Svein Lund

Vaksenopplæring for samar

Til starten på rapporten

_______________________________________________________________

2.2.8. SUFUR - Samordningsutvalget for Finnmark Utdanningsregion.

SUFUR står i ein mellomposisjon mellom statlig og fylkeskommunal styring. Det samme kan seias om Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark, der opplæringsdelen organiseras gjennom SUFUR.

Bakgrunnen for opprettinga av Finnmark Utdanningsregion var at utdanningsnivået i fylket lå langt under landsgjennomsnittet. Regionen blei oppretta i 1988, etter at forslaget om oppretting var reist allereie i 1977. I første omgang blei SUFUR oppretta for ein periode på 3 år, seinare har funksjonstida blitt forlenga for eit år av gangen. Eit notat frå februar 1999 går inn for ei forlenging fram til 2005. SUFUR organiserer og / eller finansierer tiltak som kjem i tillegg til den vanlige opplæringa som er organisert av kommunane, fylket og statlige vidaregåande skolar og høgskolar.

Ved opprettinga av SUFUR såg ein i første rekke Finnmark som eit "mangelfylke". Målet var å få fleire elevar til å ta meir utdanning og å trekke fleire kvalifiserte lærarar til fylket. Etter kvart kom fokus meir over på kordan utdanningssystemet i større grad kunne tilpassas lokale forhold og ta utgangspunkt i kultur, språk og næringsliv i fylket. Denne endringa i fokuseringa til SUFUR kom gradvis som eit resultat av dei erfaringane ein gjorde seg i forsøk på å sette ut i livet tiltak for meir utdanning, og dei diskusjonane som var på seminar med forskjellige skolemiljø. Nokre samiske institusjonar som Samisk høgskole og Samisk utdanningsråd spela og ei aktiv rolle i denne debatten.

Erfaringane med SUFUR blei oppsummert av forskjellige forskarar og aktørar og utgitt som "Kunnskapsbilder - Forskningsserie fra SUFUR" i 1996. Det er utgitt 8 forskjellige hefter, av disse kom eit på både samisk og norsk, dei øvrige bare på norsk. I denne serien stiller ein spørsmål ved sjølve kompetansebegrepet og framhevar at finnmarkingane sin mangel på formell kompetanse ikkje betyr at dei ikkje har hatt realkompetanse i forhold til det samfunnet og dei næringane dei skal leve i. Det har skjedd ei utvikling i tankegangen på dette området innafor store delar av det pedagogiske miljøet i Finnmark. Men det betyr ikkje at dette har slått gjennom verken hos politikarane i fylket og sentralt, eller hos det sentrale skolebyråkratiet. Regelverket skaper framleis store hindringar for å gjennomføre denne politikken i skoleverket i Finnmark. Forsøka som er gjort innafor utdanningsregionen har for det meste ikkje blitt meir enn isolerte eksperiment, og Finnmark har samtidig vore offer for skolereformene på 90-talet, som har gitt eit meir felles nasjonalt lærestoff.

I den perioden Finnmark har vore eigen utdanningsregion har utdanningsnivået auka. Samtidig har nivået auka på landsplan og avstanden mellom fylket og landsgjennomsnittet har bare minska på nokon område. Når det gjeld høgare utdanning av lengre varigheit enn 5 år, har denne avstanden faktisk auka, noko som trulig har samanheng med at ein framleis må reise ut av fylket for å få slik utdanning.

Vaksenopplæring har heile tida vore ein vesentlig del av arbeidet til SUFUR, og i det nemnde notatet om framtida til SUFUR blir det spesielt peika på at SUFUR må ha ei viktig rolle i gjennomføringa av kompetansereformen. SUFUR har hatt ansvaret for utdanningsdelen av Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark.

Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark

Store delar av reinbeiteområda i Finnmark har blitt forringa av overbeite, forureining og motorisert ferdsel. Styresmaktene har derfor satt igang tiltak for å redusere reintalet, i første rekke ved å redusere talet på reindriftssamar. Regjeringa har satt i gang eit omstillingsprogram med følgande føremål: - stimulere til utvikling av næringsliv og arbeidsplasser - styrke utdanningsmuligheter og kompetanse - drive personrettede tiltak for å lette og stimulere til omstilling, herunder sikre levekårene for de grupper som blir særlig berørt.

Omstillingsprogrammet har vore svært omdiskutert og frå fleire hand har det vore kritisert og kalla eit program for fornorsking av reindirftssamar. Det har og blitt kritisert for å presse reineiganane med små flokkar ut, mens dei store fikk bli. Trass i ein del kritikk, har reindriftsorganisasjonen NRL og Sametinget likevel vald å delta i programmet. Lanseringa av Omstillingsprogrammet var og knytta til nedlegging av ei gruve og forsvarsinstitusjonar i Indre Finnmark, men all fokus har seinare vore på reindrifta. Reineigarar som har slakta all sin rein og samtidig starta utdanning og / eller eigen bedrift, har fått ei avviklingsstøtte på 100000 kr. pr. år over ein 5-års-periode. Denne støtta kan brukas til å søke ordinære opne skoletilbod på vidaregåande eller høgare nivå, men ein stor del av omstillarane har gått på kurs som er satt igang med støtte av omstillingsprogrammet. Kurs som blir sett igang pga. omstillingsprogrammet er og opne for andre. På nokre av disse kursa har faktisk ingen av kursdeltakarane vore omstillarar, men i alt vesentlig har deltakarane vore fastbuande samar frå lokalsamfunnet. Omstillingsprogrammet gjeld for fire kommunar i indre Finnmark (Guovdageaidnu/Kautokeino, Kárášjohka/Karasjok, Deatnu/Tana, Porsá¹gu/Porsanger). På grunn av omstillingsprogrammet har kvar av disse fire kommunane fått ein halv stilling som vaksenopplæringskoordinator, og det er oppretta VO-forum for samordning av tilboda frå dei forskjellige vaksenopplæringsaktørane. Sjølve omstillingsprogrammet varte frå 1993 til 1998, men delar av det er vidareført i andre former for ytterligare to år.

Kursa er alltid arrangert i samarbeid med andre institusjonar og ofte ved deling av utgifter. Derfor kan nokre av disse kursa og ha blitt registrert her under andre institusjonar. Rapportane frå SUFUR om utdanning og kompetanseutvikling i omstillingsprogrammet for Indre Finnmark fortel om disse tiltaka frå 1994 til 1998: APO-klassar (Arbeid, Produksjon, Opplæring) i Guovdageaidnu og Kárášjohka Oppsøkande verksemd for å motivere ungdom for studier Vaksenpedagogikk for eit fleirkulturelt samfunn - Samisk høgskole Distriktsaktiv skole - idear for lærarar, i første rekke i grunnskolen Elementærkurs i lesing og skriving, grunnskolenivå i norsk og samisk Studiekompetansekurs Sying av teaterkostymer Lærlingar i duodji og slakting Kurs for bedrifter: framandspråk, service, økonomi, jus, data Guidekurs Feltassistent - utdanning for naturforvaltning Datakurs Internkontroll - helse og tryggleik på arbeidsplassar Tradisjonell bruk av naturen: fiske, snarefangst, jakt Utvikling av duodjiprodukt Dokumentasjon av kultur og tradisjon. 6 arbeidslause ungdommar i Guovdageidnu samlar tradisjonar og historie gjennom å intervjue gamle folk. Dei brukar bandopptakar og fotoapparat og skriv ut opptaka etterpå. Dei vil og ta i bruk video. Ungdommane får opplæring i dokumentasjonsteknikk og systematisering, samt samisk språk og historie. Materialet dei samlar inn kan igjen gi grunnlag for å etablere nye arbeidsplassar. Dette prosjektet gjennomføras i samarbeid med bl.a. Samisk utdanningsråd, Samisk arkiv og det lokale historielaget. Naturstein og mineraler - innføringskurs Lyd- og lysarrangement for kulturarrangement. Kortkurs i samarbeid med det samiske teateret Beaivváš. Unireg. I dei fire kommunane i omstillingsprogrammet starta i 1997 eit kombinert program med arbeid og utdanning, i tilknytning til Universitetenes registreringssentral. Deltakarane arbeider halv tid med registrering på data for universiteta i Tromsø og Oslo. Dei registrere matriklar, fossilar, samiske arkiv og samlingar. I starten får dei opplæring i bruk av datamaskinar for registrering, seinare arbeider dei halv tid og studerer halv tid. Studiene er tilpassa behovet til den einskilde deltakar. I hovudsaka er det på vidaregåande nivå, mest data, norsk og samisk. Tilsaman var det 40 deltakarar i 1998, i 1999 er det redusrt til 30 pågrunn av mindre pengar til disposisjon. Unireg er eit samarbeid mellom kommunane, universiteta, arbeidsformidlinga og SUFUR. Nokre av studietilboda som blir arrangert for deltakarane i Unireg kan og vere opne for andre.

Gjennom SUFUR har ein og planlagt disse kursa, som av forskjellige grunnar så langt ikkje har latt seg gjennomføre: Høgskolestudier i samisk naturbruk og ressursplanlegging Natur- og kulturbasert turisme «O˜˜a bálgát» (Nye spor) - Personlig utvikling og motivasjon for reindriftsungdom Sledebygging og lafting Registrering av kulturminner

Sidan sjølve omstillingsprogrammet no er avslutta, vil noko av arbeidet bli vidareført i andre former, som "Regionalt utviklingsprogram for Indre Finnmark", som inkluderer SUFUR sine planar for dette området. Utdanningsprogrammet vil no bli meir knytta til utvikling av næringar og arbeidsplassar. Blant dei planlagte tiltaka kan nemnas: Bruk av eldre som ressurs og uformell kompetanse i skolen. Samisk høgskole og Samisk utdanningsråd har starta dette arbeidet, inspirert av røynsler frå andre urfolk. Forskjellige kurs for turisme Kurs for kvinner i omstillingskommunar. Dette arrangeras i samarbeid med den samiske kvinneorgnisasjonen Sáráhkká. Kompetanseutvikling i bedrifter Kurs for slakteriarbeidarar Vaksenopplæringsforuma og VO-koordinatorane vil trulig helde fram til slutten av år 2000.

Helse, miljø, sikkerhet

Det har dei siste åra vore gjennomført to program for reindriftsutøvarar og omstillarar som har fokusert på helse. Det første blei kalla "HMS reindrift" og blei gjennomført 1992-97 som eit delprosjekt under "Helse- og ulikhet"-programmet, tilknytta fylkeslegen i Finnmark. Det blei gjennomført ei rekke kurs for reindriftsutøvarar i Guovdageaidnu. Dette er så vidareført gjennom prosjektet HEMSKO (Helsemessige konsekvensar av omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Dette er bl.a. finansiert gjennom SUFUR / Omstillingsprogrammet. Omstillarar frå Guovdageaidnu og Kárášjohka har deltatt i fleire kurs. 2.2.9. Samisk vidaregåande opplæring Det er to samiske vidaregåande skolar, i Guovdageaidnu og Kárášjohka. Skolane er statseigde og har felles styre. Dei samiske vidaregåande skolane har dreve med kurs for vaksne gjennom mange år. Frå 1997 blei kursverksemda organisert som eigne avdelingar, Ressurssenter, under leiing av ein kursinspektør ved kvar skole. Eit utval av representantar for skolane utreia i 1997 ansvaret til ressursentrene: Målet er at skolene gjennom avdelingene skal: 1. Realisere fylkeskommunens ansvar etter lov om voksenopplæring §4 nr. 1 og 2 i Karasjok og Kautokeino. 2. Gjennomføre kurs og tilby tjenester for andre offentlige etater, privat næringsliv, organisasjoner m.m.  Men dette forslaget er enno ikkje formelt behandla av styret for dei samiske vidaregåande skolane og KUF og ansvaret er derfor framleis ikkje avklara. Som det går fram av kap. 2.2.6. er det heller ikkje eintydig kva som i dag ligg i å "realisere fylkeskommunens ansvar".

Ansvarsfordelinga mellom fylkeskommunen og staten har vore uklar. I 1998 skriv kursinspektøren i Guovdageaidnu: "Verken fylkeskommunen som lovpålagt organ eller staten som skoleeier tar ansvar for voksenopplæringen i Karasjok og Kautokeino". Han peikar på at det er vanskelig å arrangere kurs fordi staten stiller inntektskrav som gjør at ein må prioritere kurs med god inntekt og fordi ekstra kostnadar pga. tospråkligheit og arbeidsgivaravgift blir ikkje dekka.

Dei samiske vidaregåande skolane har slått fast at dei i prinsippet skal undervise på samisk. Men i praksis foregår det meste av undervisninga på norsk, både i dei ordinære klassane og i vaksenopplæringskursa. Det er fleire årsakar til dette; nokre lærarar kan ikkje samisk, nokre elevar forstår ikkje samisk, det er nesten ingen lærebøker på samisk. Det har i mange år vore diskusjon om skolane skal vere opne for elevar som ikkje forstår samisk. På nokre få vaksenopplæringskurs har det blitt stilt krav om kunnskapar i samisk.

Begge dei samiske vidaregåande skolane og det felles styret har satsa mye på utvikling av kompetanse innafor skolane. I samarbeid med Universitetet i Tromsø har ein kjørt kompetansegivande opplæring i veiledningspedagogikk for skoleleiarar og hovudlærarar på SVSRS, og i 1999 er det igang kurs i skoleleiing og skoleutvikling for administrasjonen ved begge skolane. På dette kurset deltar og skoleleiarar frå kommunane i forvaltningsområdet for samisk språk.

Samisk videregående skole og reindriftsskole

Samisk videregående skole og reindriftsskole - Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla - gir ordinær vidaregåande opplæring innafor disse linjene: mekaniske fag, byggfag, hotell- og næringsmiddelfag, formgivingsfag / duodji, naturbruk / reindrift og allmenne og økonomisk / administrative fag. I tillegg arrangerer dei vaksenopplæringskurs innafor disse områda, og av og til på andre område. Ved sida av studiekompetansekurs for vaksne (1( år) har ein kjørt følgande kurs i perioden 1995-99: Vaktmesterkurs, byggfag GK + Tømrar VK1, grunnskoleopplæring for vaksne, kokk-og servitørkurs, feltassistentkurs, lærlingeskolen duodji, datakurs, arkivkunnskap. Samarbeidspartnarar har vore bl.a. SUFUR, Arbeidskontoret, Tana videregående skole, Unireg, AMO-senteret i Alta, Samisk høgskole og prosjektet HMS reindrift.

Skolen laga i 1997 ei prosjektskildring for "Livsveiledning- Personlig utvikling og motivasjon som grunnlag for yrke og skolegang. Det blei sendt invitasjon til alle unge gutar frå reindrifta som ikkje hadde eiga driftseining. Omlag 80 blei kontakta og 40 sa seg interesserte. Det blei arrangert eit framtidsseminar med 24 deltakarar og 11 søkte om å få delta på veiledningskurs. Men for å kunne delta måtte dei ha sikra livsopphold for den tida dei gikk på kurs. Dette har hittil ikkje vore mogleg å gjennomføre. Omstillingsprogrammet gjeld ikkje for dei og Arbeidsmarkedsetaten betaler bare for folk som er heilt arbeidslause. Ut i frå dei røynslene som er gjort er det i 1998 laga ei ny prosjektskildring, no under namnet "O˜˜a bálgát". Skolen har i 1999 sendt brev til Statens lånekasse for utdanning i håp om å få finansiering derifrå.

Samisk videregående skole, Karasjok

Samisk videregående skole, Karasjok - Sámi joatkkaskuvla Kárášjogas har ordinær vidaregåande opplæring innafor mekaniske fag, byggfag, helse- og sosialfag og allmenne, økonomiske og administrative fag. Som vaksenopplæring har dei i løpet av dei siste 5 åra arrangert 2 studieførebuande kurs (grunnskolepensum, ½ år) og 3 studiekompetansekurs (1½ år). Det har tilsaman vore 15 datakurs, dei siste åra som Datakortet. Samiskkurs på C-språksnivå er kjørt både lokalt og som fjernundervisning til Regionsykehuset i Tromsø. Skolen har arrrrangert teorifag til fagbrev i byggfag. Planane framover er å fortsette med tilsvarande kurs, samt mekanikarkurs for bønder.

Opplæringskontor i duodji

Duodjifaget kom under lov om fagopplæring i arbeidslivet frå 1990. Det blei da oppretta svennebrevsordning. Eit sentralt opplæringsråd i duodji er rådgivande for KUF. Opplæringsrådet har sekretariat i Guovdageaidnu. Med Reform 94 blei duodjiutdanninga lagt om frå 3 år i skole til 2 år skole + 2 år som lærling, og da måtte alle under opplæringskontoret for å få svennebrev. Duodjiutdanninga etter duodji VK1 er derfor ikkje lenger eit ansvar for dei samiske vidaregåande skolane, men for yrkesopplæringsnemndene i fylkeskommunane.

Det er oppretta to opplæringskontor, eit i Unjárga / Nesseby for Aust-Finnmark og eit i Guovdageaidnu for Vest-Finnmark. I Finnmark er det tilsaman 58 godkjente lærebedrifter og i perioden 1994-1998 er det avlagt 27 svenneprøver. I andre fylke er talla atskillig lågare, vi har enno ikkje fått henta inn nokon full oversikt her. Dei fleste som har tatt svennebrev i duodji har vore godt vaksne folk, og fleirtalet har tatt dette utan duodjiutdanning i skole.

Opplæringskontora har hatt store økonomiske problem, sjølv om dei har fått ei viss støtte frå Sametinget. Duodjiutøvarane har vanligvis dårlig økonomi og har vanskelig for å betale lærlingane den lønna dei skal ha etter lov og avtalar.

2.2.10. Høgskolar og universitet

Samisk høgskole

Samisk høgskole - Sámi allaskuvla blei starta i Guovdageaidnu i 1989. Hovudverksemda har til no vore grunnutdanning for lærarar og førskolelærarar. I tillegg har ein kurs i duodji og samisk og pedagogiske etter- og vidareutdanningskurs for lærarar.

Samiskkursa er på alle nivå frå innføringskurs til mellomfag. Det har vore arrangert omlag 10 elementærkurs i samisk. Studiekompetansekurs (semesteremne) blir arrangert kvart år. Det har fire gonger vore arrangert tolkekurs. Samiske språkkurs har og vore arrangert av høgskolen på andre stader i Troms og Finnmark.

Ein stor del av tilbodet er deltidskurs, vanligvis med halv studieprogresjon og 6-10 samlingar i løpet av eit år. Dette har særlig vore praktisert i pedagogiske emne som vidareutdanning for lærarar: tospråkligheitspedagogikk, fleirkulturell pedagogikk / fleirkulturell forståing, spesialpedagogikk og vaksenpedagogikk. Nytt tilbod frå 1999 er joik, drama og fortellerkunst.

Undervisningsspråk er hovudsakelig samisk på grunnutdanningane og norsk på dei fleste pedagogiske vidareutdanningskursa.

Sámi allaskuvla arrangerte i skoleåret 1996/97 studiet "Vaksenpedagogikk i eit fleirkulturelt miljø". Grunnlaget var vaksenpedagogikkplanen som KUF har godkjent, men planen blei tilpassa både til samiske og fleirkulturelle forhold og til at den skulle godkjennas i Finland. Målgruppa var både lærarar og konsulentar som organiserer utdanning, f.eks. arbeidskontoret. Det var 8 studentar, alle samiskspråklige. Høgskolen sine lærarar og sensorane var samisktalande, men det var nokre norsk-/ svensk språklige gjesteførelesarar. Når førelesingane var på norsk eller svensk, satte ein av tid til å snakke om innhaldet på samisk og forklare omgrep. Frå dette kurset er det skreve ein rapport, som inneheld interessante perspektiv på vaksenopplæring for samar.

Høgskolen i Finnmark

Etter at Samisk høgskole blei danna har Høgskolen i Finnmark fråskreve seg alt ansvar for samiske spørsmål. Ein gir ikkje lenger tilbod om samisk språk, og det er svært lite samisk vinkling på studiene. Ordet samisk eksisterer ikkje i kurskatalogen deira for 1999-2000. Det einaste studietilbodet som kan tyde på å ta opp samiske emne er 10 vt. fleirkulturell forståing. Høgskolen seier sjølv at dei ikkje vil ha samiske tilbod for å ikkje konkurrere med Samisk høgkole, men særlig norsktalande kystsamar er misnøgde med at dei ikkje får noko høgskoletilbod i samiske emne når dei ikkje kan nok samisk til å følge undervisninga på samisk ved Samisk høgskole.

Høgskolen i Tromsø

Høgskolen i Tromsø har i 1999 arrangert 35 timars kurs i samiske emner for lærarar i vidaregåande skole: samisk og annen etnisk musikk samisk form og farge samisk kunst og kulturhistorie

I 1998 avvikla 3 dagers-kurs for lærarar i ungdomstrinnet i samisk og engelsk. For 1999/2000 planlegg ein kurs for lærarar i grunnskolen i samiske emne som er tatt opp i dei nasjonale læreplanane.

Høgskolen i Bodø

Dei har tre utdanningstilbod med samisk innhald, og vekslar mellom tilby disse: Lulesamisk språk (10vekttall). Dette kurset er og ope for dei som ikkje har studiekompetanse. Omlag 30 studentar har gjennomført 10 vt. Ein ønsker å tilby også andre halvårseining, men det må meir forskning og utviklingsarbeid til. Duodji (10+10vt) Samfunnsfag med vekt på samisk kultur og historie (10vt) Alle disse studiene foregår no ved det samiske senteret Árran i Tysfjord, tidligare foregikk samiskundervisninga i Bodø.

Høgskolen i Bodø arrangerer no lærarutdanning i Steigen, slik at lulesamisk ungdom ikkje treng å reise langt heimafrå for å få lærarutdanning. Denne kan kombineras med lulesamisk på Árran. Høgskolen i Bodø samarbeider og med Hamarøy videregående skole og Samisk høgskole. Dei planlegg å utvikle nærare samarbeid med universiteta i Luleå og Umeå. Høgskolen har tidligare arrangert kurs i lulesamisk område for å gi folk derifrå studiekompetanse for lærarutdanning.

Høgskolen i Nesna

Høgskolen i Nesna har hausten 1998 fullført andre del av sørsamisk grunnfag i Hattfjelldal. 10 studentar fullførte og dette er første gang sørsamisk er undervist på så høgt nivå i Noreg.

Høgskolen i Nord-Trøndelag

Høgskolen i Nord-Trøndelag (Levanger) har i samarbeid med Røros ressurs (ressurssenter knytta til vidaregåande skole) arrangert kurs i sørsamisk for vaksne på vidaregåande skoles nivå. Dei har og arrangert kurs i første halvdel av grunnfag og har planlagt å tilby også andre halvdel.

Universitetet i Tromsø

Universitetet i Tromsø har sidan opprettinga i 1972 hatt eit spesielt ansvar for utdanning i samisk og om samiske forhold. Det har gjennom tidene vore mye strid om kva for plass det samiske skal ha ved universitetet. Det er ordinære studietilbod i samisk språk frå semesteremne til hovudfag. Det har mange gonger vore reist krav om begynnarkurs i samisk, slik at studentar utan samiskkunnskapar og skal ha ein sjanse til å komme igang med å lære språket. Dette har vore avvist av universitetet med det argumentet at det ikkje er Universitetet si oppgåve å gi kurs på lågare nivå. Bare to gongar har dette vore gjennomført. Ellers er det større eller mindre samisk innhald i fag som sosialantropologi og historie.

Senter for samiske studier blei oppretta i 1990 og er eit tverrfaglig senter direkte under universitetsleiinga. Senteret virkar som samordnar og pådrivar overfor forskjellige delar av universitetet, og arrangerer eigne kurs og seminar om samiske spørsmål og urfolksspørsmål. Ein organiserer og utveksling av samisk forskning og urfolksforskning med andre høgare undervisningsinstitusjonar i Noreg og andre land.

Universitetet har eit kompetansesenter for lærarutdanning og etter- og videreutdanning, UNIKOM. Dei arrangerer etter- og vidareutdanningskurs i samarbeid med dei forskjellige fakulteta og institutta ved universitetet. Blant tilboda frå UNIKOM har disse eit særlig samisk innhald: Samerett (5 vt.), samisk kulturkunnskap (10vt) og samisk grunnfag (arrangeras 1999/2000 desentralisert med samlingar i Porsanger / Tana.) I 1996 laga UNIKOM, i samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar, ein plan for desentraliserte studier i samisk språk og kultur på universitetsnivå. Studiene skulle organiseras gjennom telekommunikasjon (videokonferanse). Planen inkluderte nordsamisk opp til mellomfag og halvårseiningar i lulesamisk, sørsamisk og samisk kulturkunnskap. Planen har bare delvis blitt satt ut i livet, men i alle fall har UNIKOM starta desentralisert utdanning på to stader i Finnmark (Porsanger og Tana). Studentane møtast samtidig på dei to stadane, men læraren er bare på ein av dei. Dei andre studentane er med gjennom teleoverføring.

2.2.11. Den samiske folkehøgskolen

Den samiske folkehøgskolen (DSF) / Sámi álbmotallaskuvla blei starta i 1936 av daverande Norsk Finnemisjonsselskap, no Norsk Samemisjon, som framleis eig skolen. Tidligare hadde skolen mest elever i alderen 16-20, men frå skolen blei starta opp igjen i 1991 har alderen på elevane vore langt høgare, f.eks. var siste år nesten 2/3 av elevane over 20 år på hovudkurset. På kortkurs har nesten alle vore over 20 år. Skolen har derfor i stor grad karakter av vaksenopplæring.

Skolen har dei siste åra hatt mange utanlandske elevar og eigne grupper for russiske samar som har fått opplæring i nordsamisk og norsk. I brosjyra for skolen heiter det at skolen bygger på kristne grunnverdiar, men forøvrig synas det kristne innholdet å ha blitt blitt nedtona

Skolen legg til grunn for arbeidet: - samisk oppdragelse, inspirasjon til å høste egne erfaringer - verdsetting av samisk kunnskap - realkompetanse innenfor det samiske - sesongbetonte emner og arbeidsoppgaver - muntlig formidling i praktiske arbeidsfellesskap - bruk av det samiske språket.

Skolen har ikkje faste linjer, men elevane kan velge emne som ein arbeider med eit par månader av gangen. Blant emnene er duodji, media, samisk språk, russisk, bygging av elvebåt og slede.

I tillegg til dei eitt-årige kursa har skolen ei rekke kortkurs på 3-11 dagar i emne som kofte- og luesying, bandveving, kniv, giisá (samisk trekiste).

2.2.12. Studieforbund

Voksenopplæringsforbundet

Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er fellesorganisasjon for 22 godkjente studieforbund i Noreg. I tillegg er 14 organisasjonar og institusjonar konsultative medlemmar. Til saman hadde studieforbunda i 1997 over 60000 kurs med over 700000 deltakarar. VOFO er organisert med fylkeslag som arbeider for å få fylkeskommunal og kommunal støtte til studiearbeid.

Av medlemsorganisasjonane er det to samiske organisasjonar: SOL - Sámi Oahppolávdegoddi / Samisk studieutvalg og SLF - Samenes landsforbund. For nokre år sidan blei reglane for studieforbund innskjerpa slik at dei måtte ha landsomfattande organisering og ei viss mengde studietimar pr. år for å få godkjenning. Det blei da gjort unnatak for samiske studieorganisasjonar, jfr. Lov om vaksenopplæring §10: For studieforbund for og blant samer gjelder ikke kravet etter første ledd om at de må bestå av to eller flere organisasjoner og kravet etter annet ledd punkt d om at de må ha landsomfattende virksomhet.

Statlige løyvingar til studiearbeid har gått gradvis nedover over lengre tid og dekker no bare omlag 20% av utgiftene. Dette har ført til redusert aktivitet i mange av medlemsorganisasjonane.

VOFO deltar i internasjonalt samarbeid gjennom UNESCO, Nordens folkliga akademi, European Association for the Education of Adults (EAEA) og International Council for Adult Education (ICAE).

Samisk studieutvalg

Samisk studieutvalg / Sámi oahppolávdegoddi - SOL er studieorganisasjonen til Norske Samers Riksforbund - NSR og arbeider lokalt der NSR har lokallag (omlag 25 stader). Målsettinga er å styrke samisk språk og kultur og den samiske befolkninga er den primære målgruppa.

SOL arrangerer i første rekke kurs i duodji, samisk språk og «samiskrelaterte fagområder», men har også i begrensa omfang kurs innafor andre fagområder. Nokre av språkkursa deira har vore på universitetsnivå, i samarbeid med Samisk høgskole eller Universitetet i Tromsø. I 1999 forsøkte dei å arrangere kurs for fagbrev for barne- og ungdomsarbeid. Men dei klarte ikkje å få finansisering for dette, på grunn av dei uklare ansvarsforholda innafor vaksenopplæring.

SOL har arrangert kurs for ungdom i tradisjonell samisk naturbruk, slik som snarefangst, notfiske, gammebyging og elvebåtbygging. Andre kursarrangørar bryr seg oftast lite om slik spesiell samisk kunnskap. Dette viser derfor betydninga av at det finst eigne samiske studieorganisasjonar.

I 1997 hadde SOL 185 kurs med 863 deltakarar. Blant deltakarane var over dobbelt så mange kvinner som menn. Over halvparten av kursa blei gjennomført i Guovdageaidnu kommune. Sekretariatet til SOL er i Guovdageaidnu, det er bare ein tilsett. I samband med vaksenopplæringsprosjektet som NSI gjennomførte i sør-samiske område først på 1980-talet blei det ytra ønske om eige lokalkontor for SOL der. Men SOL har så langt ikkje hatt økonomi til å opprette lokalkontor.

Andre studieorganisasjonar

To av dei nasjonale studieorganisasjonane, Arbeidernes Opplysningsforbund (AOF) og Studieforbundet Folkeuniversitetet har arrangert samiskkurs både i Troms og Finnmark. Det har vore både elementærkurs og studiekompetansekurs.

Folkets Brevskole

Folkets Brevskole (FB) er ein landsomfattande studieorganisasjon med vekt på fjernundervisning. FB ga i 1983 ut begynnerkurs i nordsamisk (Davvin med 4 bøker + kassettar) og i 1985 kurs for lese- og skriveopplæring i nordsamisk (Sámás med 3 bøker + kassettar). 2.2.13. Samiske yrkesorganisasjonar Norske Reindriftssamers Landsforbund Norske Reindriftssamers Landsforbund (NRL) / Norgga boazosápmela„„aid riikkasearvi er næringsorganisasjon for reindriftssamer. NRL har arrangert ein del kurs for medlemmane sine, for det meste finansiert av Reindriftens Utviklingsfond. Blant disse kan nemnast reinslakting og utnytting av biprodukt av rein, samerett og reindriftsavtalen.

Sámiid Duodji

Sámiid Duodji er ein landsorganisasjon for samisk husflid, som bl.a. arbeider for fremme av duodjiutdanning. Dei har hovudkontor i Guovdageaidnu og har arrangert ein del kurs i forskjellige former for duodji. Sámiid Duodji har tatt initiativ til opprettinga av Duodjeinstituhtta, ein stiftelse for faglig veiledning og kompetanseutvikling. I Duodjeinstituhtta inngår også Samisk høgskole og Samisk vidaregåande skole, samt Nordisk Samisk Institutt.

Til neste kapittel

Til oversikt over artiklar om utdanningsspørsmål eller samiske spørsmål

Til startsida

sveilund@online.no