Svein Lund

Norsk som andrespråk - teori og praksis

3. Språklige minoritetar i norsk skole

- Dei som har / har hatt andre førstespråk enn norsk kan delas i tre grupper:

3.1. Innfødde etniske minoritetar

Med innfødde minoritetar meiner eg folkegrupper som har ein samanhengande tradisjon på fleire hundreår i Noreg, og som opp til i dag i større eller mindre grad har heldt fast på språklige og kulturelle særtrekk og etnisk identitet.

3.1.1. Samar.

Samane er anerkjent som urfolk av norske styresmakter. Men den norske staten har så langt ikkje oppfylt ILO-konvensjon 169 art. 27 om at urfolk har rett til eit sjølvstendig utdanningsverk. (sitat) Ein sjølvstendig samisk skole har aldri eksistert og først i dei siste par tiåra har ein byrja å få eigne fagplanar for samiske elevar i nokre fag. Samisk og kvænsk skolehistorie er derfor historia om kolonimaktene sin skole. Eldre norsk skolehistorie er svært dominert av kyrkja si rolle, og dette gjeld i særlig grad for undervisninga for samar.

Frå først på 1700-talet og fram til i dag har det vore ein stadig strid om samane skulle undervisas på samisk eller norsk. På eine sida ville ein gjøre samane norske, på andre sida ville ein gjøre dei "opplyste" og kristne. Thomas von Westen, "samenes apostel", ville at prestane skulle preke og lærarane undervise på samisk, og han fikk i gang både samiskundervisning for prestar og lærarutdanning for samar. Men da von Westen døydde i 1727 sørga biskop Peder Krog straks for å få dette nedlagt og ga misjonærane ordre om å preike og undervise på norsk. Krog sa: "Finnerne er meget begjærlige efter det norske Sprog" og at dei etterkvart kunne lære dette språket "saa de nedlagde deres eget finske Tungemaal." (Dahl 1957, s.2) Målet med å lære norsk var altså at ein samtidig skulle kvitte seg med samisk språk. Den neste biskopen, Gunnerius hevda derimot at det var nyttig og ønskelig for samane at dei forsto norsk, men at det derfor ikkje var rett å tvinge dei til å la morsmålet sitt fare, "hvoraf de ere saa store Elskere som nogen Nation i hele verden".

Her ser vi allereie på 1700-talet kjerna i den striden som har vart til i dag og som samisk skole enno slit med etterverknadane av: Skal norskundervisninga ha tospråkligheit som mål, eller er målet at norsk skal erstatte samisk som skal utryddas som språk?

Frå omlag 1750 starta ein igjen både undervisning på samisk og samiskundervisning for prestar. Biskop Gunnerius støtta opp om dette og sa at det var nyttig og ønskelig for samane at dei forsto norsk, men at det derfor ikkje var rett å tvinge dei til å la morsmålet sitt fare, "hvoraf de ere saa store Elskere som nogen Nation i hele verden". (Dette er trulig den eldste kjente formulering frå nokon norsk autoritet av tospråkligheit som mål for undervisninga for samar.) Men denne perioden med positiv innstilling til samisk varte bare vel 20 år, før regjeringa i 1774 vedtok at all undervisning skulle foregå på norsk.

Dei dårlige resultata av denne politikken førte igjen til eit oppsving for dei som ønska å bruke samisk i undervisninga. Da Noregs første lærarskole blei starta på Trondenes 1826, blei det grunngitt med behovet for undervisning for samar og kvenar, og skolen ga opplæring i samisk og tildels kvensk. Ein av dei drivande kreftene her var Niels Vibe Stockfleth. "Stockfleths pedagogiske kongstanke var den at samisk språk og litteratur ikke bare var den nødvendige forutsetning for samene for å skaffe seg vanlig opplysning, men at dette også var midlet til å føre dem inn i norsk språk og litteratur." "Etter en grundig opplæring og dannelse på samisk ville samefolket av seg selv legge vinn på å lære seg norsk for på den måten å få en enda større dannelse." (Dahl, s. 35) Men Stockfledt møtte motstand. bl.a. frå prokurator M. Nissen Drejer, som i klartekst uttrykte at målet var "det finske Sprogs Udryddelse". Sokneprest Søren von Krogh Zetlitz sa at det gjaldt litt etter litt å gjøre det norske språk til samefolkets morsmål, eller "faa Finnerne til at glemme finsk". Hva den påstand angikk at en ved til gagns å undervise på samisk ville bringe samene på rett vei til å lære norsk, så kunne han ikke tenke seg at den var satt fram i fullt alvor; en kunne ikke gjøre alle samer til lærde, som skulle avgi seg med komparativt språkstudium! (Dahl, s.85).

Frå rundt 1850 var samisken igjen på defensiven. Finnefondet blei oppretta med lønnstillegg til lærarar som kunne dokumentere framsteg i fornorskingsarbeidet. Språkinstruksen av 1862 sa at finsk og samisk bare skulle vere hjelpespråk i skolen, mens instruksen av 1883 gikk enno lenger og sa at disse språka ikkje måtte brukas meir enn "uomgjengelig fornødent". Kunnskapar i samisk og kvensk fikk stadig lågare status og blei til sist direkte diskvalifiserande, under Finnmarks første skoledirektør Bernt Thommasen og etterfølgaren Christian Brygfjeld: "Han var imot enhver opplæring av lærere i samisk og såvel samiske som kvenske lærere var uønsket... Etter hans syn var samene rasemessig for svake til å opprettholde noen egen kultur: "De få individer som er igjen av den opprinnelige lappiske folkestamme er nu så degenerert at det er lite håp om nogen forandring til det bedre for dem. De... hører til Finmarkens mest tilbakesatte og usleste befolkning og skaffer den største kontingent herfra til vore sindsykeasyler og åndssvakeskoler." (Hagemann, s.130) Fram til byrjinga av 1900-talet gikk diskusjonen om skolespråket i første rekke mellom to retningar innafor det norske maktapparatet, ein som ville ha full fornorsking og avskaffing av det samiske språket så snart som råd, og ein retning som meinte at det var naudsynt å la samane først få opplæring på samisk. Men heller ikkje denne andre gruppa såg samisk og norsk språk og kultur som likeverdig og såg det som eit mål at samane "heva" seg opp opp norsk nivå gjennom å tileigne seg norsk språk og kultur. Dei sto ofte ikkje tilbake for fornorskarane når det gjaldt å legge samane inn under norsk kolonisering. Eksempel på dette er Stockfleth si hardhendte behandling av samane i Guovdageaidnu som var med å provosere fram opprøret i 1852 og J.A. Friis, prosessor i "lappisk og kvænsk" som uttalte seg klart om den norske rases overlegenhet og mente at framtida for samane og kvænane var å smelte saman med norsmennene til eit blandingsfolk, "forudsat at dette Blandingsfolk taler norsk sprog og har norske Sympatier." (Sitert etter Bråstad Jensen 1991, s. 25)

Rundt år 1900 virkar det som fornorskinga har nærmast full oppslutning i den norske lærarstanden og i kyrkja. No kjem ein ny opposisjon, denne gongen meir konsekvent, i første rekke frå samiske lærarar, som Isak Saba og Anders Larsen. Larsen var den einaste som på kretslærermøtet for Vest-Finnmark i Alta 1904 gikk imot ei fråsegn om at "den norske bølge, der nu overskyller skolerne i Finmarken, maa forblive uden noget tilbakeslag, saa den fik skylle væk al fremmed sprog og nationalitet fra Finmarken." (Hagemann s. 130)

I motsetning til "samevenner" som von Westen, Stockfleth, Friis og mennene bak Samemisjonen hadde dei samiske pionerane som utgangspunkt at samisk og i framtida skulle vere hovudspråket for samane. Dei hadde gått på Tromsø seminar i ei tid da norsk nasjonalisme sto sterkt. "De overførte argumentene og ideene fra norskdomsbevegelsen til samiske forhold. Når den norsk-nasjonale reisinga la stor vekt på å bygge opp nasjonalfølelse og fedrelandskjærlighet ved å trekke fram ei stolt og ærerik fortid, så gikk Larsen og Saba inn for å vekke en samisk nasjonalfølelse ved å formidle tilsvarende kunnskap om samisk fortid." (Bråstad Jensen 1991, s. 54) Men mot den knallharde fornorskingspolitikken blei dei på defensiven, og klarte ikkje å utforme eit sjølvstendig alternativ. Den som klarte det var Per Fokstad, som "sto bak forslaget om en samisk skoleplan som skulle verne den samiske egenart og livsform. Han ønsket en barneskole bygget på samisk grunn med samiske lærere. Norsk ville han først innføre fra femte skoleår." (Hagemann, s.132) Fokstad kjempa for synet sitt bl.a. i Samordningsnemnda for skoleverket av 1948, og vant langt på veg fram i denne nemnda. Men motstanden blant lokale politikarar var så stor at mange av forslaga ikkje blei gjennomført i praksis. Forslaget om eigne klassar for samiske elevar for å kunne gi noko undervisning på samisk blei avvist av samtlige skolestyrer, inkludert Guovdageaidnu og Káráójohka. Skolestyret i Káráójohka uttalte klart at dei ønska "en undervisning med fullstendig fornorskning som mål". Likevel kom det i femtiåra ut fleire dobbeltteksta lærebøker. Fornorskingsinstruksen av 1898 blei formelt oppheva i 1959, og i tida før dette blei den ikkje brukt aktivt av skolestyresmaktene. Forslag om meir samisk i skolen kom igjen fram i innstillinga til Samekomiteen i 1959. Denne møtte igjen motstand lokalt, men ikkje så massivt som tidligare. Frå 1967 blei det tillatt med begynnerundervisning på samisk i grunnskolen og norsk som "første fremmedspråk", frå 1969 med samisk i staden for nynorsk i gymnaset. Men først frå 1980-talet blei det i prinsippet mogleg å få heile grunnskolen og vidaregåande med samisk som førstespråk. Eit resultat av at samiske og kvenske elevar i nesten eit hundreår blei nekta utdanning på eige språk var at i 1950: Nærmere halvparten av Finnmarkingene i aldersgruppen 15-20 år kunne mer eller mindre regnes som analfabeter. (Hagemann,. s. 224)

I dag har omlag 1400 elevar i grunnskolen og 480 elevar i vidaregåande skole samisk som fag, knapt halvparten av dei har samisk som førstespråk.

3.1.2. Kvenar

Kvenar er etterkommarane av finsktalande folk som slog seg ned i Noreg før Finland blei ein sjølvstendig stat i 1918. Dei som kom etter den tid reknar eg til finske innvandrarar, sjå 3.2. Mens kvenane først på 1700-talet blei ønska velkommen av dansk-norske styresmakter, blei tonen etterkvart ein anna. Storpolitiske vurderingar gjorde kvenane og samane til uønska element når Noreg skulle styrke grensa mot aust. Etter at Finland kom under Russland blei det ein tendens til å sjå på kvenane som ein tryggingsrisiko, og dette blei heller forsterka etter at Finland blei sjølvstendig stat. (Niemi 1981) Stockfleth var ein av dei få som forsvarte kvenane sin rett til undervisning og preike på eige språk. I skoleverket blei kvenar og samar behandla nokonlunde likt i heile fornorskingstida, men undervisning på kvensk/finsk var det heller enno dårligare med enn på samisk. På 1800-talet fikk kvenane nokre stader undervisning på kvensk, mens det andre stader fortellas at kvenane ikkje fikk det. Det fortellas frå ein visitas i Kistrand 1851: De fleste samebarn svarte godt for seg og leste upåklagelig i sine samiske nytestamenter,... De kvenske barn svarte og leste mindre godt. Årsaken til dette var at de hadde vanskelig for å få bøker på sitt eget språk. (Dahl, s. 108) Da samisk begynte å komme inn i skolen igjen frå 1967, gjaldt det ikkje i samme grad for kvensk. Det var da og få igjen i skolealderen med kvensk som førstespråk. Kravet blei i staden å få kvensk / finsk som andrespråk. Også dette har vore vanskelig. Styresmaktene har vore lite villige til å anerkjenne anna enn finsk som valfag eller som andre framandspråk. I 1990 blei det gitt løyve til eit fem-årig forsøk med finsk som andrespråk, og i skoleåret 1994/95 hadde omlag 300 elevar ved 22 skolar i Troms og Finnmark finsk andrespråk. Dette var anerkjent på linje med samisk andrespråk og ga fritak for skriftlig norsk sidemål. Men andrespråkstilbodet er ikkje ført inn i gjeldande mønsterplan. M-87, s.37 "Elevene bør gis tilbud om finsk som valgfag. Kvensk trekkes inn i undervisningen i den grad det er naturlig."

I samband med grunnskolereformen GR97 ønska KUF å fjerne tilbodet om finsk som andrespråk. Det ville dei gjøre utan å ha evaluert det forsøket som da hadde foregått i fem år. Dei slo bare fast at forsøksperioden var avslutta. Dette førte til stor forvirring og i inneverande skoleår har fleire skolar avslutta dette tilbodet. Etter kraftige protestar frå skolane og kvensk/finsk miljø har Kyrkje og undervisningskomiteen no med stort fleirtal gått inn for finsk som andrespråk og alt tyder på at dette vil gå gjennom ved stortingsbehandlinga våren 1996. Komiteen tok eit forbehold: at finskundervisninga ikkje skulle komme i vegen for undervisninga i samisk. Situasjonen er derfor framleis uavklart for kommunar som ligg i forvaltningsområdet for samisk språk. Ved innføring av obligatorisk samiskundervisning her kan ein risikere at finsken fell ut. Dette er i 1995 eit stridsspørsmål i alle fall i Deatnu/Tana kommune.

Det er idag så få kvenske elevar som har kvensk / finsk som heimespråk at det ikkje er aktuelt med kvensk som førstespråk i skolen. Det er derfor heller ikkje aktuelt med norsk som andrespråk for kvenske elevar. Derimot vil det vere aktuelt med ei tilpassing av norskundervisninga til ein tospråklig situasjon, på linje med det som er anerkjent for samar med norsk som første språk i M-87. (s. 174) I slike område vil det derfor og vere viktig at norsklærarane har kjennskap til kvensk språk og historie/kultur.

3.1.3. Roma og reisande

Roma-folket (sigøynarar) er kjent i Noreg frå 1512. Fram til 1957 gjaldt sigøynerparagrafen i Grunnloven som nekta sigøynarar adgang til riket dersom dei ikkje var norske statsborgarar. Det er i dag knapt meir enn omlag fire hundre sigøynarar som har fast tilhold i Noreg, dei fleste i Oslo-området, der det er eit eige skoletilbod for sigøynarar. Dette er no svært redusert og konsentrert til Bjølsen skole.

Frå M-87, kap 6, s.36: Sigøynerne er en språklig minoritet med lange tradisjoner i Norge. Inntil for noen år siden ble språket deres, romani, bare brukt muntlig her i landet. Det har vært arbeidet med å finne fram til en måte å skrive romani på som skulle være felles for alle sigøynere. I 1979 kom den første ABC-boken på romani i bruk i Norge.

Reisande, også kalla taterar har snakka eit språk kalla romani, nokre eldre snakkar det enno, men språket er i stor fare for å dø ut. På Vest- og Sørlandet har reisande snakka eit språk kalla rodi, men dette skal no vere heilt utdøydd ( Schlüter 1993, s.52-55) I den grad det har vore eiga undervisning for reisande har det skjedd gjennom tvangsinternering av ungar eller heile familiar. På barneheimane og i skolane var det strengt forbode å snakke romani. Dei reisande har alltid vore tospråklige og sjølv om dei har snakka romani internt har dei hatt gode munnlige norskkunnskapar. Ein kan derfor knapt seie her har vore noko behov for ei særskilt tilrettelagt undervisning i norsk som andrespråk. I dag har trulig alle elevar av reisande slekt norsk som førstespråk. For å anerkjenne kulturen kunne det derimot vere aktuelt å gi tilbod om romani som andrespråk. (I boka Schlüter, Ragnhild: De reisende - En norsk minoritets historie og kultur 1993 seias det at dei reisande sitt språk romani er i slekt med sigøynarane sitt språk romanes. I mønsterplanen kallas derimot sigøynarane sitt språk romani.)

3.2.Innvandrarar

Innvandring til Noreg er ikkje noko nytt fenomen. I heile landet finn vi folk med etternamn som minner om at forfedrene (og sjeldnare formødrene) deira kom utafrå. Særlig mange kom til gruvebyane Røros og Kongsberg, Hansabyen Bergen, hovudstaden Oslo og til kysten av Nord-Noreg. Mens kvænske og finske som slog seg ned i Nord-Noreg og på Finnskogen frå 1600 til 1800-talet kan reknas som nasjonale minoritetar, har etterkommarane av andre innvandrargrupper stort sett gått opp i den norske (og i mindre grad den samiske) befolkninga. Disse er no så assimilerte at det ikkje er særlig aktuelt med eigne tiltak i skolesamanhang. I ein spesiell situasjon står danske innvandrarar frå den tida Noreg var under Danmark. Dei kom som overklasse og lærte i liten grad norsk. Skriftspråket var dansk, og talespråket deira fikk stor innverknad på talespråket i Noreg, særlig hos overklassen i dei større byane. Som innvandrarar i skolesamanhang kan vi derfor halde oss til folk som har kome til Noreg etter andre verdskrigen. Det nye her er at grupper av innvandrarar har slått seg ned på same stad, og dermed fått eit miljø som gjør det meir mogleg enn for tidligare innvandrarar å halde på språk og kultur. Det har vore tilfelle for grupper som finlendarar og seinare tamilar i fiskeværa på Finnmarkskysten, for tyrkarar i Drammen og pakistanarar i Oslo. Desse innvandrarane kom stort sett som arbeidarar og blei langt på veg ein sosial underklasse. På 70-talet fann styresmaktene det naudsynt å gi organisert undervisning i norsk for vaksne innvandrarar, og dei fikk rett til 240t, i 1994 utvida til 500t. Med innvandringsstoppen i 1975 tørka denne innvandringa langt på veg inn, sjølv om ein del og seinare klarte å få familiemedlemmar inn i landet. Den største innvandrargruppa på 80-talet blei asylsøkarar og flyktningar som for det meste har blitt plassert i mottak og seinare kommunar på organisert vis. Det har gjort at det har blitt mogleg å samle større grupper av innvandrarelevar til undervisning. Ein stor del av innvandrarane er folk som har gifta seg med nordmenn. Ungane deira er gjerne tospråklige frå starten, eller dei veks opp med bare norsk. Dei er spreidd utover og får sjeldan morsmålsundervisning på skolen.

Morsmålsundersøkelsen 1990 kartla omfanget av morsmålsundervisning for språklige minoriteter. Det var da 16137 framandspråklige elevar på 1412 grunnskolar i 326 kommunar, med tilsammen 57 språk. I 253 av disse kommunar blei det gitt morsmålsundervisning, og det var 56% av dei framandspråklige ungane som fikk morsmålsundervisning. Eg har ikkje klart å finne noko nyare fullstendig landsomfattande statistikk, men ein statistikk frå 1993 frå utvalde kommunar med tilsaman 13972 framandspråklige elevar, viser ein nedgang til 36%. I all hovudsak skuldas dette utviklinga i Oslo, det det aller meste av morsmålsundervisning er avskaffa i denne perioden. For kommunane utanom Oslo var det 68% som fikk morsmålsundervisning. Det kan variere svært kor mye undervisning elevane får i eller på morsmål. Det finst ingen statistikk over kor mange timar dette utgjør.

I motsetning til samisktalande elevar har dei framandspråklige ikkje noko juridisk krav på å få morsmålsopplæring, og heller ikkje på å få norsk som andrespråk. Lovgrunnlaget er Lov om grunnskolen av 1969 (fullmaktslov) og Mønsterplanen av 1987. Kommunane får 80% refusjon for opplæring i norsk og morsmål for framandspråklige elevar. Rundskriv F-47/87 frå KUD "Undervisning av fremmedspråklige elever i grunnskolen". I samband med GR97 har det vore arbeidd med å lage ein læreplan for morsmålsundervisning. Denne er no stoppa av KUF og ikkje sendt ut til høring på linje med dei andre læreplanane. Det har frå Norsk Lærarlag vore reist krav om lovfesting av retten til morsmålsopplæring. Dette kravet har fått støtte frå bare eitt av Stortings-partia (RV). (Norsk Skoleblad 4-95)

Undervisningsmodellar for fremmendspråklige elevar: 1. Følge vanlig norsk klasse, med eller utan morsmålsundervisning (2-4t) og med eller utan støtteundervisning i norsk og/eller andre fag. 2. Eigne klassar for elevar med samme språkbakgrunn 3. To-kulturelle klassar. Halve klassen norsk, halve klassen fremmendspråklige med samme morsmål. Tolærarsystem.

3.3. Døve

Med døve reknar eg her dei som er så sterkt hørselshemma at dei ikkje kan lære seg språk ved hjelp av hørselen. Det er omlag 3000 døve i Noreg i dag. Undervisning for døve starta for første gang i Trondheim i 1825. Seinare er det bygd grunnskolar i Oslo(2), Bergen og Holmestrand, vidaregåande skole i Bergen og Stavanger og folkehøgskole i Ål. Ein del døve går saman med tunghørte i såkalla hørselsklassar som finst i dei fleste fylke, mens igjen ein del går integrert i heimeskolen med meir eller mindre hjelp frå kompetansesentera ved døveskolane. I starten var det akseptert at døve ungar måtte få undervisning ved hjelp av teiknspråk. Seinare kom det ein periode da teiknspråket ikkje blei akseptert. Dei døve skulle lære seg å snakke norsk og lese på munnen. Det gikk så langt at elevar ved døveskolen blei straffa for å bruke teiknspråk seg i mellom. Likevel levde teiknspråket som det viktigaste kommunikasjonsmiddelet i døvemiljø. I dei siste åra har teiknspråket igjen blitt akseptert i skoleverket. Likevel var det så sent som for 10 år sidan ikkje eige fag. I dag står teiknspråk med 1 time for veka på alle klassetrinn, men utan status som eksamensfag. Det blir heller ikkje gitt karakter i teiknspråk. I utkastet til "Fagplaner tilpasset døve elever i grunnskolen" av 1993 er det foreslått at teiknspråk og norsk blir kjørt som eit samordna fag. I denne planen er det for første gang slått fast at teiknspråk er førstespråk og norsk som andrespråk for dei døve elevane, og at "Tegnspråk er det grunnleggende redskapsfaget i undervisningen av døve barn. Det må anses som et sentralt kulturbærende fag." (s.6) Konsekvensen av dette for norskundervisninga blir da: "Utviklingen av et godt førstespråk er grunnlaget for å lære seg et andrespråk. ut fra dette må tegnspråk være grunnlag for norskopplæringen for døve. I første rekke er det utvikling av lese- og skriveferdigheter som er målet for denne opplæringen. Skriftspråket er visuelt og dermed lettest tilgjengelig for døve elever. Elevene må få kunnskaper om og ferdigheter i muntlig norsk kommunikasjon. De må også få opplæring i tale etter en enkeltes forutsetninger." Eit resultat av at førstespråket har vore forsømt og at norskopplæringa tidligare ikkje har tatt førstespråket som grunnlag har vore at resultata av norskundervisninga har vore ganske dårlige. I boka "Leseopplæring på tegnspråkets grunn" oppsummerer forfattarane at både i Noreg og fleire andre land er det normale at døve 9-klassingar har ei leseforståing i norsk som ikkje er høgare enn vanlig for 3.-klassingar, og at bare eit lite mindretal av dei døve elevane beharskar norsk skriftspråk på linje med hørande elevar på samme klassetrinn. Dei siste åra har ein lagt større vekt på å bruke teiknspråk som grunnlag for skriveopplæringa, noko som har gitt klart betre resultat. (Nervik 1990).

Eg har i denne samanhang besøkt A.C. Møllers skole i Trondheim (tidligare Trondheim offentlige skole for døve). Der snakka eg med rektor Eli Nervik og fungerande leiar for utviklingsavdelinga, Åse Lyngvær Hansen. Nervik har både vore med og skreve heftet "Leseopplæring på tegnspråkets grunn", og med i gruppa som har laga utkastet til fagplan. Ho fortel at det dei ønskar seg er å kunne bruke tolærarsystem med ein døv og ein hørande lærar i språkopplæringa. Dette er vanskelig å gjennomføre idag, både på grunn av pengemangel og mangel på kvalifiserte folk. Metodikken treng og å prøvas ut meir. Dei ønsker seg langt fleire døve lærarar, i dag har dei i Trondheim 5 døve lærarar, derav 4 med lærarutdanning. Omlag 15% av dei tilsette ved skolen og kompetansesenteret er døve, målet er minst halvparten. Da ville teiknspråket i mye større grad prege livet på skolen, og dei hørande ville bli tvungne å bruke teiknspråk og dermed utvikle språket. I dag er det svært få hørande døvelærarar som kan bruke teiknspråk flytande. Det er og svært dårlig utdanningstilbod for dei. Utdanninga av audiopedagogar er f.eks. svært dårlig på dette området. Dette skulle ha vore ei døvelærarutdanning, men gir alt for dårlig undervisning i teiknspråk. Dei døve elevane går no opp til eksamen i norsk som 1. språk. Døveskolane har prøvd å få oppgåver som 2. språk, men dei passar ikkje, ettersom dei er laga for heilt andre grupper. Det burde ha vore hovudeksamen på teiknspråk og norsk som 2. språk med eigne oppgåver, seier Nervik. Det er no nye fagplangrupper i arbeid i samband med den nye mønsterplanen frå 1997. KUF har no forstått at det står dårlig til, men sett igang så fort at ein ikkje når å henge med. Det er få fagfolk som dermed blir overarbeida. Når dei samtidig skjærer ned på løyvingane til kompetansesentera blir dei store planane vanskelig å gjennomføre. All norskundervisning for døve er på bokmål, det finst ikkje tilbod på nynorsk eller samisk.

3.4. Oppsummering:

Dersom norskundervisninga skal bli gitt i samsvar med Grunnskoleloven §7.1.: "Alle elevar har rett til å få opplæring i samsvar med dei evnene og føresetnadane dei har." (s.13), vil ein med omsyn til språkbakgrunn måtte skille i tre hovudgrupper:

1. Einspråklige elevar med norsk som førstespråk 2. Tospråklige elevar med to førstespråk, derav det eine er norsk eller med norsk som første språk og eit anna andrespråk: - samar - kvenar - blanda familiar - 2.-3.- generasjons innvandrarar 3. Elevar med eit anna førstespråk og norsk som andrespråk - samar - innvandrarar, 1. og 2. generasjon - døve, tildels og hørande barn av døve foreldre Eg vil vidare konsentrere meg om gruppe 3 - elevar med norsk som andrespråk.

Vidare til neste kapittel: Klikk her: 4. Norsk som andrespråk i dagens norske skole

Tilbake til første kapittel: Klikk her: Norsk som andrespråk - første del

__________________________________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no