Svein Lund
4.1. Styresmaktene sitt mål for undervisninga.
Norskundervisninga er ein svært viktig del av skolen, det å kjenne og kunne uttrykke seg på hovudspråket i Noreg er eit av hovudmåla med skolen, både for dei som har norsk som førstespråk og dei som ikkje har det. Norskundervisninga blir dermed eit sentralt virkemiddel i statens politikk overfor nasjonale minoritetar. Målsettinga for norskundervisninga er nært knytta til politikken overfor minoritetane; assimilasjon, integrasjon eller segregasjon.
Frå siste halvdel av 1800-talet fram til 1950-60-talet var målet klart uttrykt å utrydde alle ikkje-norske språk i Noreg. Sjølv om dette da blei forlatt som statens offisielle politikk, tok det lang tid før det kom ein ny. I løpet av det siste tiåret har samisk fått ei offisiell anerkjenning i skole og samfunnsliv. I 1988 kom vern av samisk språk inn i Grunnloven: "Det paaligger Statens Myndigheter at lægge Forholdene til Rette for at den samiske Folkegruppe kan sikre og udvikle sit Sprog, sin Kultur og sit Samfunnsliv." (§110a). I Sameloven er det slått fast at "Samisk og norsk er likeverdige språk." (§1-5). Mønsterplan for grunnskolen av 1987 gir i lag med Grunnskoleloven eit visst vern for opplæring i og på samisk og rett til eigne samiske fagplanar. Dette er klart forpliktande, men det betyr ikkje at praksis alltid er i samsvar med dei fine formuleringane i lovar og forskrifter. For det første er prinsippa i liten grad følgt opp med løyvingar som gjør det mogleg å gjennomføre dei i praksis. For det andre er det framleis sterke krefter i maktapparatet som står for ein medveten eller umedveten fornorskingspolitikk. For andre minoritetar finst det ikkje noko tilsvarande vern eller uttalt målsetting om bevaring av språk og kultur. Snarare tvert om. På eine sida stengas grensene for innvandring, flyktningar blir anten avviste eller gitt svært midlertidig opphold. Styresmaktene ønsker at flyktningar og utanlandske studentar ikkje skal integreras i det norske samfunnet. Derfor får utanlandske studentar frå 1994/95 ikkje lenger norskundervisning. Derfor får ikkje flyktningar norskundervisning før dei har fått opphaldsløyve, noko som kan ta fleire år. Norskkunnskapar blir her sett på som eit hinder for å bli kvitt dei. Styresmaktene har støtta kampanja "Ja til eit fargerikt felleskap". Men fellesskapet synas bare å omfatte dei få som slipp inn i landet. Det omfatta bare retten til å vere / bli norsk, ikkje til å vere seg sjølv. Det er lov å vere mørk i huden bare ein nøyer seg med norsk, evt. engelsk språk, blir evangelisk-luthersk kristen og har juletre i stua.
Kampen om undervisning for språklige minoritetar har i første rekke dreid seg om: 1. Undervisning i morsmålet 2. Undervisning på morsmålet 3. Eigne grupper for norsk andrespråk 4. Innhaldet i undervisninga, eks. samiske fagplanar.
4.2. Minoritetane sitt mål for undervisninga.
I kor stor grad har minoritetane sjølv ein skolepolitikk? Det er sjølvsagt sterkt delte meiningar blant minoritetane sjølve om skole- og språkpolitikken. Vi finn framleis dei som under presset av fornorskinga ønskar å gå så mye som mogleg opp i det norske samfunnet og gløyme eige språk og kultur. Men med minoritetane sitt mål meiner eg her dei langsiktige måla som er uttrykt av minoritetsorganisasjonar og -organ. I den samanhang har eg sendt ut spørsmål til forskjellige samiske og kvenske/finske organisasjonar, samt Døveforbundet. Når det gjeld invandrarorganisasjonar finst det ei rekke og det er lite fellesorganisering. Eit fellesmøte for pakistanske innvandrarorganisasjonar i Oslo stilte våren 1995 krav om morsmålsundervisning, krav om norskundervisning og morsmålsundervisning har og blitt satt fram gjennom Kontaktutvalet mellom innvandrarane og staten.
Samiske organisasjonar NSR viser til landsmøtevedtak om skolepolitikk frå dei fleste landsmøta i forbundet si historie. NSR har i stor grad vore ein pådrivar i arbeidet med å fremme samisk språk og innhald i skolen og engasjert seg i alt frå barnehage til høgskole. Dei har og støtta kravet om morsmålsundervisning for andre minoritetsgrupper.
NRL ga følgende svar på spørsmål frå meg: "Skole og utdanningsspørsmål for reindriftsbarn og ungdom har alltid stått sentralt i NRLs arbeid. Eksempelvis skal spørsmålet om Flyttsameskolekrets i Karasjok behandles på kommende landsmøte. På grunn av hektiske arbeidsforhold for tiden har NRL's kontor ikke anledning til å gå tilbake og lage en framstilling av NRL's tidligere arbeid med slike saker nå." Som det går fram av dette svaret har NRL i stor grad konsentrert seg om forhold som gjelder spesielt for reindriftsmiljø, og organisasjonen har i langt mindre grad enn NSR ein heilskapelig skolepolitikk.
SLF og SFF har ikkje svart på brev og eg skal ikkje ta på meg å karakterisere skolepolitikken deira. Skolepolitikk har så langt vore mindre framme her enn i NSR.
Norske Kveners Forbund har sendt handlingsplanen sin der det går fram at organisasjonen prioriterer krav om kvensk i barnehage, grunnskole, vidaregåande skole, universitet og høgskolar. Dei har i tillegg kravd oppretting av eige kvensk utdanningsråd.
Norges Døveforbund har i år gitt ut eit hefte med titelen "Hva er en tospråklig grunnskole for døve og hvorfor ønsker vi en slik skole?" Her er eit eige avsnitt om norsk som andrespråk som legg vekt på at dette faget skiller seg frå anna norskundervisning. Skolespørsmål har heile tida vore eit høgt prioritert arbeidsfelt for Døveforbundet.
4.3. Det juridiske grunnlaget i lovar og læreplanar
Det juridiske grunnlaget for undervisninga for språklige minoritetar er uttrykt i lovar, læreplanar og rundskriv. Men det er ikkje alltid samsvar mellom disse og den praksis som blir ført. For det første er det strid om disse spørsmåla både i politiske organ, byråkrati på sentralt og lokalt plan, blant lærarar og elevar og i minoritetane sine organisasjonar. For det andre er dei formuleringane som kjem på trykk i f.eks. Mønsterplan for grunnskolen eit resultat av kompromiss mellom det sentrale byråkratiet og pressgrupper i minoritetsorganisasjonane og lærarar som arbeider med undervisning for disse gruppene. (Eks Reform 94). Dei sentrale politikarane er derfor ofte ikkje alltid overtydde tilhengarar av det som har kome på trykk. Ofte kan dei vere direkte negative til dette og søke å undergrave dei rettane minoritetane er sikra på papiret ved eit kvart høve (eks. statsbudsjett). Dagens læreplanar for norsk som andrespråk Læreplanane fram til 1974 hadde ikkje noko eige opplegg for norskundervisning for språklige minoritetar og heller ikkje for morsmålsundervisning i anna enn norsk. Mønsterplanen av 1974 innfører "Norsk som fremmedspråk", noko som i 1987 blir erstatta av "Norsk som andrespråk for språklige minoriteter" og "Norsk som andrespråk for elever med samisk som førstespråk".
I vidaregåande skole har ein hatt fagplanar for norsk 2. språk for elevar med samisk 1. språk frå 19?? og for innvandrarar frå 1992. I samband med reform 94 sørga KUF for at Norsk som 1. språk blei laga først, da denne skulle vere utgangspunkt både for 2. språksplanane og for samisk som 1. og 2. språk. Resultatet er at ingen av disse fire planane blei ferdig før langt ut på våren 1995. Undervisninga i skoleåret 1994/95 har derfor gått uten godkjente læreplanar i disse faga. Nytt med Reform 94 er forøvrig at ein no legg opp til samme pensum i norsk for elevar med samisk, dvs. at ein ikkje skiller mellom dei som har samisk som 1. og 2. språk. Omgrepet "Norsk som andrespråk" fell derfor ut og blir erstatta med "norsk for elever med samisk".
Arbeidet med læreplanar for den neste store endringa av grunnskolen er no i full gang (Reform 97). I motsetning til det som skjedde med Reform 94 har ein her sett ned alle læreplangruppene parallelt, slik at Norsk 1. og 2. språk og Samisk 1. og 2. språk i prinsippet er likeverdige. Disse planane er for tida til høring.
4.4. . Lærebokstoda
Når ein samanliknar med det store tilbodet i lærebøker i norsk som 1. språk er det lite som er laga for andrespråksundervisning. I stor grad blir det brukt lærebøker berekna for 1. språk, både i ungsdomsskole og vidaregåande. Forskjellige grupper har forskjellig utgangspunkt for å tilnærme seg norsken og burde derfor ha bøker ut i frå eigen kulturelle og språlige grunnlag. Men i dag brukar ein f.eks. ved døveskolane lærebøker i norsk som dels er skreve for innvandrarar, dels for samar.
Den første tilpassa læreboka i norsk for samisktalande var den dobbeltteksta læreboka til Margrethe Wiig som kom på 1950-talet. For grunnskolen finst i dag: Meløy: Ellen, lesebok med arbeidsbok og lærarvegleiing for Norsk som andrespråk 4.-6. klasse. For ungdomsskole og vidaregåande skole finst ikkje særskilte lærebøker, ein må bruke lærebøkene for førstespråksundervisninga. Disse er gjerne skreve som om det ikkje finst elevar i Noreg med anna morsmål enn norsk, ja nærast som om norsk var det einaste språket det nokon gong var aktuelt for elevane å forholde seg til.
Eg har sjølv måtta undervise etter ei av disse: Fallan og Stamnes: Norsk for Yrkesfagene. Boka har tre deler: Språk, Samfunn og Arbeid og Litteratur. Innvandrarar er her nemnt i siste kapittel av samfunnsdelen, men heilt fråverande i språk og litteratur. Samar er nemnt i ei novelle i litteraturdelen, som forøvrig forsøker å gjengi nokre samiske setningar utan å bruke samiske bokstavar. I språkdelen heiter eit kapitel "Du og språket ditt", og første setninga er "Har du hatt bruk for språket i dag?". I samband med Reform 94 er det laga nye lærebøker i norsk, og ved Samisk videregående skole og reindriftsskole er vi pålagt å undervise etter Haraldsen m.fl.: Norsk for yrkesfagene (Univ.forl.-94) Her har stoff om innvandrarar og litteratur om samar fått noko meir plass, men alt er presentert utafrå, som om det var utenkelig at elevar frå disse gruppene sjølv skulle ha denne boka som lærebok. "Når du ferierer i Norge, er det ingen grunn til å få panikk om du må spørre om veien. Du kan nemlig bruke morsmålet ditt. Det gir trygghet og oversikt." (s.14) "Gjennom norskfaget skal elevene utvikle et mer bevisst forhold til morsmålet." (s.17) "Dette sysyemet har vi egentlig inni oss, vi fikk det inn etterhvert som vi lærte morsmålet vårt. Derfor kan vi både tale og skrive norsk uten å ha lært grammatikk." (s.147)
For ein lærar i norsk som andrespråk står da valget mellom to alternativ: Ta opp ein diskusjon med elevane om kordan slike lærebøker kan bli skreve og godkjent, eller hoppe over kapitlet og prøve å finne anna litteratur for kopiering.
Til hjelp for lærarane i samanliknande grammatikk er boka "Norsk på grunnlag av samisk" av Ole Gunnar Leirvaag og "Frå språk til språk. Samisk interferens i norsk" av Jon Todal. (Ingen av disse er i dag å få kjøpt.) For innvandrarar finst ein god del lærebøker, men det er mest for småskole og for vaksne. For 4-9.klasse er det ikkje laga eigne lærebøker. For vidaregåande skole skal der vere skreve bøker som enno ikkje er godkjent. For døve finst det ikkje eigne lærebøker, dei brukar tildels lærebøker laga for innvandrarar og samar. Til hjelp for lærarane finst heftet "Leseopplæring på tegnspråkets grunn".
4.5. Norsklærarane sine haldningar og føresetnadar
Gjennom mesteparten av skolehistoria i Sápmi har det store fleirtalet av lærarane og organisasjonane deira vore trufaste støttespelarar for fornorskingspolitikken. (Dette er grundig dokumentert av bl.a. Dahl, Bråstad Jensen og Hagemann).
I dag har lærarorganisasjonane stort sett snudd i lag med den offisielle politikken, men i liten grad vore drivkraft i å endre denne. Mest aktive har Norsk Lærarlag vore, der ein har eit eige program for samiske skolespørsmål og eit for migrasjonspolitisk og antirasistisk arbeid. NL har sidan 1981 hatt ei eiga avdeling for samiske lærarar, OSO. Frå 1994 har dei status som landsutval og leiaren har møterett i landsstyret.
Lærarforbundet har ingen sentrale program for verken samiske eller minoritetspolitiske spørsmål. Ein har eit utval for samiske skolespørsmål i Finnmark, men inga særskilt organisering på landsplan. I tillegg finst det eit fagråd for samiskfaget. Da eg skreiv til Lærerforbundet sentralt og spurte om dette fikk eg tilsendt NUFO sitt samepolitiske program som ikkje lenger er gyldig.
Skolenes landsforbund ga et svar som viser tydelig at de sentralt har svært lite peiling, bl.a. ønsker de seg ting på sikt som for lengst er gjennomført. Prinsipprogrammet er også svært tynt og inneholdet få konkrete krav.
Etterkvart som språkpolitikken blei endra og ein ønska flest mogleg samiskspråklige lærarar i samiskspråklige område, viste dette seg vanskelig å oppfylle, ettersom det var få utdanna samiskspråklige lærarar. Ein måtte, og må enno i stor grad bruke norsktalande lærarar som ofte har svært dårlige samiskkunnskapar. Mange av disse har heller ikkje kjennskap til samisk kultur eller fleirkulturelle og fleirspråklige samfunn i det heile. Desse lærarane har særlig blitt sett til å ta undervisninga i norskfaget, der blei samiskkunnskapar sett på som minst viktig. For vidaregåande skole var det krav om universitetsutdanning i norsk. Denne var det svært sjelden å finne samiskspråklige lærarar som hadde. På dei samiske vidaregåande skolane har dei aller fleste samisktalande elevane bare opplevd norsklærarar som ikkje har snakka og oftast heller ikkje forstått elevane sitt morsmål.
Den vanlige utdanninga for norsklærarar er lærarhøgskole og/eller norsk/nordisk som fag frå universitetet med tillegg av pedagogisk seminar. Dei fleste stader gir denne utdanninga ingen informasjon om at det finnas anna enn norsk-norske elevar i norsk skole. Heller ikkje utdanninga i norsk didaktikk for dei som har fått det, legg vekt på dei som ikkje har norsk som førstespråk. (Boka Norsk-didaktikk, utgitt av Landslaget for Norsk-undervisning i 1981 er f.eks. kjemisk fri for stoff om at norsk kan vere anna enn morsmål i norsk skole.) Dersom lærarane skal kunne gi ei undervisning tilpassa elevane sitt nivå (jft grunnskoleloven og lov om vgo), treng dei altså etterutdanning. Ei utdanning som kan gjøre dei meir skikka til å undervise i norsk 2. språk kan vere eit eller fleire av disse: - Norsk som 2. språk (UIO) - Migrasjonspedagogikk (UIO) - Fleirkulturell pedagogikk (UIO, SA) - Tospråkligheitspedagogikk (SA) - Elevane sitt førstespråk (eks. samisk eller teiknspråk grunnfag, evt. tolkeutdanning) (UIO, UITØ, SA) Dei som har lærarutdanninga frå Sámi Allaskuvla vil ha fått meir grunnlag både i fleirkulturelle forhold og andrespråksnorsk, i tillegg til at når dei underviser samiske ungar i norsk, kan dei ta utgangspunkt i elevane sitt morsmål.
Ei undersøking i Oslo for få år sidan synte at 3% av lærarane i norsk som andrespråk hadde relevant tilleggsutdanning.
Må ein lærar i norsk kunne elevane sitt førstespråk? For døve og samiske elevar er dette klart ønskelig og bør vere mogleg i langt større grad enn i dag. For innvandrarar er det klart at det ikkje er mogleg for ein lærar med kanskje 5-6 morsmål i klassen å beherske alle, særlig når språka kan skifte frå år til år. Her blir det spørsmål om å utvikle kommunikasjonsstrategiar. I samband med denne oppgåva besøkte eg Voksenopplæring for fremmedspråklige på Jessheim i Akershus. Eg observerte i to skoletimar med ei gruppe av vidarekomne elevar (2.-3.halvår i Noreg), og la merke til ka for strategiar læraren brukte for å kunne undervise utan hjelpespråk. (Elevane hadde 3 forskjellige morsmål, dei fleste av dei hadde eit felles språk, men dette kunne ikkje læraren.) Blant dei vil eg nemne utstrakt bruk av kroppsspråk og bilete, få dei elevane som forstår først til å omsette til eige morsmål for andre elevar med same morsmål og heile tida bruk av kontrollspørsmål for å sjekke om det lærarene seier blir forstått. Læraren spurde og ofte: - Ka heiter det på språket ditt? Slik fikk ein ei tilbakemelding på om det var oppfatta, og andre elevar som forsto dette språket kunne bruke dette til å kontrollere at dei sjølv hadde forstått eller til å korrigere den som svarte.
Det er mogleg å undervise i norsk sjølv om norsklæraren ikkje kan kommunisere med elevane på anna språk enn norsk. Men det er svært viktig at læraren syner interesse for elevane sitt/sine språk og forsøker å lære dei i den grad det er rimelig overkommelig. Ingen elev frå Vietnam ventar at norsklæraren skal kunne vietnamesisk når det i klassen er elevar frå både Bosnia, Marokko, Sri Lanka og Chile. Det læraren derimot kan lære seg er nokre ord frå kvart språk og kontrastiv grammatikk. Læraren må og oppmuntre elevane til å bruke kunnskapane i sitt eige språk aktivt i tileigninga av norsk, sjølv om ikkje læraren alltid kan kontrollere dette.
Når det derimot gjeld elevar i norsk skole med samisk eller teiknspråk som førstespråk må det vere tillatt å stille større krav til lærarane si læring av elevane sitt førstespråk. Ein norsklærar som har vore i samisk skole i 5-10 år eller meir og framleis ikkje er i stand til å forstå verken munnlig eller skriftlig samisk gir elevane eit klart signal: Det er viktig for deg å lære språket mitt, men det er ikkje viktig for meg å lære språket ditt. Språket mitt er meir verd enn ditt. I verste fornorskingstida ønska styresmaktene norsklærarar som ikkje kunne samisk. Dersom vi godtar slike lærarar i dag, held vi fram med fornorskingspolitikken.
4.6. Ka slags haldningar møter elevane norskundervisninga med?
Sjå eiga oppgåve
4.7. Norsk andrespråk - mål eller middel?
Innafor fagmiljøet blant dei som underviser i norsk som andrespråk og dei som forskar på slik undervisning og tospråkligheit synas det å vere ei viss usemje om kor lenge ein skal ha norskundervisning i eigne grupper for andrespråkselevar. Den eine sida ønsker å gjøre norsk som andrespråk til eit fast, obligatorisk løp for alle som har eit anna morsmål, der dei undervisas etter eigne planar og i eigne grupper heile grunnskolen og vidaregåande. Tankegangen er at slik kan dei best bli undervist og vurdert på eige grunnlag. Den andre sida meiner norsk som andrespråk er noko elevane skal ha så lenge det er behov for det, men ikkje lenger. Deretter skal elevane etter individuell vurdering intergreras i den vanlige norskundervisninga. Her er grunngiinga at dei framandspråklige elevane skal integreras i det norske samfunnet og at dei lærer bedre norsk av å vere i lag med elevar med norsk som morsmål enn bare elevar med norsk som andrespråk i lag. Faren med denne metoden er at elever kan bli pressa av lærarane til å gå over i førstespråksgruppe før dei er mogne for det. (Eg har ikkje funne skriftlig dokumentasjon på denne diskusjonen, dette bygger på munnlige opplysningar frå Kamil Øzerk.)
Vidare til neste kapittel: Klikk her:5. Ka slags norsk er andrespråksnorsken
Tilbake til første kapittel: Klikk her: Norsk som andrespråk - første del
_________________________________________________________________________________
Fleire artiklar om skolespørsmål
eller samiske spørsmål
Til startsida