Svein Lund

Vaksenopplæring for samar

Til starten på rapporten

___________________________________________________________

2.3. Sverige

Spesielt for vaksenopplæring for Sverige er at ein del kurs er reservert for samar. Dette er ikkje tilfelle i verken Noreg eller Finland, men spørsmålet har vore omdiskutert i alle tre landa.

2.3.1. Statlige styringsorgan

Den statlige utdanningsadministrasjonen i Sverige består av Utbildningsdepartementet og Skolverket. I tillegg til det sentrale kontoret i Stockholm har Skolverket 11 distriktskontor.

På spørsmål til Utbildningsdepartementet om vaksenopplæring for samar i Sveirige fikk vi dette svaret: "Vid en närmare granskning av frågeformuläret verkar det som om Utbildningsdepartementet inte tillhör målgruppen för undersökningen. Förvisso är vi alltid på något sätt inblandade i all form av utbildning i Sverige, men vi driver ej några egna projekt som speciellt rör vuxenutbildning för samer. Den vuxenutbildning som riktar sig speciellt till samer är framförallt Samernas folkhögskola. Folkhögskolan får ett statligt bidrag med ca. 5,6 milj kr/år. För mer information, vänd er till berörd institution, med adress:...."

Dette svaret viser at Utbildningsdepartementet ikkje meiner dei har noko ansvar for kva slags vaksenopplæring samane i Sverige får. Det er heller ingen teikn på at Skolverket har engasjert seg for vaksenopplæring for samar eller i samiske emne. I Skolverket sin årsrapport for 1998 er verken vaksenopplæring for samar eller anna samisk opplæring nemnt.

2.3.2. Sameskolstyrelsen

Sameskolstyrelsen blei oppretta 1980, og blir no oppnemnd av Sametinget. Sameskolstyrelsen har sekretariat i Jokkmokk, med 6 tilsette. Sameskolstyrelsen er forvaltningsmyndigheit for dei 6 sameskolane og samarbeider med kommunane om integrert samisk undervisning for samiske elevar som går i dei ordinære grunnskolane. Sameskolstyrelsen gir og ut lærebøker og gir råd til styresmaktene i samiske skolespørsmål.

2.3.3. Sametinget

Sametinget i Sverige har inga eiga avdeling for utdanningsspørsmål. Deira viktigaste rolle i utdanningsspørsmål vil vere å avgi politiske uttalelsar. Sametinget er ikkje nøgd med dei noverande finansieringsordningane, som ikkje sikrar vaksne samar økonomiske moglegheiter for å lære sitt eige språk. Ein ser dette som eit brot på menneskerettane. Sametinget har sjølv tatt initiativ til og delvis finansiert ALFA-prosjektet for samiskopplæring, som er eit samarbeid med Samernas Utbildningscentrum (sjå kap. 2.3.6.).

Sametinget har deltatt i den offentlige utreiinga om minoritetsspråk, men meiner utreiinga er for svak når det gjeld å sikre retten til informasjon på minoritetsspråk og retten til vaksenopplæring.

2.3.4. Arbeidsmarkedsetaten

Arbeidsmarknadsetaten har bl.a. arrangert kurs i reindrift og samesløyd (duodji). På kursa i samesløyd har det og blitt tatt inn ikkje-samar, noko som har blitt kritisert frå samisk hald.

2.3.5. Län og kommunar

I samband med Kunnskapslyftet har det blitt arrangert ein god del kurs i samisk på lågare nivå. Dette har skjedd i samarbeid mellom Komvux og Samernas utbildningscentrum.

Lapplands kommunalf(rbund arrangerer distanseundervisning i samarbeid med universitet og høgskolar, bl.a. i samisk. (Sjå kap. 2.3.7.)

2.3.6. Samernas utbildningscentrum

Samernas utbildningscentrum / Sámij Åhpadusguovdásj ligg i Jokkmokk i lulesamisk område, og er den viktigaste institusjon både for vidaregåande opplæring (svensk: gymnasieskola) og for vaksenopplæring for samar i Sverige. Skolen har og hatt mange elevar frå Noreg og Finland.

Skolen starta som folkehøgskole i 1942, og blei dreve av Svenska misjonsselskapet fram til 1972. Da overtok ei stifting av Svenska Samernas Riksforbund, Sami Eatnam og Jokkmokk kommune. I 1973 vedtok Utbildningsdepartementet at skolen skulle vere "ett centrum før samisk kultur och ett centrum for flerkulturellt arbete". Skolen var i utgangspunktet ein folkehøgskole, men utvikla seg etter kvart ut over folkehøgskolen sine rammer. Frå 1.1.1999 tok ein konsekvensen av at skolen var noko meir enn ein folkehøgskole og skifta til noverande namn.

Språksituasjonen ved skolen er komplisert, da ein skal dekke tre språkområde: nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk, i tillegg til dei samane som bare snakkar svensk. Svensk er derfor einaste fellesspråk som blir forstått av alle, og dette dominerer i undervisning og administrasjon. Av dei samiske språka er nordsamisk mest brukt, sjølv om Jokkmokk er i lulesamisk område og skolen sitt offisielle namn er på lulesamisk. I prinsippet tilbyr skolen undervisning i alle tre dialektar både på begynnarnivå og vidaregåande / morsmål, men det er ikkje nok elevar til å kjøre alle tilboda kvart år.

Skolen tilbyr kurs av forskjellig type: Ordinær utdanning: - 1-2 år tradisjonell duodji (sløyd): hard og mjuk - 1 år økologilinje med vekt på naturen på Nordkalotten og samisk naturbruk - Samisk mediautbildning

Distanseutdanning: - Samisk f(retakarutbildning: Reindrift, duodji (tre/horn eller skinn/tekstil) og skinnkonfeksjon - Samisk språk og kultur: Nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk

Kortkurs: Skolen har i mange år arrangert ei rekke kortare kurs rundt i heile det svenske sameområdet. Skolen deltar no aktivt i Kunskapslyftet (sjå dette) og ventar seg nye oppgåver i samband med regjeringa si utreiing om minoritetsspråk. Ein arbeider for at regelverket for Kunskapslyftet blir endra slik at alle samar som ikkje har gymnaskompetanse i samisk får ta dette, sjølv om dei ellers ikkje kjem under målgruppa for Kunskapslyftet. Frå 1997 har ein i samarbeid med Sametinget gjennomført det såkalla ALFA-prosjektet, for å tilby grunnleggande lese- og skriveopplæring i samisk.

Gymnas med samisk program: I samarbeid med Bokenskolan, gymnaset i Jokkmokk tilbyr ein eit samisk program frå hausten 1999 med samisk språk og kultur på dei 3-årige utdanningane på linjene for handel og samfunnsfag. Her er mogleg å velge bl.a. duodji og reindrift som fag.

Frå 1998 har skolen bygd opp eit samisk informasjons- og kommunikasjonsnett, kalla SameNet (www.same.net). Brukarane er samiske organisasjonar, institusjonar, samebyar og privatpersonar. Der er diskusjonsgrupper og linkar til informasjon om samiske spørsmål som ein kan finne på Internet. SameNet vil bli brukt i fjernundervisning, som er eit at dei viktigaste satsingsområda for Samernas Utbildningscentrum. I IT-prosjektet samarbeider ein med Jokkmokk kommune, Statens Skola För Vuxna i Härnösand, IT Norrbotten samt Svenska Samernas Riksförbund.

Skolen deltar aktivt i arbeid med læremiddelutvikling i samisk språk og andre samiske emne. Eit av utviklingsarbeida er "Sámásta", eit samarbeid med det lulesamiske senteret Árran i Tysfjord og Utbildningsradioen om eit språkkurs i lulesamisk. Dette bygger på det nordsamiske Davvin, som blir omsett til lulesamisk og tilpassa lulesamiske forhold. I tillegg til bøker og radioprogram/kassettar, vil ei no og bruke internett.

Samernas Utbildningscentrum samarbeider med Samisk høgskole i Guovdageaidnu om utdanning for duodjilærarar (1999-2000) og om planar om høgare teaterutdanning.

2.3.7. Høgskolar og universitet

Luleå tekniska universitet

Luleå tekniske universitet arrangerer i samarbeid med Lapplands kommunalf(rbund distanseundervisning i lulesamisk og nordsamisk på kvart fart, ei halvårseining i perioden 1999-2001 (samlingar i Jokkmokk) samt i norrbottnisk kultur, halv studiefart, med samlingar i Kiruna, Gällivare, Jokkmokk og Pajala.

Umeå universitet

Umeå er hovuduniversitet for samisk språk i Sverige. Det undervisas i både nord-, lule- og sørsamisk og samisk kultur og historie. I samarbeid med Lapplands kommunalf(rbund arrangeras distanseundervisning i kulturlandskapet, historie og framtid, på kvart fart med samlingar i Pajala.

Uppsala universitet

Finsk-ugriska institutionen ved Uppsala universitet har ordinær undervisning i nordsamisk på forskjellige nivå.

Sveriges lantbruksuniversitet

Sveriges lantbruksundiversitet arrangerte i 1999 eit 5-vekers kurs: Renen i samspel med menneske og milj(. Kurset var berekna på personar som allereie hadde minst eit års utdanning i biologi frå universitet og høgskole. Trulig er eit slikt kurs mest aktuelt for ikkje-samiske fagfolk.

2.3.8. Opplysningsorganisasjonar

Folkbildningsrådet

Folkbildningsrådet er ein paraplyorganisasjon for Folkbildningsf(rbundet og folkehøgskolane. Folkbildningsf(rbundet er fellesorgan for 11 landsomfattande studieorganisasjonar med 270 medlemsorganisasjonar og 900 lokale einingar av studieorganisasjonane. Disse har tilsaman omlag 350000 studiesirklar med 3 millionar deltakararar, samt 160000 kulturarrangement med 15 millionar deltakarar eller besøkande.

Det er ingen samisk studieorganisasjon i Sverige. Forsøk på å danne ein slik har stranda på krav om 50000 studietimar pr. år for godkjenning og på motvilje frå Folkbildningsf(rbundet og utdanningsstyresmaktene. I 1983 søkte Samernas Riksforbund, Same Eatnam og Samernas Folkh(gskole om å få etablere eit samisk studieforbund. Ein måtte i såfall ha dispensasjon frå kravet om 50000 studietimar. Søknaden blei avvist av Utbildningsdepartementet med denne argumentasjonen: "Folkbildningsf(rbundets ledning har vid sitt besøk i Utbildningsdepartementet framhållit att studief(rbunden kan erbjuda sådana vilkor f(r samarbetet att samisk cirkelverksamhet kan anordnas inom ramen f(r de nuvarande studief(rbundens verksamhet med bevarandet av sin egenart." Til samanlikning har ein i Noreg gitt tilsvarande dispensasjon gjennom Lov om vaksenopplæring.

Dei svenske samane sine røynsler med studieforbunda er ikkje alltid like gode. Det er lite teikn på engasjement frå studieforbunda si side i forhold til å tilby kurs i samiske emner. Dei har lite kunnskapar om samiske forhold og i den grad dei tilbyr kurs blir det ofte på storsamfunnet, ikkje på samane sine premisser. Det har delvis vore konfliktar mellom samiske organisasjonar og visse studieforbund, fordi ein har tilbode kurs i sámi duodji for alle. Særlig i sørsamiske område blir det reagert mot dette, da ein meiner dette vil forflate og øydelegge den samiske kulturen og i tillegg bidra til å frata samane duodji som inntektsgrunnlag. Fleire studieorganisasjonar har arrangert Davvin-kurs (nordsamisk begynnarkurs), bl.a. Vuxenskolan og ABF (Arbetarnas bildningsf(rbund).

Folkbildningsrådet har svart på denne undersøkinga med å sende brevet vidare til folkehøgskolar og studieforbund i Norrbotten og Västerbotten. Av disse har vi fått fyldig svar frå Samernas utbildningscentrum og kort svar frå eit lokalkontor av Studief(rbundet Vuxenskolan, som ikkje har nokon aktivitet. Dei andre har ikkje svart og det er derfor mogleg at her er aktivitet som vi ikkje har fått med i denne oversikten.

2.3.9. Same Eatnam

Same Eatnam er ein samisk organisasjon, i hovudsak for samar som ikkje driv reindrift og med stor vekt på duodji. Organisasjonen har i mange år hatt eigen duodjikonsulent og organisert mange kurs i duodji.

2.4. Finland

For Finland er denne undersøkinga svært mangelfull, da ingen institusjonar har svart på brev, med unnatak for Utbildningsstyrelsen. Disse opplysningane bygger på besøk ved det samiske opplæringssenteret i Anár og hos konsulenten for samisk undervisning i Lapin lääni.

Det er mogleg å ta svennebrev og mesterbrev i duodji. Ein kan ta offentlig språkeksamen i samisk på lågare, middels eller høgare nivå.

2.4.1. Statlige organ

Ansvaret for vaksenopplæring og anna utdanning i Finland ligg hos Utbildningsstyrelsen under Utbildningsdepartementet. På spørsmål om vaksenopplæring for samar viser dei til kurskatalogen og lokale skolar og institusjonar i samiske område. Det er altså ikkje nokon nasjonal plan for vaksenopplæring for samar. Vi har ikkje fått gjort undersøkingar når det gjeld arbeidsmarkedsetaten.

2.4.2. Sametinget

Det finske Sametinget, Sámediggi /Saamelaiskäräjät, fikk i 1996 eit skole- og læremiddelkontor (Sámedikki skuvlen- ja oahppamateriáladoaimmahat), som overtok oppgåvene til det tidligare Sámiid skuvlenáššiidrᘘi (Rådet for samiske skolespørsmål). Dette har 4 tilsette og er ein del av Sametingets administrasjon i Anár / Inari. Dei arbeider i første rekke med læremiddelutvikling. Dei har svært små løyvingar til dette arbeidet, og har vore nøydd å prioritere grunnskolen. For vidaregåande opplæring er det nokre få lærebøker i samisk, og for vaksenopplæring er det bare dei fellesnordiske bøkene Davvin (begynnarkyrs) og Sámás (skrivekurs). Sametinget har til no ikkje gjort mye når det gjeld vaksenopplæring. I 1999 foreslo dei eit program som bl.a. omfatta vaksenopplæring, der dei søkte finansiering gjennom EUs distriktsutviklingsprogram for åra 2000-2006.

2.4.3. Lapplands len

I Finland er det bare eit len som er aktuelt i samband med samisk opplæring, Lapplands len / Lapin lääni / Sámi leana. Lensadministrasjonen er i Rovaniemi, men lensskolekontoret har ein konsulent for samisk opplæring. Han har kontor i Inari, i samme bygg som Sametingets administrasjon, og samarbeider nært med Sametingets avdeling for skolemateriell.

2.4.4. Kommunar

I dei aller fleste finske kommunar har eit "Medborgarinstitut" som driv vaksenopplæring. Det gjeld og dei samiske kommunane, men disse driv lite særskilt samisk opplæring, og undervisningsspråket er vanligvis finsk. I Anár / Inari kommune har det vore nokre samiskkurs. Der har det vore kurs i finsk husflid, men ikkje i samisk husflid (duodji). I Ohcejohka / Utsjoki har det derimot vore duodjikurs.

2.4.5. SOG

Den viktigaste samiske utdanningsistitusjonen i Finland, både for vidaregåande opplæring og vaksenopplæring er det samiske opplæringssenteret, Sámi oahpahusguovddaš - SOG / Saamelaisalueen koulutuskeskus - SAKK. SOG er ein statlig institusjon som blei oppretta i 1993 ved samanslååing av tre skolar; Samisk yrkesopplæringssenter (Sámi fitnooahppolágádus / Saamelaisalueen ammatillinen kurssikeskus), husstellskolen i Ivalo (Avvila ruovttudoalluoahppolágádus / Ivalon kotitalousoppilaitos) og folkehøgskolen i Inari (Anára oahpahat / Inarin kristillinen kansanopisto.

SOGa har administrasjon i Anár / Inari, der det er undervisning to stader i kommunesenteret og i tillegg i Ávvil/Ivalo og Gámas/Kaamanen. SOG arrangerer og kurs i kommunane Ohcejohka / Utsjoki og Enodat / Enonteki(. Korte kurs blir arrangert over heile det samiske busettingsområdet i Finland. SOG er finansiert frå fleire kjelder; staten, lensstyrelsen og arbeidsmarknadsstyresmaktene. Skolen har til no hatt ein ganske god økonomi.

SOG tilbyr kurs innafor mange område: - avdeling for yrkesopplæring; duodji , snekker, stein og metallduodji, helse og sosialfag, hotell og næringsmiddelfag og økonomifag. - avdeling for samisk språk og kultur - avdeling for natur og utmarksfag: reindrift, utmarksfag, - vaksenopplæringskurs

Vaksenopplæringskurs lagar SOG sjølv etter ønsker og behov. I året 1998 var det heile 87 vaksenopplæringskurs. For eksempel har dei kurs i nord-, anár- og austsamisk på forskjellige nivå, mange slags datakurs og duodjikurs, kurs i reindrift, behandling og marknadsføring av reinkjøtt og turistnæringar. Nokre kurs arrangeras i samarbeid med arbeidskontoret.

Mesteparten av opplæringa er på vidaregåande skoles nivå, men SOG arrangerer og nokre kurs på høgskolenivå, i samarbeid med høgskolar og universitet. På grunnfagsnivå har det vore kurs i turistnæring (Lapplands universitet), folkeminne (Tampere universitet) og samisk (Oulu universitet).

SOG har mye samarbeid med samiske skolar i Russland, Noreg og Sverige. Kvart år er det elevutveksling med skolar i Noreg. I Russland samarbeider SOG med jordbruksskole PU26, som har hovudskole i Kovdor og avdeling i Lujávri. I 1996 blei det planlagt ein felles skole i Russland, der det skulle undervisas bl.a. i reindrift, duodji og språk. I avdelinga for samisk språk og kultur er undervisningsspråket (nord)samisk, Dei aller fleste elevane her er samar, men andre, som har lært samisk, slipp og inn. Ellers er undervisninga på finsk. Blant elevane er det både samisktalande samar, finsktalande samar og finlendarar, samt nokre elevar frå andre land, som Estland og Russland. Mange lærarar kan ikkje samisk, også i administrasjonen er det folk som ikkje kan samisk. Ingen kurs er reserverte bare for samar, men det har vore ytra ønske om det innafor styret for SOG.

Til neste kapittel

Til oversikt over artiklar om utdanningsspørsmål eller samiske spørsmål

Til startsida

sveilund@online.no