Svein Lund

Norsk som andrespråk - teori og praksis

5. Ka slags norsk er andrespråksnorsken?

Ka er norsk?
Dette kan synas som eit unødvendig spørsmål, men er ikkje så enkelt. Da eg spurte AMO-klassen: "Kor lenge har norsk vore undervisningsspråk i Noreg?" , svarte dei: "Nu guhká go dáþa ja skuvla lea leamaó". Dette syner at dei hadde svært uklare idear om ka som er norsk.

Talemålet i Noreg har utvikla seg frå ur-germansk gjennom ur-nordisk , norrønt og mellom-norsk til dagens ny-norske dialektar. Av disse har bare norrønt og nynorsk hatt ei standardisert skriftlig form. Sidan 1500-talet har skriftmålet i Noreg vore dominert av dansk og forskjellige overgangsformer mellom dansk og norsk under namn av riksmål og bokmål. Norsk og dansk er nært beslekta og langt på veg gjensidig forståelige språk, i alle fall i større grad enn nord- og sørsamisk. Likevel er det ei ålmenn oppfatning at nordmenn og danskar snakkar forskjellige språk. Derimot er det svært delte meiningar om vi skriv forskjellige språk og kor lenge vi i såfall har gjort det.

Historisk sett er norsk:
- Dei norske dialektane i dag og gjennom tidene
- Det nynorske skriftmålet frå Ivar Aasen til idag
- Det gamalnorske /norrøne skriftmålet fram til 1400-talet
- Norsk er og eit viktig element i det dansknorske blandingsmålet; bokmål eller riksmål

Norsk som fag i norsk skole er derimot sterkt prega av bokmålet, som er dominerande for 83% av elevane med norsk morsmål. For elevar med norsk som andrespråk er bokmålsdominansen enno større. Alle eller praktisk talt alle lærer dei bokmål som si einaste norske skriftform, og i stor grad lærer dei og å snakke norsk med utgangspunkt i dette skriftspråket. Dette gjeld alle døve, alle samar og alle eller så godt som alle innvandrarar.

Kampen mellom forskjellige typer av norsk / dansk har og påvirka diskusjonen om undervisninga for dei språklige minoritetane: På kretsmøtet for lærarar i Øst-Finnmark i 1906: "For innlederen på møtet var det opplagt at lærerne også i Finnmark måtte arbeide for å utbre landsmålet. Han hadde flere med seg når han hevdet at målarbeidet var særlig viktig her, nettopp fordi nasjonalfølelsen av "let forklarlige Grunde var mindre sterk" Andre hevdet at dette ville skape ytterligere språkforvirring i et distrikt der språkblandingen allerede var et stort problem for barna. "For finnerne og kvænerne vilde landsmaalet kun bli et nyt fremmed sprog og virke til at forkvakle fornorskingsarbeidet", ble det hevdet." (Hagemann, s. 131)

I innvandrarundervisninga er det ein utbreidd tendens til å holde seg til stivt riksmål. Hvenekilde (1984) argumenterer mot denne tendensen: I undervisninga av fremmedspråklige er det en standardvariant som rår, men det er ingen grunn til å være redd dialektinnslag og f.eks. følge en regel som sier at læreren "ikke må falle for fristelsen til å bruke dialektord" ("Norsk for utlendinger", Pedagogisk senter, Sandnes skolekontor) Som språkbrukere i Sandnes trenger innvandrerne også å lære å kjenne dialekten. En annen tendens i undervisning av norsk som andrespråk har vært å bruke de mest konservative bokmålsformene. Et utslag av dette er at en bare har operert med to kjønn i substantivene. (Hvenekilde, s. 15) Dette er ikkje eit spørsmål som gjeld bare for dei elevane som har norsk som andrespråk. Også førstespråkselevar lir under det formalistiske og normative språksynet som har dominert både læreplanar, lærebøker og lærarar. (sjå Mehlum: Språksyn og norskundervisning i Madsen: Norsk-didaktikk, 1981) For andrespråkselevar virkar denne normeringa enno sterkare fordi dei i mindre grad har ein dialekt til å oppveie dette. Dei vil derfor i større grad ta det til seg og bruke eit slikt stivt riksmål både munnlig og skriftlig. Undersøkingane mine ved SJSBS tyder på at elevane legg svært stor vekt på det å lære korrekt språk og rettskriving, dette synas å bli prioritert over det å uttrykke seg godt og naturlig.

Ka får 2.språkselevane ikkje: Nynorsk, språkhistorie, dialektar. Resultat: Dei forstår ikkje at norsk er/ har vore eit undertrykt språk. At norsk er eit undertrykkarspråk ser dei utan at dei treng lære det i skolen

6. Konklusjonar

Om vi no går tilbake til dei to problemstillingane eg skisserte i innleiinga:
1.Er dagens undervisning i norsk som andrespråk eigna til å gjøre elevane funksjonelt tospråklige med ei positiv innstilling både til sitt eige morsmål og til norsk?

Av gjennomgangen av historia har vi sett at norskopplæringa ikkje bare har hatt som målsetting at dei språklige minoritetselevane skulle lære norsk, men og at dei skulle legge bort sine eigne morsmål. Ut frå denne røynsla vil minoritetsgruppene kunne sjå norsk språk og norskfaget i skolen som eit trugsmål mot deira eige språk, kultur og identitet. Dette vil dei gjøre så lenge ikkje storsamfunnet gjennom både lovverk og praksis over lengre tid har vist at dei ønsker at dei språklige minoritetane skal få bevare og utvikle språket sitt og kulturen sin. Både skolen og samfunnet utafor må heve statusen til minoritetsspråka kraftig. Første føresetnaden for at minoritetselevar skal utvikle ei positiv haldning til norsk språk og kultur er at skolen syner ei positiv haldning til elevane sitt språk og kultur. Skolen skal formidle til elevane at du treng å lære norsk for å fungere i det norske storsamfunnet, men det er minst like viktig at du tar vare på og utviklar ditt eige morsmål.

Samar.
Samisken si stilling er lovfesta innafor forvaltningsområdet, der dei aller fleste bur som i dag har samisk 1. språk og norsk 2. språk i skolen. I disse områda er det ikkje først og framst lovverket som treng å endras. Viktigare er bruken av samisk og norsk i samfunnet utafor skolen, særlig i det private næringslivet. Innafor skolen må tilgangen på lærebøker i og på samisk betras kraftig for at ein skal kunne seie at språka har nokonlunde samme status i skolen. Så lenge fornorskingstrugsmålet framleis er sterkt i samfunnet, er norskfaget eit potensielt trugsmål mot det samiske språket og den samiske kulturen. Når dette er situasjonen må læreplanen i norsk og norskundervisninga heile tida ta utgangspunkt i denne situasjonen, for å ikkje bli fornorskande. Ein kvar lærar har ein tendens til å bli patriot på vegne av sitt / sine fag, særlig i vidaregåande, der kvar lærar har få fag. For ein norsklærar i samisk skole vil dette vere ein vanskelig balansegang. Spørsmålet er om dei fleste norsklærarar har nok ballast til å halde denne balansen. I dag er eg redd dei fleste ikkje har det. Undersøkinga som eg har gjort i vidaregåande skole syner at norsk språk og norskfaget framleis i stor grad blir assosiert med fornorsking og undertrykking av samane, og i relativt liten grad med dagligliv og kultur hos vanlige nordmenn.

Innvandrarar.
Innvandrarane har ikkje noko tilsvarande lovfesting av språka sine. Det vil heller ikkje vere mogleg eller ønskelig å kopiere samisk språklov, f.eks. å lovfeste f.eks. retten til offentlige tjenester på eige språk. Derimot kunne det vere behov for ei lovfesting av retten til morsmålsundervisning, f.eks. der det er eit visst antall elevar med samme morsmål i ein kommune eller skolekrins. Dei framandspråklige elevane må få høve til ei utvikling av morsmålet somsvarer til det aldersmessige og faglige nivået deira, og ei anerkjenning av dei språkkunnskapane dei har i morsmålet. Morsmålsfaget må få ein høgare status som skole- og eksamensfag enn dagens som 2. framandspråk. Elevar som tar eksamen i grunnskole og vidaregåande skole i norsk som andrespråk må få ta eksamen i morsmålet som førstespråk. Elevar med innvandrarbakgrunn som i dag beherskar norsk bedre enn innvandrarspråket, må ha ein tilsvarande rett til undervisning og eksamen i norsk som 1. språk og innvandrarspråket som 2. språk.

Døve.
For døve gjeld mye av det samme som er sagt om innvandrarar over. Teiknspråk må anerkjennas som førstespråk og få status som dette både i skolen si undervisning og som eksamensfag. Hørande elevar med døve foreldre eller andre døve i nærmiljøet bør kunne få undervisning i og ta eksamen i teiknspråk som 2. språk.

2. Kordan kan norskundervisninga bidra til å styrke, ikkje svekke elevane si sjølvkjensle og to-kulturelle identitet?
Lærebøkene i norsk må ha som utgangspunkt at Noreg er eit fleirkulturelt og tildels fleirspråklig samfunn. På ein del nivå vil 2. språkselevar og 1. språkselevar måtte bruke samme lærebøker i norsk. Det er viktig at disse ikkje tar det for gitt at alle har norsk som morsmål, slik eg her har vist at nokre lærebøker gjør. Norsklærarane må ha ein viss grad av kjennskap til og ikkje minst vise interesse for å lære meir om elevane sitt språk og kultur. Kor store krav som bør stillas her vil variere. For lærarar i døveskolar og samiske skolar kan krava til kunnskapar i elevane sitt førstespråk stillas høgare enn for lærarar for innvandrarelevar. Norsklærarane bør ha utdanning i norsk som 2. språk / fleirkulturell pedagogikk / migrasjonspedagogikk eller tospråkligheitspedagogikk. Disse emnene bør og komme inn i lærarutdanninga (almennlærarutdanning / ped.sem.) i langt større grad enn i dag. I tillegg bør ein størst mogleg del av norsklærarane ha halvt- eller heilårseining i eit eller fleire av disse faga. Dette bør ved utdanning og tilsetting prioriteras over det å ha høgare utdanning i norskfaget. Norsklærarane må forsøke å utnytte elevane sine språkkunnskapar på morsmålet, ved å samanlikne ord, grammatikalsk struktur og uttrykksmåte. Dette kan ein gjøre sjølv om norsklæraren sin eigen kompetanse i elevane sitt morsmål er liten, fordi elevane kan hjelpe kvarandre og fordi bare det å sjå om ein kan uttrykke det samme på morsmålet er ein test på om eleven har forstått.

Samtidig skal elevane integreras i det norske samfunnet. Det er derfor viktig at dei lærer ein norsk som kan brukas utafor skolen og gjør at dei glir lett inn i eit norsk miljø. Norskundervisninga må derfor ha som utgangspunkt i første rekke den norsken som elevane støyter på utafor klasserommet, dvs. lokal dialekt og dagligspråk blant barn og ungdom. Det er ein fordel om den første norsklæraren snakkar den lokale dialekten. Har ho/han ikkje denne som morsmål, bør ho/han likevel forsøke å tilpasse undervisninga i retning av dialekten, ikkje tilpasse talespråket til bokmål. Undervisninga må ta opp språkbruk i forskjellige samanhangar og tidlig komme inn på ka ein kan seie og ikkje seie kor. F.eks. er det ikkje uvanlig at innvandrarar plukkar opp ein del banneord og tabuord som dei så brukar i hytt og pine og slik lett lagar problem for seg sjølve. Skolen må ikkje forsøke å vri seg unna slike problem med å late som dei ikkje finst.

Med dagens situasjon er det vanskelig for 2.språkselevar å utvikle eit positivt forhold til både norsk som 2. språk og morsmålet som førstespråk samtidig.

Litteratur:

Baker, Colin Foundations of bilingualism and bilingual education Multilingual Matters 1993
Bjørkavåg / Hvenekilde / Ryen "Men hva betyr det, lærer?" Cappelen 1990
Bjørnæs, Hauge, Standnes Leker like barn best Tano 1988
Blakar, Rolv Mikkel Språk er makt Pax 1981
Bråstad Jensen, Eivind Fra fornorskingspolitikk til kulturelt mangfold
Dahl, Helge Språkpolitikk og skolestell i Finnmark 1814-1905 Universitetsforlaget 1957
Edwardsen / Dahl Tegn er språk Aschehoug 1984
Eggen, Gjertrud Lovfestet rett til morsmålsopplæring Norsk Skoleblad 6-95
Hagemann, Gro Skolefolk - Lærernes historie i Norge Gyldendal 1992
Hoem, Anton Makt og kunnskap Hoem, Anton Førelesing Sámi Allaskuvla 1993
Hvenekilde / Ryen "Kan jeg få ordene dine, lærer?" Cappelen 1984
Høgmo, Asle Norske idealer og samisk virkelighet Gyldendal 1989
ILO Konvensjon 169 om urfolk
Jernsletten, Regnor Dáruiduhttin UiTø 1989
KUF Fagplaner tilpasset døve elever i grunnskolen 1993
KUF Mønsterplan for grunnskolen (M-74)1974
KUF Mønsterplan for grunnskolen (M-87) Aschehoug 1987
KUF M-87 - Samiske fagplaner 1988
KUF Utkast til plan for 10-årig grunnskole 1994
Lund,S / Nesbakken, A Tospråklig undervisning. Vegleiingsbehov og vegleiingsstrategi. APPU 1993
Lund,S. Å snakke med hendene. Reportasje frå Døveskolen Klassekampen 6.1.95
Magga, Ole Henrik Samisk skole - innleiing på skolekonferanse Guovdageaidnu 1994
Manne, G / Helleland, H Kommunikasjon i språkundervisningen Fag og kultur 1991
Martinsen / Nordeng/ Tetzchner Tegnspråk - sosial betydning, utvikling og pedagogisk bruk Universitetsforlaget
1990
Nervik, Eli Leseopplæring på tegnspråkets grunn Døves forlag 1990
Niemi, E / Eriksen, K.E. Den finske fare Oslo 1981
Norberg, Perly F. 70 språk i Norge Friundervisningens forlag 1990
Norges Døveforbund Døv i dagens norske samfunn NDF 1978
Rommetveit, Ragnar Språk, tanke og kommunikasjon Universitetsforlaget 1981
Sámi Oahpahusráðði Oahpaheapmi - kultuvra ja ieódovdu. Strategalaó plána sámi oahpaneavvuid ovdánahttimii 1993-96 Guovdageaidnu 1992
Sámi Oahpahusráðði Sámi Oahpahusráði jahkedieðáhus 1993 Guovdageaidnu 1994
Sandøy, Helge Språk og politikk Det norske samlaget 1975
Schlüter, Ragnhild De reisende - En norsk minoritets historie og kultur Gyldendal 1993
Skjølberg, Trygve Trondheim offentlige skole for døve 1825-1986 Døves forlag 1992
Tetzchner m.fl. Barns språk Gyldendal 1993
Todal, Jon Samisk interferens i norsk Sqmi Allaskuvla 1993
Todal, Jon Tospråkligheit som fag Sámi Allaskuvla 1994
Viberg, Åke Vägen til ett nytt språk Natur och Kultur 1987
Vogt-Svendsen, Marit Norske døves tegnspråk
Øzerk, Kamil Om tospråklig utvikling Oris forlag 1992
Øzerk, Kamil Tospråklige minoriteter Oris forlag 1992
Øzerk, Kamil Temaer i minoritetsrettet pedagogikk Oris forlag 1993
Øzerk, Kamil Modeller for minoritetsundervisning 1995
Øzerk, Kamil Andrespråksinnlæring Univ. i Oslo 1993
_____________________________________________

Tilbake til første kapittel: Klikk her: Norsk som andrespråk - første del

_________________________________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no