Svein Lund
_____________________________________________________________________
Vaksenopplæringa i Noreg er i stor grad knytta til det ordinære utdanningssystemet. Dette er i all hovudsak konsentrert om tre nivå. Etter ei rekke strukturendringar og samanslåingar er systemet blitt ganske enkelt og oversiktlig:
Skoleslag | Alder / Varigheit | Styras av |
Grunnskole | 10 år (6-16) | Kommune |
Vidaregåande opplæring | 3 år skole eller 2 år skole + 2 år lærling | Fylke |
Høgare utdanning (Universitet og høgskolar) | over 18 år | Stat |
På vidaregåande nivå er det bare eitt skoleslag, der elevane det første året velger mellom 13 grunnkurs, andre året omlag 60 vidaregåande kurs. For studieførebuande linjer er vidaregåande skole 3 år, for yrkesfaglige linjer er den vidaregåande opplæringa i regelen 2 år i skole og 2 år i lære i bedrift.
I den årlige utdanningsstatistikken frå Statistisk Sentralbyrå blir norsk vaksenopplæring framstilt slik: «Norsk voksenopplæring er sammensatt og mangfoldig. Det er i liten grad etablert egne institusjoner for voksenopplæring. Ansvaret er dels lagt til de offentlige utdanningsinstitusjonene (grunnskoler, videregående skoler, høgskoler og universiteter) og dels til frittstående/private institusjoner og organisasjoner (studieforbund, folkehøgskoler og fjernundervisningsinstitusjoner). Arbeidslivet er også en betydelig aktør i voksenopplæringen, både i samarbeid med ulike utdanningsinstitusjoner og ved interne tiltak i virksomhetene.»
Vaksenopplæring har langt kortare tradisjonar i det offentlige utdanningssystemet enn kvar av dei tre nemnde hovudskoleslaga. Det var først på byrjinga av 1960-talet at ein i Noreg byrja å tenke i perspektivet "livslang læring". I St.prp. 92-64/65 blir dette uttrykt slik: "Inntil for forholdsvis få år siden var det en ganske alminnelig oppfatning at den fagutdanningen en mann eller kvinne hadde skaffet seg i ung alder, ville strekke til for hele livet. Dette synet stemmer ikke lenger med forholdene i dag."
Lov om voksenopplæring kom i 1976 og omfattar: 1. Studiearbeid i tilskottsberettigede studieforbund. 2. Alternative tilbud om førstegangsutdanning for voksne. 3. Etterutdanning og kortere kurs som ikke er deler av førstegangsutdanning ved høgre utdanningsinstitusjoner. 4. Arbeidsmarkedsopplæring 5. Opplæring i eller i tilknytning til bedrift. 6. Andre opplæringstiltak for voksne basert på særskilt vurdering i hvert enkelt tilfelle. 7. Fjernundervisning ved frittstående, tilskuddsberettigede institusjoner. I tillegg slår ein fast at det finst andre former for vaksenopplæring som ikkje kjem inn under vaksenopplæringslova: «For grunnskoleopplæring og videregående opplæring spesielt organisert for voksne gjelder lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).»
I løpet av 70-talet blei etter- og vidareutdanning meir vanlig og deltidsundervisning blei bygd ut. I 1985 kom ei utgreiing om «dokumentasjon av kunnskaper og ferdigheter», som viste til vaksne sitt behov for å kunne dokumentere kva dei kunne i forhold til eksamen innafor høgare utdanning, formell kompetanse for bestemte stillingar i arbeidslivet, avkorting i studie- og læretid samt inntak til vidaregåande opplæring eller høgare utdanning. Rapporten «Livslang læring», NOU 1986: 23, viste at Noreg hadde ei klart lågare prioritering av vaksenopplæring enn andre nordiske land. I løpet av 1980-åra gikk mengda av gjennomførte vaksenopplæringstiltak kraftig tilbake, vesentlig på grunn av redusert statsstøtte. I rapporten blir det foreslått auka løyvingar til vaksenopplæring og tiltak for å gjøre det lettare for vaksne å ta utdanning, slik som rett til studiepermisjon frå arbeid og betre stipend. Det ser ut til at forslaga frå begge disse rapportane i liten grad er gjennomført, for i 1997 kjem dei igjen i nou 1997:25 Ny kompetanse - Grunnlaget for en helhetlig etter- og videreutdanningspolitikk. Denne startar «kompetansereformen», som er den siste av dei store reformene som endra det norske utdanningssystemet i 1990-åra. Hovudformålet er å sikre alle, både dei som er i arbeid og dei arbeidslause, rett til vaksenopplæring.
Dei nylig gjennomførte reformane i grunnskole og vidaregåande skole blei gjennomførte med eitt slag og full utskifting av læreplanar frå starten av eit skoleår. Kompetansereforma skal derimot innføras over tid, i utgreiinga står det bare at den skal gjennomføras «innenfor en relativt kort tidsperiode».
Blant forslaga frå utvalet som har greidd ut reforma (Buer-utvalet) var å lovfeste vaksne sin rett til vidaregåande opplæring. Men dette forslaget fikk ikkje fleirtal i Stortinget da saka var oppe der i januar 1999. Det er vidare foreslått ein del tiltak for å betre dei økonomiske vilkåra for vaksne under utdanning. Men disse tiltaka er i stor grad gjort avhengige av forhandlingar mellom partane i arbeidslivet. Blant andre forslag i innstillinga kan nemnas: Vaksne som manglar formalkompetanse skal kunne bli tatt opp i vidaregåande skole og høgare utdanning ut frå individuell vurdering av realkompetanse. Lovfesting av retten til utdanningspermisjon. (Men dette vil bli ein rett til permisjon utan lønn og nærare reglar skal avtalas mellom partane i arbeidslivet.) Bedrifter kan få tilskot til interne program for kompetanseutvikling Utviklingsprogram for bruk av informasjonsteknologi i fjernundervisning
Stortinget sitt vedtak om Kompetansereforma var svært knapt og gikk mest på å be regjeringa komme tilbake med fleire forslag. Reforma er lagt opp til å gjennomføras med svært små utgifter for staten. Ein ønsker å skyve utgiftene over på partane i arbeidslivet og på studentane gjennom utvida høve for høgskole- og universitet til å ta eigenbetaling. Sidan finansieringa i stor grad er overlatt til partane i arbeidslivet, er det usikkert kor raskt og i kor stor grad reforma blir gjennomført. Ved tarifforhandlingane 1999 var NHO ikkje villige å betale for kompetansereformen, og heile saka blei utsatt.
Innføringa av etter- og vidareutdanningsreforma vil gjøre vaksenopplæring til ein meir interessant marknad for investorar. Nokre spår at her vil bli ein marknad verdt 40-50 milliardar kroner. Slike private utdanningsinstitusjonar står sterkast i dei store byane. Det er ingen teikn på at nokon private skolar ser samisk utdanning som nokon interessant marknad, så vaksenopplæring for samar vil framleis vere heilt avhengig av statlig finansiering
Samme året som lov om vaksenopplæring blei vedtatt, 1976, blei Norsk voksenpedagogisk forskningsinstitutt (NVI) oppretta i Trondheim, som eit statlig institutt under KUF. NVI har bl.a. evaluert verknadane av Reform 94 for vaksenopplæringa. Instituttet har ikkje gjort noko med vaksenopplæring for samar spesielt.
Frå 1970-talet har utdanninga, særlig på vidaregåande nivå blitt lagt om frå å gi ei ferdig yrkesutdanning «ein gong for alle» til å gi breiare grunnutdanning, til å legge vekt på «å lære å lære» og til å kunne omstille seg til nye yrker seinare i livet. Dette kan ha sine fordelar for elevar som enno ikkje har starta på arbeidslivet. Men når ein legg vidaregåande skole sine læreplanar til grunn også for vaksenopplæringa, betyr det at dei som allereie er i ein omskoleringssituasjon til eit nytt yrke og må legge mye tid og krefter i allmennutdanning som dei ikkje ser nytta av i det yrket dei siktar seg inn på. Særlig for dei med svak grunnutdanning kan dette virke til å skape taparar i vaksenopplæringa.
Dei viktigaste aktørane i vaksenopplæringa i Noreg er - Den statlige utdanningsadministrasjonen; KUF m/ Statens utdanningskontor i fylkene og Samisk utdanningsråd - Arbeidsmarknadsetaten - Kommunane - Fylkeskommunane - Studieorganisasjonane, tilslutta Voksenopplæringsforbundet - Private skolar Vi vil under kap 2.2. sjå på kvar av disse og kva dei har gjort i forhold til vaksenopplæring for samar.
Omgrepet "vaksenopplæring" har i Noreg mest blitt brukt om utdanning på grunnskole- og vidaregåande nivå, og om kurs som ikkje gir nokon formell kompetanse. Innafor høgare utdanning har ein hovudsakelig brukt uttrykket "etter- og vidareutdanning". I denne rapporten vil eg inkludere etter- og vidareutdanning i omgrepet vaksenopplæring. Uklar bruk av omgrepet vaksenopplæring synas å ha slått ut på dei svara eg har fått på spørreundersøkinga, og dette vil derfor og verke inn på rapporten. Dette gjør det svært vanskelig å kvantifisere vaksenopplæring i Noreg, for ikkje å seie vaksenopplæring for samar.
Det svenske skolesystemet er eit av dei mest einarta i verda:
Skoleslag | Alder / Varigheit | Styras av |
Grunnskole | 9 år (7-16) | Kommune |
Vidaregåande opplæring(Gymnasieskola) | 3 år skole | Kommune |
Høgare utdanning (Universitet og høgskolar) | over 18 år | Stat / len |
All vidaregåande opplæring er samla i eitt skoleslag, der elevane velger mellom 16 treårige program. Det finst ikkje lenger lærlingeordning i Sverige.
Dei viktigaste vaksenopplæringsarrangørane i Sverige er: Kommunane, landsstyrelsane (län), folkh(gskolar, studief(rbund, arbetsmarknadsuppläringen (AMU), Statens skolor f(r vuxna og private.
Den svenske skolelova inneheld og reglar for vaksenopplæring. Den kommunale vaksenopplæringa "Komvux" spelar ei stor rolle. Denne består av "grundläggande vuxenutbildning", "gymnasial vuxenutbildning" og "påbyggnadsutbildning".
Verken i skolelova eller forskriftene er samisk nemnd særskilt. Samisk er ikkje med blant dei faga det er slått fast at det blir gitt grunnleggande voksenopplæring i. Det er derimot i lova og forskriftene sagt ein del om undervisning på anna språk enn svensk, men dette synas å vere meir berekna på innvandrarar enn på samar.
I perioden 1997 - 2002 gjennomfører Sverige ei femårig satsing på vaksenopplæring, Kunskapslyftet. Satsinga har som mål: fornying av arbeidsmarknads- og utdanningspolitikken, rettferdigare fordeling og auka vekst. Målgruppa for satsinga er i første rekke vaksne arbeidslause som heilt eller delvis saknar 3-årig gymnaskompetanse, men også andre med låg utdanning kan delta. Kunskapslyftet er eit samarbeid mellom dei fleste vaksenopplæringsorganisasjonane: Komvux, landstinga, Statens skolor för vuxna, folkhøgskolane, Kommittén för kvalificerad yrkesutbildning, studieforbunda och AMU. Våren 1998 har kommunane gjennomført verksemd med 190000 elever, tilsvarande 140000 heiltidsplassar. Av deltakarane er omlag 2/3 kvinner.
Utdanningssystemet i Finland er noko meir differensiert enn i Noreg og Sverige:
Skoleslag | Alder / Varigheit | Styras av |
Grunnskole | 9 år (7-16) | Kommune |
Vidaregåande opplæring: | 16-19 | |
Gymnas | 3 år skole | Kommune (stat, privat) |
Yrkesskole | 2-3 år skole | Kommune (stat, privat) |
Lærling | 3-4 år lære | |
Høgare utdanning (Universitet og yrkeshøgskolar) | over 18 år | Stat |
Finland har altså to uavhengige skoleslag på vidaregåande nivå. I tillegg kjem lærlingeordning. Bare få prosent av yrkesopplæringa foregår som bedriftsopplæring, og staten har som målsetting å auke denne delen. Staten er i ferd med å trekke seg ut av vidaregåande utdanning til fordel for kommunane. Private skolar utgjør omlag 25% av yrkesutdanninga. Frå 2001 kjem ei stor reform i finsk vidaregåande opplæring: - All vidaregåande opplæring blir 3-årig - Alle læreplanar skal revideras - Praktiske fag skal ha 20 veker praksis i bedrift.
Prinsippet om livslang læring har utgjort ein av hjørnesteinane i finsk utdanningpolitikk sidan regjeringa i 1978 vedtok retningslinjer for utvikling av vaksenopplæringa. I mars 1996 satte regjeringa ned ein kommitté for å utarbeide ein riksomfattande strategi for livslang læring.
Vaksenopplæringa er i stor grad bygd på læreplanane for vidaregåande opplæring. I Finland blir det arrangert vaksenopplæring ved ca 1 000 undervisningsinstitusjonar. Følgande voksenopplæringsorganisasjioner får statsstøtte:
antallYrkeskolorna och -instituten kommunal / statligYrkesutbildningscentren för vuxna kommunal44Medborgar- o.arbetarinstituten kommunal274Folkhögskolorna privat90Studiecentralerna privat11Vuxengymnasiernakommunal51Musikläroanstalterna 84Idrottsutbildningscentren 14De särskilda yrkesläroanstalterna affärsföretag57Universiteten finansering: avgiftsbelagd service Sommaruniversiteten 21
Lærlingeopplæringa fører til samme yrkeseksamen (fagbrev) som utdanninga ved yrkesskolane. Lærlingeutdanninga er både for ungdom og vaksne og gir tilgang til fortsatte studier. År 1995 var talet på lærlingar 13 000. Av dei var dei aller fleste vaksne.
Frå 1994 har det vore høve for vaksne til å gå opp til yrkeseksamen (fagbrev) ut i frå praktisk erfaring. Det blei da innført eit landsomfattande kvalitetsgarantisystem som skulle gjelde all yrkesutdanning for vaksne. Det finns tre slag av yrkeseksamen: grunneksamen, yrkeseksamen och spesialyrkeseksamen. Disse bygger på landsomfattande læreplanar som er fastsatt av utbildningsstyrelsen. Vaksne kan gå opp til frittståande yrkeseksamenar på alle disse tre nivåa, uavhengig av tidligare utdanning. På same vis blir det arrangert landssomfattande språkprøver så vaksne kan få dokumentasjon på språkferdigheitene sine. Det er høve til å ta denne prøva i språka: engelsk, spansk, italiensk, fransk, svensk, tysk, finsk, russisk og samisk.
Opetushallitus / Utbildningsstyrelsen gir kvart år ut ein katalog på finsk og svensk: "Utbildning f(r vuxna". Denne inneheld oversikt over alle slags kurs for vaksne frå forskjellige kursarrangørar.
Den tradisjonelle samiske opplæringa har vore ei opplæring gjennom praktisk arbeid, ved at barna har deltatt i dei aktivitetane som familien dreiv for å livberge seg. Denne omfatta område som matlaging, jakt, fiske, skinnbehandling, søm, reingjeting, høsting av bær og planter. Til denne opplæringa hørte og formidling av haldningar og moral, joikar og eventyr, skikkar og tru. Ved sida av foreldra hadde besteforeldre og visse andre vaksenpersonar viktige roller, slik som onklar, tanter og fadderar. Samane har aldri utvikla noko eiga formell opplæring i form av skoleinstitusjonar med profesjonelle lærarar. Formell opplæring blei innført av statane etterkvart som dei fikk kontroll over samiske område, og som middel til å styrke denne kontrollen. Skolen var dengang nært knytta til kyrkja, både for samane og majoritetsbefolkninga. I tillegg blei det i fleire tilfelle oppretta eigne organisasjonar eller organ for misjonsverksemd blant samane. Dei eldste tilfellene vi kjenner til av organisert skolegang for samar er frå byrjin ga av 1600-talet i Sverige og byrjinga av 1700-talet i Noreg.
Det var frå starten av strid innafor kyrkje og statsapparat om ein i opplæringa og kristninga av samane skulle bruke samisk språk eller bare riksspråk. I perioder blei samisk mye brukt, og det blei gitt ut nokre bøker på samisk, vesentlig omsett religiøs litteratur. I andre periodar var politikken at samisk skulle utryddast og at samene bare kunne bli kristne og "siviliserte" gjennom å gå over til dei respektive riksspråka. Denne opplæringa var av ein heilt annan karakter enn den interne samiske opplæringa. For det første hadde skolegangen svært lite med samane sitt daglige liv å gjøre. Hovudfaga i skolen var kristendom, lesing og skriving, og det var liten eller ingen kunnskap som kunne brukas i praksis. Når opplæringa i tillegg ofte var på eit framandt språk, bar denne ofte preg av rein utanatlæring med minimal forståing.
Dei samiske områda har vore utsette for skiftande statsrettslige maktforhold. Delar av området har vore underlagt 3 forskjellige statar til forskjellige tider, nokre område har vore skattlagt av 2 eller 3 statar samtidig. For skolen har dette slått ut i at undervisningsspråket ofte heller ikkje har vore det språket det første framandspråket samane kom naturlig i kontakt med. I Noreg var dansk einerådande som skriftspråk til seint på 1800-talet og skriftspråket var enno lenger sterkt påverka av dansk. I område der samane sine næraste naboar var finsktalande, kunne skolespråket vere svensk. Dette gjorde at mange samar verken fikk opplæring på morsmålet eller andrespråket sitt, men på eit tredje eller fjerde språk som dei svært sjeldan eller aldri møtte utafor skolen.
Disse forholda gjorde at det ofte utvikla seg eit motsetningsforhold mellom samane og skoleverket. Skolen blei sett på som unyttig for det daglige livet, ja som eit direkte hinder for den opplæringa den oppveksande slekta trong, og som dei bare kunne få i familien. Skolane for samar var ofte internatskolar, og elevane måtte bu borte frå familien størstedelen av året. Det utvikla seg derfor ein motvilje mot skolen, både blant elevar og foreldre. Dei fleste elevar hadde fått meir enn nok når den obligatoriske skolegangen var over. Eit eksempel på denne er at da den obligatoriske skolen i Noreg blei utvida frå 7 til 9 år, var det bare i to kommunar der det blei registrert motvilje mot dette blant eit fleirtal av foreldra. Det var i dei to kommunane der andelen av samar er størst (Guovdageaidnu og Kárájohka).
I Sverige blei det oppretta særlige "nomadskolor" for reindriftssamane sine barn. Andre samiske barn gikk derimot på ordinære svenske skolar. Nomadskolane hadde mindre pensum og kortare skoletid enn andre skolar. På 1970-talet blei dei omdøpt til sameskolar, fikk likeverdig pensum med andre skolar og blei opna også for samiske barn som ikkje kjem frå reindrifta. Frå tidlig på 1900-talet til ut på 1970-talet var all undervisninga i nomadskolane på svensk. Det var ingen undervisning i samisk i Sverige, verken i grunnskolen eller i gymnasieskolan, før Riksdagen i 1976 vedtok retten til "hemspråksundervisning" for innvandrarbarn og språklige minoritetar.
I etterkrigstida har det skjedd ei gradvis haldningsendring overfor samane og delvis andre nasjonale minoritetar. Det er ikkje lenger eit mål for statane å utrydde samisk språk og kultur, men derimot eit erklært mål å bevare dette og legge til rette for at samane kan utvikle sitt eige språk, kultur og næringsliv. Samisk er gjeninnført som fag og delvis som opplæringsspråk. Likevel lir undervisninga for samiske elevar under etterverknadane av ei lang periode med fornorsking, forsvensking, forfinsking og russifisering, gjennom: - stor mangel på lærarar som kan undervise i og på samisk og i samiske emne - mangel på lærebøker og andre hjelpemidler - læreplanar, organisering av skoledagen og skoleåret og undervisningsmetodar er bygd på storsamfunnet sine behov, ikkje på det samiske samfunnet.
Opplæringa for samar skjer i dag dels i særeigne sameskolar, dels innafor det ordinære skolesystemet. I grunnskolen er det til saman i underkant av 1000 elevar med samisk som førstespråk og i overkant av 1000 elevar med samisk som andrespråk. Fleirtalet av elevane med samisk som førstespråk får undervisning heilt eller delvis på samisk i andre fag, men i nokre skolar møter dei samisk språk bare i samisktimane. I Noreg blir det gitt undervisning på samisk i heile den 10-årige grunnskolen, i Sverige og Finland er det bare tilbod om undervisning på samisk dei første 6 åra av den 9-årige grunnskolen.
I Noreg har det i grunnskolen frå 1988 vore eigne samiske læreplanar i dei fleste faga. I samband med grunnskolereforma av 1997 ønska utdanningsdepartementet først å fjerne dei samiske læreplanane for å få felles nasjonale læreplanar for heile landet. Etter krav frå samiske skolar, Samisk utdanningsråd og Sametinget blei det likevel også samiske læreplanar i det nye læreplanverket. Disse læreplanane er skreve etter mønster av dei norske, frå samisk hald er det derfor kritisert at dei liknar for mye på dei nasjonale planane. Også frå vidaregåande skole har det vore reist krav om samiske læreplanar. Dette er eit av spørsmåla som blir vurdert i samband med evaluering av reforma for vidaregåande skole (Reform 94). Denne evalueringa skal vere avslutta i løpet av vinteren 1999/2000. Ei innføring av samiske læreplanar for vidaregåande skole vil og kunne få stor verknad for innhaldet i vaksenopplæringa.
Finland har til samanlikning ikkje eigne samiske læreplanar. Men her er læreplanane både for grunnskole og vidaregåande skolar mye kortare og meir allmenne, og skal utfyllas av kvar kommune / skole. Derfor er trulig behovet for felles samiske læreplanar her mindre. Med tanke på vaksenopplæring er særlig dei samiske vidaregåande skolane viktige. Av vidaregåande skolar og folkehøgskolar med ei særlig samisk innretting er det 3 i Noreg og ein i kvar av landa Sverige, Finland og Russland. Disse har nokre linjer og fag med særlig samisk innretning, men mesteparten av undervisninga skjer etter nasjonale læreplanar og på nasjonalspråka. I Noreg, Sverige og Finland er det i tillegg undervisning i samisk ved nokre andre vidaregåande skolar.
Av høgskolar er det bare ein som har ei samisk innretning, Sámi allaskuvla / Samisk høgskole. Skolen ligg i Guovdageaidnu i Noreg, men tar og opp studentar frå dei andre landa. Andre høgskolar og universitet tilbyr i ei viss grad samisk språk og samiske emne.
Det er på nasjonalt nivå utvikla eigne offentlige organ for samisk utdanning. Dei viktigaste er:
Noreg:
Samisk utdanningsråd - Sámi oahpahusrái
(SUR)
SUR blei oppretta i 1977 som rådgivande organ for utdanningsdepartementet
(no: KUF). Det blei frå starten oppnemnd av KUF, seinare av Sametinget.
SUR har sekretariat i Guovdageaidnu og tilsaman 27 tilsette, inklusiv
prosjektmedarbeidarar. Hovudarbeidsområdet har vore grunnskolen. Ein
har eigne konsulentar for barnehage og vidaregåande opplæring,
men derimot ikkje for vaksenopplæring. Ei av hovudoppgåvene til
SUR har vere å sørge for læremiddel i og på samisk.
Sidan 1985 har SUR hatt mandat til å godkjenne samiske
lærebøker og i 1994 blei Samisk læremiddelsenter oppretta
som ei eiga avdeling under SUR. Frå 1.1.2000 er oppgåvene til
SUR overtatt av Sametinget og sekretariatet har blitt Sametingets
opplæringsavdeling.
Sverige:
Sámeskuvlastivra - Sameskolstyrelsen
Sameskolstyrelsen blei oppretta 1980, og blir no oppnemnd av Sametinget.
Sameskolstyrelsen har sekretariat i Jokkmokk. Det er 6 tilsette.
Sameskolstyrelsen er forvaltningsmyndigheit for dei 6 sameskolane og samarbeider
med kommunane om integrert samisk undervisning for samiske elevar som går
i dei ordinære grunnskolane. Sameskolstyrelsen gir og ut
lærebøker og gir råd til styresmaktene i samiske
skolespørsmål.
Finland:
Sámedikki skuvlen- ja oahppamateriáladoaimmahat (Sametingets
skole- og læremiddelkontor)
Dette blei oppretta i 1996 og overtok da oppgåvene til det tidligare
Sámiid skuvlenáiidrái (Rådet
for samiske skolespørsmål). Det har sekretariat i lag med
Sametingets øvrige administrasjon i Anár / Inari og 4 tilsette.
Dei arbeider i første rekke med læremiddelutvikling og har ingen
administrative oppgåver slik som Sameskolstyrelsen.
Når ein i dag snakkar om samisk opplæring, meiner ein gjerne den opplæringa som i større eller mindre grad er tilpassa for samiske elevar, anten gjennom samiske læreplanar, særlige skolar, linjer eller med samisk som undervisningsspråk og / eller fag. Det vil seie at ein stor del av det vi kallar samisk opplæring ikkje alltid har så mye samisk innhald.
Sjølv om det i større eller mindre grad har foregått
ei omlegging av samepolitikken og skolepolitikken dei siste tiåra,
lir den samiske befolkninga i alle fire landa framleis under verknadane av
den politikken som blei ført tidligare:
- Fleirtalet av samane snakkar ikkje samisk.
- Fleirtalet av dei samisktalande kan ikkje skrive samisk og har tyngre for
å lese samisk enn nasjonalspråket i landet dei bur.
- Mange samar har dårlige ferdigheiter i nasjonalspråket.
- Samane har gjennomsnittlig hatt dårligare utdanning enn
majoritetsbefolkninga, både når det gjeld talet på
skoleår og når det gjeld utbytte og karakterar.
- Det har fram til seinare år vore utvikla lite formell utdanning i
samiske fag og næringar. Dette er situasjonen ein må ta utgangspunkt
i når ein skal diskutere vaksenopplæring for samar.
Til oversikt over artiklar om utdanningsspørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida