplæring og at ein gir tilbod til vaksne med spesielle behov. Språkkonsulenten i kommunen fortel derimot at dei har hatt ei rekke samiske språkkurs på forskjellige nivå.

Deanu / Tana

I kommuneplanen er eit av hovudmåla å «utvikle egenart i kultur, identitet og språk som verdifulle ressurser i kommunen». Ut frå dette har kommunen prioritert språkundervisning i samisk. Arbeidet finansieras av tospråkligheitsmidlene over Samisk språkråd. Kommunen hra oppretta eit nærings- og utviklingssenter (SEG) og eit språksenter som del av dette. Språksenteret blei oppretta i 1998. Kommunen uttrykker målsettinga med språksenteret slik: Fungere som støtte for og bevisstgjøring om samisk språk / kultur Gi deltakerne / befolkninga tilbake troen på samisk språk / kultur og bringe det fram i lyset Gi samiskopplæring Dei driv språkkurs for nybegynnarar / helsearbeidarar og skrivekurs for kommunalt tilsette med administrativ terminologi. SEG driv og andre kurs, som økonomifag (1998/99) og datafag (1999/2000), begge i samarbeid med Høgskolen i Finnmark. I tillegg er det samarbeid med Sámi allaskuvla om desentralisert lærarutdanning, der første halvdel av lærarutdanninga skal kunna takas desentralisert i Deatnu.

Porsá¹ggu / Porsanger

Porsanger var den første kommunen som oppretta kommunalt språksenter (1994). Det har vore både språkkurs for norsktalande og skrivekurs for samisktalande, med tilsaman 40-50 deltakarar. Dette språksenteret har dreve pionerarbeid i å utvikle språk- og kulturopplæring i lag, i form av praktisk opplæring i samiske kulturtradisjonar som duodji, matlaging og fiske. Forøvrig opplyser vaksenopplæringkontoret at dei bare har norskkurs for innvandrarar.

Kárášjohka / Karasjok

Gjennom fleire år har språkkonsulenten arrangert samiskkurs for kommunalt tilsette. Nytt av året 1999 er at kommunen har starta kurs for samisktalande i å lese og skrive samisk, der deltakarane får lønn mens dei går på kurset. Det er ganske få som så langt har fått dette fine tilbodet, men dette bør kunne vere eit mønster for framtidige kurs og andre kommunar. Skolekontoret opplyser at på grunnskolens område har dei ikkje dreve anna vaksenopplæring enn norskundervisning for innvandrarar.

Guovdageaidnu / Kautokeino

Skolekontoret sitt hovudmålområde for vaksenopplæring er vaksne med mangelfull opplæring i å lese og skrive samisk og norsk. Det blir gitt opplæring i norsk for innvandrarar med anna morsmål enn samisk / norsk. I samarbeid med SUFUR og Arbeidsformidlinga blei det 1998/99 gjennomføras 12 vekers lese- og skrivekurs i samisk. Det er og arrangert skrivekurs for dyslektikarar.

Gáivuotna / Kåfjord

Kommunen har hatt språksenter ved det samiske senteret Ája sidan 1995. Kommunen skildrar arbeidet til språksenteret slik: "Dei tilbyr språkkurs for vaksne (både kommunetilsette og andre interesserte), språkbad for grunnskoleelevar, samiskspråklige timar på gamleheimen. Dei utnyttar lokalbefolkninga til mange slags tiltak, f.eks. som retteilarar på forskjellige arrangement og kurs. Forøvrig har dei arbeida og arbeider bl.a. med samling av samiske termar og stadnamn".

Evenes / Tjeldsund / Ballangen / Skånland

Språksenteret som ligg i Evenes kommune i Nordland er eit samarbeid med kommunane Tjeldsund og Balangen i Nordland fylke og Skånland i Troms. Det har vore i drift bare frå februar 1999, men tidligare har det vore eit språkprosjekt i drift i to år. Planen er å bygge eit samisk kulturhus. Hausten 1999 byrjar dei grunnopplæring i samisk og målet er å halde fram opp til grunnfagsnivå. Ein har og planar om å knytte ei lokal duodji-forening og lokale kunstnarar nærare til språksenteret. De planlegg eit internet-prosjekt i lag med Kiruna kommune, og oppbygging av lyd- og biletstudio. Men det fins i dag ikkje pengar til å gjennomføre alle planane.

I Nordland er og under oppbygging språksentra / ressurssentra for lulesamisk i Tysfjord og for sørsamisk i Hattfjelldal.

Til neste kapittel

Til oversikt over artiklar om utdanningsspørsmål eller samiske spørsmål

Til startsida

sveilund@online.no