Norsk som andrespråk - teori og praksis

Svein Lund, Sámi Allaskuvla, 1995

Innhald

Føreord
1. Innleiing
2. Ka er eit andrespråk?
2.1. Morsmål / Førstespråk
2.2. Andrespråk
2.3. Framandspråk
3. Språklige minoritetar i Noreg
3.1. Innfødde etniske minoritetar
3.1.1. Samar
3.1.2. Kvenar
3.1.3. Roma og reisande
3.2. Innvandrarar
3.3. Døve
3.4. Oppsummering
4. Norsk som andrespråk i dagens norske skole
4.1. Styresmaktene sitt mål for undervisninga
4.2. Minoritetane sitt mål for undervisninga
4.3. Det juridiske grunnlaget i lovar og fagplanar
4.4. Lærebokstoda
4.5. Norsklærarane sine haldningar og føresetnadar
4.6. Elevane sine haldningar til norskundervisninga
4.7. Norsk andrespråk - mål eller middel
5. Ka slags norsk er andrespråksnorsken
6. Konklusjonar
7. Kjelder
8. Vedlegg

Føreord

Bakgrunnen for denne oppgåva er ei undersøking som eg gjorde i ein klasse ved Samisk videregående skole og reindriftskole hausten 1994. Dei svara som elevane ga om forholdet sitt til norsk språk og norskundervisning gjorde at ville sjå meir systematisk på kordan undervisninga i norsk har vore for dei som ikkje sjølv har norsk som morsmål. Eg er disse elevane stor takk skuldige for dei grundige og ærlige svara dei ga og for at dei tok så godt mot meg. Det samme gjeld dei to andre klassane der eg gjorde samme undersøkinga seinare. Tanken min var å gjøre denne undersøkinga til eit kapitel i denne oppgåva. Men etter kvart vaks både undersøkinga og resten av oppgåva over alle grenser for ei prosjektoppgåve, og etter råd frå vegleiaren min blei bare undersøkinga brukt som prosjektoppgåve, under tittelen "Norsk for samiskspråklige elevar. Kordan opplever elevane norskfaget og ka for handlingar har dei til norsk språk og norskundervisning?". Eg har likevel vald å gjøre denne ferdig fordi her var mye interessant stoff som eg gjerne ville systematisere og som eg tenkte at andre og kunne ha interesse av å lese. Disse to oppgåvene bør lesas i samanhang da ein del av denne oppgåva bygger på den andre.

Sjølv har eg inga høgare utdanning i norskfaget, undervisningsrøynsla mi er to år norsk med samfunnsfag for mekaniske fag grunnkurs (blanda norsk- og samisktalande), eit år ekstratimar i norsk med ein pakistansk elev og ein del vikartimar i norsk i forskjellige klassar, alt ved Samisk videregående skole og reindriftsskole. Eg har elles undervist i samisk som andrespråk, som C-språk og i nokre vikartimar som 1. språk.

Frå mi eiga skoletid hugsar eg norskfaget som eit av dei få faga eg alltid har hatt eit positivt forhold til. Eg er vakse opp i eit einspråklig norsktalande samfunn, men blei likevel tidlig opptatt av språklige spørsmål gjennom at foreldra mine hadde kvar si dialekt og kvart sitt skriftmål (nynorsk og bokmål). Eg vaks opp i ein bokmålskommune i eit nynorskfylke og "konverterte" til nynorsk som 21 år gamal folkehøgskoleelev. Da eg kort tid etter flytta til samisk område såg eg at samisken var enno hardare underkua enn nynorsken. Samtidig la eg merke til at nynorsken sto særlig svakt i samiske område og at bokmålet / dansknorsken her ikkje bare dominerte skriftmålet, men og farga det norske talemålet. Samtidig opplevde eg at forståinga for norsk målreising og nynorsk skriftspråk var svært låg, og nynorsk og samisk blei ofte sett opp mot kvarandre i skolen. Seinare har eg sjølv lært meg samisk, dels som framandspråk, dels som andrespråk, dels gjennom å følge undervisning berekna for førstespråkselevar. På det viset har eg fått ei sjølvoppleving av ka førstespråk- og andrespråks-undervisning er og kor vanskelig det er å vere andrespråkselev og ikkje få undervisninga tilpassa etter det. Eg har og opplevd ka det vil seie å undervise norsk for andrespråkselevar etter lærebøker og fagplanar for førstespråk.

I Finnmark har eg opplevd to forskjellige negative haldningar til språk som begge var vonde å takle for meg som norsk nordmann som er glad i mitt eige språk. Den eine er ei negativ haldning til norsk som undertrykkarspråk. Særlig negativ opplevde eg at haldninga var overfor nynorsken og dialektar som sto fjernt frå bokmålet. Den andre haldninga var at samisken ikkje er noko å satse på, ka skal vi med samisk i skolen, samisk passar bare på kjøkkenet og på fjellet. Eg stilte meg etter kvart spørsmålet: Måtte eg ta avstand frå mitt eige språk for å støtte kampen for samisk? Var det ikkje mogleg for samar å kunne vere stolte av sitt eige språk og sin eigen kultur og utvikle dette vidare, utan dermed å måtte ha ei negativ innstilling til norsk språk og kultur? Kunne ein ikkje istaden gjøre slik at dei to språka og dei to kulturane styrka kvarandre?

Svara til elevane ved SVSRS gjorde at eg enno klarare såg at norskundervisninga i skolen her spelar ei viktig rolle og eg fikk lyst til å sjå nærare på den rolla norskundervisninga har spela og spelar i dag for samar og andre grupper i Noreg med andre morsmål enn norsk.

1. Innleiing

Utgangspunktet mitt er eit prinsippielt syn på skolen og samfunnet sitt ansvar overfor fleirspråklige / fleirkulturelle elevar. Det fell for langt å grunngi dette her, og eg tar det derfor bare som eit gitt utgangspunkt som oppgåva vidare bygger på: Det er skolen si oppgåve å sørge for at alle elevar og språksamfunn får utvikle sitt eige morsmål / førstespråk til ein fullgod reiskap på alle område. Dernest er det skolen si oppgåve å sørge for at alle minoritetsgrupper får lære storsamfunnet sitt språk så godt at dei kan fungere i storsamfunnet på linje med dei som har det som morsmål.

Ei slik målsetting krev samtidig innsats på fire område i skolen: 1. Undervisning i morsmålet 2. Undervisning på morsmålet 3. Undervisning i andrespråket 4. Undervisning på andrespråket Eg vil ikkje gå inn på grunngivinga for dette her, men bare vise til Kamil Øzerk sine bøker "Tospråklig utvikling" og "Tospråklige minoriteter".

For å oppfylle målsettingane over er undervisning i og på morsmålet grunnlaget. I denne oppgåva vil eg konsentrere meg om undervisninga i norsk som andrespråk, og bare sjå på morsmålsundervisninga i den grad den har betydning for undervisninga i norsk.

Eg vil først sjå på ka for grupper som norsk som andrespråk er aktuell for og gi ei kort samanfatning av den undervisninga dei har fått og får i morsmål og norsk, for på dette grunnlaget forsøke å svare på disse problemstillingane: 1. Er dagens undervisning i norsk som andrespråk eigna til å gjøre elevane funksjonelt tospråklige med ei positiv innstilling både til sitt eige morsmål og til norsk? 2. Kordan kan norskundervisninga bidra til å styrke, ikkje svekke elevane si sjølvkjensle og to-kulturelle identitet?

2. Ka er eit andrespråk?

I lingvistisk og språkpedagogisk teori skil ein no mellom omgrepa førstespråk, andrespråk, og framandspråk. Tidligare var det vanlig å bare skille mellom førstespråk eller morsmål på eine sida og framandspråk på andre. Omgrepet "andrespråk" er relativt nytt og har først slått gjennom i dei siste 20 åra (Lund/Nesbakken 1993, Baker 1993.)

2.1. Morsmål / førstespråk

Termane "morsmål" og "førstespråk" blir ofte brukt om kvarandre, og i dei aller fleste tilfelle vil dei og falle saman. Nokre språkvitskapelige bøker definerer og Morsmål = førstespråk. Eg vil peike på to grupper der dette ikkje er så enkelt: A. I ein språkskiftesituasjon vil foreldre kunne snakke sitt eige morsmål med kvarandre, men eit anna språk til ungane. I eit slikt tilfelle vil ein kunne seie at ungane har f.eks. samisk som morsmål, men norsk som førstespråk. B. Døve ungar av hørande foreldre vil ikkje kunne lære foreldra sitt morsmål på naturlig vis heime. Dei vil kunne få teiknspråk som første språk frå foreldra (ettersom foreldra sjølv lærer det) og (i større grsd) frå andre døve / døvebarnehagar / døveskole. Norsk eller anna vokalt språk vil dei lære på skolen som andrespråk. Barn av døve foreldre (anten dei sjølve er døve eller hørande) vil derimot ha teiknspråk som morsmål.

2.2. Andrespråk

Det finst i mange måtar å definere eit andrespråk på, dei kan delas inn etter: 1. Funksjon: "En person som lär sig ett språk för att kunna använda dette språk i alla de funktioner som krävs för det dagliga livet lär sig ett andrespråk" (Hyltenstam, sitert frå Øzerk 1992, s. 18) 2. Innlæringsmiljø: Eit andrespråk er eit språk ein lærer i det miljøet der språket er i daglig bruk. 3. Bakgrunn: Eit andrespråk er eit språk ved sida av morsmålet som ein i større eller mindre grad har hørt frå barndommen av.

Jon Todal forsøker i heftet Tospråklegheit som fag (s.18) å gi ein definisjon som sameinar disse faktorane: Eit språk som ikkje er førstespråk for eleven, men eit språk som ho eller han har lært eller er i ferd med å lære seg for å imøtekomme kommunikative behov. Dette språket høyrer heime og blir brukt i området der eleven bur, eller språket har før vore brukt der. Krava til meistring av andrespråket er større enn til framandspråk. Mange vil ha hørt og meir eller mindre brukt andrespråket frå tidlig barndom, mens for dei som flyttar til eit nytt språkområde kan språket der vere heilt framandt i starten. Likevel vil situasjonen vere forskjellig frå framandspråksopplæring fordi språket er rundt ein heile tida, og tileigning vil spele ei viktig rolle i tilegg til læring. (jfr. Vägen til ett nytt språk) Ka for ein definisjon ein held seg til kan ha viktige konsekvensar for spørsmålet om samisk som andrespråk i norsk grunnskole. Det er etterkvart mange ungar med samisk opphav som ikkje har regelmessig kontakt med samisk språkmiljø. For dei vil det vere eit vesentlig prinsippielt spørsmål å få anerkjent retten til samiskundervisnng som andrespråk. I Noreg har det store fleirtal norsk som morsmål og norsk (her inkludert bokmål/riksmål) dominerer alle media og offentlig og privat tjenesteyting over heile landet. Derfor er alle utsette for norsk språk i dagliglivet og det vil seie at alle som ikkje har norsk som morsmål/førstespråk har norsk som andrespråk.

2.3. Framandspråk

Framandspråk er eit språk som ikkje brukas i større grad i nærmiljøet. Her vil formell læring vere dominerande. Dei fleste kjem ikkje i kontakt med eit naturlig språkbrukarmiljø før dei har kome ganske langt i innlæringa, mange eller kanskje dei fleste gjør det aldri.

I norsk skole har ein sidan 1987 skilt mellom førstespråk, andrespråk og framandspråk. Men det er ikkje alltid at skolen sine tilbod samsvarar med eleven sin språklige røyndom. Ein elev kan risikere å bare få førstespåket sitt som andrespråk i skolen, eller i verste fall ikkje få undervisning i det i det heile. Ein elev kan heimafrå ha to førstespråk eller to andrespråk, men skolen anerkjenner bare i beste fall eit av kvart. Eller elevar får bare anerkjent andrespråket sitt som valfag eller framandspråk.

_________________

Vidare til neste kapittel: Klikk her: 3. Språklige minoritetar i Noreg

_________________________________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no